Norsk del, Gullvekta
Heimskringla: Snorres kongesoger
Seksjon › 10 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Om Snorre Sturlasons kongesoger

Her er nynorsk tilfang om og frå Snorres kongssoger, fritt etter Snorre Sturlasøns Kongesagaer, 3. utgåve (nasjonalutgåva), som blei omsett til bokmål av Gustav Storm i 1899, og revidert av han året etter, og seinare av Alexander Bugge og Didrik Arup Seip: Tredje-utgåva kom ut på J. M. Stenersens Forlag i 1930. Det er 1930-utgåva eg går mest ut frå.

Innleiinga her og Snorres fortale nedanfor er ikkje direkte sitat, men samanfletta poeng (resymé). Resten er omsetting. – T. K.

IllustratÝrar og fortaleutdrag

Illustratørar

Illustrasjonane i verket var opphavleg fordelt mellom målarane Christian Krohg, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Erik Werenskiold. Werenskiold blei samlande person mellom illustratørane. Seinare kom Halvdan Egedius til og fekk ferdig trettisju teikningar før sjukdom stansa han, og Wilhelm Wetlesen laga førtitre litt mindre vellykka teikningar for verket då Egedius døydde.

Snorre-illustrasjonane – rundt 220 tekstillustrasjonar og om lag 125 vignettar – høyrer med til hovudskattane i norsk kulturarv, og er laga av nokre av dei fremste kunstnarane i landet. Werenskiold og Munthe kom til å skape "Snorre-stilen" innan illustrasjonar. Munthe hadde alt ein ferdig forma dekorativ stil, mens Werenskiold laut arbeid seg fram til ein strekstil som eigna seg for reproduksjonsmåten då. Til slutt fekk han fram ein teiknemåte med opne og ofte vassrette streklag, ein stil som mange andre teiknarar tok opp meir eller mindre: "Norsk fremfor alt, enkelt, primitivt . . . " som Werenskiold skreiv i 1929. Munthe på si side blei på ein måte skalden blant teiknarane, og forma mange vignettar med sikkert grep, skriv Leif Østby. [Hødnebø, Finn, og Hallvard Magerøy xxx-xl, passim]

Poeng frå Gustav Storms fortale til første utgåve i 1899

Storm streva etter å gi att originalen så trufast som mogeleg og i eit språk som stemde med tonen i originalen utan for mange avvik frå det gjeldande dansk-norske skriftspråket som var i Noreg då. Omsettinga av versa især gav han mykje møde . . . forma kunne ikkje godt bli gitt att heilt på dansk-språk.

Poeng frå Storms fortale til andre utgåva frå 1900

Andre utgåva blei mogeleg ved statstilskott frå Stortinget i 1900. Storm gjekk gjennom teksten på ny og gjorde ein del rettingar.

Poeng frå fortalen til tredje utgåve av Didrik Arup Seip

Stenersens forlag avtalte i si tid med professor Alexander Bugge at han skulle gi ei ny omsetting av Snorre Sturlasons kongesoger. Føresetnaden var at verket skulle ligge føre sommaren 1930. Då Bugge døydde i desember 1929, hadde han laga ei ikkje fullt ferdig omsetting av sogene til og med Heilags-Olavs soge. Forlaget bad då Seip om å ta på seg omsettinga frå Soga om Magnus den gode.

Professor Bugges omsetting blei gjennomsett av cand.philol. Anne Holtsmark. Ho sørgde for konsekvens i det ytre, og las korrektur på heile omsettinga. Ho utarbeidde også namneregister.

Når det gjeld versa, la ikkje Seip vekt på å gi att norrøne poetiske verkemiddel. I staden for omskrivingar brukte Seip ofte direkte uttrykksmåte. Berre rytmen tok han sikte på å bevare, dessutan bokstavrim; men heller ikkje dei stemde med dei strenge norrøne reglane, fortalde han. I stor monn fekk han hjelp av eldre omsettingar: P. A. Munchs, Gustav Storms, Steinar Schjøtts og den svenske av Emil Olson.

