|
Tenk positivt før det er for seint.
Tenk positivt før andre gjer det
og dankar deg ut med det.
Langt liv er slik basert, i det store og heile.
Om ein les samandraga aller først, kan ein tene tid og anna. Då ser du fortare kva du har mest lyst til å bli kjent med av tilfanget her.
Det kan gå bra å vere optimistisk
The manager of the future will simply be a learning guide. - Peter Drucker. [Laj 76]
 | | Å tenkje positivt før dei nye dankar deg ut - det går godt! |
Det står deg fritt å la kunnig optimisme tene helsa og velværet ditt. Den er realistisk nok. Optimistisk og dum er ikkje det same.
Optimisme stammar frå det latinske ordet optimus, best, og optimisme blir kalla "ein tendens til å stelle seg maksimalt gunstig til handlingar og hendingar, eller føregripe best mogeleg utkome". Det gagnar mot dyster nederlagsstemning i eitt og alt, altså pessimisme.
Midt mellom optimisme og pessimisme finn vi "heiarop" som "Cheer up! The worst is yet to come." [Philander Chase Johnson], og "I'm an optimist, but an optimist that carries a raincoat [regnfrakk]." [Harold Wilson]
"Å bu seg på det verste på slike høveleg vis at det verste ikkje hender, og ikkje så blir så ille som det elles kunne blitt, eller så ein venteleg klarer brasene glimrande," kan vi jo kalle pessioptimisme. Også slik er speidarorda "Ver budd - alltid budd" å forstå, trur eg.
Men kva seier vitskapen om optimisme? Shelley E. Taylor ved University of California i Los Angeles has summert forskingsfunn om det i artikkelen "Is Unrealistic Optimism Good for Your Health? (Er urealistisk optimisme godt for helsa di?)" Det kan vere godt å vite. Svaret er nok ja, men med atterhald. Dette gir faktisk spelerom for bøn, tru, autosuggesjon, visualiseringar og så bortetter. Tony Buzan dokumenterer også at noko av dette faktisk hjelper [Hi 522-23; Laj 54-56 o.a.].
Taylor skriv at optimistiske forventingar heng saman med betre sinnstemning, betre livskvalitet og betre tilpassing til sjukdom. Dessutan blir optimistane fortare friske att etter sjukdom, og overlever gjerne betre slikt som kreft. Ja, optimistane kjem statistisk sett heldigare ut ved vanskeleg sjukdom, syner forsking i innland (Sven Svebak) og utland, og får jamt meir støtte. [Jf. humor]
Nokre få optimistar er naive optimistar som trur ar alt vil gå bra utan arbeid frå deira side. Slike risikerer å leggje seg til dårlege vanar. Men det syner seg at dei fleste optimistane er konstruktive i det at dei aktivt prøver å verne helsa og tryggleiken sin. Optimisme inngår dermed fint i livshandtering, coping, og enda betre: livsmeistring [Hi 523].
Ein får altså forskarklapp på skuldra når ein vil vere optimistisk, tenkje positivt og handle kunnig.
Kva Buzan seier: Utdrag frå ei bok
I boka Lessons from the Art of Juggling (Leksjonar frå sjongleringskunsten) [Laj] skriv Buzan og Michael Gelb mellom anna at det finst fleire parallellar mellom sjonglering og ymse deler av den personlege sfæren og yrkeslivet ditt [xvii]. Sett høvelege mål og sjå for deg (visualiser) resultat som høver etter kvart. Du har lov å bli betre [5].
Noko går betre gjennom læring. Læring har stadium, og nokre får både med- og motgangar. I dei tidsromma ein ikkje merkar framgang, kan det vere at kunnskap blir integrert djupare i hugen, og dette kan førebu neste byks framover. Somtid kan det vere som det blir verre når djup integrering går føre seg. Ein får ha det i minnet [19].
Hovudpoenget her er at visualisering duger og kan betre ting markert, til dømes med 23 prosent [54-55].
Ein kan visualisere (sjå for seg) fine utkome og anna kjekt for seg, og jobbe seg inn i nett dette. Slik bruk av tankane er betre enn berre å gå og uroe seg utan grunn nok [57].
