Humor for å meistre livet betre - Forskingsresymé
Eksperiment og andre funn syner at folk som ler meir og er i stand til å sjå dei morosame sidene ved livet også, har sunnare immunsystem enn andre. Men det er ikkje alt: Professor emeritus Sven Svebak ved NTNU i Trondheim leidde eit forskingsprosjekt der ca. 53 500 nord-trønderer blei undersøkte ved statistiske hjelpemiddel. Forskinga munna ut i funn som at vennleg humor forlenger livet (i gjennomsnitt) for folk under sytti. [Meir om undersøkinga]
Funna syner at vennleg vitsing kan gagne helsa så det monnar, om ikkje like mykje som å slutte å røyke.
Birgit Hertzberg Kaare (før: Johnsen), professor i folkloristikk ved universitetet i Oslo, har forska og skrive mykje om humor. Ho har blant anna gitt ut resultat frå ei kvalitativ, norsk spørjeundersøking der folk fortalde historier, vitsar og la fram syn på humor. 50 kvinner og 35 menn svarte. Tendensane som blei funne her, har altså ikkje noko breitt grunnlag - men med nett det i minne gir funna mange lødige innsikter, tykkjer eg. (Meir nedanfor).
Birgit Kaare har ei lang merittliste her (følg lenka):
www.hf.uio.no/imk/personer/vit/bhj/index.html
Ein og ein halv million menneske i mange land stemte fram fleire vitsar i ei humorundersøking under leiing av professor Richard Wiseman. Somme kan tenke at den vitsen dei fleste likte, var den beste vitsen, men i kva grad stemmer det? Ein skal heller sjå det slik at vitsen som flest likte, var så middels at den fekk flest til å le. Og det plar vere fleire middelfararar enn einarar (i ein populasjon).
Har du høyrt om Lasswells formel? Han seier "Kven seier kva til kven i kva for kanal, og med kva for føremål?" Og "Kva tener det til, og kven gagnar nett det?" kan vi legge til.
Kven likte vitsen som flest likte i undersøkinga? Dei fanst blant folk som las engelsk, skreiv e-post, og var mellom dei 1,5 million menneska som frå september 2001 rangerte noko over 40 000 vitsar som blei sendt til og presenterte av professor Richard Wiseman og The British Association for the Advancement of Science. Resultata finst i Wiseman si bok Quirkology [2008].
Forskarane ville gjerne finne svar på: "Ler menn og kvinner av dei same vitsane? Endrar den humoristiske sansen seg med alderen? Når på dagen er det best å fortelje ein vits? Ler folk frå forskjellige land av dei same vitsane?"
Folk sende inn vitsane dei likte best, og slik kom eit arsenal av dryge 40 000 vitsar i stand. Det blei stemt over kven av dei som folk tykte var mest morosame. I snitt var det vitsar med 103 ord i. Då resultata etter kvart blei analyserte, kom det fram at dei ti landa som hadde flest vitse-rangerarar, var - i rekkefølgje: Tyskland, Frankrike, Danmark, Storbritannia, Australia, Eire, Belgia, USA, New Zealand og Canada. Folk frå desse landa kunne verdsette engelske vitsar, med andre ord. Vi kan spekulere på kva som har spelt inn - naboeffektar og kjennskap til engelsk, for eksempel? Men tala fortalde ikkje om "vitseliking" per innbyggar.
Preferansar i dette:
- Amerikanarar og kanadiarar føretrekte vitsar der nokon var overlegen, enten ved at somme verka dumme eller blei audmjuka og fornedra av andre.
- Og folk frå det europeiske fastlandet, som franske, danske og belgiske, likte vitsar som var noko surrealistiske betre enn anna folk. Folk frå fastlands-Europa føretrekte å tale lett og elegant om ting som får oss til å kjenne oss engstelege - til dømes dauden, sjukdom og ekteskap.
- Folk frå Eire, Storbritannia, Australia og New Zealand likte godt vitsar med ordspel i. Det kan jo henge betydeleg saman med at dei meistrar engelsk betre (har større ordtilfang, med meir) enn dei som har engelsk som andre- og tredjespråk.
Når på døgnet passar det jamt best med vitsar?
Tja! I snitt blei vitsane best verdsette klokka 18.03 og rundt den 15. dagen i månaden, og dårlegast klokka 1.30 midt på natta og ved start og slutt av ein månad.
Hjernefakta
MR-skanning syner kva for område i hjernen som blir aktiverte når ein vits blir fortald. Det ligg bak i pannelappane, i panna, og heng saman med fleksibel tenking og forståing.