Gustav Storms innleiing blei gjennomsett og revidert av professor Finnur Jónsson til 1930-utgåva, skriv Seip i 1930.

Meir om Snorre finn du her: [Lenke]

TO TOP

Frå Gustav Storms reviderte innleiing

Snorre Sturlason [1179-1241] blir også kalla Snorri Sturluson – det siste er islandsk. På norsk er 'Sturlason' mest brukt; Sturluson og Sturlason er langt mindre brukte variantar. Snorre høyrde til ei mektig høvdingslekt på Island. Den rekna fleire velsette stormenn frå eldre tid mellom forfedrane sine. Snorre vann gods og makt, og det same gjorde brørne hans.

I 1221 sende han sonen sin, Jon, til Noreg. Der blei Jon tatt opp i hirda til Skule jarl. Snorre søkte dessutan å bygge og sikre makta si ved familie- og ekteskapspolitikk på Island. Han ville gjerne ha gifta seg med den rike dottara til historieskrivaren Sæmund, men brorsonen til Snorre kom han i forkjøpet der. Det blei opphavet til innbyrdes fiendskap.

Men Snorre vann stor framgang inntil sonen Jon døydde etter å ha vore uvørden, og ein mektig svigerson skilte seg frå dottera til Snorre. Så begynte ein annan av Snorresønnene, Urøkja, å føre eit redselsherredøme, og Snorre gjorde ingen ting for å stagge den vanarta sonen. Som følge måtte Snorre flykte frå der han budde, Borgarfjord, i 1236, og kom til Noreg som ein broten mann. Derifrå vende han tilbake til Island nokre få år etter. Der blei garden hans i Reykjavik uventa overfalle av mannsterke fiendar og Snorre hogd ned, 63 år gammal.

Frå han var ung, sysla Snorre med historisk dikting, skaldskap. Han skreiv Edda, eit makelaust verk om norrøn skaldskap, og dessutan dei norske kongesogene. Han hadde døme og informasjon frå andre sagaer, som for eksempel Orknøyingsoga, som blei skriven av ein islending rundt 1220. Som historikar er Snorre også kunstnar.

Handskrifter av Snorres kongesagaer blei utbreidde både på Island og i Noreg. Men då det danske språket blei utbreitt i Noreg på 1400- og 1500-talet, gløymde folk i Noreg å lese og forstå dei gamle bøkene som var skrivne på oldnorsk og islandsk og med gammal skrift. Men etter reformasjonen blei interessa for norsk historie vekt til live igjen.

Den første verkelege omsettaren av kongesagaene var presten Peder Clausøn (Friis) (1545-1614), født i Egersund. Etter oppmoding frå statthaldaren i Noreg, Axel Gyldenstjerne, gav han seg i 1599 i ferd med å forfatte ei fullstendig omsetting av heile Snorres kongesoger (dei gjekk til år 1177). Clausøn tok også med nokre kongesoger frå etter kong Sverre døydde, soger som ikkje var skrivne av Snorre. Dermed fekk han ei fullstendig rekke med kongesagaer inntil år 1263. Omsettinga tykte folk vel om, og den blei flittig lesen, også av norske bønder.

I Sverige blei Snorres kongesoger dårleg omsette av Johan Peringskiöld, og i Danmark varte det fleire mannsaldrar før Snorres grunntekst med omsettingar til dansk og latin kom ut.

På 1800-talet kom fleire omsettingar på mange språk: dansk, norsk, tysk og engelsk. Heile den engelske og ofte opptrykte 1844-omsettinga av Samuel Laing finst her på nettstaden. Den danske diktarpresten Nicolai Grundtvig gav ut si omsetting samtidig med norske Jacob Aall. Det var i 1868. Dessutan kom den ferdige omsettinga av P. A. Munch og medarbeidaren C. R. Ungar i 1868.

Sverige fekk standardomsettinga si i 1919. Den er av Emil Olson.

Gustav Storm (1845-1903) kunne dra nytte av Finnur Jonssons fullstendige og pålitelege utgåve i tre band, gitt ut mellom 1893-1900. Storm si første utgåve blei gitt ut i 1899., andre utgåva kom året etter, med støtte frå Stortinget, og Didrik A. Seips 3.-utgåve kom i 1930.

