Gullvekta
Frå Orknøyene og Orknøyingsoga
Seksjon › 7   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    

Kulturelt landnåm

Når det gjeld attraksjonar for gjestande, er ordet: "Shetland for naturen, Orknøyane for gamle saker og ting" - og ein kan legge til: "begge for sportsfiske. - - Ward Lock turistgaid til Skottland, 1930-åra (i Matarasso 2012, 17)

Berre det var så enkelt, eller rett.

Nordmenn koloniserte Orknøyene, men skottane tok over etter kvart.

Geografiske namn og eit kart

Orknøyene, kart
Orknøyene, med velvillig løyve

Namna på ei rekke stadar nord i Skottland og på alle øyene der, er ikkje lenger som i den norrøne soga om jarlar der på øyene. Ho blei skriven på norrønt og etterdønninga av norrønt, norn. Norn var språket til etterkommarar av dei som slo seg til i det som no er nordvest-Skottland. Norn var i bruk i skotske område fram til midt på 1700-talet, skriv Møller.

Her er nokre stadnamn ifrå soga. Det gamle 'ey' blir 'øy' (norsk) og 'ay' i dag, til dømes.


Orknøyene
  • Bardsvik — Burwick (på sørligaste øya)
  • Byrgisey — Birsay
  • Damisey — Damsay
  • Egilsey — Egitsay
  • Gaareksey — Gairsay
  • Haaey — Hoy
  • Kirkevåg (Kirkjuvågr) — Kirkwall
  • Knarrarstad — Knarston (på den største øya, Rossey)
  • Orfjara — Orphir (på Rossey)
  • Papuli — Paplay (på Rossey)
  • Rinansey — North Ronaldsay
  • Rolvsey — Rousay
  • Rossey — Mainland
  • Sandey — Sanday
  • Vaagaland — Walls (sørlege del af Hoy)
  • Vesterey — Westray
Shetlandsøyene
  • Ålesund — Yell Sound
  • Balta Sund — Baltasound
  • Gulbervik — Gulberwick
  • Sumborg — Sumburgh
  • Fredarey — Fair Isle
Andre namn
  • Bretland — Wales
  • Jorsalaheim — Jerusalem
  • Katanes — Caithness (nordaustlege halvdelen av Skottland)
  • Miklagard — Konstantinopel
  • Ongulsey — Anglesay (nord for Wales)
  • Sudereyane — Hebridane
  • Torsaa — Thurso (i Skotland)
  • Ulaster — Ulster (Nordirland)

Kartkommentarar

Orknøyene

Orknøyene og Shetlandsøyene er del av Skottland. Genetiske testingar har avdekt stort omfang av vestnorske gener i befolkninga. Øyene høyrde også til det dansk-norske riket fram til 1472. I dag er norn, det gamle språket på øygruppene, omtrent vekk, sjølv om folket på øyene til dels har ein skandinavisk kulturarv.

Orknøyene - eit sveip

Orknøyene omfattar over 70 øyer, låge, grøne og frodige, og 17 av dei bur det folk på. Øyene er ulike kvarandre, men er frodige jordbruksområde under eitt. Sambanda mellom Orknøyene og resten av Skottland er bra.

Fossilfunn syner elles at øyene ein gong var dekt av ein sjø, for mange tusen år sidan.

Før 3000-talet f.Kr. meiner folk at små bondesamfunn tok seg over Pentland Firth (havstykket mellom Orknøyene og Skottland). Ein trur dei kom ifrå Caithness og vestkysten av Skottland og slo seg ned på dei frodige øyene lenger nord. Bøndene bringa med seg sauar og kyr, og frø til å så og hauste.

