På fantasiens vengarOversynFørestillingsevna . . . er den mest nøyaktige og sanningsseiande evna som menneskehugen har. - Zarathustra. (Jf. Surti 36)
|
|
La oss sette fantasien inn i ein større samanheng der læring står sentralt. Ein kan lære mangt ved gild fantasibruk, som blir kalla imaginasjon og førestillingskraft. I Steinerpedagogikken er det eit av hovudpoenga, tilmed. Fantasihjelp kan ein få både i augeblikket og i eit noko lengre utfaldingsperspektiv, der å tale til, nære og utvikle førestillingsevna hjelper mental utvikling og truleg seinare skolegang. Soger som taler til fantasien på rette vis, tilpassa barns og unges modning og anna, skulle takast skikkeleg i bruk, akkurat som i Steinerskolar. Psykologien Jerome Bruner har peika på at vi lærer på to hovudmåtar: ved historier og ved vitskapleg logikk, som ved matematikk, heilt enkelt sagt [Meir av dr. Bruner] Barn og unge fortener at skolegangen gir grunnlag for vidare utvikling -
Metaforar og figurative, "løfta" uttrykk kan blande segForteljingar som fablar og folkeeventyr kan tidvis romme metaforiske vriar, som når reven seier "Høgt heng dei og sure er dei" om rognebær (druer) han ikkje kunne nå opp til. Slikt kan ein lære av. Metaforar er forma ved gild bruk av førestillingsevner. Språket er gjennomsyra av allegoriske, metaforiske og andre høge overleveringar i både fablar, eventyr, ordspråk, og sjølve orda. Matematikk inneheld også høge overleveringar som hjelp til å tenke klarare. I ei lang rekke vanlege ord ligg dessutan noko som blir "løfta opp" i figurativ tyding ved førestillingsevna, og jamvel vitskapsvokabular er titt og ofte samansett av ord som blir kryssa med kvarandre for å få fram nye meiningar. Førestillingsevna gjer det mogeleg å tenke og forme omgrep for å fatte ting, så den skulle ingen undervurdere, men heller prise, nesten som den gamle persiske religionsstiftaren Zarathustra*. Vi snakkar om læring i eit vidt perspektiv, i kort oppriss. Førestillingar er sentrale for læring, enda om eigne innsikter og fornemmingar og leselærdom nok blandar seg i den enkelte. *Zarathustra, den iranske religionsstiftaren og profeten frå ca. 628 - ca. 551 fvt., blir også kalla Zoroaster. Religionen etter han er kjent som zoroastrisme, mazdaisme og parsisme, og var offisiell religion i Iran før den arabisk-islamske erobringa på 600-talet evt. Den finst i dag blant parsarane i India. Den heilage skrifta Avesta har ei lære med Gode Gud, Ahura Mazda eller Ohrmuzd, og ein vond guddom, Ariman eller Angra Mainyu, som står mot kvarandre. Kampen mellom det gode og det vonde skal ende med at verda går under og at Gode Gud sigrar. Mennesket sitt moralske ansvar er å kjempe på det gode si side. Zoroastrismen sine idear om verdas gang har påverka jødedom, kristendom og islam. Om arvDet er mange slags arv. Ulike strengar blandar seg og tvinnar seg saman. Kyrkja har til dømes vore den tapande parten overfor naturvitskaplege syn i mange, mange tiår. Men enno blir verjelause barn i visse krinsar og sekter offer for bibelforteljingar og påstandar som ikkje stemmer med fakta, og heller ikkje seg imellom. I 4 Mosebok 22 står det om eit talande esel. La oss gå gjennom historia om det talande eselet til profeten Balaam. Han stod opp ein morgon, sala eselet sitt og drog. Men Gud var blitt arg på han for det, enda han drog med Guds løyve. Ein engel stelte seg opp i vegen for å stri mot