Du vil trenge klart formulerte, visualiserte mål og nøyaktig feedback (tilbakemeldingar). Ta i bruk mange av sansane når du visualiserer. Unngå tankespinn. Det gjeld å komme inn i eit kjekt læringsmønster og kjekke handlemåtar for å halde det som er positivt ved lag utan for mykje strev [63-64].
Det kan også gå betre når vi lærer av feila vi stundom gjer. Mistak kan då bli grunnvoll for betre forståing og anna [68, 70-71]
- Prøv å forstå korleis røynda er, og gå inn for nøyaktig nok feedback med omsyn til korleis det går for deg.
- Forfin og liv opp drømmar om at det går godt, så konkret som mogeleg.
- Hugs at det kan komme platå og nedturar som del i heile prosessen. Slikt går for å vere naturleg.
- Hald fram så lenge du vil og så lenge det høver.
Nye og betre utsyn bør få deg til å lage nye, tilmåta mål. Samanlikn deg nokså lite med andre, bry deg nokså lite med dei for å samle ressursane dine om deg og det du må. Der det går godt, kan du kanskje sette deg høgare mål etter kvart, så stagnerer du ikkje fort [72-74, 75].
Det er naturleg, god grunn til å ha tillit til kroppen og hjernen og hjertet ditt. Folk flest evnar å bli betre med åra. Lytt til forskinga. Den russiske Pyotr Anokhin har funne fram til at evna til å lære, minnast, skape og forme nye vanar, er praktisk talt utan grenser [85, 86].
Så det er dekning for at det er forstandig å ha flusst med god tru på seg sjølv - [Hi 522-23; Laj 54-56 o.a.]
Frå ei bok til som har mykje å seie
I boka Creating a Thinking Organization [Cto] av Rikki Hunt og Tony Buzan, skriv Buzan korleis somme har lykkast i å oppnå visse mål dei har sett seg.
- Forventingar frå andre har mykje å seie. Det gir grunn til å skolere familien i å ha positive forventingar til kvarandre der det er forsvarleg.
- Å eige motiverer fleire til å stelle og arbeide med ting.
- Forståing av kor glimrande hjernen er og kor bra den fungere med fint stell, er flott. Buzan gjer mykje ut av det punktet i fleire bøker. Det er for så vidt mykje av det offentlege livsverket hans [80].
- Du får unngå at andre legg hindringar i vegen for deg, for det er ikkje alle som finn seg tent med at du vinn opp og fram - dersom dei fell nedover av det. Gamle har ofte problem med å gi slepp. Det gjeld mange foreldre. Minsk konfliktar ved å symje oppover som laksen - ikkje breisida først iallfall.
- Hald deg i form. Sov og kvil når du må og skal, og hugs at sex hjelper mot stress [83].
- Interesser tener gjerne overleving - la dei iallfall gjere det. Enkle og saklege undersøkingar kan også hjelpe deg. Hald deg ærleg overfor deg sjølv i det minste. Vurder kva du har råd til.
- Skaff deg slik reiskap og informasjon og slik kunnskap du treng for å gjere det flott. Det er viktig. Fakta er viktig.
- Når du tek til å handtere folk og forhold profesjonelt, kan du makte å kose deg [Cto 66-85, passim]

Å sjå klart og høveleg blir verdsett. Å
sjå klart blir jamt forstått som å forstå godt. Ein kan finne
betabølgjer i hjernen då.
Lat oss seie du er ein av idealistane og vil hjelpe verda - heile universet. Midt i verda og universet ditt er du sjølv. Start hjelpa der og få det fint inni deg og rundt deg. Det gir hjelp til universet. Viss du ikkje trivst og har det godt, treng du framgang sjølv. Det viser at nokon har forsømt deg eller ikkje vore gode mot deg i verkelegheita. Det kan vere deg sjølv, ein av foreldra dine, partnaren din, og vidare bortetter.
Det er alt i alt "god butikk" at ein hjelper den næraste før dei fjernaste - men når du har nok kontroll vil du kanskje aller først
hauste kjekke tankar, få god orden i hovudet og der du bur og vidare, slikt som god skolegang gjerne gagnar. Og av og til gir
danna folk hjelp til mindre heldige, same kor dei er, utan at Vatikanet i Roma finn grunn til
å mukke imot det -
Det heng saman med at klart syn (oversikt) ofte er det beste å oppnå.
