Oversyn
Arne Dørumsgaard som gjendiktar
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    

Arne Dørumsgaard

Den gamle dammen
Ein frosk hoppar uti -
Skvulp.

Dammen kan ein forstå som verda vi lever i. Froskar og menneske har noko felles og kan gå for det same, poetisk tala. Skvulpet er bølgene froskemannen skaper, eller bilde på livsutfaldinga, og så er det slutt.

Jamvel om det finst andre måtar å sjå dette kjente diktet på, kan det høve som biografi - gjerne med tillegg som "Ein mann blei født, levde og døydde." Bakom bildebruken ligg buddhisme-utsyn over tilværet i alle fall. Men det har ein ikkje direkte haldepunkt for i sjølve diktet. Det er konvensjonane bak det som stadfestar slikt. I seg sjølv kan diktet godt gå for eit augeblikksbilde, og "telegramvers på tre linjer".

Den eldgamle dammen - ein frosk hoppar uti - skvulp! på tre linjer er ein haiku av Basho. I diktbøker setter ein ofte opp dei tre delane av slike dikt på tre linjer; det var det vanlege før. Nett dette diktet er blant dei mest omsette i verda, skriv Arne Dørumsgaard i boka der han gjendiktar den japanske diktaren Matsuo Basho (1644–94). Boka heiter Fra duggens verden: Basho i norsk gjendiktning . . . (Dreyer 1986). Dørumsgaard tar med stoff frå kulturbakgrunnen og den spesifikke historia til froskediktet - korleis det blei til "langs vegen" for Basho; og viser fram ei mengde europeiske omsettingar. Dei skil seg ein god del, for det er lovleg for gjendiktarar å "lese" forskjellig inn i diktet og utbrodere som ein føler før -

Frå Arne Dørumsgaards livverk

Arne Oddvar Dørumsgaard (1921-2006) blei født i Fredrikstad og hadde lyse minne frå barndommen. Frå rundt 1950 budde han utanlands. Først - frå 1949 - budde han i Frankrike. I 1968 flytta han til Marzio i Nord-Italia. Han døydde i Varese eit stykke nord for Milano i 2006.

I 1951 kom den første samlinga med gjendiktingar frå Kina, Japan og Korea. Blomar frå dei keisarlege hagane var tittelen på dei to første banda i serien. Det ligg mykje kommentararbeid i han, og han blei gitt ut mellom 1951 og 1985. Dørumsgaard fekk prisar for gjendiktingar; han brukte fagna europeiske gjendiktingar. "Ein omset frå språk ein kjenner," er elles verdt å ta med for ein omsettar. Dørumsgaard starta altså med å gjendikte austleg poesi ut frå europeiske gjendiktingar - "formidlere", som han skriv. Det viste seg dei var gode, skriv han i essayet Om å gjendikte kinesisk poesi. (1970:13, 16 o.a.). For arbeidet med gjendiktingane av Austens gamle poesi fekk han Ordets pris i 1971, Bastianprisen i 1979 og blei utnemnd til æresdoktor i litteratur ved universitetet i Taipei, Taiwan, i 1982. [2]

Dørumsgaard la ned mykje arbeid i kommentarar til dikta han gjendikta, og dikta omfatta blant anna korte "telegramstildikt" (haikuar). Grensa mellom haiku, korte augeblikksbilde og ordspråk kan vere nokså laus og flytande. Nokså mykje kjem an på "auget som ser", det vil seie kven som tolkar og tyder dei, og kva det er bra semje om utanlands.

Musikalsk var Dørumsgaard også, og er meir kjent i utlandet som musikar enn han er som gjendiktar i Norden. Han fekk ærevisingar og blei æresdoktor i litteratur ved universitetet i Taipei, Kina. Han skreiv enkelt og greitt dansk-norsk, som danskar og andre kallar riksmål.

Gjendiktingsverka

Der er intet som at tage et forfriskende bad i kinesiske digte. Man får andre øjne . . . - Vagn Steen i "Jyllands-Posten"

Då Dørumsgaard fekk Bastianprisen i 1979 for gjendiktingar av klassisk kinesisk poesi, var det avgjerande for juryen at tekstane fungerte kunstnarleg på norsk. Dørumsgaard opna opp til framandarta, allmenn-aktuell dikting - og det var ein kulturinnsats, kom juryen til (Viften av perlemor, tredje samling, andre band, del 2, omslaget bak).

Også andre enn Dørumsgaard har opna opp for framand litteratur. Paal-Helge Haugen er mellom dei som har gitt att haikudikt til nynorsk, og Dørumsgaard skriv:

Paal-Helge Haugen [har] gjendiktet dem på et målføre, som kanskje ligger Basho nærmere som ordmusikk enn norsk riksmål. (1986:227)

Merknad: Haugen skriv nynorsk. Det er ei målform; ikkje eit målføre. Det må gjere godt å vite -

Det finst også haikutilpassingar på ◦svensk, dansk, engelsk, tysk, fransk og italiensk og meir til. Men Dørumsgaard er den i Norden som har gjendikta mest - utan samanlikning. Det "plasket" skal han ha. Jamfør diktet ovanfor.


Arne Dørumsgaard, oversyn over gjendiktingsverket, litteratur  

I oversynet her står enkel teori gitt av Arne Dørumsgaard først, og dernest oversyn over kva for bøker Dørumsgaard forma i gjendikting og fekk gitt ut. Originalane fanst i Kina, Japan og Korea. Dørumsgaard nytta i den første tida engelske, tyske og andre europeiske gjengivingar for det meste. — Bøkene av Dørumsgaard er ordna etter land, med bøker vigd til einskilde diktarar frå dei. Deretter kjem samlingar laga av Dørumsgaard. Oversynet over omsettingane hans er ordna i samsvar med når diktarane levde og når periodane var - dei eldste først.