Balaam som kom ridande. Eselet såg engelen stå i vegen med eit dratt sverd i handa, og gjekk av vegen og ut på ei mark. Balaam slo henne til ho kom tilbake på vegen. Då stod engelen på ein trong sti mellom to vingardar med murar på begge sider. Då eselet såg engelen andre gongen, pressa ho seg nær eine muren så foten til Balaam blei kvesta mot den. Han slo eselet igjen. Så flytta engelen seg til ein trong stad der det ikkje var rom for å snu, verken til høgre eller venstre. Då eselet såg engelen denne gongen, la det seg ned under Balaam. Han blei rasande og slo det med staven sin. Då opna eselet kjeften og sa til Balaam, "Kva gale har eg gjort deg sidan du har slått meg desse tre gongane?" Balaam svarte eselet: "Du har gjort meg til narr. Hadde eg eit sverd i handa, ville eg drepe deg her og no." Eselet sa til Balaam, "Er eg ikkje ditt eige esel, det som du alltid har ridt, til denne dag? Har eg hatt for vane å gjere dette mot deg?" Då opna Gud auga til Balaam, og han såg engelen som stod i vegen med dratt sverd. Balaam bøygde seg djupt og fall på magen. Engelen spurde han, "Korfor har du dengt eselet ditt desse tre gongane? Eg har komme her for å gå imot deg fordi den vegen du har valt er uvørden og omsynslaus i mine auge. Eselet såg meg og vende seg vekk frå meg desse tre gongane. Hadde ho ikkje gjort det, ville eg visseleg ha drepe deg, men henne ville eg ha spart." [4. Mosebok 22:1-35, gitt att] Til detteI den gamle bibelforteljinga kan eit dyr med eitt snakke, og viser seg å sjå og forstå betre enn ein bibelprofet. Eselet gjekk inn i meiningsfylt, oppvakt dialog utan å ha lært grammatikk og glosar før. Det illustrerer til dels at for den bibeltruande veit stundom eit esel betre enn bibelprofeten. Somme fuglar kan iallfall ape etter mennesketale. Papegøyar er kanskje mest kjent mellom dei, og dei har faktisk fått ord for å tale i forhold til samanhengen og med meining. Elles finst døme på ein sel som kunne ta opp att vanlege frasar den hørde rundt seg i New England Akvarium, og også namnet sitt. Og blant dei mest oppvakte dyra har delfinar og aper synt dei produserer lydar til og for kvarande, og som blir tyda av mange til at dei kommuniserer med kvarandre ved hjelp av dyrespråk. Denne sida ved åtferda til høgare dyr blir mykje granska og diskutert i våre dagar. No finst det mange talande dyr i mytar, fablar og eventyr. I Bibelen finn vi ein talande slange alt på dei første sidene, litt før syndefallet. FantasiarvGode soger som ikkje gjer krav på å vere heilt sanne, kan bli kalla eventyr. Albert Einstein er talsmann for slike soger: Ei omsorgsfull mor besøkte ein gong Albert Einstein for å få råd frå han om korleis ho skulle hjelpe sonen til å bli rett god i matematikk. Nøyaktig kva skulle ho lese for guten så han kunne utfalde seg til ein framståande vitskapsmann? "Eventyr", sa Einstein. "Ja vel", sa mora, "og etter det?" "Meir eventyr", sa Einstein. "Og etter det?" spurde mora igjen. "Enda meir eventyr", svarte Einstein og veiva med pipa. [Lindø 1988, 11; Zipes 1992, 1.]