〰ೞ⬯ೞ〰
Birgit Hertzberg Kaare (før: Johnsen), professor i folkloristikk, har i ei kvalitativ, norsk spørjeundersøking fått folk til å fortelje historier, vitsar og syn på humor. 50 kvinner og 35 menn svarte på ho. Tendensane som blei funne, har altså eit spinkelt grunnlag - spinkelt og likevel verdifullt, kan ein vel seie.
Det syner seg at slikt som skaper latter og glede i éin samanheng kan vekke krenking og harme i ein annan samanheng. Og korleis vi stiller oss i forhold til humor heng saman med alder, kjønn og sosial bakgrunn, syner ho i boka som gjer greie for undersøkinga, Hva ler vi av? Om nordmenns forhold til humor (1997).
Ein kar frå Vestlandet var i Oslo for å more seg, og hamna i seng med ei dame. Eit par månader etter ringde ho til han og sa ho var gravid.
"Og du sa jo du var steril", sa ho.
"Nei, eg sa eg er stril*", sa mannen.
* Strilane er frå Nordhordland og Midhordland utanom det gamle bysenteret i Bergen kommune. (Wikipedia, "Stril")
Nokre konklusjonar
"Vitsar . . . skal vere ganske korte og framkalle latter ved eit sluttpoeng." Best blir historiene som har eit overraskande sluttpoeng. Det morosame i somme vitsar er leik med ord som liknar kvarandre eller høyrest like ut, men har ulik tyding. [Johnsen 1997, 33, 32].
Samvær mellom menneske inneheld mykje skjemt, spøk og humor. Humor er ein sentral del av folkekulturen. Humor har mange andre uttrykksformer enn forteljingar. Somme handlingar, skøyerstrekar, og hendingar blir opplevde som morosame også, og meir til. [Johnsen 1997, 27, 9-10]
Den tyske filosofen Georg W. F. Hegel har peika på at i den høgaste typen komedie ler tilskodarane med aktøren og ikkje av han. Det same synet blir framsett for humor generelt. [Johnsen 1997, 14]
Det går godt fram at humor som fenomen er samansett og ofte mangetydig. I dag blir humor ofte knytt til til vidd, skaparsinn, leik og glad latter. Men humor er ikkje så heilt lett å definere, for det er mangetydig. [Johnsen 1997, 13, 14]
〰ೞ⬯ೞ〰
Sven Svebak (1942-), professor ved NTNU (Noregs Teknisk-Naturvitskapelege Universitet) i Trondheim, har komme til at god humor kan hjelpe enkelte menneske (a) å reorientere seg; (b) finne nye vinklingar til alvorlege flokar, og (c) framfor alt meistre situasjonar betre.
"Humor er ein avansert måte å tenke på ... vilkåret for
humor (er) dårlegare i byen."
Elles heiter det at fleire legar og psykologar nyttar humor for å kveike
klientar. Og bra latter kan gi avspenning, fortel ein professor i psykosomatisk medisin,
Ulrik Malt..
Kjelde: Dagbladet 14 aug. 1996, s. 14-15.
Berre det å tenke på å ha det morosamt er bra for helsa, viser ny forsking. Berre å tenke på humor og latter lindrar stress. Stress over lang tid svekker immunforsvaret.
Før 2006 var det kjent at latter søkkjer blodtrykket, men den biokjemiske mekanismen som var årsak til dette var enno ukjent.
I 2006 kom professor Lee Berk ved Loma Linda University i California og kollegaene hans fram til delar av svaret, meiner dei. Dei seier at latter stoppar utviklinga av stresshormon. Berk og forskarteamet hans oppdaga at berre tanken på latter auka produksjonen av hormon som set oss i godt humør: såkalla endorfin. Også veksthormon som styrker immunforsvaret, auka frå 27 prosent til 87 prosent.
Forskarane testa 16 menn ved å følge med på stresshormon som kortisol, adrenalin og noradrenalinmetabolitt (DOPAC). Det mest interessante resultatet var at nivået på stresshormona sokk berre av forventinga om å sjå ein morosam video, før dei hadde sett noko morosamt. Mengda med kortisol, adrenalin og DOPAC sokk med 39, 70, og 38 prosent før videoen blei sett i gang.
Berk og kollegaene hans seier til magasinet Nature at latter har eit stort potensiale som medisin, og peikar på at immunsjukdommar ofte blir utløyste på grunn av stress. Dei som slit med slikt, får kanskje hjelp av latter og moro. Altså langt dei fleste.