Når ein då ser folk lide nød langt vekke og vidare langt heime frå,
hjelper ein kanskje. Det kjem blant anna an på kor hjertet går.
Først prøve å få orden i tankane, slik god skolegang
gjerne hjelper til med. Av og til gir danna folk hjelp til mindre heldige
Å FÅ KONTROLL over tankegangen sin er eit pluss. Men det finst mange andre pluss
i eit liv, og nokre tel kan hende langt meir også til sjuande og sist, berre så
det er sagt.
Grunnlag å stå på må ein ha - noko å stå på
må også med i det. Jamt over manglar luftslott noko å stå på,
og luftslott må ein vare seg for.
Alt ein overser tel også, og kan leie til farar og feller i det lange
løp. Derfor må ein først prøve å få orden i tankane,
oversikt over stoda, og vinne framgang vekk ifrå forvirring - og dette er nokså
vanskeleg.
Velvalde, fine bilete kan kanskje løyse opp noko angst og mothug, og motivere
frametter. Det er slikt som blir nytta for positive visualiseringar. Det kan vere hjelp i
å visualisere og halde gode program i gjenge i kvardagane og i ting som verkar
spesielt viktige. Det går an å trene seg i det.
I tillegg til å ha avklara kva ein har å gå på, det gode
grunnlaget som kan vere med å gi frukter (resultat), lyt ein sjå heiderleg over
kva som er viktige problem, kor dei ligg og kva som kan bli omdanna til sjansar
(mogelegheiter) av dei. Og ein må dessutan våge noko. Det må mang ein gong
mot til for å gå ut av flokken og streve meir for seg sjølv enn
før. Det kjem vel også an på kor velvillege andre er omkring ein. Men
altså: når ein vågar, risikerer ein mangt. Slik er det ofte.
DET KAN GODT vere kollektivt ansvar og skuld for problem og nokså mykje viktig som
går gale; ikkje gløym det.
Det har synt seg at flott mental visualisering verkar, og somme maktar å
visualisere imot gale utviklingar - når fleire står saman kan det gå
lettare imot store straumar vi ikkje liker nemneverdig, så som
miljø-øydeleggingar over ein lav sko, og levekår som er gjort ringare for deler av
folket.
Ein må vere nøye med det ein eig så ein ikkje misser aktiva. Det
rette grunnlaget å stå på er i harmoni - med omgivnadene, med det dei og
ein kan klare, med oppseding, utdanning og sterke sider i slekta og ein sjølv - slikt
tel.
Den som blir forblinda og narra til å gi ei handsrekning til uverdige, har
blitt narra for godleiken sin, same kor danna tinga ser ut ved overflata. La oss sjå
vidare i det: Kan du kalla deg konsulent og gi hjelp utan sterke farar? Neppe, men det kjem
også an på kven du er, korleis forholda og marknaden er, og så
bortetter.
Ved å kalle deg rådgivande konsulent i positiv, hendig livsinnstilling
kan du opne ei verd, men så kjem kanskje problem med å få att utlegga til
å opprette konsulentverksemda - og kanskje 8-9 av 10 nystarta føretak i Noreg
går dukken framleis, som for nokre tiår attende. Statistikk gjeld for
gjennomsnitt, og ikkje for einskildføretak. Det er viktig å vite. Men der oddsa for
å lykkast ikkje er betre enn 2 av 10, er sjansane for små til veldige
investeringar. Det er noko av det det betyr. Hugs å vere alliert med statistikk for
å betre oddsa for vinning og framgang. Det syner seg at det mang ein gong er hjelp i
slikt.
Men sama kva, somme situasjonar og tilhøve er for tunge, generelt
sett.
Når du vil ta løynde ressursar innom deg i bruk mot det som er feil og
lite vellykka og anna, kan det høve å bruke visualiseringar og stadfestingar
nokre minutt kvar dag - men ikkje gløyme at jamt og fint arbeid også må
til for dei fleste - det er helst det beste. Så kan ein kople til mangt anna ein har
tiltru til i tillegg til dette beste, så ein får "prøve og sjå" til
ein har sikrare, meir fundert tillit. Forsking hjelper til med å få fram nett
slike data, så å kunne tyde forskingspresentasjonar er bra å kunne.
