Gullvekta
Gange-Rolv, ein trønder?
Seksjon › 13   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    

Kven er helt og kven forbrytar?

Så mange menn, så mange meiningar. - Ordspråk (Universitetsforlaget 1970, 124).

Per Einar Linge var født og oppvaksen på bygda Sylte på Sunnmøre. På grunnlag av jernalderfunn og bygningsrestar på Aure i Sykkylven, kopla saman med haldensaren Håkon Melbergs (1911–90) avdekkingar og meiningar i høvet, kjem Linge til at Gange-Rolv berre kunne høyre heime i Fauske, Sykkylven, at Sykkylven sånn omtrent er svenskane sin nasjonalheilagdom, og at Birka ikkje ligg i Mälaren, men mellom Ørsta og Volda, ein stad som i dag heiter Birkevik. Han syntest den fleirledda konklusjonen hans "var så fantastisk at jeg ikke så meg i stand til å tro fullstendig på den selv." (1992, 7, 9, 177, 180-92).

"Jeg har funnet Sigtuna, Birka og Uppsala" slik desse stadane er skildra av Adam av Bremen, skriv Linge vidare, og "Dette beviset er og blir bokas hovedbudskap." (1992, 10, 166-76).

Den normanniske krønikeskrivaren Dudos fjellrike Dacia var Noreg, og Rollos heimland var Møre, slik dei norsk-islandske sogene seier, hevdar Linge. (1992, 53).

I tidsrommet 1015–1030 skreiv Dudo i si Historia Normannorum, "Normannaranes historie" i Normandie, i ei blanding av prosa og vers. Dudo fortel historier om normannarhertugane frå 852 til hertug Rikard 1s daude i 996. Det kan vere munnlege forteljingar i hertugfamilien bak noko av tilfanget. Dessutan finst ein god del segnstoff og grove feil, men også stoff med historisk tradisjon, skriv Store norske leksikon, ("Dudo").

Det er ålreit å tolke funn og lansere teoriar og konklusjonar. Det er også slik at ein manns bevis er ein annans "bevis" (koplingar med og utan godt fundament) berre. Så gjeld det å fatte i kva grad tinga stemmer, kva ein har rimeleg godt belegg for, og så vidare. Linge meiner han har spora røtene til Gange-Rolv via gamle namn på fleire språk og kople saman segner, soger, vikinghistorie og gardshistorier med arkeologiske funn, og har skrive boka si "som en underlig bastard av vitenskapelig arbeid og et populærkåseri," som han skriv. (1992, 105).

Spør kor gode menn og kvinner og godt øl er ifrå heller enn dårleg vare

Det spelar kanskje inga stor rolle kor ein fæl røvar - son av ein mordbrennar-jarl - er født, men det er mange som gjer krav på vikingen Gange-Rolv, eller Rollon, den skandinaviske vikingen. Etter at han blei lyst fredlaus på heimebane av kongen - som var vennen til far hans (!) -, hærtok Rolv visstnok Normandie etter 900 e.Kr., seier islandske-norske kjelder. Var Gange-Rolv født i Trøndelag, Romsdal, eller på Sunnmøre - eller i Danmark, som danskar vil ha det til - eller kanskje i Sverige, eit opphav som svenskar har lansert? Neppe det siste, for lanseringa kom i ei tid "det gjekk politikk det." Det står i islandske soger at Gange-Rolv var son av Ragnvald Mørejarl, som flytta nokre gongar i "karriera" som "klok mordbrennar" og slikt. Han snakka vel "dansk tunge", som norrønt blei kalla iallfall før 900 e.Kr, den tida nordmenn, svenskar og danskar ute i verda alle kalla seg danar. Snorre opnar fortalen i Heimskringla med å fortelje om blant anna "dansk tunge" mellom norske (1992, 30, 56).

I denne boka let eg skrive gamle fråsegner om høvdingar som har hatt rike i Nordlanda og har talt dansk tunge. [Fortale av Snorre]

Dansk tunge (norrønt) var det språket som blei talt i alle dei nordiske landa i oldtida, og i vikingtida (ca. 800 – ca. 1050) blei spalta til tre nordiske dialektar. Forskjellane mellom dei var små. (Wikipedia, "Norrønt (språk)").