Hus og gravkammmer går 5000 år attende. Det er mange minnesmerke, så som steinar som står på kant. Og på ei lita øy som Papay (Papa Westray), finst bustaden Knap of Howar - eit to-delt steinhus som var i bruk mellom 3 600 f.Kr. og 3 100 f.Kr. Det blir kalla det eldste huset i Europa, og eldre enn pyramidene. Det finst mange andre interessante arkeologiske funn og utgravingar på andre øyer. Det er altså tale om nokre av Europas beste døme på steinalder-leivningar. Dei omfattar the Ring of Brodgar, Skara Brae, Maeshowe and the Standing Stones of Stenness og mange brochar.

I bronsealderen bygde folk på Orknøyene individuelle steinhus i små, spreidte samfunn.

Piktane stamma frå dei som hadde bygt broch-minnesmerka. Ein kjenner til 70 av dei på øyene nordanfor Skottland og i Skottland. Ein broch var eit 5-13 m høgt, sirkelrundt steinbyggverk med svært tjukke ytterveggar. Broch-bygga var vidareføringar av dei steinalderske rundhusa før dei. Dei som bygde brochane var bønder og fiskarar, etterkommarar av grav-byggarane i steinalderen.

Piktene blei kalla "Picti" av romarane, det vil seie "måla folk" frå nord i øyriket. Orknøyene var del av pikt-riket i Nord-Skottland.

Så kom norrøne vikingar og tok over. Den norske innflytinga på Orknøyene var sterk. Nye studiar som er vist av BBC under tittelen "The Blood of the Vikings" dokumenterer at genane til orknøyingar har etter måten sterk skandinavisk (norsk) arv. Øyene tilhøyrde også Noreg til for 600 år sidan. I hovudstaden på Orknøyene, Kirkwall, står den 850 år gamle Heilag-Magnus-katedralen ifrå gamletida og dominerer synsranda.

I tilegg til å ha fine minnesmerke femner øyene over 8000 hektar naturreservat der store fugleflokkar hekkar.

Shetland - eit sideblikk

Shetland femner over hundre ville og vakre øyer. Shetlandsull og shetlandsponnien er godt kjent derifrå. Den langliva, vennlege og likevektige ponnien er ein av dei aller minste hesterasene, og populær hos barn. Shetlandscollien er ein robust, oppvakt liten gjetarhund med kjærleg gemytt.

Tjue av øyene bur det folk på. Det er få tre der, enda om klimaet er svært mildt. Fisket har vore fint før. Mange har levebrødet sitt i oljeindustrien i våre dagar.

På 700- og 800-talet blei øyene invadert av vikingar. Fram til 1700-talet var språket norn, som er avleidd frå norrønt. Mange norrøne skikkar overlever. Nesten 23 000 bur der.

Men først kom steinalder-bønder då klimaet var godt. Dernest levde dei som bronsealder-folk og jernalderfolk som bygde steintårn og gjorde dei om til hus.

På 600-talet e.Kr. kom keltiske prestar om kristna dei som budde på øyene då: piktane. Om dette folkeferdet er lite kjent, bortsett frå stein-innrissingar.

Så kom vikingar og invaderte på 800-talet. Dei bringa med seg nye byggeskikkar og eit anna politisk system, nye lover og nytt språk. Kristendommen vann dei.

Ifrå mellomalderen fekk skotsk påverknad overtaket. Frå 1472 var både Shetland og Orknøyene dessutan lagt inn under den skotske krona. Øyene blei skotsk eige i samband med at datter til danskekongen blei gifta bort til kong James III av Skottland. Medgifta blei ikkje innløyst att av danskekongen. Øyene var pant, og blei dermed skotske.

Størst innverknad på utsjånaden til folket på øyene fekk vikingane og dei norske som slo seg ned der, heiter det.

[Avisartikkel om Shetland]

〰ೞ⬯ೞ〰

Overordna i samband med Orknøyingsoga

Herjingane til jarlen Rognvald blei lønna

Somme vikingar og andre i norrøn tid var skriveføre. Orknøyingsoga skildrar Orknøy-jarlane sine innbyrdes feider ute på desse øyene. Soga blandar munnlege overleveringar og legender og dokumenterte fakta med kvarandre, og femner over drap, trollskap, intriger og skitne renker, og den historiske og kulturelle tilknyttinga øyene hadde til Skandinavia. Det blir vist berre lita interesse for slektskapssamband og avstamming: Sogeforteljaren held berre greie på på slekta til Orknøy-jarlen Rognvald.