Ender og
då lønner det seg å verdsetje samvitsfullt ting ifrå den katolske
kyrkja si lære
NÅR EIN har nådd vinnande posisjonering einkvan stad, kan ein godt bli
nøydd til å leggje band på seg av omsyn til einskilde andre, fellesskapen
og mykje anna. Ikkje alle oppkomlingane vil det, men av og til må ein gjerne leggje band
på seg for å vise høfleg omsyn og bli vørda.
Vi seier like ut at klart syn (oversikt) ofte er det beste å oppnå. Det
er iallfall ikkje det verste. Ein får også bli flink til å godta og
verdsetje samvitsfullt og noggrant arbeid av andre, og gå vidare for å
brødfø seg og familien og utetter utan å ta alt mogeleg for gitt. Det
britiske ordtaket "Charity begins at home" viser dette perspektivet. Det er også eit
leiande prinsipp i den katolske kyrkja, etter det vi har hørt.
No er det også slik at ein paria (utskot) kan få skulda for det som er
problem forårsaka av andre, slik sigøynarane i Spania før fekk skulda
for mykje stole - utan at det nødvendigvis stemte. Det finst eit ordtak om det i
Spania. Folk flest finn det gjerne føremålstenleg å ikkje bli kasta
utafor, og ikkje bli sett ned på. Somme hyklar og lyg med overlegg, bløffar og
drikk gjerne for om mogeleg å unngå dette vondet. Dette tilseier at du skulle
passe deg når du tek til å skilje deg ut ved å vinne meir enn dei du har
omkring deg. Då kan du bli sårbar, utestengt meir eller mindre, og må
kanskje finne deg nye referansegrupper og andre å vere i lag med enn før. Det
er ikkje heilt liketil. Mobilitet oppover med omsyn til status og velferd kan bli vanskeleg
for den som ikkje aktar seg nøye. Slikt får ein også ha med i bakhovudet
og vise omsyn til når forholda tidvis "krystalliserer ut" problem i denne gata. Om ein
ikkje tek forholdsreglar og vandrar varsamt nok oppetter, kan det bli fall og mykje leit og
stygt å ha med å gjere.
DET ER LOV å tvile, og mykje prima forsking har komme i stand og hjelper folk fordi nokon
starta å tvile på ting ein eller annan gong. Forsking kan ein godt kalle å
"metodisk tvile seg fram" til nokså sikre funn og konklusjonar.
Ein treng med andre ord ikkje bli forskrudd for å visualisere og stadfeste
gode tankar om seg sjølv for seg sjølv. Og ein treng heller ikkje lyge udanna
for seg sjølv og påstå ein er noko ein ikkje er, eller har det betre enn
ein har det: Ein skal halde hovudet klart og vite forskjell på gode mål å
visualisere seg inn i, og korleis forholda er i røynda. Dersom en sit og "lyg litt
positivt" for seg sjølv, klarer ein ikkje narre det undermedvitne til å
gå med i slikt tullball likevel. Då kan ein bli krampaktig, og det er det ikkje
særleg vinning i - tvert imot.
Lærarar underviser, men ikkje særleg bra og ikkje særleg mykje om
behageleg eigenutvikling og sjølvforståing. Det må vel kallast klart
forsømt i norsk skole generelt. Og merk at der andre forsømmer seg, kan det
kanskje liggje ein marknad for den som er om seg og vågar å stikke seg fram. Og
likevel, det går grenser, og ein får ikkje ta for gitt at frekke klarer seg
livet gjennom. Ja, når alt kjem til alt er vel sanninga den at ein må ofte
får nøye seg med berre å gå med utan å bryte grenser unyttig,
og utan å gjere godt folk lei seg.
Det
kollektive tek ein med i framsteget, så vinninga hjelper fleire etter kvart. Det er
god "business"
DU KAN seie, "Det er underleg at uverdige og uhøflege blir digga no om dagen," men
det går kanskje ikkje godt for den som jålar mot ting som skjer med fleirtalet -
fordi fleirtalet har nokså stort moment - og einskilde ikkje har så stort
(dreie)moment. Dermed kan godt mindretalet som vitsar imot fleirtalet, bli "bite" i det
undermedvitne - det som ein antar finst i kvarandre.
Dersom det kollektive har skulda for mykje gale og skeivt, kan mykje gå gale for
einskilde som held fram imot det. Det syner historia, og den kan ein gjerne lære slike
lekser ifrå. Det ligg mange nyttige lekser i historia, også i
familiehistorier.
