Norsk del, Gullvekta
Eventyrarbeid. Innleiing
Seksjon › 23 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Folkeeventyr er ein eldgammal sjanger og tradisjon. Somme eventyr kan formidle livsvisdom, andre kan gi kosteleg underhaldning utanom TV.

Formidlinga har til dels vore munnleg, og nedskrivne eventyr har ofte blitt tillempa det andre mediet: skriftspråk. Helten og heltinna i mange eventyr er ein idealfigur som mang ein og mang ei i eldre tid kunne identifiserte seg halvveges med.

Det har vore viktig for samlarar av folkeeventyr og anna folkedikting at skattar av dette slaget ikkje blei gløymde. Samlarar fekk forteljarar i tale, lytta nøye, skreiv ned, og sende kanskje inn til andre som redigerte. Stoff blei katalogisert og gitt ut i mange samlingar, som regel i noko normaliserte former. Slik voks til dømes Asbjørnsen og Moes verk til.

Her i samlinga kjem aller først ein gjennomgang av eventyrsjangeren. Den neste artikkelen handlar om dyra i eventyra, kva for særmerkte ting dei gjer, mellom anna. Så går det vidare slag i slag til nok om undereventyr, og korleis ein ordnar ulike eventyrtypar i grupper med kodar (ATU-nummer).

Norsk fiskartru fortel frå bakgrunnsforhold til fiskareventyr og -segner. Ein einkel oversynsartikkel om norsk eventyrarv kjem deretter, følgt av enkle, omsette utdrag frå Norske folkeeventyr - hva forteller de?.

I den neste artikkelen blir det fortalt om nokre av dei typiske diktargrepa i eventyra.

Samlinga blir runda av med eit vidt oversyn over eventyr som ein slags skole, som ei hjelp til skolering for livet, kan vel hende.

Innhald


Eventyrarbeid, eventyr, eventyrtydingar og nøklar, norske folkeeventyr og segner, litteratur  

Eventyrarbeid, eventyr, eventyrtydingar og nøklar, norske folkeeventyr og segner, opp Seksjon Sett Neste

Eventyrarbeid, eventyr, eventyrtydingar og nøklar, norske folkeeventyr og segner BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]