Rolv Fredlaus

Først plyndre og gjere andre til vesalmenn, så ta over. Slik voks tallrike aristokratiske fram, sett med historikarblikk. Røvarkaren Gange-Rolv var ein av mange som blei krona med eit herredømme. Så står det i gamle kjelder, iallfall.

Problem

Skal tru når Rolv kjem att?
"Vake vil eg
gjennom dagar og år
- kanskje kjem han
til neste vår?"

- Tillempa frå diktet "Trond" (ca. 1920) av vigringen Hjalmar Synes (1893-1928) [Vigra sogelag, 2011]

Attåt diktet: Gange-Rolv blei lyst fredlaus i Noreg då faren og følget hans budde på Sunnmøre. Før det hadde dei budd i Romsdal og Trøndelag. Når og kor blei Gangerolv født mens faren flytta i "jobbsamanhang"? Han kan ha blitt født i Trøndelag, men blei korso er jaga frå landet den tida faren, Ragnvald, var jarl på Møre etter å ha blitt utnemnd til det av Harald Hårfagre, fortel Snorre i Kongssogene, og andre soger frå mellomalderen like eins.

Og så til diktet frå ytre Sunnmøre:

Vake for å verje heimen eller vake for å få del i røvargods og gjere stas på mannen? Eller vake av andre grunnar? Det skulle vere mogeleg å vake både av forventing og frykt, men "eg" i diktbiten ovanfor - Trond - var væpner til Ragnvald Mørejarl, og læremeister og tenar for Gange-Rolv. Diktet til Synes er basert på ei segn om at "Gamle-Trond" stod og stira etter Gange-Rolv og mennene hans då dei flykta, og heldt fram å stire ut i havet år etter år etter Rolv som ikkje kom att. Til sist ville Trond gravleggast på Molnesfjellet på Vigra i håp om å kunne følge med derifrå når Rolv endeleg kom heim.

Så det er vel eit "Fido-motiv" i diktet: Trufast underdog ventar fåfengt på at sjefen kjem att.

Rolv kom ikkje att. Han vann i staden barbarheider for tidstypiske udådar som hærverk rundt om i verda. Ute i Europa heiter det at folk i Mellomalderen bad til Gud om å spare dei for vonde nordmenn. "A furore normannorum libera nos domine ("From the fury of the Norsemen deliver us, O Lord)!" Gange-Rolv var ein slik ein, fortel mellomaldersoger. Mellomalderen går fram til 1500-talet, med vikingtida som ein underepoke (ca. 793 – ca. 1100). [Wikipedia, s.v. "Maritime history of Europe: The Viking Age", "Viking Age" og "Norsemen"]

På tynn is. Feiringar kjem somtid i stand på tynn is, og med mykje seremoniell stas og dekor og kunstnarlege bidrag utan for mykje samanheng med grunnen til feiringa. Rolv kan ha vore tilflyttar til Møre før han blei kasta ut av landet av vennen til far sin. Feiringa av han i Ålesund har såleis noko fjollete over seg: "La oss feire ein grufull røvar - sonen til mordbrennaren Ragnvald - og som blei jaga frå landet for lenge sidan." Ein kan feire så mangt, men det er ikkje så gale om det går vit i det -

Ja, far til Gange-Rolv blei mordbrennar i Naustdal, står det i kapittel tolv i soga til Harald Hårfagre. Han sneik seg fram i vintermørket og brente nittiein karar inne ein stad der. Rådet: Finn betre ideal enn røvarar, mordbrennarar og ølhundar. Sjå kor tungt dei får det etter kvart.

