Norsk del, Gullvekta
Hans Skjervheims rolle i norsk utdanningshistorie
Seksjon › 6 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Hans Skjervheims rolle i norsk utdanningshistorie

For å skjere gjennom: Er det noko det er verdt å vere med på, skulle ein vurdere å vere deltakar. Er det derimot noko utriveleg eller kriminelt, er det truleg betre å vere tilskodar enn deltakar. Hans Skjervheim formulerte iallfall ein halvdel av dette fornuftige grunnsynet.

HANS SKJERVHEIM, MODIFISERT FOTO
Hans Skjervheim

Den Vossestrand-fødde filosofen Hans Skjervheim (9. oktober 1926 - 1999) har hatt stor innverknad på norsk samfunnstenking og filosofi. Han var ein stor essayist som er mest kjent for å ha starta positivismedebatten i Noreg. Han blømde i ein radikalisert periode av norsk utdanningsliv. Han endra det tradisjonelle linjemønsteret i samtidas kulturdebatt. Som forfattar, filosof og universitetstilsett verka Skjervheim inn på utdanningspolitikken og sider ved kulturlivet elles med stunder, enda om han skilde seg ut frå både "kulturradikalarane eller naturalistane - og frå marxistane, som kom til å sjå på denne regimekritikaren som ein renegat" (Skjervheim 1996, 9, 10).

Motivert av uro over farleg forenkling av menneska - som objektiveringa, instrumentaliteten og føremålsrasjonaliteten var og er - kom han i strid med positivistar på 50-talet, psykologar på 60-talet, marxistar på 70-talet og universitetsadministrasjonar på 80-talet. "Det synest vere like viktig heilt enkelt å forstå mennesket som å vere i stand til å kontrollera det", skriv han alt i 1959 (1974, 39). Det er eit nyttig korrektiv til den businessprofilerte mål-middel tenkinga som rår over store delar av norsk utdanningspolitikk. Skjervheim sansa på 80-talet at det var ei heilt anna gruppe enn venstreradikalarane som var verkeleg farlege for samfunnet, og slo til mot jappe-liberalismens teori for omlegging av organisasjonane, arbeidsordningane og styringsmåtane i det private næringslivet, og også i ei rad kommunale og statlege institusjonar.

Ein av styringsmodellane som voks til på 80-talet var det såkalla MBO-systemet ("management by objectives") eller med andre ord "målstyring og verksemdplanlegging". Slik målstyrt tenking fekk entusiastisk tilslutning frå Statskonsult og blei tilrådd for universiteta og forskingsinstitusjonane . . . Grunnlaget for den storstilte omlegginga av samfunnet var bedriftsøkonomisk. Det var dette Skjervheim tok for seg ved slutten av 80-talet og frametter. Det han no åtvara mot, var den lange marsjen til leiarskapsfolk (management men) gjennom institusjonane. "Det heile vert formulert i eit språk som stammar frå bedriftsøkonomien, men eg held det for ei filosofisk innsikt at eit slikt språk er svært lite adekvat for dei fleste alvorlege samanhengar", fortel Jon Hellesnes (1999). Reduksjonisme gjer universiteta og dei som tilpassar seg dei mykje, farleg forkrøpla og hemma etter kvart, går det fram (ibid.).

Skjervheims rolle i norsk utdanningsliv

Norsk utdanningspolitikk hadde mange samspelande aktørar då Hans Skjervheim blømde. I figuren øvst kan utdanningspolitikken som var, liknast med eit lik som blir dissekert av slike som brødfør seg på slikt: historikarar frå ulike fagfelt, som mitt. Ein følger visse tema om lag som blodårene i skrotten. Lat oss samanlikne Skjervheims bidrag med ein god del av venstre brystmuskel, og kanskje halde motpartar som Arne Næss som delar av den motsette brystmuskelen, for illustrasjonen si skuld. Vi forstår sikkert at den levande skrotten er meir enn to muskar, og meir enn summen av daude delar. Eg nemner desse tinga ved kunst fordi god kunst kan nå høgare opp og fram enn mykje anna. Ovanfor er ein Rembrandt brukt illustrativt. [Lenke]

Norsk utdanningsliv var prega av sosialdemokratisk progressivisme i åra 1965-86. Då dukka etter kvart nyradikalismen opp og kritiserte Arbeidarpartistaten (AP-staten) si tru på framsteg ved økonomisk vekst, auka produksjon og større effektivitet, og var også kritisk til AP-staten si sentralisering og byråkratisering. Dessutan meinte nyradikalarar at individpsykologiske forklaringsmodellar kom til kort. I Noreg meinte nyradikalarar at sosiologiske forklaringsmodellar var nødvendige, at lokalsamfunna trengte meir makt, og at det var tiltrengt med solidaritet med verre stelte.

I 1968 blei det studentrevolt i Europa. Det starta i Frankrike i mai. Revolten femna over protestar mot Vietnam-krigen, og hadde blant anna tankar av Jürgen Habermas som basis, og Habermas viste blant andre til Skjervheim. Studentar gjekk imot professorveldet, bruken av naturvitskaplege metodar på menneske, og eksamensordningar som var. Det kom dessutan kritikk mot at staten nytta sosialøkonomi og positivistisk* pedagogikk som styringsreiskap. Skjervheim hadde altså bore fram tankar ein har funne bakom studentopprøret, og kom også til å kritisere det høgare utdanningslivet i Noreg på velfundert vis seinare gjennom essays og bøker og universitetskontaktar.

*"Med psykologisme meiner eg tendensen til å absolutera dei psykologiske synsmåtane, å setja dei i sentrum ved handsaminga av alle problem. Parallelt kan ein tala om sosiologisme, biologisme, etc. Generelt skal eg tala om objektivisme når den objektiverande haldninga vert absoluttert, det vil seia når ein berre vil sjå alt under synsvinkelen fakta og faktisitet. Eit anna namn for det same er positivisme." - Skjervheim (1996, 78).

Skjervheim studerte ved universitetet i Oslo i 1948-57. Tidleg i femtiåra var tysk, filosofisk debatt frå første delen av 1900-talet stort sett ukjent i Noreg. Skjervheim reiste derfor til Bonn for å få nærare kontakt med nyare tysk filosofi. Han tok magistergraden i 1957 med avhandlinga Der moderne Objektivismus und die Wissenschaft vom Menschen. Den kom ut noko krympa som Objectivism and the Study of Man på Universitetsforlaget to år etter (2000).

Han var knytt til Universitetet i Oslo som stipendiat i filosofi frå 1964 til 1969, blei tilsett som lektor i faget ved Universitetet i Bergen i 1971, og etter eit år som gjesteprofessor i Tromsø fungerte han i 1974 - 1975 som professor ved Universitetssentret i Roskilde, som viste seg å vere for mykje av eit urosenter for han. Så slo han seg ned for godt i Bergen, i eit personleg professorat frå 1982 til 1991, då han fekk hjerneinfarkt. I åra før pendla han mellom München, Bonn, Bergen Paris, Oslo, med fast bustad på Voss, der han var født og oppvaksen (Skjervheim 1996, 10-11).

Kjempa for anna paradigme

Skjervheim debuterte som filosof i eit sosiologisk essay frå 1957, og ytra seg sidan i eit vidt felt: vitskap og forsking, filosofi, psykologi, pedagogikk, sosiologi og estetikk, men dei fleste av studiane hans rørte ved dei allmenne kulturlivet. Det har blitt gitt ut fleire bøker av og om han. (Skjervheim 1996, 10-11, 18)

Arbeida til Skjervheim blei sterkt prega av fleire års opphald i Tyskland, "der folk tek vitskap og filosofi alvorleg og grundig, og der ein har mykje å læra", som han skriv. Han blei påverka av Edmund Husserl*, som hevda at ei transcendentalfilosofisk grunngjeving av vitskapane er nødvendig og mogeleg, og med det at all grunnlagsproblematikk nødvendigvis må vere transcendentalfilosofisk. Sagt enklast råd: I botnen av vitskapsgreinene ligg filosofiske premisser, føresetnader ein tar for gitt, paradigme-delar. Skjervheim kom tidleg til å meine at ein slik transcendentalfilosofiske reduksjonen ikkje er heilt gjennomførleg. Den er viktig som metode, men om ein ikkje godtar transcendentalfenomenologisk idealisme heile vegen, gir ein Martin Heidegger rett - han seier at Daseinanalyse har som føresetnad at den transcendentale reduksjonen ikkje er heilt gjennomførleg. Dette fører vidare til ei omtolking av kva som kan vere fenomenologien si oppgåve og metode. Slike grunnpoeng var det Skjervheim mellom anna forma utleiingar av og tilpassingar til i norske forhold og andre. Bertrand Russell skriv elles i The Philosophy of Logical Atomism (1918) om slik praksis at poenget med filosofi er å starte med noko som er så enkelt at det ikkje verkar verdt å formulere, og å ende opp med noko så paradoksalt at ingen vil tru det. (Skjervheim 1996, 39, 41-42; Klement)

