![]() |
Frå Ivar Aasens produksjon | ||||||||||||||||||
|
Når lykka smiler, skal du vare deg mest."IVAR AASEN (1831-96) forfatta dei første klassikarane på nynorsk. Han kalla seg ikkje diktar, men han var det. Språkvitskapsmannen har blitt mye undervurdert. "Ei av dei mange mytene om han, er at han var så redd for brann at han heller sat og hutra og fraus om vinteren enn å fyre i omnen." Men den sjølvlærde bondeguten frå Sunnmøre som fann den latinske grammatikken lett, "ja tilmed behagelig", besøkte bl.a. teater i hovudstaden, song Bellman-viser i lystig lag, og hadde mye morosamt å fortelje. Det som kjem er deler av enkle vers og utdrag av dikt. Førebels er mange vers kvesta av ordforklaringar. Det skulle ein kanskje ordne på. - Tormod Kinnes Dikt og diktutdragMotto"Vi skulle leite og sjå etter." - GravstøtteskriftaFrå Vit og truVi ser omkring oss eit liv så rikt.Det unge dyret er gamle likt.
Kva er dette livet? Kor kom det der, og kor blir det av det, når ut det fer? Frå Når du mest må stridaNår stormen kvilerog di lykke smiler, og du tykkjer allting går som best. Nettopp då du, nettopp då du, skal du vare deg mest. Frå Stig framLat verda ståke med sin gamle leik,ho vørder alltid mest om lyst og gaman. Til alvorsemd er hennar hug for veik, ho følgjer der den største hop er saman. Men ein ting er det som vi lett må sjå: den beste råd kjem sjeldan derifrå.
. . . Du vinner lite, det er vist; Frå NøgjeHøgt opp . . .er ein med eit sterkare rike; han let sitt lys og sin varme nå til fattigfolk som til rike. Han gir utan skil, når timen er til; han gir sine gåver til kven han vil.
Dei arme fekk ofte ein rikdom i barm,
Rundt om er ein heim som av fagnad er full. Frå Nordmannen (Mellom bakkar og berg)Når vårsol i bakkane blenkte,fekk han hug til si heimlege strand.
Og når liene grønkar som hagar, Frå Tolugt modNår du tunge verk må gjereog får vantakk heim å bere, ta det tolugt og ver god . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . ta det alt med tolugt (tolelig, tolmodig) mod.
Blir folk deg altfor fine,
Når dei til sitt eige nøgje Frå Dei gamle fjellDet er så mange hendingari bygdom komne til; vi ser så mange vendingar alt på eit lite bel. Dei har snudd om vollane og flytt og rudt og bygt; men dei gode gamle kollane dei står like trygt. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
Av hav kom sjømann sigande Frå LivetHeimen er både vond og god . . .Hæv (gild, gjæv, framifrå; dugeleg, dugande, hag, flink) er den som med same mod (sinn, huglag) kan ta imot alt til saman. . . . . . . . . . . . . . .
Om ei stund har får ein stur (stogg, tungsamt huglag),
Kjem han sturen (motlaus, sorgsam) i verda ut, SommarkveldenVelkommen atter hit til våre grender,velkommen her, du sæle sommarkveld, med lauv og gras ut over alle strender og gule blomar i den grøne feld, med lette småsky lagd i lange render som trådar i det høge himmel-tjeld (telt av seglduk, forheng, tørkle o.a.), og med den milde ljosken (lysning, veikt lysskjær o.a.) som seg breier ut over fjell og fjord på alle leier.
Her er så lys ein let ((naturleg) farge, kulør) på alle grunnar
Her gløttar lys gjennom tusen gluggar
Den siste sol-blenk er i havet sokken,
Kom, la oss nøyta (nytte, bruke, nyte) tida som ho skrider, Frå Dei vil alltid klaga og kytaForfedrene . . . gav oss ein arv . . . han er større enn mange vil tru.
Lat det merkast i meir enn i orda, Frå Midsommar kveldNo er det tid å glømme sin stridog vere som himmelen lysande blid.
Det blir ikkje lenge så lystig som no: Frå Fals og fuskMed falsk og fusk er verda full, og mangt eit korn læst vere gull. Men når du ser nærare etter, er det berre gråstein - og stundom noe verre.Om gammal landsens skikk og vis dei talar tidt [ofte] med mye pris [lov]. Men når dei sjølv får sjå den gamle skikken, så kvekker dei og rømer frå, som om ingen ting var verre. Av vett og kunnskap ser ein ofte at folk vil skryte stort og vidt. Men - så veit dei best om småtteri, og minst om det som trengdest mest, og slikt er heller verre.
Mang ein gut læst vere klok, og skriv så stort i blad og bok - det
gagnar heller lite. Frå GløymskaGløymska vinner på minnet.
Om kjærlig hug var det stundom sagt han aldri skulle få ende. Og
endå gjekk det no sia skakt, så hug til vanhug seg vende. Frå HugenMye kjem til som ingen har spått.
Fram i vegen visst eg ventar meg ein skatt; Frå LysebotnenSky og skodde skyler alle leier,bleik og blygrå bløyter ho all vegen. Frå Allting leikar seg i yngdaAllting leikar seg i yngda [ungdommen] . . .men med alderen kjem tyngda. Frå Ferda-viseRik og ven er vår vide jord.
Best var å gjeste alle land og feste i hugen sin det beste
Allstad kjem det ein vår og sommar; Frå Kunst og skapnadDet største lyset tent av mannehender, er enda mørkt mot det som sola sender.Det er mannen sjølv som skjemmer ut jorda med all si bygging. Det grøne graset han spøner opp med spaden, og set ei kalka steinrøys opp i staden.
Nei, lat meg sjå den vene grøne skogen. Frå Den tyngste sorg og mødaEg drømde eg var på ein blomstervoll,eg vakna - og himmelen var svart.
Den drømmen lyt eg løyne
Du vene draum, Frå EtterstevTil lags åt alle kan ingen gjere;det er no gammalt og vil så vere. Eg tykkjer støtt at det høver best å hjelpe den som det trenger mest. . . . . . . . . . . . . . . . . .
Ein får no høre så mange griller. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20032007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||