Fleire historie-godbitar:

Fostra Mære ein "Mørerøvar"? Göngu-Hrólfr (ca. 860-932) går for å vere ein norsk vikinghøvding og son av Ragnvald Mørejarl, etter norrøne kjelder. Danskar vil likevel ha han som sin ut frå andre kjelder. Fleire norrøne kjelder fortel at Ragnvald Mørejarl var far hans (kjeldene er langt nedanfor), og Ragnvald var innflyttar til Møre, kanskje frå Mære, som i dag er ei bygd og ein tettstad i Steinkjer kommune, om lag 10 kilometer sør for Steinkjer sentrum. Den gamle storgarden Mære hadde opphavleg hov for Tor, blei kongsgard, og frå 1364 i eiga til erkebispen fram til reformasjonen. Det står om Mære i soga om Olav Tryggvason også. [Wikipedia, s.v. "Mære"]

Var Gange-Rolv født på Mære, då var Gange-Rolv trønder, og ikkje frå Møre. Dette kan minne om "I say tomato, you say tomato" (med britisk og amerikansk uttale): "Mange seier Møre, men kva med Mære?" Det kan også vere at Rolv var født på Nordmøre den tida faren var jarl der, eller romsdaling, for far hans hadde sete ei tid der også. Det spørs når Rolv var født under "karriera" til faren. Det fortel ikkje soga nokon ting om, så vidt eg veit. Og i Leka, Nord-Trøndelag, hevdar dei at mor hans, Hild Rolvsdotter, dotter til Rolv Nevja, var frå Leka i Nord-Trøndelag. Det kan vere, men eg har ikkje sett fine prov på det, og mange påstandar gir ikkje fine prov. Ei islandsk soge har elles ein annan far til "raidaren" Rollo enn Ragnvald: Laxdølasoga fortel at far til Rollo var Ox-Thorir.

Om Gange-Rolv ikkje har så mykje anna med Møre å gjere enn å bli jaga derifrå den tida faren budde der, blir då Rolv å rekne som vekkdriven sunnmøring, romsdaling, trønder-møring, trønder-romsdaling, eller trønder? Viking, iallfall, altså røvar og sjørøvar, og såleis ingen heilt ut bra mann. Ut frå dei svake opplysningane hos Snorre får ein fundere på det som best ein kan. Soger fortel at Ragnvald blei gjort til jarl over Møre av Harald Hårfagre. Nøyaktig kor Ragnvald og konene og frillene hans budde før det og kor Rolv blei født, det veit vi no ikkje. Ein veit knapt nok kor på Sunnmøre han heldt til eingong. Men uoffisielt stod det ei båstø på øya Vigra, som ikkje får forvekslast med Viagra.

Uhøvelege forbilde, eller kva? I dag har Ålesund ei kopi-statue av rovgriske Gange-Rolv - der står han i ein by han ikkje hadde noko med å gjere og det blir halde jubileum som kanskje passar kremmarånda over byen? Skal vi tru dei meinte det kunne vere tenleg å markere revir, enda om det neppe var mykje dekning for slikt?

Men: Det finst mange aber omkring Gange-Rolv. Eitt er verdien av å feire ein røvar! Eit anna er: Speler det noka rolle om røvaren var norsk eller dansk, eller sunnmøring, romsdaling eller trønder? Røvar var han same kva. Og så er det trass alt ikkje godt avklara (enno) kva geneforskinga kjem fram til. Til då har vi ei stode der danskar meiner Gange-Rolv er dansk, med hovudstøtte i den katolske presten Dudo frå Saint Quentin, som ein gong mellom 1015 og 1030 skreiv ei historie om normannarane. Han fortel at Rollo var ein vekkjaga dansk kongeson og ikkje ein vekkjaga norsk jarleson. Enda om Dudo nok ikkje er halden for veldig påliteleg, går historiene hans for god underhaldning. Det er utdrag her: Dudo-tottar.

Hovudaberet: Norrøne soger er nok ikkje totalt pålitelege historiske kjelder, dei heller. Men som Dudo har dei med mykje interessant for somme likevel.

Store norske leksikons "Rollo Gange-Rolv Ragnvaldsson"

Claus Krag har skrive ein artikkel om Rollo Gange-Rolv. Resyme og utdrag derifrå blandast nedanfor:

Rollo. Kjeldene opplyser ikkje om han var gift. Gange-Rolv er blitt identifisert med Rollo, den første hertugen i Normandie. I 911 slutta den franske Kong Karl den einfaldige og vikinghøvdingen Rollo ein avtale som gjekk ut på at Rollo og mennene hans skulle få slå seg ned i området rundt utløpet av Seinen mot å verje landet oppetter elva mot andre vikingar.

