GULLVEKTA, NORSK DEL  

Ivar Aasens livsveg

 13 › 4 › 14

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE   NESTE



"Den store mester Ivar Aasen (...) var stor i alt hvad han gjorde." - Johan Storm, Aasen-motmann
IVAR ANDREAS AASEN (1813-96) forma det eine av dei to offisielle språkvariantane (målformene) her Noreg, den målforma som ikkje er ein dansk-norsk hybrid. Først lærde han seg gammalnorsk, så skaffa han seg oversyn over dialektane rundt om i landet. Det førte til ein grammatikk og ei ordbok, og tekstar som bana veg for framdyrking av det som no blir kalla nynorsk. Det vi kan kalle målferda til Ivar Andreas Aasen var vedunderlig optimistisk. Jamvel om han kom langt i å forme eit heilnorsk skriftspråk oppå gamle trerøter og stubbar (norrønt og dialektar), laut forsøka på eit samlande, heilt norsk skriftspråk gi etter litt etter kvart, på grunn av stoda. Forholda endra seg med tida. Nynorsken laut gi etter steg for steg. Det skjedde og skjer framleis med både alvor og verdigheit.
      Her er noe om einaren som forma den identitetsberande målforma nynorsk.


Om Ivar Aasen

Utrusta med pipetobakk og skrivepapir

Ivar Aasen stod rett opp mens han skreiv.
Den rette tvilinga hjelper vitskapar.
NYNORSKENS far blei født 5. august 1813 i Ørsta, og døydde 23. september 1896 i Kristiania (no Oslo).
      Då Norge vart løyst frå det 434 år lange sambandet med Danmark i 1814, hadde landet mista sitt eige, gamle skriftspråk fleire hundreår før. Dei som skreiv på Ivar Andreas Aasens tid, laut bruke dansk som han.
      Målreisaren meinte at landet trong eige skriftspråk og ville kveike noe skapelig og godt på gamle røter og stubbar. Han reiste omkring, lytta og skreiv notatar til han blei redd for å miste dei -
      Ei av dei mange mytene om han, er at han var så redd for brann at han heller sat og hutra og fraus om vinteren enn å fyre i omnen. No vel, han hadde omsorg for papira sine, og ikkje brannvarslar og sprinkleranlegg. Det var andre tider.
      I Universitetsbiblioteket tek Aasensamlinga om lag tre hyllemeter. Det er ei av dei mest innhaldsrike samlingane der. Nøysam skreiv han ned mye sentralt på smålappar og også i minihefte han let til å ha sydd saman sjølv. Han har visst røyka mye pipetobakk, skal ein døme etter alt tobakkspapiret i arkivet hans. Innpakningspapiret blei glatta ut med omhug, skore i to og brukt som kladdepapir. Så skreiv han omkring den kjente Tiedemann-logoen - nesten uråd å lese for granskarane. Konvoluttar han fekk tilsendt med brev i, blei skorne opp og brukt til skrivepapir. Også gamle teaterbillettar brukte han slik ender og då.
      Dette og meir til skriv Oddvar Vasstveit [Kjelde].
Ein ser ofte at folk vil skrøyta stort og vidt,
av vett og kunnskap.
Men når det kjem nærare,
so veit dei best om småting,
og minst om det som trengdest mest.
Slikt er heller verre.

Ivar Aasen: "Fals og fusk", i Symra, her i gjendikting


Mil etter mil: Mann med enorm arbeidskapasitet, flit og energi

IVAR AASEN kom i forgrunnen mellom dei som gjekk hardt inn for å skilje ut det norske språket slik at det stod fram som klart att. For å få det til, bearbeida han dessutan språkprøvene han samla inn.
      Den sindige sunnmøringen reiste rundt og samla inn prøver på dialektar. Dei blei seinare grunnlag for ein "folkespråkets grammatikk". Han var ein mann med dagbok og reiseminne ved sida av arbeidsnotatane sine, og det viser seg at han irriterte seg om og om att over at folk ikkje skjøna kva han gjorde, og stelte uhøflige spørsmål i tillegg. Han noterte seg også at "overalt synes det at være bedre Folk søndenfor Bergen enn nordenfor".
      Slike sitat og andre er no lagt fram for folk. Han møtte altså mangel på interesse og forståing for mest alt han gjorde, der han kom. Slik var det ofte, unntatt mellom høgt danna.
      Det er ofte ikkje lett å sjå kva slags metode og framgangsmåte han kunne. Men for kvart nytt område han kom til, skreiv han heldigvis ei samanfatting. [Lenkje]


