Norsk del, Gullvekta
Gemyttlege eventyr   ❀ Innleiing
Seksjon › 29   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Folk set eventyr høgt

At det går bra til slutt, det vil mange helst tru.

Det er mange slags eventyr. Somme kan ein kose seg med, og mange fablar også. Somme korte forteljingar kan ha dyrebare lærdommar i seg eller attåt seg. Langdryge forteljingar kan tenkast å bli meir underhaldande av å bli korta inn fermt som det høver.

Somme eventyr gir vink om korleis ein kan få skikk på livsgangen ved å fare åt høveleg, få hjelp av kloke, og oppfylle ymse krav - det kjem mang ein gong fram.

Ofte vitnar eventyr om haldningar. Forteljingar formidlar kultur og tradisjonar, fortel kulturpsykologen Jerome Bruner i store delar av The Culture of Education (1996). Men det finst mange og ganske ulike vis å tolke eventyr på. Folk forstår eventyr på ulike måtar.

Eventyr kan handle om mangt rart, og utbrodere tema i langdrag eller i korte drag og ulike vis elles også [Meir]. Kjekke kommentarar til eventyr kan det vere hjelp i ved at dei blant anna får fram ting det er brei semje om blant kjennarar av slik gammal underhaldning. Somme tolkingar kan verke som spekulasjonar, og somme spekulasjonar kan verke lovande, som freudanske tolkingar, til dømes. Det finst ganske enkelt mange eventyrskolar med ulike oppfatningar og utbroderingar av både det eine og det andre.

Fangst, fiske, jordbruk - det finst enkle lærdommar å ta inn over seg ved hjelp av omgrep og termar og dessuten ved enkle forteljingar med byggande lærdommar der eit og anna kan vere "maskert" og i biletform. Enten les ein mellom linjene eller les somt inn i eventyret -eller begge deler, eller ingen av delene,[Lærdommar i og bak gamle norske eventyr].

Det kjem ei tid for å stifte familie for somme. Mange eventyr fortel meir eller mindre likefram om ikkje å bli narra og utnytta over ein låg sko. Bak mange skjemtesoger og dyrefablar skin slike lærdommar fram. Mange andre eventyr fortel mellom linjene korles somme svinga seg opp og prøvde å vinne prinsessa og få medgift - det kan tolkast som vegar opp til å bli ganske sjølvstendig familie eller vel gift; omsett: få lykka med seg, det som Per og Pål mislykkast i på ulike måtar, fordi dei mellom anna er for konforme.

I dag gjeld til dels andre normer, og mange forhold er annleis.

Innhald


Eventyr, folkeeventyr, litteratur  

Alverdes, Paul, und Hermann Rinn. Deutsches Anekdotenbuch. 6. Auflage. München: Taschenbuch-Verlag, 1969 (1927).

Borchert, Jürgen und Inge Jastram. Mecklenburg. Ein Anekdotenbuch. 2. Aufl. Rostock: Hinstorff Verlag 1986.

Cattan, Henry. The Garden of Joys: An Anthology of Oriental Anecdotes, Fables and Proverbs. Paperback ed. London: Saqi Books, 2000.

Bruner, Jerome. The Culture of Education. Cambridge, MA: Harvard University Press, 1996.

Grip, Elias. Indiska folksagor.. Stockholm: P. A. Norstedt och Söner, 1924.

Jacobs, Joseph. English Fairy Tales. 3rd rev ed. New York: G. P. Putnam's Sons, 1902.

Lattmann, Dieter. Das Anekdotenbuch: Rund 4000 Anekdoten von Adenauer bis Zatopek. Fischer-Taschenbuch-Verlag, 1979 (og seinast 2015).

Müller-Guggenbühl, attforteljar. Swiss-Alpine Folk-Tales. Omsett av Katharine Potts. London: Oxford University Press, 1958.

Padoan, Gianni, attforteljar. 366 and more Fairy Tales. Omsett av Colin Clark, illustrert av Sandra Smith. Horsham, Sussex: Ravette, 1987.

von Radecki, Sigismund. Das ABC des Lachens: Ein Anekdotenbuch zur Unterhaltung und Belehrung. Reinbek bei Hamburg: Rowohlt Taschenbuch-Verlag, 1953.

Waddell, Helen. Beasts and Saints. London: Constable, 1934.

Wærenskjold, Leif. Den gamle skattkiste: fortellinger, legender, eventyr, sagn. Oslo: Engnæs, 1943.

Eventyr, folkeeventyr.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr, folkeeventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2011–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]