Gange-Rolv var son av Ragnvald Mørejarl og Hild, dotter av høvdingen Rolv Nevja, som han blei oppkalt etter. Det blir sagt at Harald Hårfagre gjorde han fredlaus etter at han hadde herja i Noreg, og ikkje "berre" utanlands. Mor hans skal ha klaga over dette i ei skaldestrofe ein finn i Snorres kongesoger.

Norsk-islandsk historieskriving var i mellomalderen einige om at Gange-Rolv og Rollo var same personen. Det eldste skriftlege belegget finst i den latinske Historia Norvegiæ (ca. 1180), som blei forfatta i Noreg. Snorre fortel i kongesogene sine at Gange-Rolv erobra Normandie etter først å ha herja i området Hebridane–Irskesjøen – Frankrike, og at mange nordmenn busette seg i Normandie saman med han.

På slutten av 1800-talet kom ein debatt om kven Rollo var. Diskusjonen følgde delvis nasjonale skiljelinjer, med danske og norske historikarar på kvar si side. Den danske historikaren Johannes Steenstrup starta debatten med å forstå den franske historieskrivaren Dudo av St. Quentin slik at Rollo var dansk. Samtidig framheva Steenstrup kor lite ein kunne bygge på dei norrøne sagaene.

Norske historikarar – fremst blant dei Gustav Storm, Alexander Bugge og Ebbe Hertzberg – trekte derimot Dudos kjeldeverdi i tvil, og peikte på kor heilt upåliteleg framstillinga hans elles er i det han elles skriv om Rollo og Danmark, med historiske og geografiske opplysningar som slett ikkje stemmer. Dei la også vekt på at Rollo i yngre franske skrifter enn Dudos er norsk.

Blant så vel norske som franske og britiske historikarar er det no vanleg å meine at vurdert ut frå kjeldene er det mest som taler for eit norsk opphav.

Artikkelen i Store norske leksikon rundar av med kjeldetilfang (Sjå det).

Ponniar og kven som kan ri dei

Gange-Rolv fekk tilnamnet fordi han var så stor at vikinghestar ikkje kunne bere han. Det er mogeleg at hestane på Vestlandet var store som barnevennlege, rolige ponniar i dag. Grensa mellom hest og ponny er iallfall vilkårleg sett: Det som blir kalla A-ponnyar i dag har opptil 107 cm mangehøgde. Det blir ikkje høgare enn ei lita handflate under navlen på mange, og ein viking med ekstra lange bein kan ha fått problem med subbing og meir til - som for mykje vekt på dyret når han sat oppå med rustning og tunge våpen. Vikingponniar tente elles både som reisemiddel og levande spiskammers ved at dei først blei ridt på tokt og anna, og kanskje slakt, partert og ete underveis. Vikingane var glade i hestar, og hadde ei økonomisk, smart løysing i og for seg, men ikkje for det stakkars dyret: Den levande maten dei sat på, kunne ete og skritte seg fram, kanskje bli større og feitare undervegs. Reisenista "bar seg sjølv".

Men no er det andre tider; høgare hestar også. Og kven et hestar i dag? Mange som har ete pølser, så som finske Meetvursti-pølser før. Det er i og for seg ikkje tabu å ete hestekjøt i nordiske land. I Island et folk både hestepølse og sauepølse. Sjølv om ordtaket seier "Pølsa er guddommelig, for berre Gud veit kva som er i ho", veit vi no at i visse høve går "hestelik" inn i pølsefarsen - det vil seie malte, oppblanda kjøt- og blodprodukt blir fylt inn i dyretarmar, som er ekte pølseskinn. Men slike pølser blir det berre færre av. I Wikipedia, der står det slikt og meir til. [s.v. "Sausage"]