Det har komme andre utgåver både på bokmål og nynorsk, ved Rolv Thesen og Sigmund Moren, og Olav Hr. Rue. Utgåvene bygger i hovudsaka på jubileumsutgåva frå 1900 ved Gustav Storm og Steinar Schjøtt, og har stort sett same utstyr og illustrasjonar som den. Det kom også ut ei ny, revidert utgåve i 1979. Den var redigert av Finn Hødnebø (bokmål) og Hallvard Magerøy (nynorsk).

TO TOP

Utdrag frå forord av Finn Hødnebø

I forordet til 1979-utgåva skriv Finn Hødnebø:

"Heimskringla", Snorres kongesoger, er forteljinga om Ynglingekongane frå ættefaren Odin til Halvdan Svarte og Harald Hårfagre, og seinare om alle dei norske kongane av Hårfagre-ætta før kong Sverre. Snorres verk er summen av det samtida hans visste om emnet. Skaldar dikta lovkvede og arvekvede om kongane sine liv og bragder, historikarar skreiv bøker, og Snorre sette ting saman frå desse kjeldene ting han blei fortalt heime på Island og på reiser til Noreg, der han var støttespelar for Skule jarl.

Fleire kjelder er samde om at Sæmundr frode Sigfusson ( 1056-1133) var den første som skreiv om dei norske kongane. Litt yngre enn Sæmundr var Ari Frode. Snorre seier at Ari skreiv om Noregskongane. Innhaldet i skriftet Hryggjarstykki av Eirikr Oddsson har vore godt utnytta i verket Morkinskinna, og dessutan av Snorre. Om Eirikr Oddsson veit vi elles lite utover det som er sagt om han i Morkinskinna og hos Snorre: at han var "ein vettug og forstandig mann". Eirikr sjølv hadde vore i Noreg "i lang tid". Hos han er den tørre og nøkterne krønikeforma utbytt med forteljarglede, trøysemd og kunstnarleg skaparevne – byrjinga på en ny og meir frodig fase i sogekunsten.

Olav den heilage, Noregs nasjonalhelgen, kom til å bli den kongen ein først og mest interesserte seg for. Olavs-kulten var alt då var mykje utbreidd i Nord-Europa. Om Olav den heilage blei det skrive ei soge mellom 1160 og 1185, kanskje. Den soga blir til vanleg kalla Eldste soga om Olav den heilage. Ho er kan hende forfatta på Nord-lsland. Berre seks brotstykke finst no att av den, men innhaldet har overlevd i sterkt utvida versjon av islendingen Styrmir Kårason (omkring 1220), og i ein avstutta versjon i norsk målform, kalla Den legendariske Olavs-soga. Snorre har kjent og nytta Styrmis verk.

Den norske misjonskongen Olav Tryggvason har også fått eit stort rom i islandsk sogeskriving, enda så stutt tid han styrte. Det heng kan hende saman med ein tradisjon som visste å fortelje at han kristna fem land, derimellom Island. To munkar i Ðingeyrar-klosteret i Nord-Island skreiv kvar si soge om Olav Tryggvason på latin. Soga til den eina av dei blei omsett til norrønt omkring 1200 og finst framleis i avskrifter. Munken bak soga har visstnok kunna stø seg både på Sæmundr og Ari og Den eldste soga om Olav den heilage, og dessutan på europeisk krønikestoff men soga har blitt eit diktarverk med ingrediensar bade frå Bibelen og kjende legender. Til sist står Olav Tryggvason fram som ein av Herrens utvalde, ved rikeleg fiksjon innblanda.

Mens kong Sverre levde, sette han den islandske abbeden Karl Jönsson til å skrive soga si. Sverre-soga er høgdepunktet før Snorre Sturluson. Ho syner samanhangande komposisjon, livfulle og dramatiske hendingar og stilistisk meisterskap. Mange talar i boka er forfatta med stor psykologisk sans.