. Den som er sett godt i stand til å alstra [] indre førestillingsbilde, kan godt bli toppfysikar, ein skarpskodd intellektuell - han får grobotn nok, langt betre repertoar, får vi helst vente. Korfor eventyr for betre læring?Eventyr og læring set ein inn i omstende rundt livsferder ved å gagne fantasien, som så slepper gjennom djupare (høgare) krefter om senn - det er nytta ifølge eit holistisk utsyn. Ein av grunnane er som alt nemnt at eventyr kan nære og smått om senn utvikle indre, bildeskapande evne. Både Zarathustra og Rudolf Steiner har høge ord om kva imaginasjon duger til: Vi har førestillingsevne (imaginasjon) innebygd. Det vil seie det er naturleg å frambringe mentale bilde og "videobitar" innanfrå. Mest vanleg kan vel vere nattlege draumar. mange psykologar har sett inn i forholda rundt draumar og komme fram til gode poeng å dra nytte av for kvar enkelt av oss. Og i djupet av forståinga vår av ord og omgrep og symbol ligg førestillingar, indre bilde vi drar på (syg ifrå) for ordforståingar og figurative samanlikingar. Dei er det mange av. Pedagogikken etter Dr. Rudolf Steiner (kalla Steinerpedagogikk) kviler i stor grad på å kultivere førestillingar. Men først Zarathustra: "Den bildedannande evna (imaginasjonen og fantasien) når høgst. Ord, bilde, og språk kjem fram etter kvart frå den, avla av den", kunngjer han (Surti 35-37). Førestillingsevna (imaginasjonen) si sanne kraft ligg i vedunderleg innsikt og framsyn . . . Somme kan sjå inn i hjartet av saker og ting ved denne fantastiske førestillingsevna. (Jf. Surti 36-7) Zarathustra rissar elles opp ein vidare samanheng å sette førestillingskreftene i. Han seier Vise Herren til sist vil klare å vinne over ondskan, og at det ligg til kvart menneske å avgjere i kva grad det vil hjelpe til i slik ein god strid gjennom slikt som blir forstått som gode handlingar, ord og tankar og å halde samvitet reint. Lønna for å gå inn for sanning og rettvise og godleik, er modning som blir krona med integritet og livsglede. Til hjelp kjem både gagnleg styring av livsferda og læring av fine, høvelege, og nyttige element i den, også ved bruk av figurative element og dekodingar av dei med dugleik. Farohar og C. G. Jung
|
|
For å hjelpe sjela å balansere mellom godt og vondt, har sjela i det eldgamle farohar-symbolet eit haleror med tre nivå. Dei er gode tankar, ord og handlingar. Farohardesignen (faravahar) finn ein frå gamle Egypt med eit stilisert fuglemønster kalla spreie-ørna. Det er ein flygande fugl sett frå undersida, med utspila vengar, stjert og utstrekte føter: Mellom skattane til Tutankhamon er såleis ein figur med fuglekropp og menneskehovud, og med hieroglyffsymbol mellom føtene. Egypt hadde også symbolet med den venga solskiva som stod for gudekongen, farao. Faroharsymbolet kom seinare i bruk i Assyria og Mazdayazna. Framgang for sjela krev styrt livsferd, så ikkje sterke "vindar", krefter og motkrefter får ein på avveg. Sjela er til for å utvikle seg, heiter det. Den har to vengar, og eit hovud. Det representerer fri vilje til å bruke naturlover til gagn og godt og hjelpe mental og åndeleg utvikling, eller la det vere til sitt eige framtidige tap. Den gode strid omfattar spesielt: "Lev i signa samkvem med din indre Livgivar alle dagane i året, og ikkje berre på dei fastsette dagane for heilage feiringar og festivalar." (Surti 4] Sirkelen i sentrum av figuren står for sjela. Denne åndelege sida av heile vesenet vårt - individet - maktar mange å kultivere og utvikle, og dét er høg livskunst under eitt. Prosessen blir kalla individuasjon, individgjering, av Carl Gustav Jung (1875-1961). Individuasjon er eit hovudomgrep hos han. Jung trur at folk flest har mist kontakten med sitt indre vesen, men ved å sondere innetter kan