Då Harald Hårfagre etter kvart vann makt i nord, gjekk enkelte hovdinger over til han og vann på det. Blant dem var Rognvald Mørejarl. Snorre skriv om han og familien hans i Heimskringla.

Harald Hårfagre hærtok Shetland, Orknøy og Hebridene. På krigstoga fekk han god støtte av Rognvald. Som takk blei Rognvald oppnemnt til jarl over Orknøy og Shetland. Frå han stammar dei jarlane som Orknøyingsoga fortel om.

Det var (truleg) i året 874 at Shetland og Orknøy fekk norsk jarl og på den måten blei gjort til norsk biland.

Det fanst folk der ifrå før

Norske småbønder og fiskarar og vikingar som utvandra til Shetland og Orknøy, kom ikkje til eit mennesketomt land. Eit keltisk folk, piktane, budde her i oldtida. Ein ser enno ruinar av borgene deira fleire stadar på øyene, men ingenting tyder på at desse borgene blei brukt til forsvar mot dei norske innvandrarane.

Ein meiner at dei norske innvandrarane iallfall ikkje blei møtt med hard motstand frå piktane; og både på Shetland og især på Orknøy er mange stadnamn enno i dag keltiske - altså frå piktane si tid - jamvel om langt dei fleste er nordiske. Dersom nordmennene hadde utrydda den opphavlege befolkninga, ville vel dei keltiske stadnamna ha gått tapt.

Det lèt til at piktane overtok norsk språk og kultur. Men før dei på den eine eller andre måten blei "soge opp" blant dei norske nybyggarane nådde dei å sette preg på innvandrarane - Piktane hadde kristne kyrkjer; og det står i dag klart - det viser utgravingane - at kyrkjene overlevde den norske innvandringa. Dei keltiske prestane fekk ei stor, ny arbeidsmark då øyene blei folka av heidne nordmenn. Gravfunn viser at heidne gravleggingar blir avløyst av kristne i tida 900-950.

Orknøyene kristna igjen

I Orknøy-soga får Kong Olav Tryggvason æra for å ha kristna Orknøy og Shetland. Det heiter:

"Olav kom seglande vestfrå med fem skip. Først drog han til Orknøy. Der trefte han Sigurd Jarl, som nett då akta seg på tokt med tre skip. Dei møttes i Osmundsvåg på Rognvaldsøy. Olav fekk jarlen kalla over til sitt skip og sa:

"Eg vil at du skal la deg døype - du og alle mennene dine. Om ikkje skal du døy her med det same, og etter det vil eg fare over øyene med eld og brann."

Jarlen innsåg at han ikkje hadde noko val. Han bøygde seg for Olavs krav og let seg døype. Olav tok sonen til jarlen med seg som gissel. Han heitte Hundi, men kongen gav ham namnet Lodver i dåpen.

No blei heile Orknøy kristna. Men Olav seglde til Noreg og hadde Lodver med seg."

Kristendommen der

Det var i året 995 at kong Olav Tryggvason liksom kristna Orknøy. Men på den tida hadde keltiske prestar alt arbeidt i meir enn hundre år mellom dei norske Orknøy-bøndene, og "Gravfunn viser at heidne gravleggingar blir avløyst av kristne i tida 900-950."

I hundreåra etter var øyene ofte delt mellom to jarlar, somme tider var det også tre hovdinger som kunne gjere krav på herredømet ut frå avstamminga si. Dette gav høve til mykje strid. Orknøyingsoga handlar mest om desse kampane mellom jarlarne. Berre ganske få bønder kjem fram og får påverkning på handlingsgangen.. Dei fleste lét "berre" til å ville leve i fred utan å bli lagt merke til vidt og breitt.

