GULLVEKTA, NORSK DEL  

Bra student

 14 › 1 › 14

SETT
ARKIVSEKSJON
SPØRSMÅL, FRÅGOR, ØVST PÅ NETTSTADKARTET
SITE SEARCH

VENSTRE STOLPE
 
RESERVASJONAR   FØRRE   NESTE



Where there is a will there is a way

TIZZY by Kate Osann, 1960, In Effective Reading by Francis Robinson. 1962, 21
Å studere er ein vond sirkel - dess meir eg lærer, dess meir gløymer eg!"
"Der vilje finst, finst også utvegar", får ein no og då håpe. Som student vil du sikkert gjere det godt, få gode karakterar, og hugse stoff både til eksamen og etterpå. Det er lite gagn i berre å fylle den tilmåta rolleferda som student, for den tek lite omsyn til mange, flinke og strevande.
      Det halvt utrulege her er at norske lærestader som Pedagogisk instutitt ved NTNU i Trondheim, universitetsbiblioteka i BIBSYS og SAMBOK nesten ikkje har bøker om korleis studentar går fram for å lykkast bra og utnytte ressursane sine. Eg gjorde eit søk i dag over mange av dei mest populære bøkene om slikt i USA, og fann ingen av dei hos BIBSYS eller SAMBOK. Kva land er dette? Kva kan ein vente? Eit land der elevar sakkar i konkurransen og skårar dårlegare og dårlegare, samanlikna med andre land i internasjonale Pisa-undersøkingar, for eksempel.
      Men amazon.com har fleire bøker som fortel studentar og yngre lærande korleis ein går fram for å lykkast betre enn utan kunnskapen om å lære seg å lære.
      Ein setter "amazon.com" i adresseremsa på PC-en og får fram Amazon i USA. Så søkjer ein på den sida, til dømes etter "student success". Blant bøker som kjem fram frå søket, kan ein sjå inn i somme, og lese omtale av ein heil del av dei. Så får ein freiste å ikkje bli for kjøpelysten, og ikkje tru at all omtale er heilt rein og sakleg. Forlag som gir omtale av eigne bøker, kan ein vanskeleg seie "underdriv" i omtalen. Og i annan bokomtale der er det heller ingen garanti for saklegheit og fagkunnskap, berre så det er sagt. Men saka er at amazon.com kan gi stor hjelp alt i alt. Og sia dollarkursen er låg for tida, kan ein sleppe bra ifrå det om ein bestiller nokre bøker som til dømes BIBSYS ikkje har, og det gjeld alle dei eg nemner lenger bak, og mange fleire. Det er sørgjeleg.
      For ei tid sidan spurde eg ein professor i didaktikk om noko. Ho hadde kasta ut det synet at særs flinke studentar ikkje studerte heilt som andre, og eg bad om å få vite kva kjelder ho hadde i det. Ho har enno ikkje svart, men kanskje ho har det fole (fælt) travelt . . .
      Etter søk her og der fann eg smått om senn fram til bøker som iallfall tek opp emnet. Til no har eg enno ikkje sett glimrande statistikkar eller nemneverdig forsking som provar og syner korleis særs bra studentar går fram annleis enn "hopen". Men her er iallfall bøker å granske og kanskje gå vidare frå for den som har lyst og trong. Korfor gjere det? Ved å studere slike kan ein finne ut ting til hjelp for seg. Den gåverike psykologen Abraham Maslow "fotfølgde" mange einarar før han innsåg at dei ikkje berre var verdt å beundre, men å lære noko av. Som følge skreiv han banebrytande bøker som "Motivation and Personality" (1987). Om ein ikkje finn slike einarar som Maslow, er noko betre enn ingenting, og "ein tek det ein har." I dette tilfellet gjeld det å sjå kva gåverike, flinke studentar går fram, korleis dei bruker tida si, og anna. Tony Buzan gir elles mange vink for den som vil forbetre læringsgangen sin.
      Eg for min del fekk fælande lyst til å sjå inn i bøker som "How to Ace Your Way Through College and Still Have a Life!" av David Kennedy, "How to Win at College" av Cal Newport, "B's and A's in 30 Days: Strategies for Better Grades in College," av Eric Jensen og Tom Kerr, og så bortetter.
      Når ein får fram ei av desse bøkene, syner Amazon liknande bøker attåt, under overskrifa "Customers Who Bought This Item Also Bought" Slike tips kan ein sondere mellom med stort hell.
      Det er stor forskjell på å studere med kløkt og utan, og det er naturleg nok leit om enkle handbøker i kunsten ikkje finst mellom norske studentar. Som følgje blir nok mange nøydde til å slave.


BØLGJE

Litteratur  
      Buzan, Tony. 1977. Bruk hodet bedre. Oslo: Hjemmet-Fagpresse.
      Buzan, Tony. 2001. Bruk hodet enda bedre! Du har 10 forskjellige intelligenser - lær å bruke alle sammen. Oslo: Hilt og Hansteen.
      Gross, Ronald. 1999. Peak Learning: A Master Course in Learning How to Learn. Rev. utg. New York: J. Tarcher/Putnam.
      Maier, Christian, og Marion Weber. 1991. Suksess med superlæring: En praktisk orientert anvendelse av den sensasjonelle suksessrike læremetoden. Oslo: Hilt & Hansteen.
      Malone, Samuel A. 1997. Et hode bedre. Oslo: Egmont Hjemmet Bokforlag.
      Maslow, Abraham. 1987. Motivation and Personality. 3. urg. New York, HarperCollins.
     

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2008, Tormod Kinnes. [E-POST]