![]() |
Heimskringla: Snorres kongesoger | ||||||||||||||||||||||
|
Ynglinge-soga
Nordafor Svartehavet ligg Store Svitjod [trulig Seythia magna, som i oldtida var i Søraust-Russland] eller Det kalde Svitjod. Store Svitjod seier somme er ikkje mindre enn Store Serkland [her: landa i Det nære aust. Det kan og brukast om Nord-Afrika, (Saracenarlandet)]; somme liknar det med Store Blåland [dvs. det store negerlandet, som er Etiopia eller Nordvest-Afrika. Negrar heitte blåmenn på norrønt]. Nørdste delen av Svitjod ligg ubygd av frost og kulde, sameleis som synste luten av Blåland ligg i øyde av solsteik. I Svitjod er det mange storbygder, og der er mange slag folk og mange tungemål; der er kjemper og der er dvergar, og der er blåmenn og, og mange slags underlige folk og dyr og fælande store drakar. Sørover frå dei fjella som ligg bortanfor alle bygder, renn det ei elv omkring Svitjod; ho heiter med rette Tanais [Don i antikken]. Før kalla dei ho Tanakvisl [kvesl: grein, munning.] eller Vanakvisl; ho kjem til sjøen inne i Svartehavet. Landet kring Vanakvisl kalla dei Vanaland [vanane sitt land] eller Vanaheim. Denne elva skil mellom verdsdelane. Austafor heiter det Asia, men vestafor Europa.
2. Landet austafor Tanakvisl i Asia kalla dei Åsaland eller Åsaheim, men hovudborga i landet kalla dei Åsgard [norrøne gudar: aesir, i eintal ass: Snorre knyter Asia saman med åss]. I borga var det ein hovding som heitte Odin, og der var ein stor blotstad. Det var skikk der at tolv hovgòdar [hov: det heidne gudshuset; ein gòde tente m.a. som prest] var dei fremste; dei skulle rå for blotinga og dømme mellom folk. Desse blei kalla diar [gudar] eller drotnar [drottinn: dei som står i leiinga for ei hird, (frå drott)]; alt folket skulle tene og lyde dei. 3. Odin hadde to brør; den eine heitte Ve og den andre Vilje. Desse brørne styrte riket når han var borte. Det var ein gong Odin var faren langt bort og hadde vore lenge ute, så æsene tykte ikkje det var von om at han skulle kome heim att. Då tok brørne og skifte arven; men Frigg, kona hans, gifte dei seg med begge to. Men ei stund etter kom Odin heim, og då tok han att kona si. 4. Odin fór med ein hær mot vanene [ei av to gudeætter i norrøn mytologi] men dei stod djervt imot han og verja landet sitt, og det var så opp og ned med sigeren. Dei herja landet for kvarandre og gjorde skade. Men då dei blei leie av dette, sette dei forliksstemne med kvarandre og gjorde fred og gav kvarandre gislar. Vanene gav dei gjævaste mennene sine, Njord den rike og Frøy, son hans; men æsene gav ein som heitte Høne, og sa at han høvde framifrå godt til å vere hovding. Han var ein stor og utifrå ven mann. Med han sende æsene ein som heitte Mime og var ein ovlig klok mann. Men vanene på si side gav den visaste mannen i sin flokk; han heitte Kvase.
Då Høne kom til Vanaheim, gjorde dei han straks til hovding. Mime gav han alltid råd. Men når Høne var på ting eller stemne, og Mime var borte og det kom vanskelige saker for han, då svara han støtt sameleis: "La andre rå," sa han. Då kom vanene på den trua at æsene hadde svike dei på mannebytet. Så tok dei Mime og hogg hovudet av han og sende det til æsene. Odin tok hovudet og smurde det med slike urter at det ikkje kunne rotne, og kvad galdrar [galder: trolldomssong] over og trolla det slik at det tala ved han og sa mange løynde ting til han. Odin sette Njord og Frøy til blotgòdar og dei var diar hos æsene. Dotter til Njord heitte Frøya; ho var blotgydje [offerprestinne], og ho lærte først æsene seid [trolldom], som var skikk hos vanene. Då Njord var hos vanene, hadde han vore gift med syster si, for slikt var lovlig der. Barna deira var Frøy og Frøya. Men hos æsene var det forbode å gifte seg med så nært skyldfolk.
5. Det går ein stor fjellgard [Kaukasus] frå nordaust til sørvest; dei skil mellom Store Svitjod og andre rike. Sønnafor fjellet er det ikkje langt til Tyrkland [Lille-Asia og land omkring]; der hadde Odin store eigedommar. I den tida fór romarhøvdingane vide om i verda og la under seg alle folk, men mange høvdingar rømde for denne ufreden frå eigedommane sine. Men fordi Odin var framsynt og trollkunnig, visste han at avkommet hans skulle bu og byggje i den nordlege delen av verda. Derfor sette han brørne sin, Ve og Vilje, over Åsgard; men sjølv fór han bort og alle diane med han, og mange andre folk. Gevjon drog med gledeMen då Odin fekk vite at det var godt om land aust hos Gylve, fór han dit, og Gylve gjorde forlik med han, for Gylve syntest ikkje han hadde kraft til å stå imot æsene. Odin og Gylve målte ofte krefter med list og synkvervingar, men æsene vann alltid. Odin sette bu ved Lågen, der det no heiter Gamle Sigtuna, og fekk i stand eit stort hov og blot der, som skikk var hos æsene. Han la under seg mykje land der og det var han som kalla det Sigtuna. Han gav hovgòdane bustader: Njord budde i Noatun, Frøy i Uppsala, Heimdal ved Himmelberga, Tor på Trudvang, Balder på Breidablik; gode gardar gav han dei alle.
6. Det blir sagt for visst at då Åsa-Odin og diane med han kom til Nordlanda, innførde og lærde dei folka dei idrettane som dei lenge etter har drive på med. Odin var den gjævaste av dei alle, og av han lærde folk alle idrettane, for han kunne først dei fleste av dei.
7. Odin skifta ofte ham; då låg kroppen som sovande eller død, men han var då fugl eller dyr, fisk eller orm, og fór i eitt no til fjerne land, i eigne eller andre menns ærend. Det kunne han også gjere med berre ord: sløkkje eld, stille sjø eller snu vinden til den kanten han ville. Han hadde eit skip som heitte Skibladne. På det fór han over store hav, men kunne også rulle det saman som ein duk.
8. Odin gjorde det til lov i landa sine som før hadde vore lov hos æser; såleis baud han at dei skulle brenne alle døde og bere eigedelane deira på bålet med dei. Han sa at så stor rikdom skulle kvar kome til Valhall med, som han hadde med seg på bålet, og det skulle han òg ha nytte av, som han sjølv hadde grave i jorda. Oska skulle dei bere ut på sjøen eller grave ned i jorda. Etter gjæve menn skulle dei gjere ein haug til minne, og etter alle dei mennene som det hadde vore nokon manndom ved, skulle dei reise bautasteinar, og den skikken heldt seg lenge sia. Ved vinterdag skulle dei blote for godt år, midtvinters for grøde, men ved sommardag var det sigersblot. Over heile Svitjod gav folk skatt til Odin, ein penning for kvar nase, men han skulle verje landet for ufred og blote for dei til godt år. Skaldeguden avla ein skattførar,Håkon jarl den mektige rekna ætta si til Sæming. Dette Svitjod kalla dei Mannheimen, men Store Svitjod kalla dei Gudheimen; frå Gudheimen fortalde dei mange tidender. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||