Å vere saklegSaklegheit og saklegdom er det å vere sakleg. Det er del av å vere skikkeleg mot kontaktane sine. Å vere sakleg er å framstelle noko utan å vere usakleg, men i staden halde seg til saka eller reglane utan å vere overlag partisk, fallert subjektiv og urettferdig med meir. Meir spelar med for den som ikkje er heilt nøgd med å ha ut av seg berre tullball og glatte forlydender - det er dansk for rykte, ikkje stadfesta påstandar eller sladder -, eller bli utsett for noko slikt. Den saklege er ansvarleg i mangt og jamt i stand til å bere ansvar, og skulle klare å halde heim når klokskap held følge. Det hjelper å vere kunnig også. Å vere påliteleg og ytre seg fjongt kan mang ei klare. I starten kan det vere vanskeleg å få til, men mykje går truleg betre etter kvart, i tråd med "roleg øving gjer betre". La det gå sport i det, for det kan gå verre i lengda om ein vil gå fram som ein grobian, som er ein råtamp og grov person. I boka Speed Reading (1988) viser den britiske psykologen Tony Buzan (1942 -) sju usaklege måtar å føre fram syn på. Kvar måte kan forvri og vrenge både samtale og diskusjon. Men ved å vite av knepa, kan ein få betre utbytte av debattar og presentasjonar, og nå opp til å gjennomskode mangt slags sludder. Ved å unngå dei store usaklege sleipstikka sjølv, skulle ein kunne bli flinkare til å legge fram eigne tankerekker og argument i semesteroppgåver, til dømes. Ja, kunnskapen bør kunne hjelpe ein heile livet gjennom, når ein greier å hevde seg godt attpåtil. Men det er mykje å passe på for den som vil halde tunga beint i munnen. Sjå berre - eg har utelate fleire detaljar her også: Tretten slemme påverknadstriks - det er godt å vere åtvara
Forstandige klarer å berge seg mot mykje av dette, mens visse andre er usaklege med vilje. Dei er uhøflege grobianar mellom oss. Fritt etter Arne NæssI ei av bøkene sine har den norske tenkaren Arne Dekke Eide Næss (1912-2009) sett fram seks normer for å vere høveleg upartisk (det vil seie såkalla objektiv, ganske upartisk, rettferdig, ikkje-tendensiøs). Desse normene kan vere til hjelp i danninga [Næss 2000, s. 57]. Næss meiner at "stivbeint objektivitet" er ein god ting å fostre om ein forstår det som "rimeleg balansert", "teknisk givande" "godt til poenget", saman med "upartisk (nok)". Ein får legge til ord som "høveleg" og "rimeleg" til kvar av desse sidene ved saka, så ein kjem fleire steg vidare. Den som vil gjere sakleg greie for noko, har desse seks normene, nokså fritt etter Næss:
I boka Ein del elementære logiske emne (1975) står seks normer av Arne Næss for sakleg meiningsskifte. Å ikkje bruke tendensiøst snakk står sentralt. Og ordet 'tendensiøst tyder "som er prega av ein medviten (og uheldig) tendens; farga, vridd." Den som klarer å leve opp til normene tolleg bra, helsar eg.
Gerry Spence som "alltid vinn diskusjonane sine", lar motpartane "alltid vinne" også . . .
Det er mange slags knep. Å vinne diskusjonar utan å diskutere, kva med det? Har det noko for seg? Gerry Spence meiner iallfall:Imaging lærte meg tidleg korleis ein kan vinne ein diskusjon utan eigentleg å diskutere. (38) Det er like viktig å vite når vi bør diskutere som å vite korleis vi skal diskutere. (40) |
Bennett, Bo. Logically Fallacious: The Ultimate Collection of over 300 Logical Fallacies. Updated Academic ed. Sudbury, MA: eBookIt.com., 2013. Brink-Budgen, Roy van den. Critical Thinking for Students: Learn the Skills of Critical Assessment and Effective Argument. 3. rev. utg. Oxford: How To Books, 2000. Buzan, Tony: Speed Reading. Rev. utg. London: David and Charles, 1988. Hills, Debra. Student Essentials: Critical Thinking. Richmond, Surrey: Trotman, 2011. Næss, Arne: Ein del elementære logiske emne. 11. utg. Bergen: Universitetsforlaget, 1975. Næss, Arne med Per Ingvar Haukeland: Livsfilosofi. Sandvika: De norske Bokklubbene, 2000. Pirie, Madsen. Har du sagt A, har du sagt A: Slik avslører du språklig manipulering (The Book of the Fallacy). Oslo: Cappelen, 2005. ⍽▢⍽ Ei kjekk bok; nyttig for debattsugne. Pirie, Madsen. How to Win Every Argument: The Use and Abuse of Logic. Reprint ed. London: Bloomsbury Academic, 2013.
Spence, Gerry. Du kan alltid vinne diskusjonen. Oms. Roar Sørensen. Oslo: Hjemmets Bokforlag, 1996. ⍽▢⍽ Spence gir "vinne" sin eigen definisjon - det er redningsplanken. Boka blir noko vidløftig, med mykje tekst mellom poenga mange stadar - slik er stilen i ho.
|
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |