![]() |
Frå Orknøyingsoga | ||||||||||||||||||
|
Frå Orknøyingsoga (Jarlesoga)Grunnteksten til denne bearbeidinga er Gustav Indrebø's omsetjing av Orknøyingsoga. Tilleggsopplysningar og kommentarar har eg lagt til berre i stikkords form. Dei er frå Anne Holtsmarks 1970-omsetjing av soga for det aller meste. Det gjeld geografiske namn, namn på historiske personar, og litt av kvart anna.Dessutan kjem andre data, med kart over Orknøyane og liste over stadnamn frå før og no om dagen, på neste side. Slike hjelpemiddel kan ein ha for handa i eit eige vindauge og ved noen få tastetrykk. Så går det lett å jamføre og studere deler av geografien i tillegg. - Tormod Kinnes Frå Anne Holtsmarks føreord til soga, frå 1970Anne Holtsmark skriv at soga om jarlane i Orknøyane høyrer til dei eldste av dei islandske sogene, og er å rekne saman med kongssogene. Den tek til i den grå urtida då Noreg blei funne av sigrande finnar - det budde folk der frå før også - og går frå dei første jarlane av Mørejarl-ætta til Jon Haraldsson jarl, som døydde 1231, men som soga føreset enno lever. Det blir derimot fortalt at broren hans David døydde, det skjedde 1214, og det skulle vere mogeleg å seie at Orknøyinga-soga i den forma vi har den, er forfatta mellom 1214 og 1231. Enda nærare: Bjarne Kolbeinsson biskop er den siste bispen som er nemnd, og døden hans i 1223 blir ikkje omtalt.Dette vil seie at vi er oss midt i kongssogas stordomstid, dei åra då Snorre Sturlasson skreiv soga om Olav den heilage, Sverresoga var nyss gjort ferdig, og Snorres "Heimskringla" var unnagjort litt etter. Frå same tid, så nær opptil at forskarane har hatt vanskeleg for å sjå kva som kom først eller sist, er "Fagerskinna", ein fullstendig Norgeshistorie, og "Morkinskinna", om kongane etter Olav den heilage og til Sverresoga tek til 1177. Dei forfattarane som er kjent, er islendingar, men dei skreiv for eit norsk publikum, i somme tilfelle for norske oppdragsgivarar, skriv Holtsmark. Det let seg ikkje gjere å gi Bjarne biskop æra for å ha skrive Orknøyinga-soga, og det er neppe truleg det er han. Soga har for mange merke etter å vere forfatta av ein islending. {s 7] Orknøyinga-soga er eit samlingsverk, den byggjer på mange og ueinsarta kjelder og ber merke av det. {8] Soga har vore godt kjent og likt på Island i mellomalderen og finst i fleire handskrifter. I Flatøyboka finst heile soga innarbeidd i dei norske kongssogene. Den gamle teksten har berre kapittelinndeling og ikkje overskrifter. Eventuelle overskrifter i soga er laga av omsetjarar. Soga har vore omsett mange gonger og til fleire språk, blant anna til nynorsk av Gustav Indrebø, Oslo 1929, nemner Holtsmark til sist {s 9]. Gustav Indrebø fortel"Den norske historia har mykje å takka den sogeskrivaren for som sette saman Orknøyingasoga," skriv Gustav Indrebø i innleiinga til Orknøyingasoga [Indrebø ."Orkneyboerne har grund til at være stolte af deres saga; dette farverige og dramatiske mesterværk," hevdar den danske Asger Møller, og "Orkney-sagaen . . . spænder over et tidsrum på henved 300 år (ca. 880 - ca. 1170) . . . Det (anses) for sikkert, at Orkney-sagaen i den form, hvori den kendes i dag, er nedskrevet omkring år 1200. Sagaskriveren har været en islænder." [Møller 76ff] Gustav Indrebø illusterer ifrå tidfestinga: "Fleire ting vitnar om at [soga] er yngre enn 1190. Såleis nemner ho at Rognvald jarl vart lyst heilag; han vart lyst heilag 1192. På hi sida må ho vere eldre enn ca. 1220, etter som Snorre Sturleson har nytta henne til kongesogene sine." [jf. Indrebø, 9-11] Vi veit ikkje kven som skreiv soga og kva og kven han støtta seg til for heile tilfanget, men soga blir halden for ei av dei mest pålitelige norrøne sogene. Den fortel først om korleis finnar (alias kvenar) fann Noreg og slo seg fram til nokon av dei mest kjente i landnåmlandet sitt og vidare derifrå. Norske og danske historikarar reknar likevel innleiinga i soga