Seinare samleverk gjer det elles klart at det rundt 1200 har eksistert mange skrifter om einskilde kongar og ætter. Ein munk i Nidarholm kloster som kallar seg Theodricus, skreiv stutt føre 1180 eit verk på latin om kongane frå Harald Hårfagre til Sigurd Jorsalfare (daud 1130) som vi framleis har, og om lag ti år etter kom eit samleverk som litt misvisande har fått namnet Agrip (d.e. utdrag) af Noregs konunga sogum – om kongane frå Halvdan Svarte til kong Sverre (1177). Det fanst også to historieverk. Islendingane kjende til og samla hos seg det aller meste av det legendariske og historiske materialet om dei norske kongane som var kjent inntil byrjinga av 1200-talet, før Snorre tok fatt som forfattar og historikar.

På grunnlag av eit ueinsarta materiale skapte Snorre eit kunstverk som kan kallast høgdepunktet i islandsk sogelitteratur. Med omhug valde han ut det tilfanget som tente føremålet og progresjonen i framstillinga, og sorterte materialet med sikker kritikk.

Snorres soge om Olav den heilage må snøgt ha fått lesarar og avskrivarar. Sant nok er Olav Haraldsson den viktigaste personen i verket. Men styringstida hans var heller stutt. Noko tilsvarande kan seiast om soga om Olav Tryggvason, som styrte berre fem år. Olav Kyrre, som sat på kongsstolen ikring 25 år, er derimot så å seie anonym. Nett ein konge som han, den fredelege landsbyggaren, skulle vi gjerne visst meir om.

Visst kan det etter våre litterære krav peikast på skort på jamvekt i komposisjon, og andre lyte. Til dømes gir Harald Hårfagre ein pompøs lovnad til den stolte Gyda Eiriksdotter etter den første mislykka friinga hans til henne: "Det lovar eg, og eg tar Gud til vitne, som har skapt meg og som rår for alle ting, at aldri skal eg skjere eller kjemme håret før eg har eigna til meg heile Noreg -". Denne historiske paradereplikken minner for mykje om kristen-guden midt mellom grufulle heidningar. Ikkje alt i Heimskringla er fortalt like livfullt heller. Til dømes Ynglingesoga manglar indre samanheng og dramatikk, truleg fordi overleveringsgrunnlaget var så magert.

Lyta er likevel berre å likne med flortynne sommarskyer heilt fram til avslutninga ved slaget på Re i 1177. Som stilkunstnar saknar Snorre sin likemann. Einskildscener er oppbygt logisk og konsekvent. Mindre episodar blir brikker i eit puslespel. Snorre har overtatt stilistiske verkemiddel. Naturen og lokale tilhøve er greitt utnytta. Solskin og gråvêr, bakkar og myrer er med som delar i førebuinga av det som skal skje. Rikeleg bruk av dialogar, overgang frå indirekte til direkte tale og talar er noko som i særleg grad kjenneteiknar Snorres framstillingsform. Dialogane fører handlinga framover og oppover, skaper ei naturleg stiging og spenning.

Dei sogepersonane som står Snorres hjarte nærast, er nok bondehøvdingane.

Sogestilen er ein kunststil, og ikkje identisk med kvardagsspråket.

Det røyndomspreget som særmerkjer innhaldet i Heimskringla, har gitt verket ein historisk autoritet. Ingen har tvila på at Snorre utnytta viktig grunnmateriale. Det var historikarens oppgåve å gjenskape fortida, å fortelje ikkje berre kva som røynleg hende, men også korleis det kunne ha hendt, så som i samtalar der dei som var til stades døydde, men forfattaren likevel fortel ting særs viktige ting dei skal ha sagt . . . Boka til Snorre er både ei samling av historisk informasjon, og dessutan eit litterært meisterstykke. Den fokuserer om høvdingar og ætter heller einfelt. Mange vesentlege sidene ved livet er ikkje med, til dømes hestegalskap hos jenter -

Ein kan vanskeleg overvurdere kva dei gamle kongesogene har hatt å seie for det norske folket. Det norske nasjonal-medvitet blei styrkt på ein måte som blei ein føresetnad for Eidsvolls-verket i 1814, då Noreg fekk eiga grunnlov, i union med Sverige. Snorres kongesoger høyrde med til bøker folk eigde på landsbygda, særleg i andre halvdelen av 1700-talet. Frå nær sagt alle kantar av landet, Austlandet, breibygdene og dalane, Telemark, Agder, Vestlandet og Trøndelag, har ein vitnemål om at "Snorre" var å finne i bokhyllene hos folk med betre kår. Jacob Aall "fandt Snorre . . . i flere af de vildeste Klippeegnes Fjældstuer".

