Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Austerrike og vidare  ❀ 1
Seksjon › 42 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Den mest fintfølande

Foreldra til ein prins ville at han skulle gifte seg, men han sa: "Eg vil berre gifte meg med ei som eg ærleg kan seie er den mest forfina kvinna av alle."

Foreldra svarte: "Dra og finn ho!"

Han drog av stad og kom til ei som hadde bandasjert hovudet og såg ut som ho var svært sjuk. "Kva er gale med deg?" spurde han.

"Å," sa ho, "I dag tidleg, då tenestejenta kjemma håret mitt, fall eit hårstrå ut. Det er derfor eg verker slik."

Men prinsen tenkte med seg sjølv: "Kanskje ho ikkje er den rette likevel. Eg leitar vidare."

Han drog vidare og fann ein anna. Heile kroppen hennar var innpakka i det finaste lin. Ho såg svært trist ut.

"Kva er gale med deg?" spurde han.

"Å," sa ho, "I går kveld var det ein liten fold i sengetøyet mitt. Derfor er eg blitt sjuk."

Men prinsen tenkte: "Ho er kan hende ikkje den rette, ho heller. Det kan finnast ei som er enda meir fintfølande og forfina."

Han drog vidare og kom til ei tredje. Ho sat i ein lenestol og gret sårt mens ho skar grimasar. Den eine foten hennar var bandasjert. Det var reint vondt å sjå.

"Kva er gale med deg?" spurde prinsen.

"Å," stønna ho. "I dag tidleg gjekk eg i hagen. Då kom eit vindpust, og eit lite kronblad frå ein sjasminblomst fall ned på foten min."

Prinsen tenkte seg om og sa: "Du er den rette! Eg kan ikkje tenke meg å finne ei meir forfina kone enn deg!" Med det gifta han seg med ho.

Var det bra, og gjekk det godt med han? Ho som sat og fortalde og spann, mista dessverre tråden og måtte slutte nett her.

Frå Christian Schnellers Märchen und Sagen aus Wälschtirol, 1867.

To top

Søt og god graut

Det var ei fattig men god lita jenta som budde aleine med mor si. Ein dag dei ikkje hadde mat i huset, gjekk barnet inn i skogen og håpte å finne noko å ete. Der møtte ho ei gammal kone som kjende med det svoltne barnet, og gav ho ei gryte.

Kona sa: "Når du seier til gryta, 'Kok, vesle gryte, kok', så lagar ho søt og god graut. Og når du seier, 'Hald opp, vesle gryte', så held ho opp å lage mat så lenge."

Jenta tok gryta heim til mor si og sette gryta i arbeid. No var dei berga frå armod og svolt og fekk søt graut så ofte dei ville.

Ein gong jenta var gått ut, sa mora til gryta: "Kok, vesle gryte, kok." Gryta kokte graut til ho, og ho åt til ho blei mett. Men då ho ville at gryta skulle slutte å koke graut, visste ho ikkje kva for ord som skulle til. Dermed held gryta fram å lag mat, og grauten rann etter litt over grytekanten heilt til kjøkkenet og huset var fullt av graut. Då strøymde grauten til huset ved sidan av, og så vidare til dei andre husa i byen. Folk blei fælt bekymra, for ingen visste korleis dei skulle stoppe gryta, og den vesle jenta var ikkje der.

Til sist, då det var berre eitt einaste hus att, kom jenta heim. Ho sa, "Hald opp, vesle gryte," og så stoppa gryta å lage mat. Alle som ville heim att, laut ete seg dit.

To top

Landsbykyrkja

Folk fortel at den gamle kyrkja i landsbyen Sankt Peter nær slottet Tirol, blei bygd av norgar*. Det var ikkje utan vanskar likevel, for kvar kveld etter at norgane hadde streva og bygt, kom ei kjempe frå Tirol-slottet klakkande og øydela det dei hadde gjort den dagen.

Til sist gjekk norgane saman om å bygge kyrkja på éin dag. Straks ho var ferdig og innvigd, kunne ikkje kjempa rive ho ned, for då hadde trollkjempa mista makta over ho.

* Norgar og norginner er bitte små underjordiske skapningar med store krefter. I blant anna Tyrol og Vorarlberg i Austerrike finst dei i forteljingar med røter i mellomalderen, slik som "nasjonalkvadet" om rosehagen til norg-kongen Lareyn (Laurin). Han bergtok ei gild prinsesse, og det skulle han ikkje gjort, for til sist blei han tatt til fange av kjempande riddarar og kristna så han mista dei beste kreftene sine, og dernest gjort till hoffnarr. Det finst mange forteljingar om norgane.

Elles: Å kalle ei norsk kvinne for nordmann, er ikkje heilt tipp topp, for det er ikkje kjønnsnøytralt. Norg (felles for begge kjønn) kunne faktisk gå fint, om det ikkje var for at "setet alt er opptatt". Det vil seie, ordet er i bruk om små underjordiske i Alpetraktene.

Innhald


Folkeeventyr frå Austerrike og omland, austerrikske eventyr, litteratur  

Eventyr frå Austerrike og trakter nær ved, austerrikske eventyr, opp Seksjon Sett Neste

Eventyr frå Austerrike og når ved, austerrikske eventyr BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]