![]() |
Notering i studium. Funn av Gordon Howe | ||||||||||||||||||||
|
Notering i studium. Funn av Gordon HoweDr. Gordon Howe ved Exeter University og andre har gjort fleire studiar av notering, og har funne prinsippet: dess færre notat dess betre. Ulike notatteknikkar fekk slik rangering:
Nøkkelord blei definert som slike ord som gav mest relevant meining på kortaste vis, og som også gav mest direkte framkall (recall) når notatmakaren blei testa. Det gjeld å halde utkik etter signifikante (utsegnskraftige, karakteristiske) ord [Mum 113-14]. Psyken hugsar ikkje nødvendigvis setningar, men hugsar langt lettare nøkkelord og bilete. Av orda vi hører, ser og bruker, er det berre om lag ein tidel (nidel kan vere like bra) som er avgjerande nøkkelord. Resten kan kallas meir eller mindre overflødig setningssmøring og fyllkalk. Å ordne tankar i rekker og lange lister (lineær organisering), er neppe den beste måten å gagne langtidsminnet (LTM) på. Det kan gå betre å ta i bruk bilete og nøkkelord. Nøkkelord kan ein kanskje ordne til som blomster og tankekart, for å ha langt betre grep på dei. Men lausrivne nøkkelord hugsar du kanskje ikkje så bra etter nokre veker som nøkkelord i ein vev, i eit bra flettverk [Mum 114].
Å handtere tankeassosiasjonarOrganiser pensumet ditt. Det som duger til eksamen, er kanskje å hugse hovudsider ved pensumet - kjerneorda, sentrale tenkemåtar, fine detaljar, og ein og annan referanse. Det gjeld å knyte mentale assosiasjonar både til orda og eiga livsutfalding. Mentale assosiasjonar (ting ein hugsar) blir danna av lyst (interesse og meir), og kan dessutan formast metodisk. Ulyst, derimot, gagnar snarare "gløymsle". Lineære assosiasjonar (lister) har den veikskapen at om ei lekk i ei keie blir gløymt, forsvinn tilgjenge til resten av keia ganske fort. Men dersom vi organiserer hugsestoff annleis, kan vi kanskje hugse ting avgjerande betre. Noko kjem an på kor godt vi lærer ting, kor godt vi overlærer somt, og kor kunnig vi repeterer. Professor Francis Robinson, som utvikla studiestrategien SQ3R (survey, question, read, recite, review), har godtgjort at 80 prosent av studietida best brukast til repetisjon. I så fall er det godt å kunne skrelle vekk lite avgjerande ord i pensum og fokusere på nøkkelord og nøkkelsamband [Er; Ams app]. Ein kan freiste å forme assosiasjonar som ikkje er fullt så sårbare for gløymsle. "organiske" former kan gagne i det, fordi dei gjer det mogeleg å knyte mange fleire assosiasjonar til kvart punkt å hugse, og gir rom for fleire attfinningsbaner i tillegg. Det gir ein meir robust tankevev, eit nett med fleire stigar (baner).
Tony Buzan har forma ein studiemetodikk der poeng som desse er innbakte.
Ams: Atkinson, Richard, et al. Introduction to Psychology. 9th ed. San Diego: Harcourt, Brace, Jovanovich, 1987. Er: Francis P. Robinson. Effective Reading. New York: Harper and Row, 1962.
Mum: Buzan, Tony. Make the Most of Your Mind. Rev. utg. London: Pan, 1988.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||