som uhistorisk (Indrebø), mellom anna for di kong Rolv i Heidmark blir presentert som avkom av ein jotun (eit "troll") kalla Svade. Men på den andre sida har jo mange andre sagt dei stammar frå gudar (nesten som tyrkiske innvandrarar å rekne, som Odin, om ein fester mykje Heyderdalsk lit til Ynglingesoga). Det er minst like tvilsamt, om ikkje verre uti demagogi-gata. Noreg var altså befolka då finnar fann landet og kom set til i det og biland. Og mange norske jarlar har altså tvilsamt stamtre - meir og meir vanskeleg å stadfeste dess lenger ein går attover i tid, som hovudregel - men nett den her soga blir iallfall halden for å vere ei av dei mest pålitelige. Den viser "Det hadde blitt mykje ihopgifting mellom jarleætta og skotske hovdingætter . . . Elles og har der vore samkvem, og blodblanding, mellom skottar og nordmenn," fortel Indrebø [12] Dessutan ser ein at norrøn historie handlar mest av alt om voldsfolk, ikkje om offera, alle etterlatte, eller vanlege folk og korleis dei budde og levde og hadde det. I norrøn tid hadde dei ikkje så mykje det siste perspektivet i soger dei skreiv ned, dei let kvardagslivet vere.
A PROPOS: Historia om slåsskjempene vestafrå får meg til å minnast ei Knøttene-stripe der den vesle tassen Baltus (alias Charlie Brown) blir trøsta av den enda mindre tassen Espen (Linus) etter nok eit nederlag i baseball: Orknøyingsoga1. NOREG BLIR FUNNE AV FINNAR*Fornjot heitte ein konge; han rådde over det landet som dei kallar Finnland og Kvænland. Det ligg austafor den havsbotnen som går inn mot Gandvik; vi kallar han Helsingebotn. Fornjot hadde tre søner, den eine heitte Ler - vi kallar han Æge -, den andre Loge, og den tredje Kåre. Kåre var far til Froste, far til Snær den Gamle; son hans heitte Torre. Torre hadde to søner, den eine heitte Nor, og den andre Gor. Dottera hans heitte Goe. Torre var ein stor blotmann. Han heldt eit blot kvart år midvinters. Det kalla dei for Torre-blot. Av det fekk månaden [torre, frå midten av januar til midt i februar] namn. Ein vinter då dei heldt Torre-blotet, hende det seg at Goe kom bort. Dei leite etter henne, men dei fann henne ikkje. Og då den månaden var liden, let Torre stelle til blot att og blote for at dei skulle bli vise med kor Goe var avkoma; det kalla dei Goe-blot. Men dei blei ikkje meir vise om henne enn før. Tre år seinare gjorde brørne hennar den lovnaden at dei skulle fare av og leite etter henne. Dei skifte leitinga mellom seg, såleis at Nor skulle leite rundt om i landa, og Gor skulle leite kring alle utskjer og øyar; han fór til skips. {13] Begge brørne hadde mykje folk med seg. Gor siglde med skipa sine utetter havsbotnane og ut i Ålandshavet. Sidan ransaka han vidt mellom Sveaskjera og på alle dei øyane som er i Austersjøen; deretter for han over Gøtaskjera, og så siglde han til Danmark og ransaka alle øyar der. Der fann han nokre frendar som var ætta frå Ler den Gamle på Læsøy. Frå Danmark drog han endå lenger, men fekk ikkje spurlag på søster si. Nor, bror hans, venta til snøen la seg på fjella og det blei godt skiføre. Då fór han frå Kvænland og innom havsbotnane og kom dit lappane bur, det er attafor Finnmark. Lappane ville nekte dei å fare gjennom landet sitt, og det blei eit slag der. Men slikt fanteri og trollskap følgde det med Nor og følgjet hans, at uvenene deira fekk støkken berre dei høyrde hærropet og såg at våpna blei svinga. Lappane la på flukt. Nor fór så vest over Kjølane, og dei var lenge ute utan å sjå folk, men skaut dyr og fugl til mat åt seg. Dei for til dess vatnet tok til å renne vestover ned frå fjella. Då følgde dei vassdraga og kom seg ned til sjøen. Der dei kom fram, var det ein stor fjord, ei havbukt. Der var gilde bygder der, og store dalar gjekk ned til fjorden. Der samla det seg ein hær imot dei, og dei baud slag imot Nor med det same. Men det gjekk som vanleg, fiendane fall eller flydde alle i hop, og Nor og mennene hans