Kjelde: Marita Løvmo Iversen og Hilde E. Jensen Grandaunet. Bare tanken på lattet [!] forlenger livet. Aftenposten 19 apr. 2008.
www.nrk.no/programmer/tv/schrodingers_katt/1.5341533
Sjansen for å nå pensjonsalder er langt betre for personar med stor sans for humor enn for dei med liten. Det er no dokumentert at sans for humor forlenger livet for dei under sytti. Men etter ein har blitt rundt sytti, bleiknar effekten. Etter den tida har tydelegvis genetikk og biologisk aldring meir å seie.
Professor Sven Svebak, som sjølv har bikka sytti, sa nokre år før at han var overtydd om at humoristisk sans har ein positiv effekt på den psykiske helsa og det sosiale livet også etter passerte 70: "Humor vil framleis vere veldig viktig for det daglege livet. Livet er trivelegare med munterheit. Besteforeldra har ei viktig oppgåve med å lære dei unge "vennleg humor". På den måten kan dei vere med og gjere sitt til at dei unge får eit langt og venteleg godt liv", fortel NTNU-professoren.
Forskarane har ikkje prøvt å måle alle former for humoristisk sans. " Vi måler den vennlege humoren, ikkje den vondsinna. Om den vondsinna har helseeffektar, veit vi ikkje", seier Svebak. Han har leidd ein studie over 53 500 nordtrønderar frå eit prosjekt som blir kalla HUNT 2. Dei blei følgde over ein periode på sju år. Dei som skåra aller best på ein nitrinns skala for humoristisk sans, hadde berre halvparten så høg døyelegheit i dei sju åra som dei som skåra lågast på humoristisk sans. Dei store forskjellane på døyelegheit overraska heile forskingsgruppa, seier Svebak.
Også då forskarane delte personane inn i to vide grupper, hadde den halvparten som hadde mest humoristisk sans, 20 prosent lågare døyelegheit enn halvparten med minst.
Når forskarane tok for seg personar med alvorlege lidingar som kreft, diabetes, hjarte og karsjukdommar, var overlevinga klart betre blant dei som skåra høgt på humoristisk sans.
Er det humor som skaper god helse, eller god helse som avlar humoristisk sans? Svebak og forskarane under han såg nærare inn i to grupper dei sorterte: I den eine gruppa meinte folk at dei hadde god helse og i den andre syntest folk at dei hadde dårleg helse. Det viste seg at sansen for humor verka like godt inn på overleving blant dei som kjende seg friske som dei som kjende at helsa ikkje var den beste.
"Det er med stort sannsyn humoristisk sans som forklarer den lågare døyelegheita", summerer Svebak, og fortel at det forskarane har funne fram til, gjeld heile befolkninga under eitt. Det er no godtgjort at humoristisk sans forlenger livet klart og tydeleg, seier Sven Svebak.
Kjelde: Svein Inge Meland: "En god latter forlenger livet for de under 70". Aftenposten, 5 juni 2010.
www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article3680555.ece
Amerikanske forskarar har samanlikna over 160 undersøkingar av samanhengen mellom humør og helse, og dei fann overtydande dokumentasjon på at folk som ser lyst på livet har betre helse og lever lenger.
Humøret speler ei større rolle for helse og levealder enn kor feit ein er, seier forskarane i siste utgåve av tidsskriftet Applied Psychology: Health and Well-Being.
"Eit overveldande fleirtal av undersøkingane støttar opp under konklusjonen om at lykke kan knytast til helse og lang levealder", seier psykologiprofessoren Ed Diener ved University of Illinois. Han leidde gjennomgangen.
Dei pessimistiske døyr først i gjennomsnitt: Ei av dei gjennomgåtte undersøkingane følgde 5.000 studentar gjennom 40 år. Dei mest pessimistiske av dei døydde tidlegast.
Også laboratorieforsøk på dyr tyder på det same. Positiv sinnsstemning minskar stressrelaterte hormon, styrker immunforsvaret og hjelper hjartet å komme seg att etter fysiske anstrengingar.
Dyr som lever under stressande kår, til dømes i overfylte bur, har dårlegare immunsystem og auka risiko for hjarteproblem, i forhold til dei som har større boltreplass.
Helsestyresmaktene har til no fokusert på feitleik, etevanar, røyking og mosjon, men det kan vere på tide å oppmode folk til å vere glade og unngå kronisk sinne og depresjon, seier Ed Diener.
NRK. "Godt humør gir lengre liv." 2. mars 2011
www.nrk.no/helse-forbruk-og-livsstil/1.7530253
Også i ScienceDaily (1 Mars 2011)
www.sciencedaily.com/releases/2011/03/110301122156.htm