Orknøy-buarane møtte elles kristendommen gjennom den skotske kyrkja; og ikkje gennom den norske. Og då dei fem hundre år seinare lærte reformasjonen å kjenne, var det frå den skotske kyrkja. [Den var kalvinsk i grunndrag]. Folket der blei dermed ikkje lutherske. Ved innføringa av kristendommen og ved reformasjonen blei det knytta band mellom Skottland og Orknøyene. Saman med mange andre band og omsyn "trekte dei etter kvart Orknøy vekk frå Skandinavia".

Jarledøme og nytt blod

Det blir fortalt at når ein jarl har styrt øyene i ein lengre fredsperiode, sette bøndene stor pris på han, særleg dersom han vakta kystane med flid og omhug mot framande sjørøvarar.

Då jarlane blei skotske, blei etter kvart orknøybuarane og shetlendarane det også.

Vi ser av Orknøyingsoga at alt den gongen kjende shetlendarane seg meir knytt til Noreg enn orknøyingane. Shetland hadde vore den delen av jarledømet der norskdommen var sterkast. Men då Shetland blei lagt direkte under den norske krona under kong Sverre, fekk den skotske påverkinga lettere vilkår på Orknøy. I 1379 gjekk så jarledømet over til den skotske jarlen Henry Sinclair. I 1420 fekk Orknøy også ein skotskfødd biskop.

Språket til styremaktene var skotsk alt før Orknøy blei pantsett av danskekongen i 1468. Det milde folket på Orknøy og Shetland blei etter kvart skotsktalende, mykje som følge av hard undertrykking. Men språkskiftet frå norsk til skotsk tok nokre hundre år. Enno omkring 1750 fanst det Orknøy-bønder som talte den gamle norske dialekta norn.

Redselssoger

Ved år 1800 hadde bøndene for lengst måtta oppgi eigedomsretten til farsjorda der ute, og blitt skotsktalande fæstere [dansk: festebønder]. På Færøyene og Island stod det ved året 1800 også dårleg til. Der var folk blitt fattige, men likevel ikkje så hardt kuva som shetlendarane og orknøyingane blei under skotske lensmenn; det har blitt skildra som eit redselsvelde.

I dag

I dag er språket på Orknøy og Shetland engelsk. Men sjølv om øyene no er engelske, vil mellomalder-historia deira framleis vere norsk. Og orknøyinger og shetlendarar er stolte over den nordiske forhistoria si. Orknøyingar har vel også bra grunn til å være stolte av soga si, eit fargerikt og dramatisk meisterverk som hørde til dei svært kjente på Island på 1200- og 1300-talet, der folk hadde eit stort utval av soger.

På Orknøy har soga framleis ein plass som danskar har likna med posisjonen til Saxos [forblomma] Danmarks-krønike -

Det blir halde for sikkert at Orknøyingsoga er nedskriven omkring år 1200 i den forma den er kjent i dag. Sogeskrivaren har vore ein islending med grundig kjennskap til Orknøy.

Og soga om Rognvald jarl og Svend Asleifsøn blir rekna mellom dei mest historisk pålitande.

〰ೞ⬯ೞ〰

Frå Gustav Indrebø si innleiing til Orknøyingsoga

Gustav Indrebø si omsetting av Orknøyingsoga er frå 1920-talet. Teksten her er delvis omskriven.

ISLENDINGANE skreiv også soger om norske nybygder som voks opp vestanfor havet i vikingtida. Om Færøyene finst Soga om Sigmund Bresteson (på nynorsk i Norrøne Bokverk nr. 13); ho fortel om hovdingane Sigmund Bresteson og Trond i Gata, og om korleis Færøyene blei kristna og kom under norskekongen. Om Grønland fortel Soga om Eirik Raude (på nynorsk i Norrøne Bokverk nr. 2), og likeins Grønlendingtåtten og Tåtten om Einar Sokkeson i Flatøyboka. Soga om Eirik Raude fortel korleis Grønland blei oppdaga og kristna, og om oppdagingsferder derifrå til Vinland. [jf. jf. s. 5]

