Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Austerrike og vidare  ❀ 1
Seksjon › 42 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Krusimygeli

Det var ein gong ein konge som ville gifte seg, og hadde bestemt seg for at den han valde, måtte ha ramnsvart hår og svarte auge, iallfall midt i. Om hun var av høg eller låg byrd spela inga rolle, så han fekk kunngjort over heile riket at alle jentene som høvde, skulle vise seg fram utanfor slottet.

Mange kom, men somme var ikkje så svarthåra som kongen ønskte, og andre hadde falskt svart hår. Han fann kort sagt manglar ved alle.

No kom ein kolbrennar med dottera si forbi. Då ho såg folkehopen utanfor kongeslottet, spurde ho faren kva dette var. Han svarte at kongen ville gifte seg med ei som hadde svart hår og svarte auge, men at han ikkje hadde funne nokon som passa heilt enno.

Kolbrennardottera hadde svart hår og svarte auge, så ho spurde far sin, "Kan eg få gå?"

Han svarte: "Det skulle då vere dumt å tru at kongen vil ha deg til kone."

Men då sa ho at ho ville gå så ho også fekk sjå meir av slottet, og det fekk ho. På vegen dit møtte hun ein liten mann som ropte til ho: "Hei der, kva vil du gi meg dersom eg gjer så du blir dronning?"

"Kva kan eg vel gi deg? Eg eig ingenting," sa no.

Då sa den vesle mannen: "Du skal få bli dronning, men etter tre år lyt du hugse at eg heiter Krusimygeli. Om ikkje, skal du vere mi."

"Dersom det er alt, seier eg ja!" sa hun og sprang til slottet utan å tenke meir på den vesle mannen som stod og gnei hendene sine i glede mens han såg etter ho.

Då kongen festa blikket på jenta, bestemte han seg med det same for at ho skulle bli dronninga hans, for håret hennar glinsa svart, og auga var mørke, mørke. Ein dag kom ho i hug at dei tre åra snart var gått. Men skrekk og gru! Ho hadd gløymd kva den vesle mannen heitte. Då blei ho sturen og gret dagen lang. Kongen, som heldt inderleg av ho, skipa festar for å muntre ho opp, men til inga nytta. Og når har spurde ho korfor ho var så lei seg, svarte hun alltid at det kunne ho ikkje seie.

Ein dag gjekk kongens forstmann inn i skogen for å skaffe vilt til kongens bord. Djupt inni skogen fekk han auge på ein liten mann som hadde gjort opp eit bål og sprang rundt det med skadefrygd mens han song:

Ho veit det ikkje - det gjer meg blid!
Namnet mitt er Krusimygeli!

Forstmannen høyrde dette og drog heim. Han møtte dronninga i slottshagen, der ho gjekk og dreiv i sorg. Han fortalte ho kva han hadde opplevde i skogen, og straks ho høyrde namnet Krusimygeli, blei hun nesten frå seg av glede, for dagen etter var siste dagen det tredje året. Den dagen skulle den vesle mannen komme og spørje dronninga kva han heitte.

Neste dag kom han og spurde dronninga: "No, dronning, kan du seie kva eg heiter? Du skal få tre forsøk. Klarer du ikkje å seie kva eg heiter, skal du vere mi."

Dronninga svarte: "Kan det vere Steffel?"

Straks den vesle mannen høyrde dette, hoppa og sprang han av glede og ropte høgt: "Det var feil!"

Så sa dronningen: "Så er det kanskje Beitle?"

Igjen bykste han i vêret og ropte: "Det var feil!"

Så sa dronninga roleg: "Då er det Krusimygeli."

Då den vesle mannen høyrde det, sprang han tvers gjennom veggen og ut i lause lufta utanfor slottet. Ingen klarte å tette att hôlet i veggen etter han, men dei kunne jo berre mure att omkring hôlet så dei ikkje fyrte for kråkene. Dronninga og maken hennar levde lenge og lykkeleg i lag.

(Attgiving)

To top

Munnkuren

For mange år sidan var det ein konge som hadde ein så diger og fæl munn at han leid fælt under det, enda om han var kongen. Det var ei heks som hadde gjort det mot han fordi han hadde nekta å gjere eitkvart ho ville ha han til å gjere. Kongen lei meir og meir over den digre munnen sin, og bestemte seg for å gi dottera si til den som kunne gjere han frisk att.

I ein landsby som låg nokså nær slottet, budde ein bondefamilie. Sonen i familien heitte Sepple. Då han blir atten år, laut han dra heimanfrå og søke lykka. Han fekk med seg brød og kjøt, og så vandra han av garde ein morgon. Etter å ha gått i lang tid, kom han inn i ein stor skog. Der blei han trøytt og sliten av all gåinga, og sette seg i skuggen av eit stort tre i skogen og tok fram nista si. Det blei fort kveld, så han bad ei kveldsbøn og sovna.

Fram mot midnatt vakna han av eit høgt brak og såg to kvite ånder. Dei dalte ned til eit lite skogskapell nær ved, og ein av dei sa: "I dag er det gått eit år og ein dag sidan eg skapte om munnen til kongen fordi han ikkje ville gjere noko eg sa han skulle. Men han kan bli frisk att. To timars veg herifrå er ein liten innsjø. I den er det ein fisk med fem auge eller enda fleire. Den som et fisken rå, blir frisk med det same av alt han lir av. Det er det same kva det er."

Etter at dei hadde snakka meir om slikt, forsvann åndene like brått som dei var komne. Då dei forsvann, høyrdest det som hagleskott.

Sepple sprang opp straks og var ivrig etter å prøve lykka. Der skogen tok slutt, fann han innsjøen, og i vatnet var ein fisk - ein med fem auge. Det var inga enkel sak å fiske han, for Sepple mangla utstyr, og laut lage til eitkvart sjølv så godt han kunne. Til sist fekk han napp og drog inn fisken. Så gjekk han med det same til kongen med den digre munnen og kom fram akkurat mens kongen fekk seg noko å ete.

Sepple skunda seg til han og sa han kunne gjere kongen frisk att. Han viste kongen den rare fisken og la til: "No bed om å få gifte meg med dottera di, for eg meiner fisken kan gjere den vanskapte munnen din god att. Du skal berre du går fram heilt som eg seier."

Kongen lova. "Det er ein avtale," sa han, "for alt anna har vore til inga nytte."

Sepple putta fisken inn i munnen til kongen, og då kongen hadde gulpa ned alt, blei munnen hans normal att.

Kongen heldt ord og etter nokre dagar blei det feira bryllaup.

(Attgiving)

⚶ ⚶ ⚶

Det bonden ikkje kjenner til, det et han ikkje.

Was der Bauer nicht kennt, das frisst er nicht.

Innhald


Folkeeventyr frå Austerrike og omland, austerrikske eventyr, litteratur  

Eventyr frå Austerrike og trakter nær ved, austerrikske eventyr, opp Seksjon Sett Neste

Eventyr frå Austerrike og når ved, austerrikske eventyr BRUKARGAID: [Lenke]
© 2016–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]