ein få i gang ein prosess som kan gi individuasjon. I den prosessen uttrykker ein hugen sin, og finn noko unikt i seg sjølv - både vesen og livsverk. I den grad ein feilar og mislykkast i individuasjonsprosessane, blir ein sjuk, hevdar Jung (1983). No er det å legge til at det finst fleire enn to krefter med innverknad på oss. Frå taoismen har vi til dømes nyttige, fleirtydige omgrep som yin og yang og tao. Tao (vegen) er harmonisk balanse og samstemtheit mellom motsetnadane yin (det kvinnelege, mørke, o.a.) og yang (det mannlege, lyse, osv.) (Waley). Eventyr og symbol går samanEventyr kan innehald symbol, meiner mange. Symbol kan vere teikn, ting, person, handling og anna som står i staden for eller levandegjer noko abstrakt eller åndeleg. Her er ein illustrasjon over korleis ein kan nå opp til å forme symbol eller slå til som avisteiknar, for så vidt:
|
|
Figuren syner at den som kan hugse eitkvart, smått om senn kan trappe opp dugleikane sine gjennom stadium, og kanskje ender og då nå fram til sjølvstendige vurderingar, (evalueringar). Når ein "koker ned" slike evalueringar hardt, kan ein forme både karikaturar og hovudsymbol. Prosessen er den same. Delar av den kan skje ubevisst. Abraham Maslow (1968, 1987) er kjent for å ha forma ei teorietisk "kransekake" (pyramide) der mange behov er lagdelte og mange nivå er teikna inn. Ikkje alle når toppen av kransekaka; ikkje alle tre i skogen blir det noko av. Du lyt få livstreet* ditt til å duge. *Livstreet er eit sentralt symbol i mange kulturar. I Egypt var nehet, morbærfikentreet (Ficus sycomorus), sett på som på det som sameina liv og daude. Livstreet skildrar i grafisk symbolform bl.a. korleis det guddommelege går inn i verda og korleis ein vinn gudeforeining i livet. Livstresymbolet står sterkt i esoterisk jødedom.
|
|
Indre utfalding, med og ovanfor fantasibruk, skjer venteleg i fasar, mykje som Erik H. Erikson (1995) syner. Grei livsferd kan ta si tid å etablere. [Meir av Erikson] Steiner-relatertRudolf Steiner (1947) er inne på mykje av dette viktige i ei kjernebok i antroposofien, Wie erlangt man Erkenntnisse der höheren Welten? Han seier fantasi og imaginasjon (indre bildedanning) kan tene det indre livet - som normalt har ei sunn kjensle - og at eventyr og fablar kan gi fantasihjelp til den vidare livsferda, og hjelpe høgare evner fram og opp, ved sida av å vere god tidtrøyte (1965). For den enkelte som trenar sitt indre, skisserer Steiner tre nivå, og imaginasjon (førestilling) er eitt av dei. Han skriv: "Det er tiltrengt at kunnskapens åndelege krefter kjem inn i ein - imaginasjon, inspirasjon, intuisjon." (1928, kap. xx). Eventyr kan elles vere så mangt. Ikkje alle er like givande. I 60 norske Steinerbarnehagar og 33 norske Steinerskolar (februar 2008) bruker dei eventyr til å stimulere barna til kommande intellektuelle og andre bragder. Dette er ein systematisk del i den pedagogikken. Det heiter til dømes: "I Steinerbarnehagane blir utviklinga og pleia av dei barnlege fantasikreftene heilt konkret . . . stimulerer barnas skapande krefter. Alle slags historier, eventyr og forteljingar animerer barna til å omskape det høtrte i leikande kreativitet" (Hofstad, omsett) TreleddaSteinerskolens eventyrsyn er i grove trekk: Oppsedingsstrukturen følger Steiners pedagogiske modell for barneutvikling og -utfalding. Han ser barndommen som delt inn i sjuårsperiodar, ser utviklingsgangen delt inn i sjuårsbolkar, og kvar bolk krev særlege tilpassingar til seg. Stadia er lik dei som seinare har blitt skildra av Jean Piaget. Men Steiner sine førelesingar om det kom fleire tiår før Piaget, og det gjorde den første Steinerskolen også, i 1919. 