Grønlendingtåtten fortel også om nokre Vinlandsferder som gjekk ut ifrå Grønland. Tåtten om Einar Sokkeson fortel korleis grønlendingane fekk seg sin eigen biskop under Sigurd Jorsalafare, og om noko ufred som blei på Grønland etterpå. Om dei gamle norske øyene som ligg tett nordanfor Skottland, Orknøyene, fortel Orknøyingsoga. Ho kallast også Jarlesoga, som kanskje er rettare. {jf. s 5, 6]

Pa Orknøyene busette det seg nordmenn tidleg i vikingtida. På Harald Hårfagre si tid kom det opp eit norsk jarlerike der. Torv-Einar, son til Rognvald Mørejarl, blei jarl der, og han blei ættefar til ei sterk og levekraftig hovdingætt. Orknøyingsoga fortel om hovdingar ifrå denne ætta frå Torv-Einar av og fram til ca. 1170. Soga rekk såleis over ein tidbolk på omkring 300 år. Heile jarlerekka er med. Men dei hovdingane som stig mest fram, og som bokmeisteren gjer størst, er Torfinn Sigurdsson (d 1064), Magnus den Heilage (d 1115) og Rognvald Kale (d 1158).

I slutten av soga har den merkelege vikingen Svein Åsleivarson (d ca. 1170) fått eit hovudrom. Han hørde ikkje med til jarlane.

Orknøyingsoga er ei ættesoge, lyt ein kalle det. Men det er noko meir drusteleg enn det vanlege med den ætta som ho fortel om. Soga spenner også over ein mykje lengre tidbolk enn dei sogene som vi elles brukar å kalle for "ættesoger". Og bokskrivaren har hatt eit meir sjølvstendig arbeid med å samle inn og ordne tilfanget enn ved dei fleste ættesoger, nettopp fordi soga går over så lang tid. Ved alt dette skil Orknøyingsoga seg ut og kjem ikkje så lite i klasse med ymse kongesoger, slike som Fagerskinna og Heimskringla. Grensene hennar attover og {jf. s. 6] nedover i tida fell også nokså nøye saman med dei tidgrensene som Fagerskinna har, også som Ågrip har hatt; - vi reknar då ikkje med den uhistoriske innleiinga om Nor og Gor osv. i Orknøyingsoga og ikkje heller dei yngre tillegga som står sist i boka no.

Soga er ikkje jamn heilt igjennom. Dei eldste jarlane har dei hugsa mindre om enn om dei som var yngre. Derfor går forteljinga nokså snøgt i starten, men ho blir breiare dess lenger det lid. Den siste jarlen som heilt høyrer til [tida] før 1170, Rognvald Kale, er med gjennom halve soga. Minnet om han har vore friskt på Orknøyene den gongen soga blei skriven. Og sogeskrivaren har visseleg sjølv vitja øyene og samla tilfanget om Rognvald jarl der, og likeins om samtidingen hans, Svein Åsleivarson. For dei eldste tidene derimot har han ikkje hatt anna å bygge på enn nokre skaldevers og så ymse spreidde fråsegner elles; slikt som islendingar har fortalt heim til Island i ei eldre tid. Der som soga kjem inn på den norske rikshistoria (kongesoga), har ho hatt eitt eller fleire skrivne sogeverk om dei norske kongane til hjelp.

Slik vi kjenner soga, har ho blitt auka med ymse innskot; men dei har ikkje gagna komposisjonen eller einskapen i stil.

Korso er, så har sogemeisteren {jf. s. 7] eit særs godt lag til å fortelje. Han har særs godt vett på å få til replikkar, og karakterteikninga rekk høgt. Mange særmerkte, sterke og heller blanda karakterar får fjes i denne soga. På mange måtar er ho ei av dei mest interessante og fengslande sogene som vi har. Men oppbygginga og samanarbeidinga i det heile er likevel ikkje slik at ho akkurat reint kunstnarleg sett kan få rom mellom dei aller fremste av dei norrøne sogeverka.