gjekk fram som sigd over åker. Nor for frammed heile fjorden og la han under seg og blei konge over dei bygdene som låg på innsida av fjorden. Nor stogga der om sommaren, til det kom snø på heiane. Då stemnde han oppetter den dalen som går mot sør ifrå fjorden. Denne fjorden er no kalla Trondheim. Somme av mennene sine let han fare frammed havsida over Møre. Han la under seg bygdene der han kom. Då han kom sør over det fjellet som var sør for dalsbotnen; drog han sør gjennom dalane der, like til han kom til eit stort vatn som dei kalla for Mjøsa. Då snudde han vest over fjellet att, for det blei sagt han at mennene hans hadde tapt for ein konge som heitte Sokne. Dei kom då til ei bygd som dei kalla Valdres. Derifrå fór dei ut til sjøen og kom til ein lang og trong fjord som no heiter Sogn. Der møttest dei med Sokne, og det blei eit stort slag; for Sokne brydde seg ikkje om trolldomen deira. Nor gjekk hardt fram, og han og Sokne skifte hogg. Der fall Sokne og mykje av hæren hans. * "Funne av finnar er jo rett på ein måte åkkesom . . . og god finnekunst heiter heuristikk også.2. NOR PÅ LEITING GJENNOM NOREG ETTER SYSTERA Etter dette fór Nor inn gjennom den fjorden som går nordetter ifrå Sognefjorden. Det var der Sokne hadde blitt konge, der som det heiter Sokndal no. Nor drygdest lenge der, og no heiter fjorden Norefjorden. Der kom Gor bror hans inn mot han, men ingen av dei hadde spurt til Goe. Gor hadde lagt alt land utmed sjøen under seg etter som han for nordetter. No bytte brørne landa imellom seg; Nor hadde alt fast land, og Gor skulle ha alle øyane som han kunne fare innafor med styrefast skip. Etter det fór Nor til opplanda, og kom dit det heiter Heidmark no. Der rådde ein konge som heitte Rolv or Bjarg. Han var son til Svade jotun nordafrå [16} Dovre. Det var Rolv som hadde bortført Goe Torredotter ifrå Kvænland. Han for straks inn mot Nor og baud han tomannsstrid. Dei slost lenge, men ingen fekk sår. Då forlikte dei seg; Nor fekk søster til Rolv, og Rolv fekk Goe. Ifrå Heidmark snudde Nor nordetter att til det riket som han hadde lagt under seg. Han kalla det Norveg [Norvége, Noreg, Norge]. Han rådde for det riket så lenge han levde, og sønene hans etter han. Men dei bytte landet imellom seg, og så tok rika til å gjerast mindre etter som kongane blei fleire; såleis kløyvdest fylka ut.
3. BEITE FEKK NOREG Innleiinga til soga blir kalla uhistorisk; jfr. jotunsonen i den. I den grad ættedetaljane stemmer, er kvenar (finnar) opphav til mykje av adelen i Noreg. I dag er kvenane ein finsktalande minoritet i Noreg. Mørejarlane1. VELDET TIL KONG HARALD OG ROGNVALD JARLRognvald jarl var i lag med Harald Hårfagre då han vann landet, og Harald gav han styringa over Romsdal og begge Møra. Rognvald var gift med Ragnhild, dotter til Rolv Nevja. Son deira var Rolv, han som vann Normandie. Han var så stor at ingen hest orka å bere han, derfor heitte han Gange-Rolv. Frå han er Ruda-jarlane [Ruda = Rouen] komne, og Englands-kongane. Rognvald og Ragnhild hadde også sønene Ivar og Tore Tegjande. Rognvald hadde frillesøner også: dei heitte Hallad og Rollaug og Einar, han var yngst. Harald Hårfagre fór vest over havet ein sommar og skulle tukte vikingane; for han var lei av ufreden deira; dei herja i Noreg om somrane, og om vintrane heldt dei seg på Hjaltland [Shetland] eller Orknøyane. Harald la under seg Hjaltland og Orknøyane og Suderøyane [Hebridene], og han fór radt vest til Man og øydde Man-bygda. Han heldt mange slag på denne ferda, og eigna til seg landa så langt vest at ingen Noregskonge har vunne land lenger vest sidan. I eitt av slaga fall Ivar, son til Rognvald jarl. Då kong Harald skulle sigle austetter att, gav han Rognvald jarl Hjaltland og Orknøyane i bot for sonen. Men Rognvald jarl gav begge landa til Sigurd, bror sin; han var stamnbu hos kong Harald. Kongen gav Sigurd jarlsnamn før han fór vestafrå, og Sigurd blei etter der vest.
