ForkortingarForkortingar kan hjelpe kjapt oversyn. Men ein vrimmel av forkortingar i teksten kan gjere han inntil gåtefull, lite skjøneleg og lite tenleg. Ein gjer normalt klokt i å unngå forkortingar i overskrifter, i setningar og avsnitt med (altfor) mange forkortingar allereie, og i tekstar mynta på folk flest. Forkortingar skal som oftast ha punktum, men det skal ikkje vere punktum i forkortingar for mynt, mål og vekt eller for initialord. Elles: Dei svært få forkortingane som er merkte med * under (redr og samlr), er ikkje vanlege, men tilmåta til bruk på nettstaden. A@ = krøllalfa adr. = adresse am. = amerikansk app. = appendiks, vedlegg apr = april attr. = attribuert, tilskrive, attribuerting, tilskriving aug. = august avd. = avdeling avst. = avstytting (forkorting), avstytta (forkorta)
Bbd. = band bl.a. = blant anna, blant andre bm. = bokmål bnr. = bruksnummer
C© (copyright) = kopirett, einerett til å kopiere ca. (circa) = kring, om lag, omkring, omtrent, rundt, osv. cand. (candidata, candidatus) = kandidat som har tatt eksamen ved universitet eller høgskole. CD, cd. = Compact Disc, (initialord som tyder kompaktplate) cm = centimeter Co. = Company (engelsk for kompani)
Dd. = daud da. = dansk daa. = dekar (1000 m2, eigentleg "ti ar"; eit ar = 100 m2) d.e. = den eldre d.e. = det er (norsk typografisk teikn for d.e. er ɔ: - Norsk rettskrivningsordbok (Kunnskapsforlaget 1985 > "Tegn og symboler som brukes i norsk". Forklaringsteiknet heiter scilicet, (uttala /:skiliket:/), det vil seie, det er (jf. Collins Dictionaries). På eit par andre språk: that is to say, namely, das heisst, nähmlich. des. = desember div. = diverse dl = desiliter (ein tidels liter; d-en står for desi-, tidel, og l-en for liter) d.m. = denne månaden do. = ditto (likeins, av same slag) dr. = doctor (til dømes i titlar, som dr.philos.) dr.avh. = doktorgradsavhandling d.s. = det same, den same, dei same. d.s.s. = den (det, dei) same som dus. = dusin (= 12 stk) DVD, dvd = forkorting for Digital Versatile Disc; dataplate som ser ut som ein CD og er like stor, men som rommar mangfaldige gongar meir. dvs. = det vil seie (typografisk teikn: ɔ: - Jf. d.e. ovanfor). d.y. = den yngre d. = døgn d.å. = dette året
EEB = Encyclopaedia Britannica (leksikon). Britannica Online går for det same. e.g. (exemplia gratia) = til dømes, for eksempel e.Kr. = etter Kristus e.l. = eller liknande eig. = eigentleg eks. = eksempel; eksemplar el. = eller eng. = engelsk et al (et alii) = og andre, med fleire etc (et cetera) = og så vidare, osv., og så bortetter, osb. ev. = eventuell, eventuelt evt. = etter vår tidsrekning - Språkrådet rår til e.Kr.
Ff. = født f.eks. = for eksempel (= til dømes) f.Kr. = før Kristus f.o.f. = først og fremst f.o.m. = frå og med f.t. = for tida feb. = februar fig. = figur(leg) fl. = fleire forf. = forfattar fork. = forkorting, forkorta forts. = fortsette, fortsetting fr. = fru, frøken framh. = framhald fv. = fylkesveg fvt. = før vår tidsrekning - Språkrådet rår til f.Kr.
Gg = gram g. = gong(er) g.; g.m. = gift; gift med GA (Gesamtausgabe) = samla utgåve (frå tysk) gen = generell, generelt gnr. = gardsnummer GT = Gamle-Testamentet GW (Gesammelte Werke) = Samla verk (frå tysk)
Hha = hektar hf. = hefta (utgåve) hoh. = høgd over havet hovudred. = hovedredaktør hum = humoristisk Hz = hertz
Ii.e. (id est) = det er, det vil seie ib. og ibid. (frå latin: ibidem) = same stad IEP = Internet Encyclopedia of Philosophy ift. = i forhold til ill. = illustrasjon; illustrert (av); illustratør i.s.* (ibi stet) = der står. Tyding: "I jamføringstekst(ar) står": - Somtid brukt om ordspråk og anna har blitt omlaga/nyformulert/modernisert i eit høve. istf. = i staden for ital. = italiensk
Jjan. = januar jf. = jamfør jnr. = journalnummer jr. eller jun. = junior
Kk = kilo- (tusen) kap. = kapittel kg = kilogram kl. = klokka km = kilometer komm. = kommentar kr = krone(r)
Ll = liter l.c. = loco citato (på nemnde stad) lau. = laurdag loc cit (loco citato) = på nemnde stad, på den siterte staden, eller i det siterte verket lnr. = løpenummer
Mm = meter m.a. = mellom anna, mellom andre m.a.o. = med andre ord m.m. = med meir m.o.t. = med omsyn til md. = månad(er) mfl. = med fleire mg = milligram mill. = million(ar) min = minutt ml = milliliter mm = millimeter mod = modifisering, modifisert (endring, tillemping, tilmåting - endra, tilpassa, jenka, tilmåta, tillempa o.a. Det finst mange slag, mellom anna omformulere, utvide, lappe, bøte, og så vidare. moh. = meter over havet ms = matskei mv. = med videre må. = måndag
Nn.å. = neste år(et) np. (no place) = ingen (utgivings)stad funnen eller oppgitt NB (nota bene) = merk vel nd (no date) = ingen dato funnen eller oppgitt ndf. = nedanfor NN = nomen nescio (eg kjenner ikkje namnet) NO = Noreg (ISOs tobokstavskode) no. = Norsk NOU = Noregs offentlege utgreiingar nov. = november nr. = nummer, frå latin numero nyno. = nynorsk
Oo.a. = og anna, og andre o.l. = og liknande och = og på svensk ofl. = og fleire okt. = oktober oms. = omsettar, omsetting on. = onsdag op (opus) = verk, arbeid (frå latin) op cit (opere citato) = I det siterte verket orig = opphavleg osb. = og så bortetter osv. = og så vidare ovf. = ovanfor
Pp. (pagina) = side p.a. (pro anno) = per år, for året, i året p.m. (post meridiem) = etter middag p.m. (post mortem) = etter døden p.t. (pro tempore) = for tida passim = gjennom, her og der, spreidd (ut gjennom); utplukk(a) frå tekst ein finn i teksten ein viser til (ved t.d. startsida og sluttsida). pga. = på grunn av pkt. = punkt(er) PR (public relations) = publikumskontakt ps eller PS (post scriptum) = etterskrift psevd (psevdonym) = ikkje eige namn, som til dømes pennenamn
Qq.v. (quod vide) = sjå der, sjå den staden.
Rred. = redaksjon, redaktør, redigert av redr.* = redaktørar ref. = referanse, referat reg. = register, registrert rev = revidert rv. = riksveg
Ss eller sek = sekund s. = side(r) s.å. = same år(et) s.d. = sjå denne (dette, desse) (jf. q.v.) s.m. = same månaden saml. - samlr* = samlar, samlarar, samling sen. eller sr. = senior sep. = september sj. = sjeldan Skt = Sanskrit (eldgammalt språk, i same språkfamilie som gresk, latin og gammal-germansk) SNL = Store norske leksikon sp. = spansk spm. = spørsmål sr. eller sen = senior sst. = same staden St. = Sankt, Santa, Santo, Saint (heilag) stk. = stykk(e) supra = før i dette skriftet’, ovanfor sv = svensk s.v. og sv. (sub verbo eller sub voce) = under ordet (t.d. under det tilslagordet, under den overskrifta). sø. = søndag såk. = såkalla
Tt = time t = tonn t.d. = til dømes (= for eksempel) t.o.m. = til og med tab. = tabell temp. = temperatur tidl. = tidlegare, tidlegast TK = Tormod Kinnes (også T. K.), Theodor Kittelsen og Trondheim Kommune tlf. = telefon to. = torsdag ts = teskei ty. = tysk eller tysdag
Uund (tysk) = og UP (University Press) = Universitetsforlag utdr. = utdrag. utg. = utgåve, utgitt, utgivar utv. = utvida, utviding
Vv = vers vha. = ved hjelp av viz (videlicet) = det vil seie vs (versus) = andsynes, overfor, mot, imot vsa. = ved sida av
WWP = Wikipedia Særforkortingar (engelske) [Lenke]
Delstatane i USA med forkortingarAlabama, AL — Alaska, AK — Arizona, AZ — Arkansas, AR — California, CA — Colorado, CO — Connecticut, CT — Delaware, DE — Florida, FL — Georgia, GA — Hawaii, HI — Idaho, ID — Illinois, IL — Indiana, IN — Iowa, IA — Kansas, KS — Kentucky, KY — Louisiana, LA — Maine, MA — Maryland, MD — Massachusetts, MA — Michigan, MI — Minnesota, MN — Mississippi, MS — Missouri, MO — Montana, MT — Nebraska, NE — Nevada, NV — New Hampshire, NH — New Jersey, NJ — New Mexico, NM — New York, NY — North Carolina, NC — North Dakota, ND — Ohio, OH — Oklahoma, OK — Oregon, OR — Pennsylvania, PA — Rhode Island, RI — South Carolina, SC — South Dakota, SD — Tennessee, TN — Texas, TX — Utah, UT — Vermont, VT — Virginia, VA — Washington, WA — West Virginia, WV — Wisconsin, WI — Wyoming, WY
Tilvisingar til bøker ved kodebokstavar1. Om tilvisingsbokstavarEin kan vise til bøker og andre verk som er med i eit avgrensa materiale (tilfang) ved å bruke avstytta ord eller nokre få bokstavar som viser til boktitlane og tidvis spare mykje bry slik, fordi fulle boktilvisingar jamt er fleire gongar så lange som dei avkorta tilvisingane. Bruken av stutte kodeord - nokre få bokstavar greier seg helst - for boktitlar er vanlegast der ein har eit avgrensa utval bøker ein viser til, så som bøker frå ein tradisjon. Kodeord (tilvisingsbokstavar og -tal som erstattar boktitlar i tekstar) finst både i standardiserte former og som meir uformelle variantar. 2. Byrjingsbokstavar til ord i titlar. Initialord, akronym og tilvisingar til grunntekstarDet kan mang ein gong høve for ein som skriv kladd og uformelt, å vise til bøker og andre tekstar ved hjelp av nokre få bokstavar. Byrjingsbokstavar frå utvalde, kjennelege ord i tittelen går kanskje bra. Boka Veien til Agra kan til dømes få "Vta" som tilvising i tekst, og forklaring på "Vta" i ei særleg liste attåt. Det er forbokstaven til kvart av dei tre orda som er sett saman, enkelt og greitt. "Vta" er døme på korleis initialord blir til. USA, Nato, og tv er laga over same leisten, etter same opplegget. Eit akronym er altså eit initialord av ord som kjem etter kvarandre og som blir lesne som eit vanleg ord (og ikkje bokstav for bokstav). Døme: Nato, laser, radar. Bøker i eit avgrensa materiale (korpus: tekstsamling, innsamla materiale) kan få standardiserte tilvisingsforkortingar etter kvart. Det gjeld blant anna visse grunntekstar. Verk innan ei avgrensa samling tekstar, og også i eit mindre offisielt utval tekstar, kan også få forkorta tilvisingar som blir forklarte i verka det gjeld og i bøker som viser til dei. Bøkene i Bibelen får gjerne titlar etter slikt opplegg: "Paulus' første brev til tessalonikarane" og "første tessalonikarbrev" blir ofte korta ned til "1 Tess". Ein sparer plass og lesarar ved slike åtgjerder, kanskje særleg når titlane er lange og uvante, som til dømes Nrisimhapurvatapaniya Upanisad. Forkortingar av slike tekstar blir gjort på individuell basis, og kan skilje seg frå verk til verk, men Upanishad har "Up" som vanleg forkorting.
3. The Chicago Manual of Style blir brukt herDet finst mange bøker og system som viser korleis ein formar tilvisingar (1) i tekst og (2) attåt tekst så den som vil, venteleg finn fram til verka det blir vist til i teksten. 1. Ein av fleire måtar er altså bruk av kodetilvisingar i teksten - til dømes initialord, akronym og nesten-akronym. Og det går heilt fint å legge til sidetilvisingar attom kodeorda. 2. For seg kjem i tillegg ei nøyaktig liste over kva forkortingsorda tyder, for tekst etter tekst. Der står det også kven som har skrive boka, heile boktittelen, kva for utgåve ein syner til om det finst fleire utgåver, kor boka blei gitt ut, av kva for forlag, og kva år. Det finst litt ulike reglar for oppstillingsmåten i ulike manualar, også kalla style guides, stilgaidar. Ein svært utbreidd måte å vise til verk på i dag, er å skrive etternamnet på forfattaren, årstalet for utgiving, og så legge til sidetal i teksttilvisinga. Det finst fleire detaljar om det, mange oppskriftsverk om slikt. Hovudopplegget kallast Harvard-systemet. I bibliografien til Gullvekta står bøker og anna lista opp så ein bibliotekar kan finne fram til verka. Kodeorda som er nytta her på nettstaden, er synt fremst for kvar referanse. Slike kodar ser helst bibliotekaren vekk frå. Han eller ho kan bruke det som kjem attom bokkodane, det som samsvarer med det eine tilvisingssystemet i Chicago Manual of Style (CMS), 16. utgåve (for tida). Kapittel 14 og 15 gjer greie for dei to dokumentasjonsmåtane frå den handboka. Noko meir detaljerte oppriss av kunsten å tilvise, får ein heller lære seg når det blir tiltrengt, og i nøye samsvar med den lokalt godtatte bruken. Han skil seg ein heil del frå lærestaden til den andre, og frå fagfelt til fagfelt. |
The University of Chicago Press. The Chicago Manual of Style. 16th ed. London: The University of Chicago Press, 2010.
Rampolla, Mary Lynn. A Pocket Guide to Writing History. 4th ed. Boston: Bedford/St Martin's, 2004.
The Oxford English Dictionary og Encyclopedia Britannica inneheld større lister over forkortingar også.
|
Site Map | Front Page |
© 2012–2017, Tormod Kinnes, MPhil. [Email] ᴥ Disclaimer: [Link] |