Historisk sett står derimot Orknøyingsoga tvillaust mellom dei fremste; i det store og heile er ho uvanleg pålitande, etter det ein kan forstå. Men sjølvsagt lyt det vere skil på dei ymse bolkane i det stykket òg. Tidrekninga er eit veikt punkt.

Orknøyingsoga er skriven omkring eller litt etter år 1200. Fleire ting vitnar om at ho er yngre enn 1190. Såleis nemner ho at Rognvald jarl blei lyst heilag; han blei lyst heilag 1192. På hi sida må ho vere eldre enn ca. 1220, etter som Snorre Sturlason har nytta henne til kongesogene sine. Ein stad (kapitel 42) viser rett nok teksten i Orknøyingsoga til Snorre Sturlason. Men denne tilvisinga står så keiveleg (lite hendig, uhagt) at det er tydeleg ho er eit seinare innskot; så ho provar ingen ting om at Orknøyingsoga skulle vere yngre enn Heimskringla. Dei siste sidene som er tatt med her etter teksten i Flatøyboka, er seinare tillegg. Soga har opphavleg slutta med {jf. s. 9] Svein Åsleivarsons fall (i kap. 108), slik som ei omsetting til dansk frå det 16. hundreåret etter ei anna handskrift - røynleg enno gjer. - Bokmeisteren kjenner vi ikkje noko til; men det har visseleg vore ein islending.

Somme har meint at opphavleg har det ikkje vore ei soge om Orknøy-jarlane. Det skal ha vore fleire særskilde soger: ei om jarlane til og med Torfinn Sigurdsson, ei som hadde Magnus jarl den Heilage til hovudperson, og så ei Rognvaldssoge om Rognvald Kale og samtidingane hans.

Dersom dette er tilfellet, laut det vere desse opphavssogene som var skrivne ikring år 1200. Samanskøytinga til ei stor soge kunne då ha gått føre seg noko seinare. Det er ikkje umogeleg at dette kan vere rett, og det ville forklare ymist av det ujamne og av dei brestene i komposisjonen som soga no har. Men yngre avskrivarar har fare så vidt fritt fram med teksten at det er vanskeleg for oss no å seie noko visst om kva som er det rettaste. Noko merke elles etter desse opphavssogene . . . har vi i alle høve ikkje. Og der finst no også somt som helst taler for at heile boka alt frå førsten er sett saman av ein mann. Såleis dei førevarselet som førebur viktige hendingar i alle tre bolkane: orda til Rognvald Bruseson om kvelden før Torfinn kjem over han og drep han (kap. 29), grunnbrotet og spådomsorda til Magnus jarl på daudeferda til Egilsøy (kap. 47), den {jf. s.9] underlege njosninga hans Rognvald Kale kvelden før han skal falle (kap. 103), samtalen mellom Svein Åsleivarson og Harald jarl før siste ferda hans Svein (kap. 106), m.m. Liknande førevarsel finn ein nok mange stadar i andre sogeverk òg. Men slik som dei er brukt her i soga, i alle hovudlutene, er dei med og gjev boka ein indre einskap.- Eit par soger som ein har om Magnus den Heilage, bygger på Orknøyingsoga, ikkje omvendt.

Om kritiske spørsmål som gjeld Orknøyingsoga lyt vi elles vise til Sigurour Nordal, innleiinga til utgåva hans (Kbh. 1913-16), og til Finnur Jonsson, Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie, 2. utg. II bd., s. 646-653.