Kvist

Dørumsgaard-teori

Dørumsgaard, Arne. Om å gjendikte kinesisk poesi. Oslo: Dreyer, 1970.

⸻. Et dikt om å dikte: Lu Chi's essay om litteratur i norsk gjendiktning.. Oslo: Dreyer, 1978.

Kina

Dørumsgaard, Arne. Fløiten av jade: Li Po i norsk gjendiktning (701-762). Oslo: Dreyer, 1966.

⸻. Høstens lyre: Tu Fu i norsk gjendiktning (712-770). Oslo: Dreyer, 1967.

⸻. I bambuslunden: Po Chü-i i norsk gjendiktning: (772-846). Oslo: Dreyer, 1970.

⸻. Blomster fra de keiserlige haver: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning: Nullte samling, første halvbind (1122 f.Kr. - 221 f. Kr.). Oslo: Dreyer, 1976.

⸻. Blomster fra de keiserlige haver: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning: Nullte samling, annet halvbind (221 f. Kr. - 220 e.Kr.). Oslo: Dreyer, 1976.

⸻. Fønixfuglen og dragen: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Første samling, første halvbind (220-419). Oslo: Dreyer, 1977.

⸻. Fønixfuglen og dragen: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Første samling, annet halvbind. Oslo: Dreyer, 1978.

⸻. Evige tegn: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Annen samling. Dynastiet T'ang (618-906). Oslo: Dreyer, 1971.

⸻. Viften av perlemor: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Tredje samling, første bind (907-1126). Oslo: Dreyer, 1979.

⸻. Viften av perlemor: Klassisk kinesisk poesi. Tredje samling, annet bind, del 1 (1127-1279). Oslo: Dreyer, 1980.

⸻. Viften av perlemor: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Tredje samling, annet bind, del 2 (1234-1279) (1279-1368) Oslo: Dreyer, 1981.

⸻. Viften av perlemor: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Tredje samling, tredje bind del 1. Tidlig Ming-dynasti (1368-1435). Oslo: Andresen & Butenschøn, 2007.

⸻. Viften av perlemor 3 B: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Tredje samling, tredje bind, del 2. Ming-dynastiets senere år og Ch'ing dynastiet (1644-1911). Oslo: Dreyer, 2008.

Japan

Dørumsgaard, Arne. Bak sorgens kyst: Issa i norsk gjendiktning (1762-1827). Oslo: Dreyer, 1966.

⸻. Vinger i natten: Buson i norsk gjendiktning (1716-1783). Oslo: Dreyer, 1985.

⸻. Fra duggens verden: Basho i norsk gjendiktning (1644-1694). Oslo: Dreyer, 1986.

⸻. Under kirsebærtreet: Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. 1. saml. (313-794). Oslo: Dreyer, 1968.

⸻. I crysanthemenes tid: Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. Annen samling. Tiden Heian (794-1186). Oslo: Dreyer, 1968.

⸻. Sverdliljer. Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. Tredje samling (1186-1868). Oslo: Dreyer, 1968.

⸻. De sorte svalene: Moderne japansk poesi. Første samling: Meiji-perioden (1868-1912). Oslo: Dreyer, 1967.

⸻. På stjernenes veier: Moderne japansk poesi. Annen samling. Taisho-perioden (1912-1926). Oslo: Dreyer, 1969.

⸻. Regnbuen av stål: Moderne japansk poesi. Tredje samling. Showa-perioden (1926 -). Oslo: Dreyer, 1971.

Korea

Dørumsgaard, Arne. Ved lotuskulpen: Koreansk poesi i norsk gjendiktning. Første samling (130 f.Kr. - 1392 e.Kr.) Oslo: Dreyer, 1972.

⸻. Tempelklokken: Koreansk poesi i norsk gjendiktning. Annen samling. Dynastiet Yi (1392-1910). Oslo: Dreyer, 1972.

⸻. Sommerfuglen og havet: Koreansk poesi i norsk gjendiktning. Tredje samling (1910 -). Oslo: Dreyer, 1973.

⚶ ⚶ ⚶

Elles

Nynorske haikudikt

Haugen, Paal-Helge. Blad frå ein austleg hage: hundre haiku-dikt. Oslo: Samlaget, 1965.

⸻. Haiku: 200 norske versjonar. Stabekk: Bokklubbens lyrikkvenner, 1992.

Bokmål

Johannesen, Georg. Tu Fu. Oslo: Pax forlag, 1968.

Bramness, Hanne. Appelsintreet: Japanske kjærlighetsdikt for ungdom. Oslo: Cappelen, 1995.

⸻. Kremmyke bryst: Kinesiske kvinners dikt. Oslo: Cappelen, 1997.

Brekke, Paal. Moderne japansk lyrikk. Oslo: Bokklubben, 1965.

Vindtorn, Kjell Erik. Hvit hegre over Silkeveien: Dikt, oversettelser, gjendiktninger, collager, fotografier, tegninger og kalligrafi. Oslo: Aschehoug, 1992.

Arne Dørumsgaard, oversyn over gjendiktingsverket, opp    Seksjon     Sett    Neste

Arne Dørumsgaard, oversyn over gjendiktingsverket. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]