*Magne Dybvig: "Husserl". 1999. I J. Jafarnejad, red. Veien til vitenskap. Band 1. Trondheim: Privat forlag. På nettet: [oaks.nvg.org/veien-husserl.html]

Den kontinentalt inspirerte Skjervheim kom ikkje heilt til sin rett ved å bli målt etter reglane i krinsen rundt logikaren og positivisten Arne Næss. Næss var professor i filosofi i Oslo mellom 1939 og 1970, då han gjekk av for å utvikle seg sjølv som einebuar under Hallingskarvet og vidare. Då han var professor, introduserte Næss impulsar frå tysk og angelsaksisk pragmatisme, logisk positivisme, og logisk empirisme. Skjervheim på si side var meir epistemologisk grunnande, og kom til å legge langt meir vekt på refleksjon over dei transcendentale konstitusjonsproblema og dialektikken enn på definisjonskavalkaden til nominalisten Næss. Næss sine syn vann også innpass i førebuande prøver og la hovudvekta på tolking, presisering, definisjon, argumentasjon og saklegheitslære. (Skjervheim 1996, 14-15, 18)

Skjervheim voks ut av miljøet omkring Næss. Lange studieopphald i Tyskland, seinare også i Frankrike, hadde gjort han fortruleg med refleksjonsfilosofien frå Descartes til Kant og Husserl. Skjervheim siterte ofte Henri Bergson, som hevda ein lyt skilje mellom ein grunnleggande intuisjon og eit reisverk av omgrep, argumentasjonskjeder, systemstrukturar oppå og attåt intuisjonen. I forlenginga av dette kom Skjervheim til å famle etter innsikta at "å forstå mennesket er å forstå eit vesen som sjølv er i stand til å forstå og å forstå seg sjølv. Det var hos Skjervheim ei innsikt som gjekk føre alle andre innsikter", fortel Aarnes. (Skjervheim 1996, 17, 20)

Skjervheim fekk ikkje stillinga som filosofiprofessor i Oslo då Arne Næss trekte seg frå professoratet i 1970 for å utvikle seg, som han sa. Stillinga gjekk til den svensken logikaren Dag Prawitz som blant anna hadde forfatta doktoravhandlinga "Natural deduction" i 1965. Han blei tilsett som professor i Oslo 1971-77 og deretter som professor i teoretisk filosofi i Stockholm.

Tenkinga til Skjervheim gjekk gjennom tre fasar, fortel Asbjørn Aarnes: den refleksive vendinga "tilbake til Kant"; vendinga mot dialektikken med oppdaginga av Platon og Hegel, og den etiske vendinga, også kalla den transcendentalpragmatiske eller berre pragmatiske, der Skjervheim oppdaga Kant på ny. Skjervheim kom til å sanne at autoritetskjelda hans ikkje var å finne i noka gruppe eller klasse. Autoriteten låg i refleksjonen, i den frie drøftinga, i den Humboldtske idéen om den akademiske lærefridommen i den dobbelte tydinga: å lære og å lære frå seg. Han innsåg også at "Den marxistiske utopi om det klasselause samfunnet, der ingen skulle vere undertrykte, fungerte på same måten: Den førespegla fridommen, men innførde tvang." Skjervheim oppheldt seg også ein del ved formale motseiingar og paradoks i totalitære ideologiar. Han framheva det var eit paradoks at dei statane som hadde sett i verk det marxistiske programmet om å oppheve all undertrykking, samtidig hadde måtta oppheve all fridom og innføre massiv tvang, ortodoksi og terror. Som Lenin sa ein gong med eit minneverdig ord, "Fridom er dyrebart - så dyrebart at det lyt rasjonerast." Skjervheim "nyfilosofiske" overordna innsikt blei at systemet slavebitt både tilhengarar og motstandarar. (Skjervheim 1996, 22, 23)