1. Etter Steinerpedagogikken høver regler, rim, småvers og korte eventyr i den første fasen, då barnet for ein stor del imiterer og sansar. I denne fasen tileignar barnet seg ved å lære eitt og anna i kroppen, gjennom trening og lett praksis. 2. Når barnet er i grunnskolealderen (mellom 7 og 14), er synet på læring kunstnarleg og "imaginativt", det vil seie at ein vender seg især til den bildedannande evna). I desse åra har tilnærminga særleg preg av at ein satsar på å utvikle barns kjensleliv og ymse kunstnarlege uttrykk. Ein skal her sjå til at det ikkje blir just som diktert av Steiner, og ikkje blir manér heller - for begge delar viser veikskapar. 3. I ungdommen utviklar ein evna til abstrakt tenking og omgrepsvurdering. Steinerskolen legg for denne fasen mest vekt på læring ved intellektuell forståing og etisk tenking, som omfattar å ta sosialt ansvar. (Kjelde: Wikipedia, s.v. "Waldorf Education.") Ein må vise omsyn til utviklingsstegSteinerskolens utviklingsteori gjennom tre stadium - kjennemerkt ved imitasjon, kjensler og tenking - er grunnfest i det antroposofiske verdssynet. Også andre, for eksempel armenaren George Gurdjieff (1872?-1949) taler om tre nivå å gå gjennom, især i oppveksten. Kathleen Riordan gjennomgår stadia eller mennesketypane hans i boka Transpersonal Psychologies [Riordan 301]:
Her er enkle utfyllingar til dei tre typane hos Gurdjieff: Type 1: Rørsleprega, instinktivKjenneteikn: Pugg og etterliknande læring.Sanseleg grov. Seremoniell, opptatt av offentlege ritar. Type 2: KjenslevorenKjenneteikn: Liker og misliker.Sentimental. Med tru, kjetteri, og noko meir innettervendt. Type 3: TenkarKjenneteikn: Logisk tenking og bokstavlege tolkingar.Oppfinningar, intellektuelle greier og saker. Glad i å prove og argumentere ting. Type 4: Undervegs (innover)Kjenneteikn: Sjølv-sondering.Bra harmonisk og rimeleg forstandig koda. Får til å utvikle Eget sitt. Type 5: Ein som vitjar indre einskapKjenneteikn: Samlar Sjølv-informasjon.Delikat. Sterk "eg-skap". Type 6: Laust individKjenneteikn: Ved tenleg og ganske bevisst møde.Mest alt mogeleg. I stand til å tenke for seg sjølv i mange slags forhold. Type 7: Fast individKjenneteikn: Ved bevisstheit (ved "Bevisstheim").Det som skal til. Mislikar religiøsitet. Ei kjelde: Riordan 301. o.a. Det er i utgangspunktet lov å utvikle seg vidare og høgare etter kvart. Jerome Bruner, som er kjent for kontroversielle tankar om spiralforma pensum (Schunk 343), fortel at vi fattar historier hermeneutisk, det vil seie tolkande. Han meiner elles om historier at dersom ein feilar og mislykkast med å utruste hugar med dugleikane som trengst for å føle og handle i kulturverda, risikerer ein framandgjering, trass, og praktisk inkompetanse. Og alle desse underminerer at kulturen er liv laga. (137, 42-43). Han meiner også at det utan tvil er oppsedinga sin funksjon å sette folk - individ - i stand til å fungere så bra dei kan, operate at their fullest potential. Vi har studert sider ved det ovanfor. Som student har ein etter Erikson nådd ei livsfase og eit utviklingsnivå der intellektuelle tildriv kan spakne og gi rom for eiga