![]() |
Lette eventyr og andre eventyr | ||||||||||||||||||
|
Den vesle raude hønaDET VAR ein gong ein katt og ei mus og ei lita raud høne som budde i lag.Ein dag sa den vesle raude høna: "Skal vi steike ei pannekake og halde gjestebod?" "Ja, det gjør vi," sa katten og musa. "Kven skal gå til kverna etter mjøl til pannekaka?" spurde den vesle raude høna. "Ikkje eg," sa katten. "Ikkje eg," sa musa. "Eg får gjøre det, eg, då," sa den vesle raude høna. Og så gjekk ho til kverna etter mjøl. "Kven skal lage røre til pannekaka, spurde den vesle raude høna. "Ikkje eg," sa katten. "Ikkje eg," sa musa. "Eg får gjøre det, eg, då," sa den vesle raude høna. Og så laga ho røre. "Kven skal steike pannekaka?" sa den vesle raude høna. "Ikkje eg," sa katten. "Ikkje eg," sa musa. "Eg får gjøre det sjølv, då," sa den vesle raude høna. Og så steikte ho pannekaka. "Kven skal ete pannekaka?" sa den vesle raude høna. "Eg vil!" sa katten. "Eg vil!" sa musa. "Nei, eg gjer det," sa den vesle raude høna. "No har eg henta mjøl til pannekaka og laga røre til pannekaka og steikt pannekaka, og no et eg heile pannekaka også." Og det gjorde høna. Meister skreddarDET VAR ein gong ein liten kar som hadde eit stykke tøy. han ville få sydd seg ein frakk av tøyet, og derfor gjekk han til skreddaren og spurde om han ville sy den vesle frakken for han.Skreddaren sa ja. "Når blir den vesle frakken mi ferdig då?" spurde den vesle karen. "På laurdag," svarte skreddaren. "Det passar bra det, meister skreddar. Tusen takk, meister skreddar. Farvel, meister skreddar." Og så gjekk den vesle karen. Det blei laurdag, og då kom han att for å hente frakken si. "God dag, god dag, meister skreddar. Er frakken min ferdig?" "Nei, dessverre," sa skreddaren. "Korfor ikkje det då?" "Jo, dessverre, det blei ikkje nok til frakk." "Blei det ikkje nok til frakk? Kva blei det nok til då?" "Det blir nok til bukser." "Jaså, blir det nok til bukser! Når blir buksene mine ferdige då?" "På laurdag." "Det passar bra det, meister skreddar. Tusen takk, meister skreddar. Farvel, meister skreddar." Og så gjekk den vesle karen. Då det blei laurdag, kom han att for å hente buksene. "God dag, meister skreddar. Er buksene mine ferdige?" "Nei, dessverre," sa skreddaren. "Korfor ikkje det då?" "Jo, det har seg slik, dessverre, at det ikkje blei nok til bukser." "Blei det ikkje nok til bukser? Kva blei det nok til då?" "Det blir nok til vest." "Jaså, blir det nok til vest. Når blir vesten min ferdig då?" "På laurdag." "Det passar bra det, meister skreddar. Tusen takk, meister skreddar. Farvel, meister skreddar." Og så gjekk den vesle karen. Då det blei laurdag att, kom den vesle karen for å hente vesten sin. "God dag, meister skreddar. Er vesten min ferdig no?" "Nei, dessverre," sa skreddaren. "Korfor ikkje det då?" "Vel, det har seg dessverre slik at det ikkje blei nok til vest." "Blei det ikkje nok til vest? Kva blir det nok til då?" "Det blir nok til hue." "Jaså, det blir nok til hue! Når blir hua mi ferdig då?" "På laurdag." "Det passar bra det, meister skreddar. Tusen takk, meister skreddar. Farvel, meister skreddar." Og så gjekk den vesle karen. Så blei det laurdag att, og den vesle karen kom for å hente hua si. "God dag, god dag, meister skreddar. Er hua mi ferdig no?" "Nei, dessverre, det kan eg ikkje seie." "Korfor ikkje det då?" "Vel, det blei dessverre ikkje nok til hue." "Jaså, det blei ikkje nok til hue. Kva blir det nok til då?" "Det blir nok til vantar." "Jaså, det blir nok til vantar. Når blir vantane mine ferdige då?" "På laurdag." "Det passar bra det, meister skreddar. Tusen takk, meister skreddar. Farvel, meister skreddar." Og så gjekk den vesle karen. Då det blei laurdag att, kom den vesle karen for å hente vantane sine. "God dag, god dag, meister skreddar. Er vantane mine ferdige no?" "Nei, dessverre," sa skreddaren. "Korfor ikkje det då?" "Det blei dessverre ikkje nok til vantar." "Jaså, det blei ikkje nok til vantar. Kva blir det nok til då?" "Det blir ikkje nok til noen verdens ting." "Det passar bra det, meister skreddar. Tusen takk, meister skreddar. Farvel, meister skreddar." Dermed gjekk den vesle karen, og han kom aldri, aldri meir igjen. [Folkeeventyr] Då den gjerrige bonden feira fødselsdagEIN BONDE var nokså gjerrig, og det same måtte seiast om døtrene og svigersønene hans. No var det snart fødselsdagen hans, og det skulle feirast. Han kalla saman døtrene og svigersønene og foreslo at kvar svigerson skulle ta med seg ei flaske vin i gåve til fødselsdagsfeiringa.Den eldste svigersonen tenkte med seg sjølv: "Dersom dei to yngre svigersønene kjem med ei flaske vin kvar og all vinen blir slått saman, kan eg godt ta med ei flaske vatn utan at noen vil merke det." Men dei to yngre svigersønene tenkte akkurat sameleis. Imens hadde bonden stelt opp ei tønne i gården, og svigersønene skulle tømme vinen i den. "Det er ikkje bra at tønna er heilt tom," tenkte bonden. "Men å tømme vin i den blir for dyrt. Dersom eg slår på ein skvett vatn, kjem ingen til å merke det." Og dermed gjorde han det. På fødselsdagen kom svigersønene og gratulerte svigerfaren og tømte vinflaskene sine i tønna. Så var det middag, og på bordet stod rykande varme bollar. "No må eg tømme eit glas og smake på vinen," sa bonden og greip glaset med glede. Men han laut grøsse, for væska smakte som vatn. "Eg burde ikkje slått på vatn," tenkte han med seg sjølv. Men til dei andre sa han: "Det var då ein framifrå vin!" No skjenka svigersønene også i glasa og løfta dei med forventning. "Dette var fæle greier!" tenkte dei kvar for seg. "Kven skulle tru seg at ei flaske vatn kunne gjøre slik skade?" Ingen av dei våga å seie noe, så dei roste vinen, dei også. "Den vinen må eg også prøve sia alle skryt av den," sa gardsguten, og då ingen såg det, tok han ein diger slurk. Men han spytta den ut med det same. "Fy då!" ropte han, "korleis noen kan skryte av sånt søl som dette?" [Frå Kina] Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20012007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||