Ein får klare å verne forhold og anna som borgar for fullbyrdingar
likevel, for dette tel mest høgare oppe, fortel fattande. Og problem har ein der ein
ikkje kan puste fritt, verken på den eine eller andre måten.
DET ER JAMT lov å lage ting betre. For det syner seg at framsteg blir oppfatta
som betringar av ting - og nesten alle vil vere med i framsteget. Det heilt rette framsteget
er nok betringar av menneske, av di menneske styrer planeten - nokså sanselaust
også. Men altså: Det er lov å lage TING betre, om det ikkje blir like
verdsett å satse på å betre seg sjølv og hine imot kollektive
ønske og slikt noko.
Livet er også ein pardans for dei som blir to om det, der skal det "to til ein
tango". Det må ein ta omsyn til. Ikkje alle vil gjere det - ikkje gå
langt nok og gjere nok i forhold til det som skal til. Det er mykje som skal til i eit
samliv. Dersom den eine parten i eit partnarforhold endrar seg, blir mange balansar uroa og
endra, og slikt kan vekkje angst og motreaksjonar og meir til. Av og til kjem det noko frekt
og udanna opp i dagen frå slikt.
Gå til teksten med ei opa innstilling, og nekt å bli frekk og udanna
"breikjefta" når du no vil jobbe med deg sjølv - mot straumen, fordi
ingen andre verdset deg fornuftig - heilt og fullt for din eigen del og så vidare inn
i det ukjente.
Forsiktig tru basert på odds eller sannsyn-estimat kan bli til gagn. Når
det gjeld tru som ikkje har noko grunnlag, så nekt å tru dei tinga. Hugs
også å løyse problema så tidleg du kan, før dei veks seg
større og blir mykje verre å ha med å gjere. "A stitch in time saves
nine" er eit ordtak om slik problemløysing. (7]
- Prøv først å få orden i tankane ved nyttig skolegang.
Når du er utdanna kan du hjelpe mindre heldige.
- Hugs den katolske kyrkja sitt vink om å hjelpe i konsentriske ringar utetter i
ditt "univers".
- Det kollektive tek ein med i framsteget til sist, så vinninga hjelper fleire
etter kvart. Det kunne verke bra om alle i bygda kosta for eiga dør og i eigne
hagegangar slik - men så er det nokså mange som treng hjelp . . .
Få orden i tankane ved hjelp av grepa element frå den katolske
kyrkjelæra - du kan kanskje gi framsteg til det kollektive mot slutten av livsferda
såleis.
Ein kjøpmann hadde blitt nøydd til å slå seg konkurs for femte
gong, og no gjekk han gjennom rekneskapa med sakføraren sin og ein
rekneskapsførar.
"Det ser ganske ille ut denne gongen," sa rekneskapsføraren. "Eg kan ikkje
sjå korleis du kan klare å betale meir enn fire øre per krone til dei du
skuldar."
"Kva?" tok kjøpmannen til motmæle, "eg har alltid betalt ti øre
per krone, og det skal eg klare denne gongen også. Ja, jamvel om eg skal ta pengane
frå eiga lomme."

Det norske Dagbladet har nyleg synt bilete av lenka slavar under kong Leopold som
dreiv Belgisk Kongo ved slavehald og å kappe høgare underarm av "kreti og pleti"
med hard hand - så han blei rikare og rikare, høgt vørd i Europa av folk
som ikkje kjende bandittmetodane hans langt vekke - og så bortetter. Han tener til
å syne at omsynslause bandittar godt kan komme til ære og halde seg feterte mest
til dei døyr, attpåtil. ◦Dagbladet: Kong
Leopolds terrorvelde (4. juli 2002]
Poenget med mange såkalla negative eigenskapar er at dei ikkje har blitt brukt
rett. Sjå no for deg kongen på fasanjakt i Sverige der han skyt for å
drepe heller verjelause fuglar som ikkje kan skyte igjen. Før i tida var det
mest lite romslege folk som kalla jakt negativt. No er det blitt ganske annleis. Kanskje
kongen kan gå på fotojakt neste gong? Du får tenkje på det.