Skjervheim såg universitetsreformene i eit vidt perspektiv, som ledd i ein postmodernisme-offensiv. I den offensiven frykta han at det forskande, tvangsfrie kommunikasjonsfellesskapet blei gjort til "ei forsamling "forelda" toskar som heldt fram under vitskapens "forheksing" mens dei gløymde at utvekslinga av teikn og data i informasjonssamfunnet fungerte som simulakrar [1], narrebilete. I ei slik av-ontologisert verd vil styringsinteressa bli den siste lidenskapen, og kontakten med det levande broten. Akademisk pedagogikk verkar langt på veg som støttespelar langs simulakrevegen som vil styre også. [2] (Skjervheim 1996, 26-27).

1. Kjent term hos Jean Baudrillard.

2. Førsteside-kunstverket kan fremme refleksjon langs slike baner.

Skjervheim karakteriserte elles den postmodernistiske filosofien slik: "Det er ein dramatisert skeptisisme med apokalyptisk horisont. Det verkeleg nye er at dei har brukt stilmiddel frå den litterære modernismen når dei har skapt si framstillingsform. Dette er truleg mogleg berre i Frankrike." Han såg at postmodernismen favoriserte ei nedbryting av skiljet mellom retorikk og dialektikk i platonsk meining (Skjervheim 1996, 28).

Skjervar til norsk utdanningsliv

Norsk skole har vore i endring i mange hundre år. Endringane etter 1945 kan ein dele inn i tre fasar. I den første av desse, mellom 1945 og 1965, kom ein radikal periode mellom studentar og universitetstilsette ute i Europa i Noreg. Det var mangt i gjæring i studentflokken, der mellom anna flower power-rørsla sette sine frukter. Ein studentrevolt i Frankrike i mai 1968 blei vidt kjent, og marxist-leninistar med einsretta tankevarer kom i sig for ei tid.

Hans Skjervheims siste faglege bekymring gjaldt som nemnt universitetet; han såg universitetsreformene som ledd i ein postmodernisme-offensiv. Eit av dei store spørsmåla blei kva premissar universitetet som forskings- og undervisningsinstitusjon kunne overleve med deretter. Skjervheim var ein av dei første som tolka den nye målstyringsmodellen som lite verdig under eitt. Skjervheims tolking gjekk ut på at motivet bakom var tilpassing til EUs integrasjonsplanar for undervisings- og forskingspolitikk. Opphavleg var idéane utgådde frå Thatcher-regimet sitt efficiency-prosjekt - (sensitiveness to the market osv.) og var blitt møtt med skepsis frå tysk hald som kjende forpliktinga frå Humboldt-tradisjonen med lause universitetsopplegg. At sosialdemokratar med Gudmund Hernes i spissen innførde Thatcher-idéar i norsk skole- og forskingsverk var eit historisk paradoks som Skjervheim mora seg over. (Skjervheim 1996, 26, 27)

Skjervheim sine bidrag i norsk utdanningsliv blei mest av alt å markere massive skilje. Utforsking av natur og utforsking av menneske skil seg, og handlingar retta mot ting og mot andre menneske skil seg. Skjervheim hevda her at det såkalla objektivitetsprinsippet ikkje var fullt brukande i studiet av mennesket som subjekt, som eige vesen. Han framheva i staden innsikt gjennom felles deltaking i saksforhold.

Den skapande tenkaren Skjervheim kom også så langt at han kritiserte universitetspedagogikken som kom til å råde, for å misforstå pedagogisk praksis som teknikk aleine, og for å oversjå at det er skil på handlingar overfor ting og overfor menneske. Ting-fokuserte handlingar har fokus på mål gjennom verkemiddel, mens menneskefokuserte handlingar ligg i sosiale felt, i fellesskap, der ein finn uttalte og andre normer for deltakarar i felta.

Han lanserte yttarst nyttig motvekt mot den etter kvart rådande trua på at det skulle vere sterk statleg styring av utdanninga, og på naturvitskap som styringsinstrument. Etter kvart har også liberalistisk tru på marknadskreftene komme i tillegg, noko som Skjervheim åtvara mot fleire år før det blei "synleg" for andre (Skjervheim 1996, 82).

Det er ei innfløkt samveksling mellom idéar som får gjennomslag i ein periode og mentalitetane i den tida. Mange fine idéar blir oversedde, for kanskje å komme på moten fleire tiår etter at tenkaren døydde, fordi tidene er annleis og toneangivande ser seg tent med desse ideane, fordi somme resonnerar som klangbotnar for visse utsyn og mindre for andre, fordi nokon som har nådd over åtgaumtersklar og vunne innpass i forlag og så tar enkle val, og så bortetter. I slike komplekse nettverk lanserte Skjervheim fleire gode idear i ei brytningstid, og fann tilhørarar i visse krinsar. Han arbeidde seg fram. Påverknadar frå han verkar enno (Skirbekk 1999), men er lite fronta i ei tid merkt av spørsmål rundt ytringsfridommen overfor militant fundamentalisme med drapstrugslar, slik hendingar rundt og etter publiserte karikaturteikningar av Muhammed i danske og norske media har synt. Det er eit "liberalt dilemma" folket har her. Og Hans Skjervheim såg mykje godt i dét faret også. I Det liberale dilemma frå 1968 drøftar han korleis eit bra ope, liberalt samfunnet skal stille seg til grupperingar som uttrykker totalitære haldningar. Mykje av problematikken frå boka er no aktualisert.

Skjervheim gjekk inn for sjølvforståing, dialog og grunngiving. Dialog blei eit av ideala han heldt fram. Han kom fram til at teoriar om menneskesamfunn er skapte av deltakarar i desse samfunna, og at moralske og rettslege problem utgjer eit eige område. (ibid.)

Skjervheim kom til å påverke vennar sterkt, mellom dei Asbjørn Årnes, Gunnar Skirbekk og Jon Hellesnes. Den personlege påverknaden hans hang saman med eit grunnsyn om Mitsein. Han favoriserte ei skildring av tilværet som byrja med Martin Heidegger sitt nyord in-der-Welt-Sein; vere-i-verda, og seier at måten vi er i verda på er Mitsein; medvere. (1996, 43; Nyre)

PS. Takk til Herman Ruge Jervell for opplysningar om Dag Pravitz.

Innhald


Hans Skjervheim i norsk utdanningshistorie - Litteratur  

Bakke, Ivar. "Refleksjon og deltagelse. Hans Skjervheim: "Filosofi og dømmekraft"." (read.agane.com/sakprosa/hanskjervh2.HTM)

Hellesnes, Jon. 1999. "Den siste årvaringa frå Hans Skjervheim." Oslo: Morgenbladet, 26.2.1999

Karlsen, Gustav E. 2006. Utdanning, styring og marked. Norsk utdanningspolitikk i et internasjonalt perspektiv. Oslo: Universitetsforlaget,. Kap 5, b, 10,11,12 (108s).

Klement, Kevin. "Russell's Logical Atomism", Stanford Philosophical Encyclopedia. 2005. (plato.stanford.edu/entries/logical-atomism/)

Nyre, Lars. "Det rette forholdet til andre menneske: Hans Skjervheim og intersubjektiviteten som fundamentet for tenkinga hans". Bergen: UiB-magasinet. nr 1 1997.

Skirbekk, Gunnar, red. 1999. Faggruppe for demokrati og deltaking, "oppfølgingsartiklar", Notat nr 12.1. Bergen, 1999.

Skjervheim, Hans. 1968. Det liberale dilemma og andre essays. Oslo: Tanum.

Skjervheim, Hans. 1974. Objektivismen - og studiet av mennesket. Ny utg. av magisteravhandlinga frå 1959. Oms. Atle Måseide. Oslo: Gyldendal,

Skjervheim, Hans. 1996. Deltakar og tilskodar og andre essays. Oslo: Aschehoug.

Dybvig, Magne. "Husserl". 1999. I J. Jafarnejad, red. Veien til vitenskap. Band 1. Trondheim: Privat forlag. På Internett hos Gullvekta. [oaks.nvg.org/we3ra5.html#husserl]

Hans Skjervheim i norsk utdanningshistorie, opp Seksjon Sett Neste

Hans Skjervheim i norsk utdanningshistorie. BRUKARGAID: [Lenke]
© 2008–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]