5. SIGURD DREP MELBRIDGE JARL
6. EINAR FER TIL ØYANE
7. VIKINGANE BLIR DREPNE Treskjegg gav han troll i vald,Etter det la Einar under seg øyane og blei ein stor høvding. Han var den første som fann på å skjere torv til brenne av jorda på Torvnes [Tarbat Ness] i Skottland; for det var lite ved på øyane. Einar var ein stor og stygg mann, einøygd, men såg likevel godt.
8. SLAG MELLOM EINAR JARL OG HALVDAN KONGSSON Eg ser ikkje spyd fly mot fiende-flokkenOm morgonen då det blei lyst, gav dei seg til å leite rundt om på øyane, om det var nokon som hadde kome seg unna. Då tok Einar jarl til orde: "Eg veit ikkje kva det er eg ser borte på Rinansøy [North Ronaldsay]; stundom lettar det på seg, og stundom legg det seg ned att. Anten er det ein fugl eller ein mann; vi skal fare dit og sjå etter." Der fann dei Halvdan Hålegg, og Einar let rista blodørn i ryggen på han med eit sverd: dei skar alle sidebeina lause frå ryggen og drog ut lungene, og Einar gav han til Odin, til siger for seg. Då kvad Einar dette: Mang ein fager skjeggingEndå ei vise kvad han. [Eg er glad for at spyd frå stridslystne kjemperDeretter let han kaste haug over Halvdan og kvad: Eg hemna døden til far min, Rognvald.Då dette spurdest til Noreg, blei brørne til Halvdan fælande harme, og truga med å fare til Orknøyane og hemne han. Men kong Harald fekk det til så det ikkje blei med det same. Då Einar fekk høre om trugsmåla deira, kvad han: Mange er etter meg [lystne på livet mitt],Noko seinare drog kong Harald vest over havet og kom til øyane. Einar flydde frå øyane over til Katanes. Det fór då meklingsmenn mellom dei så dei blei forlikte. Kong Harald la bøter på øyane og baud dei bøte seksti mark [tjue kilo] i gull. Einar jarl baud seg til å betale [23} det heile mot å ta odelen åt bøndene som sin eigedom. Bøndene gjekk med på det, for dei rike tenkte at dei skulle løyse inn heile odelen sin seinare, og dei fattige hadde ikkje fe til å betale bota med. Einar betalte bota. Sidan åtte jarlane all odelen lenge, til dess Sigurd jarl gav orknøyingane att odelen sin. Kong Harald fór attende til Noreg, og Einar jarl rådde for Orknøyane lenge sidan, og døydde sottedød. Han hadde tre søner; den eine heitte Arnkjell, den andre Erlend og den tredje Torfinn Hausakljuv. Etter Harald Hårfagre hadde døydd, var Eirik Blodøks konge i to år. Då kom Håkon Adalsteinsfostre til landet, og Eirik flydde unna, som før er fortalt. Jarlane Arnkjell og Erlend, sønene åt Torv-Einar, fall i England med Eirik Blodøks, såleis som det før er skrive. Gunnhild og sønene hennar fór sidan til Orknøyane og la dei under seg, og var der ei rid. Derifrå for dei til Danmark, men først gifte dei bort Ragnhild, dotter til Eirik og Gunnhild, til Arnfinn, son til Torfinn jarl. Torfinn blei då jarl på øyane. Han var ein stor høvding, og stridshuga. Han døydde sottedød, og er hauglagd på Haugaheia på Rognvaldsøy [Hoxa på South Ronaldsay]. Folk tykte han blei ein gjæv mann. På neste side kjem fleire opplysningar omkring denne soga, som i alt inneheld 90 kapittel. Litteratur Indrebø, Gustav, tr. Orknøyingasoga. Norrøne bokverk nr. 25. Oslo: Det norske Samlaget, 1929. Holtsmark, Anne, tr. Orknøyingenes saga. Oslo: Aschehoug, 1970. Møller, Asger. Orkney-Sagaer. København: Aros, 1956. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||