Fine
bilete må med: sjå no for deg kongen på fasanjakt i Sverige
DEN UMEDVITNE DELEN av deg er fin, den. Den hjelper ofte til for at du kan
løyse eit og anna så alle blir nøgd. Gode problemløysingsmetodar
tek behageleg omsyn til dette og meir til. [jf. 11]
Her får du lære gode løyndommar, til dømes "Korleis bli
eit meir positivt menneske utan å bli så veldig mykje annleis - men ved å
perfeksjonere sider ved deg du kan vinne stort med". Det kan nytte at du skriv ned
suksessane dine. Hugs denne parolen i tillegg: "Lese (sjå) og deretter gjere."
[11-12]
Du får vurdere for deg sjølv: "Kanskje "vennene" mine eigentleg er
fiendar av meg?" I så fall får du vake og be, vakte deg, og lære å
elske godt. Det hjelper også å vere sakleg. Jesus sa noko mot familien som
trekkjer ned oppfatninga av verdien deira mykje - men hugs å elske fiendane dine, som
Jesus også kom med - så går det truleg bra til slutt. Og du skal hugse
å hyggje deg! [14)
Ein manns fiendar blir medlemmene av hans eige hushald." [Matteus 10:36 og Mika
7:6]
Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar." [Matteus 5:44]
Dette skal ikkje vere dyneløfting rundt kongefamilien og dei nye medlemmene
der i garden. For vi held oss ganske roleg til hovudsaker her, og det som kan vere den
vanskelegaste delen av dette nett-"kurset" kan vere å tenkje seg at eigenskapar du kan
tenke deg å vere utan, kan vere greie likevel, og bli beinvegar til suksess ute i
samfunnet. Kan du greie å utnytte dei så du får utbytte av dei med eit
nytt forsøk - og enda eit? [16, 19]
Her er råd: Tenk på soldaten. Han vinn heider for å lære
å slåss og drepe. Andre i storsamfunnet får opphald på glattcelle og
meir til for det som liknar, utan å gå så langt. Ligg du under for trong
til å døyde? Hugs dette: Den gode måten å handtere slike ressursar
på, kan vere å bli slaktar og vinne eit akta levebrød. Den gale
måten kan bli å bli ein gal slaktar, eller gå inn i Fremmendlegionen og
miste fridom i lange baner. Og så har vi måten i det militære: Å bli
fotsoldat som slåss for andre meir enn heim og kjære, og blir skamfarne og ille tilreidde - ikkje
minst mentalt. [14]
Når du kan sjå forskjell på kva for utfaldingar av givnader som
lønner seg, verkeleg lønner seg, kan du ha lykka med og bli akta, vørd,
kanskje også rik og namngjeten attpåtil. Dette har eg synt for å hjelpe
deg å utnytte givnader ANDRE vil ha til er uhøvelege utan å ha tenkt
så nøye gjennom tinga - det kan hende.
Har du forstått meininga her, blir det opp til deg å arrondere (jamne
ut) flott og høveleg for å bli godteken og vinne kvinner og slikt med det du
har blitt ein kløppar til, anten det er klossete skryting til å begynne med,
eller mordartrong, tilmed. Kanskje skrytaren kan bli underhaldar. Det blir rekna som glupt
av mange no om dagen. Kanskje noko smaklause drifter krev eit og anna lik å partere.
Fortvil ikkje, kanskje du kan bli fasan- og rypejeger som kong Harald, eller nøye deg
med hjortejakt eller fisking. Rådet er enkelt: Gjer som den kjære kongen,
og berre mindre utgrupper vil narre og klandre deg.
Kva du er redd for? Er det å bli offer for tynne, dumme "suksess-tankekart" no
igjen? [jf. 16]
Same kva det er, positive omgivnader vil oppmuntre deg og tilmed syne deg små
og store dugleikar (tamar) du vil meistre. Ta gode omgivnader til hjelp, ha det med i
"likningane" fram til vinstar som tel. Kanskje du tilmed slepp å pugge ved å
gå godt inn for slikt. [14, 18]
Poenget
med mange såkalla negative eigenskapar er at dei ikkje har blitt brukt
rett
SKRIV NED dei inste tankane dine. Det er normalt mykje å sanne for den som vil
opp og fram. Å gripe fatt i det som rører seg inni deg skal du også halde
for suksessverksemd. Det er ikkje så greitt å nå inn til dei til tider.