Så langt Gange-Rolv, høvelege hestar og forholda i dag, som ikkje er som dei var. Når det står Gange-Rolv var så stor at han ikkje kunne ri ein hest, var han kanskje ekstra langbeint, omgitt av ganske små hestar, somme ikkje større enn Shetlandsponniar, kan vel tenkast, og ikkje i kontakt med Ardennehesten i området han dreiv og kriga. Frankrike og Belgia blir rekna som heimlandet til hesten. Hesterasen er mellom dei rett gamle, er sterk, brei, hardfør og lettfora - og veg mellom 500 kg og eit tonn, men oftast omkring 700-1000 kg. Mankehøgda i dag kan vere mellom 155 og 162 cm. Ardennehesten har mogelege anar i ei hesterase som Julius Cæsar skildra og tilrådde for kavalleri-einingar, og hestar frå Ardenne-området blei brukt på krosstog på 1000-talet. Og i dag blir dei avla for kjøtet, mest av alt. I Frankrike, Belgia, Tyskland og Sveits tykker dei godt om det kjøtet. [Wikipedia, s.v. "Shetland pony"; "Ardenne horse"]

Kva vil eg fram til? Jo, at det er skil på hestar også. Ein halv meter forskjell i høgda når ein samanliknar små ponniar med hestar i det området Rolv kom til. No burde ingen tru at Snorre har rett i alt han skriv. Det gjer ikkje historikarane iallfall. Myten om Rov er nok kunstig. Sanninga kan ha vore at han ikkje fekk til å ri så godt på små vikinghestar når han var i full mundur, og at han godt kunne ha ridt på digre, grovbygde og muskelsterke Ardenne-gampar på inntil eit tonn der han slo seg ned. Det trur no eg.

Eit gløtt inn i knivinga om Gange-Rolv

Norsk og islandsk tradisjon vil ha det til at det er vikingen Gange-Rolv som var Rollo, den veldige vikinghøvdingen som i 911 blei hertug over Normandie under franskekongen, Karl den Einfaldige og gjekk over til kristendommen som del av avtalen. Snorre er ein av fleire som skriv at Rolv drog på vikingvis til Valland (Frankrike), fekk kongsdottera og blei døypt, for hertugar i Valland laut vere døypte i dei tidene. Og det lyt norskekongen enno vere, i rolla som overhovud for norskekyrkja.

"Nordamenn", Normans, som busette seg i Normandie og inviterte slekt hit, hindra at røvarar nordfrå kom seg opp gjennom elvene og vidare inn i landet. Normannarane bygde festningsverk i stor skala. No hadde franskekongen skaffa fred på eit vis, mellom anna mot blodige kringsettingar av Paris og mange andre byar. Med tida blei normannarane nyttige menneske som lage normannisk brie, kunne seie "oui, oui", hein? (hæ?), og meir til.

No vil danskane ha vikingen som sin, og kan hende dei har rett! På 1800-talet kom ein danske med krav på at vikingen var dansk. Mange danskar følgde og ville ha det til at Gange-Rolv var deira, og har halde fram slik på grunnlag av heller dårlege kjelder. Og i ei tid gjorde nokre svenskar krav på at han var svensk. Så det kan komme ein hestehov politikk inn i historikar-utsyn der kjeldene skrantar. Men det er meir: Ein ◦DNA-analyse frå 2014 viser at Rollon, med tolv generasjonar forfedrar, nok var danske, og at forfedrane til desse forfedrane var innvandra frå vestkysten av Noreg. Viser det seg at Rollon var dansk, gir ikkje feiringa av han i Ålesund og omkrins mykje meining anna enn som ein litt aparte vekkjagingsfest som respons på "Gode gler seg over at eit godt menneske kjem, og at eit dårleg menneske drar sin kos."