For mange av Eidsvollsmennene var kongesogene kjent stoff, og av både Jacob Aall, Christian Magnus Falsen og Georg Sverdrup har vi utsegner om kva Snorre har hatt å seie for den unge nasjonen. På 1800-talet fekk sogene innverknad på kjente menn som Henrik Wergeland, Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen under nasjonalromantikken.

I 1905 gjekk Noreg ut av unionen med Sverige i hurrarus. Det er knapt tilfeldig at dei nye omsettingane omkring 1900 blei selde i over 100.000 eksemplar, eller at Stortinget støtta utgivinga av Gustav Storms omsetting.

Heimskringla har verka sterkt på sjelene til i dag, og er framleis ei oppkomme. [Hødnebø, Finn, og Hallvard Magerøy ix-xxx, passim]

TO TOP

Snorre Sturlasons fortale

I denne boka let eg skrive gamle fråsegner om høvdingar som har hatt rike i Nordlanda og har talt dansk tunge [1], slik som eg har høyrt frode menn fortelje, og like eins nokre av ættetavlene deira, slik som dei er blitt meg fortalt. Noko av dette finst i dei ættelistene der kongar eller andre storætta menn har rekna opp ætta si, og noko er skrive opp etter gamle kveder eller viser om det som er hendt før i tida, som folk har hatt til skjemt. Men enda vi ikkje veit visst at dette er sant, så kjenner vi likevel prøver på at gamle frode menn har halde slikt for sant.

  1. Dansk tunge: det språket som blei talt i alle dei nordiske landa i oldtida.

Tjodolv den frode [1] frå Kvine [2] var skald hos Harald Hårfagre; han dikta også om kong Ragnvald Heidumhære eit kvede som blir kalla Ynglinge-tal. Ragnvald var son av Olav Geirstad-alv, bror til Halvdan Svarte. I det kvedet er nemnt tretti av forfedrane hans, og der blir fortald om kvar enkelt sin daude og gravstad. Fjolne heitte han som var son til Yngve-Frøy, som svearane lenge etter blota [3] til; etter namnet hans (Yngve) er Ynglingane kalla. Øyvind Skaldaspelar [4] rekna også opp forfedrane til Håkon jarl den mektige i det kvedet som heiter Håløygja-tal og var dikta om Håkon. Der blir først Sæming, son av Yngve-Frøy, nemnt; der blir fortald og om korleis kvar enkelt døydde, og kor han blei hauglagd. Etter det som Tjodolv har fortalt, er først Ynglingane sine liv skrive, og sida er det auka etter frode menns fråsegner.

  1. Frod: kunnskapsrik, især i historie og ættekunnskap.
  2. Kvine: Fjorden og distriktet omkring Kvinesfjorden, no Fedafjorden i Kvinesdal, Vest-Agder.
  3. Blote: å ofre til dei gamle gudane. Blotstad er offerstad.
  4. Skaldaspelar: han som fordervar skaldane. Tilnamnet fekk Øyvind fordi han altfor hardt etterlikna dei eldre skaldane. Øyvind er den siste namngjetne norske skalden. Sidan var skaldane islendingar.

Den første tida er kalla brennalder; då skulle ein brenne alle daude menn og reise bautasteinar etter dei, men etter at Frøy var hauglagd ved Uppsala, då gjorde mange høvdingar likså ofte haugar som bautasteinar til minne om frendane sine. Men sidan let Dan den storlåtne, danekongen, gjere seg ein haug, og baud at han etter dauden skulle berast dit i kongsskrud og hærklede og hestane hans med sálgreier og mykje anna gods, og mange av ættemennene hans gjorde det same; då tok haugalderen til der i Danmark; men brenn-alderen heldt seg lenge etter hos svearar og nordmenn.