Orknøyingsoga er for den tidbolken ho rekk over, den mest verdifulle og dugande kjelda vi har til kunnskap om Orknøyene og det norske riket der. Også dei norske nybygdene på Hjaltland [Shetland] og Suderøyene [Hebridene] får vi vite forskjellig om. Og frå dei norske nybygdene på Katanes, det er nordparten av Skottland, fortel Orknøyingsoga ikkje så lite. Det meste av dette ville ha vore dult for oss utan denne soga; og kunnskapen vår om dei gamle norske bygdene nordanfor og rundt Skottlandsstrendene og om den gamle norske kulturen der borte ville ha vore heller fattig mot det som han er no. Den norske historia har mykje å takke den sogeskrivaren for som sette saman Orknøyingsoga. {jf. s. 10]

Ved den tida som Orknøyingsoga endar, er Orknøyene enno avgjort norske, ser det ut til. Det 12. hundreåret var endatil ei glanstid for den norske kulturen på desse øyene. Då hadde dei menn som Rognvald jarl og biskop Bjarne Kolbeinsson, skaldar og store hovdingar begge to - dei var elles begge søner av heimenorske stormenn, slik var dei begge ny-utflyttarar; og då blei Magnuskyrkja bygt. Men det hadde alt då gjennom lange tider vore eit politisk hopehav mellom øyene og Skottland; Orknøy-jarlane hadde hatt jarledøme på Katanes under Skottlandskongen, på same tid som dei styrde Orknøyene (og Hjaltland) under den norske kongen. Og det hadde blitt mykje ihopgifting mellom jarleætta og skotske hovdingætter, såleis som soga viser. Elles og har der vore samkvem og blodblanding mellom skottar og nordmenn. Dette sambandet med Skottland var ein fare for norskdommen; for Skottland låg nærare enn Noreg.

I 1266 tok så det norske Vesterhavsriket til å løyse seg opp; Magnus Lagabøte selde Suderøyene til Skottlands-kongen.

I 1468 pantsette Kristian I Orknøyene, og i 1469 Hjaltland [Shetland]. Og øyene blei ikkje utløyste att mens det var tid. I det 16. og 17. hundreåret ville ikkje Skottland lenger ta imot løysepengar. Dermed hadde Orknøyene og Hjaltland [Shetland] blitt heilt politisk skilde ifrå Noreg. Det var då berre eit tidsspørsmål om når dei skulle bli {jf. s. 11] nasjonalt skilde også. Den norske kulturen og det norske målet kunne ikkje halde seg mot overmakta utan støtte frå heimlandet. Avnorskinga fekk overhand. Skotske og engelske lover blei innførde. På 1700-talet vann engelsk mål heilt makta.

Alle minne om nordmennene er likevel ikkje borte enno. Ein finn enno forskjellige gamle norske rettssedvanar att på Orknøyene, og ei mengd med norske ord og namn minner om at desse øyene har vore ein norsk utpost.

Enda sterkare enn på Orknøyene er minna etter nordmennene på Hjaltland [Shetland]. Og folket der borte, både på Orknøyene og Hjaltland [Shetland], kjennest ved det norske opphavet sitt den dag i dag.

- Gustav Indrebø.


Orknøyene og Orknøyingsoga, litteratur  

Indrebø, Gustav, tr. Orknøyingasoga. Norrøne bokverk nr. 25. Oslo: Det norske Samlaget, 1929.

Holtsmark, Anne, tr. Orknøyingenes saga. Oslo: Aschehoug, 1970.

Logan, F. Donald. The Vikings in History. 2. utg. London: Routledge, 1991.

Matarasso, François. Stories and Fables: Reflections on Culture Development in Orkney. Inverness: A Report for Highlands and Islands Enterprise. January 2012.

McKirdy, Alan. Orkney and Shetland: A Landscape Fashioned by Geology. Redgorton, Perth: Scottish Natural Heritage, 2010.

Møller, Asger. Orkney-Sagaer. København: Aros, 1956.

Richards, Colin An Archaeological Study of Neolithic Orkney: Architecture, Order and Social Classification. PhD thesis. Glasgow: University of Glasgow, 1993.

Orknøyene og Orknøyingsoga, opp    Seksjon     Sett    Neste

Orknøyene og Orknøyingsoga. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2002–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]