sjølvkjensla og sjølvhevding, så sant utviklinga ikkje har gått i stå tidlegare og slutta. Frå tjueåra tar mange til med å styre seg sjølve i ein viss grad, også når det gjeld studia. Då kan dei sjå inn i sjølvhjelpsbøker om studieopplegg som Suksess med superlæring, Peak Learning, Et hode betre, Bruk hodet betre, Bruk hodet enda betre og så vidare, for å greie det som kan greiast innan studium og tenleg framgang som bl.a. ein intellektuell i utvikling. Det sørgelege er at dei fleste ikkje når alle høgdene her heller, og knapt nok veit at slike finst, og at ein kan trene seg langt i retning av dei. Buddhismen gir både oversyn og metodar til slikt (Goleman), og ◦TM-metoden kjem best ut av det av i ei samanlikning mellom eit utval kjente meditasjonsmetodane som kan gagne utvikling av eins indre sider og meir til. |
Bruner, Jerome. 1996. The Culture of Education. Cambridge, Mass.: Harvard University Press. Buzan, Tony. 1977. Bruk hodet bedre. Oslo: Hjemmet-Fagpresse. Buzan, Tony. 2001. Bruk hodet enda bedre! Du har 10 forskjellige intelligenser - lær å bruke alle sammen. Oslo: Hilt og Hansteen. Erikson, Erik. 1995. Childhood and Society. Rev. utg. London: Vintage. Goleman, David. 1975. The Varieties of the Meditative Experience. London: Rider. Gross, Ronald. 1999. Peak Learning: A Master Course in Learning How to Learn. Rev. utg. New York: J. Tarcher/Putnam. Hofstad., Isolde E., oms. 2004. Hva barn trenger: Oppdragelses - og læringsmål innenfor steinerpedagogikk, for barn frem til skolemodenhet. IVW, den internasjonale sammenslutningen for Waldorfpedagogikk (Steinerpedagogikk). I Kleggen, Fosen, 17 des. 2004. Jung, Carl Gustav. 1983. The Essential Jung - Selected and introduced by Anthony Storr. Princeton, NJ: Princeton University Press, 19-21, 418-19. Lindø, Rigmor. 1988. Eventyrskolen. Oslo: Cappelen. Maier, Christian, og Marion Weber. 1991. Suksess med superlæring: En praktisk orientert anvendelse av den sensasjonelle suksessrike læremetoden. Oslo: Hilt & Hansteen. Malone, Samuel A. 1997. Et hode bedre. Oslo: Egmont Hjemmet Bokforlag. Maslow, Abraham. 1968. Toward a Psychology of Being. New York: Van Nostrand Reinhold. Maslow, Abraham. 1987. Motivation and Personality. 3. urg. New York, HarperCollins. Schunk, Dale. 2004. Learning Theories. An Educational Perspective. 4. utg. Upper Saddle River, NJ: Pearson Education. Steiner, Rudolf. 1928. The Story of My Life. Red. H. Collison. New York: Anthroposophic Press: 1928. [wn. rsarchive. org/Books/tcoml. index. html]. Steiner, Rudolf. 1947. Knowledge of the Higher Worlds and Its Attainment. GA 10. Oms. George Metaxa, Herndon, VA: Anthroposophic Press, wn. rsarchive. org/Books/GA010/English/GA010_index. html Steiner, Rudolf. 1965. The Education of the Child in the Light of Anthroposophy. London: Rudolf Steiner Press. Surti, B. 1981. Thus Spake Zarathushtra. 2. utg. Madras: Ramakrishna. Riordan, Kathleen. 1977. Gurdjieff-bolk i Charles Tart, red. Transpersonal Psychologies: Perspectives on the Mind from Seven Great Spiritual Traditions. New York: Harper Colophon, 1977. Waley, Arthur, oms. 1958. The Way and Its Power. A Study of the Tao te Ching and Its Place in Chinese Thought. New York: Evergreen/Grove.
Zipes, Jack. 1992. Breaking the Magic Spell. Omtrykk. New York: Routledge.
|
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2008–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |