NORSK DEL, GULLVEKTA

Franske eventyr. Innleiing

 13 › 1 › 30 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Franske eventyr 
– SAMLINGA

Innleiing

Franske folkeminne omfattar fablar, eventyr og legender og anna frå folkeslaga som busette seg i Frankrike: gallarane, frankarane, normannarane, folk i Bretagne, i "Oksitania" i den sørlege tredelen av Frankrike, og andre. Dei fleste av dei forfina salongeventyra til bl.a. Charles Perrault, var omskrivne ut frå folkelege forteljingar. Folklorisk innsamling av soger frå folkelege kjelder tok til så seint som i 1860-åra i Frankrike. [Wikipedia, s.v. "French folklore"]

Kjelder og røter

Fransk hane
Fransk hane

Dei mest kjente franske eventyra er dei av Charles Perrault (1628-1703) og Marie-Catherine Le Jumel de Barneville, grevinna av Aulnoy (1650/51 - 1705), men det finst andre gode kjelder også, frå ulike distrikt i Frankrike mellom anna.

Før i tida var ikkje Frankrike så sentralisert, og grensene har blitt endra mange gonger. Deler av naboland har vore franske, og nokre stader taler dei fransk enno, som i deler av Belgia. Dessutan snakkar folk fransk i somme deler av Sveits. I noverande Frankrike er det også slik at i ulike regionar tala folk sine eigne mål, som i Bretagne. Der snakkar folk gælisk den dag i dag, dei som klarer det - Bretagne har mange legender med opphav i keltiske overleveringar. W. Y. Evans-Wentz har med ei rekkje legender frå Bretagne i boka The Fairy-Faith in Celtic Countries.

Normandie har forteljingar også, og det var ikkje minst normanniske skaldar som forma segnkrinsen om Arthur og riddarane av det runde bordet oppå og attåt keltiske myter og segner. Det finst også soger om vikingen Rollo (ca. 860 - c. 932) og mennene hans i Mellomalder-verket Gesta Normannorum. Dei slo seg ned i Normandie på 900-talet og fekk regionen til å bløme med hard hand. Normannarar tok etter kvart over England, halve Italia, og meir.

Frankarane i Rhin-områda har somtid vore under Frankrike, somtid under Tyskland, og har eigne legender (Legends of the Rhine).

Sør i Frankrike hadde dei mykje hopehav med høgtståande italiensk kultur under og etter Renessansen, som kom derifrå. Somme område blei erobra av Frankrike, blant anna grevskapa Provence og Savoy. Mange kjente franske og tyske eventyr kjem frå italiensk, så som "Snøkvit", "Jomfrua i tårnet (Klokkeblomst, Rapuntzel)", og "Tornerose". (Ebu, "fairy tale").

Somme esopsfablar kjem frå gamle Hellas og Romarriket og heilt til oldtidas Egypt og Libya, slik Temple og Temple skriv. []. Vi finn att fabeltema i dyreeventyr, til dømes. Og mange tema og motiv i seinare eventyr kjem frå gamle greske verk, som til dømes forteljinga om Odysses. Vi finn også eventyrtema i Jason og det gylne skinnet, ei forteljing som hadde mykje å seie for grekarane i oldtida. Gamle greske soger inneheld mange oldgreske eventyrtema, og romerske forfattarar som Ovid, tok opp fleire av temaa i den kulturarven, til dømes i Omvandlingar (Metamorfosar).

Eventyr er spennande forteljingar. Frå tidleg Renessanse og før den har eventyret (frå italiensk aventura), vore populær litteratur. Munnleg overleverte eventyr og eventyrbøker fanst i lag med legendebøker og munnleg fortalte legender. Giovanni Bocchaccio (1313-75) gav ut hundre forteljingar kalla Decameronen (endeleg utforming ca. 1348-53) på italiensk og la med det grunnen for ei breiare humanistisk orientering i tida då Svartedauden herja som verst, mellom 1347 and 1351. Somme av forteljingane i Dekameronen finn ein att i den internasjonale eventyrkatalogen, til dømes forteljinga om den uskyldige jenta Alibech og munken Rustico som blei ganske hardt plaga.

Kjerner ifrå slike gamle forteljingar dukkar opp med ymse tilpassingar i mange seinare eventyr, og i tillegg kjem andre tema til.

Eventyr er fantasifulle forteljingar som ikkje var meint først og fremst for barn før i tida, men snarare heile huslydar, men som sia har blitt barnelitteratur etter kvart.

Meir Perrault

I 1697 gav Charles Perrault ut eventyrboka "Histoires ou Contes du Temps passé" med undertittelen "Les Contes de ma Mère l'Oye", altså "Gåsemors forteljingar". Det siste er folkeleg fransk for "Gamle koners forteljingar", sånn cirka, og den tittelen blei ståande. Perrault heldt seg trufast mot den munnlege tradisjonen som var då. "Vesle Raudhette", "Katten med støvlane", "Oskepott", "Tolmodige Griselda", og "Blåskjegg" høyrer med til eventyra han er kjent for, og som var ganske bortgløymde då han skreiv dei ned i enkel stil for å muntre eigne barn. Då var han 67 år gammal, og hadde mista stillinga si.

Til "Katten med støvlane" kommenterte Perrault at "dei rette kleda og eit fint slott kan gjere ein "marki av Carabas" av ein møllarson." I omsetjingar og nyare versjonar for barn, kan slike skarpe observasjonar ha blitt luka vekk.

I 1814 gav Grimmbrørne ut første band av sine verdskjente Kinder- und Hausmärchen, som blir omtrent "eventyr for heim og barn", og var enda meir trufast mot munnlege overleveringar enn Perrault hadde vore over hundre år før: dei transkriberte dei, men eventyra deira hadde informantar som hadde filtrert vekk vulgarismar allereie.

Perrault og Grimmane sine eventyr har hatt stor påverknad, og tilmed fortrengt tilsvarande, engelske eventyr i engelskspråklege land. Eventyra har stimulert fantasien til unge og gamle. Dei har blitt forma til ballettar - som Peter Tsjaikovskis Tornerose - skodespel, musikalar og filmar av ulike slag.

Grevinne d'Aulnoy

Om lag samtidig med Perrault gav ei kvinne med elendig rykte ut eventyr også. Grevinna Marie-Catherine Le Jumel de Barneville, Comtesse d'Aulnoy (1650/51 - 1705), gifta seg i 1666, berre 15-16 år gammal, konspirerte dernest med mora og dei to elskarane deira om å få ektemannen hennar dømt for høgforræderi. Det gjekk ikkje, og dermed laut Marie halde seg utanlands i femten år, i Spania, Nederland og England. Deretter vende ho attende til Paris og kunne gi ut bøker.

Kritikaren Jack Zipes har sett at forteljingane hennar - og det gjeld Perrault sine også - i stor grad har tent interessene til herskande klasser, der det gjeld å vere rik og helst velvørd oppå hine, til dømes. Fleire franske eventyrheltar og -heltinner vil bli adelege ved triks, knep, jåleri, fanteri og verre, framfor heiderlege og gagns menneske, til dømes - Såleis kan somme eventyr gi inn låke verdiar og fanteri som at det er større stas å vere hardt jålete enn seg sjølv enkelt og greit.

Verket som grevinna er best kjent for er Contes de fees (Eventyr) frå 1697 og Les Contes nouveaux ou les fées à la mode (Nye eventyr, osv.) frå 1698. Ho tok etter stilen til Charles Perrault, men eventyra hennar blei mykje meir affekterte og ironiske.

- Tormod Kinnes

Franske eventyr – 
SAMLINGA
Franske eventyr - SLUTTBOLK

Franske eventyr - LITTERATUR  

Boccaccio, Giovanni. Decameronen, bd. 1-2. Oslo, Nasjonalforlaget, u.å. (ca. 1994)

Carey, Martha Ward, tr. Fairy Legends of the French Provinces. New York: T. Y. Cromwell, 1887.

de la Salle, Antoine, red. One Hundred Merrie and Delightsome Stories Right Pleasaunte To Relate In All Goodly Companie By Way Of Joyance And Jollity (Les Cent Nouvelles Nouvelles).. "The Women Who Paid Tithe" by Monseigneur de Villiers. Paris: Charles Carrington, 1899.

Macquoid, Thomas Robert, and Katherine Sarah. Pictures and legends from Normandy and Brittany. New York: G. P. Putnam's Sons, 1881.

Marie, de France. Lays of Marie de France, and other French legends. London: Dent: 1911.

Masson, Elsie. Folk Tales of Brittany. Philadelphia: Macrae Smith, 1929.

Spence, Lewis. Hero Tales and Legends of the Rhine. London: George C. Harrap, 1915.

Spence, Lewis. Legends and Romances of Brittany. New York: Frederick Stokes, 1917.

Franske eventyr - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Franske eventyr BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2007–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]