Danna menn og han

NÅR IVAR AASEN kom til ei ny bygd, var han på jakt etter det han sjølv kalla "en dannet Mand" som kunne fore han med ord og uttrykk, og Aasen skreiv ned. Moden eller høg alder var ikkje noe krav. Aasen klargjorde det slik:
Ved en dannet Mand mener jeg ikke en fornem Mand, men en oplyst, fordomsfri og ædelt tænkende Mand, enten han saa er Bonde eller Stormand."
Richard Berge d.e. i Rauland var mellom dei mange sneis ord-leverandørane for Ivar Aasen. Midt i høyonna kom Ivar og ville så gjerne få skrive ned gamle ord, skriv Berge ein stad.
      Ein annan dag kunne Ivar vere å finne i Botsfengselet for å tale med einkvan frå Setesdal som sat der.
      På kvar stad Aasen slo seg ned mens han var ute og reiste og granska korleis folk ordla seg, spurde han seg høflig fram til folk som var kjent for kunnskap og daning. Dei som var villige og hadde stunder, spurde han så ut om talemålet i bygda, gjerne ut frå lister han hadde sett opp føreåt. Han skreiv opp ord og bøyingar av orda og tok òg med korleis orda vart brukte samanhangande i tala. Også anna folkeleg kulturstoff skreiv han opp, såleis ordtak. Dei kom til å bli grunnstammen i dette verket. [Lenkje]
      Han hadde også Universitetsbiblioteket å gå til. Heime skifta han mellom å stå og sitje mens han skreiv, avdekkjer Kjell Venås [Lenkje].
      Han hadde godt samarbeid med historieprofessor P.A. Munch og fleire andre sentrale folk ved universitetet. Om han:
"Han skapte eit skriftspråk på eiga hand. Det er ei sjelden bragd i verdshistoria." [Lenkje]

Ingen katta ordboksmann

Ivar Aasen maleri
Ivar Aasen let til å granske
FOR ALT han gjorde, blei Ivar Aasen også grunnleggjaren av norsk leksikografi.
      "Den faglege standarden han sette, er framleis ein målestokk for ordboksredaktørar. (...)
      Ivar Aasen er òg eit førebilete i det at han skreiv utfyllande føreord til ordbøkene sine, der han gjorde greie for arbeidsmåten sin, og for dei rammene han sette for arbeidet.
      Den strenge faglege standarden i ordbøkene og dei andre bøkene som legg fram språkleg tilfang, gjer at verket hans har stor autoritet. Det skal mykje til at ein set spørjeteikn ved ei opplysning frå Ivar Aasen." [Lenkje]


Ikkje professor, god nok

I 1870-ÅRA var det mange som ivra for at Ivar Aasen skulle få eige professorat ved universitetet i hovudstaden, for han var høgt akta mellom språkmenn her i landet. Men noen sterkt negative professorar klarte å velte det. Hovudpersonen sjølv i saka:
      "Synes dere at jeg ser ut som en professor?" sa Ivar Aasen.


Fagre etterslåttar over bondegut frå småkårsheim ein stad

"Den store mester Ivar Aasen (...) var stor i alt hvad han gjorde." - Aasen-motmannen Professor Johan Storm, etter Ivar Aasens død [Lenkje]

Etter stormane

  • Oppreist akademisme i to bygdebyar omsider [Lenkje]
  • Ivar Aasen-selskapet [Lenkje]
  • "Det kan kome stor gut frå lite hus. (Ordtak)" - Museet etter guten: Ivar Aasen-huset i Ørsta byr på Ivar Aasen museet. Her er mellom anna den verdifulle boksamlinga hans. Det nye Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda (framleis Ørsta) er stipulert til å opne om sommaren år 2000, og "skal bli eit nasjonalt kulturhus", som det står. Ja, her er den linken og: [Lenkje]

BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]