Å samle seg eit Noreg der det ikkje fanst

Snorre fortel så mangt, men så er spørsmålet i kva grad det er hald i det. Andre og eldre forteljingar i norrøn tid har andre versjonar enn Snorre. Det er greitt å vite det. Delar av tilfanget til Snorre om Harald Hårfagre trur historikarar i dag er lite truverdig. Harald Hårfagre står no fram som ein småkonge for Vestlandet, og med base i Sogn, der han kom ifrå. Historikarane i dag er godt samstemte om det. Noko særleg nord for Stadt strekte kanskje ikkje det utvida småriket hans seg, og heller ikkje alle stadar på Austlandet, der danskar rådde. Så dette kan vere oppspinn:

Harald Luva (seinare Hårfagre) kriga seg fram fordi han ville vere "gild for jenta" først. Snorre plasserer han på Austlandet i starten, men no heller historikarar flest til at han var sogning. Snorre skriv han kriga seg fram til det som no er Trondheim, med base på Lade. Han heldt fram med å krige derifrå også, og det blir propagandistisk utlagt som å "samle Noreg til eitt rike", mellom anna ved soldatar, krig og list. Men kanskje var det likevel ikkje Harald og folka hans som dreiv mange til sjøs så dei busette seg i øyer i vest, og til fjells, opp til Jemtland og Herjedalen. Det kan heller ha vore overbefolkinga i Noreg på den tida. [Wikipedia, s.v. "Harald Hårfagre" (tilrådd artikkel)]

Motstand av for få og for seint. Snorre skriv at småkongen Solve Klove var ein av mange som mislikte at Harald kriga og pressa til seg så mange område frå andre. Han samla eit råd med mange høvdingar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei blei einige om å segle mot Harald og drepe han og folket hans. Dei kasta spyd og stein og skaut med pil og boge. Men etter ei stund sette Solve og mennene hans på flukt. Somme hoppa i vatnet og somme rodde for harde livet. No var det gjort, og Harald Hårfagre sette vennen sin, Ragnvald, til jarl over Møre for å herske.

Skulle Snorre sin versjon vere påliteleg nokre hundre år etter dei hendingane? Notidig forsking gir han ofte ikkje medhald. Og eldre norrøne tekstar fortel ikkje det same i alt, dei heller. Her er gamle kjelder som skil seg til dels mykje frå kvarandre:

  1. Ågrip (skriven i Trondheim, ca. 1190), er den eldste av alle dei norske kongesagaene som ein kjenner.
  2. "Soga om Halvdan Svarte" i Heimskringla (av Snorre Sturlason på 1220-talet).
  3. Fagrskinna (truleg skriven i Trondheim ca. 1220. Det eigentlege namnet på boka er Nóregs konungatal. Fagrskinna blei brukt som kjelde for Snorre Sturlassons Heimskringla, og fortel historia om Noreg frå 800-talet og fram til 1100-talet. Boka er meir utfyllande og detaljert enn Ågrip.

Farfar og morfar

Farfaren til Gange-Rolv etter soga. Det kan vere som det vil: Snorre og Orknøyingssagaen fortel at far til Ragnvald heitte Øystein Glumra. Somme seier han var frå Mære i Steinkjer, men eg veit sannelig ikkje kor dei har det ifrå. Eit av dei største hova i Trøndelag skal elles ha lege på Mære. Orknøyingssoga fortel vidare at Gange-Rolv via farsrekka stamma frå mytologi-finnar, kvenar, via blant andre "Halvdan den gamle, far til Ivar Opplendingejarl, far til Øystein Glumra, far til Ragnvald jarl." [Store norske leksikon, s.v. "Mære"]

Det er altså ganske mogeleg - men ikkje sikkert - at Ragnvald kom frå Mære til Møre, og kanskje Ragnvald-avkom som Gange-Rolv også tok den turen. Men ein veit vel ikkje nøyaktig kor Gange-Rolv blei født i den tida faren "karriere-forflytta" seg innanlands. Og først fekk Ragnvald Romsdal å herske over, står det. Så Gange-Rolv kan godt ha vore romsdaling av fødsel, han.

Morfaren til Gange-Rolv. Mor til Gange-Rolv, Hild, var dotter av Rolv Nevja, som går for ukjent i Store norske leksikon. Men lekaværingar held Hild for lekaværing. og seier "halvt på alvor" at det genetiske opphavet til fleire europeiske kongehus stod nettopp på denne vesle øya Leka nord i Nord-Trøndelag. Det har budd folk på sagaøya i over 10.000 år, og her er holemaleri i Solsemhola. Øya har gamle gardar der det har budd folk utan avbrot i over to tusen år, og så finst den største skipsgravhaugen i Noreg her. [Berg-Hansen, 2003; Leka kommune, "Turistinfo"]

Kven stammar frå Gange-Rolv? Folk frå Vigra og der omkring?