Men då Harald Hårfagre var konge i Noreg, blei Island bygt. Hos Harald var det skaldar og folk kan enno kveda og kvedaren deira om alle dei kongane som har vore sidan i Noreg. Og vi rettar oss mest etter det som er sagt i dei kveda som dei kvad for høvdingane sjølve eller for sønene deira; vi tar alt det for sant, som finst i desse kveda om ferdene eller slaga deira. Det er nok skaldevis å rose den mest som dei er stedt framfor, men ingen ville våge å fortelje ein sjølv om slike verk som alle som høyrt på og ein sjølv også visste var løgn og laus tale; det ville vere spott, men ikkje ros.

Are prest den frode, son av Torgils Gjellesson, var den første her i landet (d. e. Island) som skreiv på norrønt mål om det som var hendt, både gammalt og nytt. I førstninga av boka si skreiv han mest om korleis Island blei bygt og lov blei sett der, dernest om kor lenge kvar av lovseiemennene hadde sagt lova, og rekna ut årstala først til den tida då kristendommen kom til Island, og sidan heilt til sine dagar. Der tok han også med mykje anna både om korleis kongane levde i Noreg og Danmark og endatil i England, og dessutan om stortidender som var hendt her i landet. Og eg synest at alt det han seier er svært truverdig; han var svært klok og så gammal at han var født året etter at Harald Sigurdsson fall. Han skreiv, som han sjølv seier, om livet til dei norske kongane etter det som Odd, son til Koll Hallsson på Sida, fortalde; men Odd fekk kunnskapen sin frå Torgeir Avrådskoll, som var ein klok mann og så gammal at han budde på Nidarnes då Håkon jarl den mektige blei drepen. På same staden let kong Olav Trygvason reise kjøpstaden der han no står.

Are prest kom sju vintrar [år] gammal til Hall Torarinsson i Haukadal og blei hos han i fjorten vintrar. Hall var ein klok mann og hadde godt minne; han mintest at Tangbrand prest døypte han tre vintrar gammal; det var éin vinter før kristendommen blei lovtatt på Island. Are var tolv vintrar gammal då biskop Isleiv døydde. Hall fór mellom landa (Island og Noreg) og hadde handelssamlag med kong Olav den heilage og fekk mykje gagn av det; derfor kjende han godt til kongens styre. Men då biskop Isleiv døydde, var det gått nær åtti vintrar etter kong Olav Trygvasons fall. Hall døydde ni vintrar etter biskop Isleiv; då var Hall nittifire vintrar gammal. Han var tretti vintrar gammal då han sette bu i Haukadal, og budde der sekstifire år: så skreiv Are. Teit, son til biskop Isleiv, blei fostra hos Hall i Haukadal og budde der sidan. Han lærte opp Are prest og gav han mange kunnskapar om fortida, som Are seinare skreiv ned. Are fekk også vite mykje av Turid, dotter til Snorre gode. Ho var svært klok, og ho kunne minnast Snorre, far sin. Han var nær trettifem år då kristendommen kom til Island, men døydde året etter at Olav den heilage var fallen. Det var ikkje underleg at Are hadde god greie på gamle hendingar både her og utanlands (d. e. i Noreg), for han hadde lært av gamle og kloke folk, og sjølv var han lærelysten og hadde godt minne. Men kveda tykker eg er mest truverdige, om ein kved dei rett og tyder dei på rette måten.

Innhald


Norges kongesagaer, Noregs kongesoger, Heimskringla, Snorre Sturlasons kongesoger  

Hødnebø, Finn, og Hallvard Magerøy, eds: Norges kongesagaer, bd 1. Oslo: Gyldendal, 1979.

Norges kongesagaer, Noregs kongesoger, Heimskringla, Snorre Sturlasons kongesoger, opp Seksjon Sett Neste

Norges kongesagaer, Noregs kongesoger, Heimskringla, Snorre Sturlasons kongesoger BRUKARGAID: [Lenke]
© 2008–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]