Kurs i drømmetyding har hjelpt mange. [19]
Det kan faktisk vere fint å setje seg inn i kva betydeleg hine meiner eller
har meint. Richard Edler har samla såkalla visdomsord frå framgangsrike leiarar. Det som går fram av sitata, er kanskje at "det er ein lov for Loke og ein for Tor". Det vil seie, det folk lærer og kallar vist i toppstillingar rundt om i verdssamfunnet, kanskje ikkje har noko å gi til folk som ikkje har ressursane og dei andre vilkåra for at den såkalla visdommen skal verke. For eksempel skriv Simon M. Kornblit frå Universal Pictures at "Det er sant at mange dritsekkar hamnar på toppen." [Hvl 102] Kanskje du synest fleire av suksessane dine verkar tynne og magre i forhold. La det ikkje
skremme deg. Spar deg for mange tabbar ved å hauste lærdommar frå andre i "gata" di (feltet, faget, langs livsvegen din) - det skulle komme godt med. Det skjer i yrkeslivet stadig vekk, det. Utdanning er ikkje alltid nok til å lykkast godt. Å bli var mange av dei nokså lause og uskrivne reglane og fule knepa som finst, hjelper også til tider. [14; Hvl]
Språk er velsett. No kan du lære fleire språk i staden for å
kaste vekk noko så dyrebart som fritid på såpeopera-TV eller blakke deg
på SMS, flisespikking eller andre dumme ting. Når du nyttar lydband og tek
moderne teknologi til hjelp for å meistre språka, blir det nesten for enkelt.
[18]
Å investere femten minutt dagleg til språklæring kan vere bra, og
2 x 15 minutt dagleg nyttar også, og så vidare. Ein bruker den tida ein har. Eg
kjende ei gift kvinne som lærte seg engelsk via lydband mens ho skrella poteter og
hadde fulltidsjobb og barn. Ho utdanna seg blant anna ved å ta i bruk moderne
teknologi. Det er poenget. [jf. 12]
Bruk også noko tid på å finne og flotte deg ved det som mange trur
er dei mest negative eigenskapane dine, enda om pripne og nesten for lite romslege
omgivnader vil halde deg nede og ute. [jf. 16, 14]
Kast
ikkje vrak på godt utstyr, eigedommar og mot
NEKT DET bakvendte, for dumme, altfor tungvinte, og kom deg fram så du eig.
Eigarar gjeld.
Og slå ikkje handa av nokon som hjelper. Kva andre meiner hjelper mang ein eit
stykke på veg. Det går verkeleg å ønskje å få meir ut
av livet både åndeleg og materielt. Og kanskje kan du nå opp til å
gjere noko med det. [jf. 14, 19]
- Sjå for deg kongen på fasanjakt. Fine bilete (visualiseringar) må
med.
- Innsjå at eit hovudpoeng med mange såkalla negative eigenskapar er at dei
ikkje har blitt brukt rett. Kongen som blir kritisert for å skyte laus på
fuglar, voks opp før naturvernomsyna blei for påtrengjande, i ei tid då
jakt gav mat og middel til velstand. Og høgrumpa revejakt i Storbritannia har
møtt mykje større motbør i det siste, berre så det er nemnt.
- Eg seier deg: Kast ikkje vrak på godt utstyr, eigedommar og motet til noko anna
enn å teie.
Sjå for deg fine ting du vil ha og bruk rette giv - noko som andre kan kalle
negative eigenskapar utan at det er rett eller rommeleg nok for deg sjølv. Kast ikkje
vrak på å "fyre laus" på eit eller anna, på eit eller anna vis du
heller, dersom viktige hine held seg oppe ved det. Eventyret om Mumle Gåsegg viser
slike finessar også.
General Booth i Frelsesarmeen spurde ein gong ein mann som hadde overhendig godt lag med
muldyr, korleis han fekk det til.
"Vel, general," sa mannen, "når muldyra stansar og ikkje vil trekkje vogna
lenger, tek eg opp ein neve mold og har det i kjeften på dei. Naturlegvis spyttar dei
det ut, men i regelen tek dei til å gå igjen slik."
"Kva er det som kan ha ein slik verknad?" spurde generalen.
"Vel, eg veit ikkje, men eg vil tru det endrar måten dei tenkjer på,"
svara muldyrkjøraren.
|