Kven stammar ikkje frå Gange-Rolv kan vere eit like godt spørsmål. Det har seg slik: Eit slektstre har mange greiner, og "det doblar seg" med forfedrar og -mødrar for kvar generasjon: 2 foreldre, 4 besteforeldre og 8 oldeforeldre. Det blir 14 direkte anar i siste hundreåret, sånn omtrent, for det går meir eller mindre tre slektledd på 100 år. Tilbake til Gange-Rolv er det rundt 11 hundreår. Vil ein rekne tilbake til hans generasjon sånn omtrent, held ein fram etter mønsteret her:

1 hundreår: (1 x 2) + (2 x 2) + (4 x 2) = 14 anar, +

2 hundreår: (8 x 2) + (16 x 2) + (32 x 2) = 112 anar til, +

3 hundreår: (64 x 2) + (128 x 2) + (256 x 2) = 896 anar til, +

4 hundreår: (512 x 2) + (1 024 x 2) + (2 048 x 2) = 7 168 mogelege anar til, +

5 hundreår: (4 096 x 2) + (8 192 x 2) + (16 384 x 2) = 28 672 mogelege anar til, +

6 hundreår: (32 768 x 2) + (65 536 x 2) + (131 072 x 2) ≈ 228 000 mogelege anar til, +

7 hundreår: (262 144 x 2) + (524 288 x 2) + (1 048 576 x 2) ≈ 1, 8 mill. mogelege anar til, +

8 hundreår: (2 097 152 x 2) + (4 194 304 x 2) + (8 388 608 x 2) ≈ 14 mill. teoretisk mogelege anar til +

9 hundreår: (16 777 216 x 2) + (33 554 432 x 2) + (67 108 864 x 2) ≈ 116 mill. teoretisk mogelege anar til +

10 hundreår: (134 217 772 x 2) + (268 435 544 x 2) + (536 871 088 x 2) ≈ 935 mill. teoretisk mogelege anar til +

11 hundreår: (1 073 742 176 x 2) + (2 147 484 352 x 2) + (4 294 968 702 x 2) ≈ 7,5 milliardar teoretisk mogelege anar til, osv

Ein har å ta av. Og "Rekninga lyg ikkje", sa guten, han hadde rekna ut at han var eldre enn far sin (Norsk ordtak). Utrekninga, ja, så klart ho ikkje stemmer, også utan avrundingar i sum-kolonnen for hundreår med mange teoretiske anar i. Det blir berre teoretiske og lauslege tal i alle høve, enda om dei næraste hundråra stemmer. Utrekninga ovanfor er eit stykke matematikk med grunnlag i at eit barn har to biologiske foreldre og at det er cirka og godt og vel tre slektledd i eit hundreår. Så langt, så greitt. Men dei aukande tala nedetter i oversynet blir etter kvart altfor store, enda om utrekningane er rette, og formelen ser bra ut - på papiret. Saka er at ein som vil gå slektledda tilbake til Adam slik, endar ikkje opp med eitt par å stamme frå, men astronomisk mange. Så mange Evaer og Adamar fanst ikkje. Det var ikkje plass på jorda til så mange om ein stabla dei i høgda eingong, over sjø og land.

Har ein ikkje funne alle ein stammar frå ifrå dei siste 4-5 hundreåra, kan det likevel vere nok igjen til eit lagom stamtre.

1. Somme av oss med testa DNA-rekke har anar til "Jasmine" frå Vest-Arabia (kanskje Kaukasus, Mellomausten og Nord-Afrika fungerer også her). Denne tenkte kvinna levde om lag 45 000 år tilbake. Det er J-haplogruppa som har slikt opphav. (Elles: Wikipedia, s.v. "Haplogroup J (mtDNA)")

2. Kryssinga mellom to betyr ikkje alltid to som ikkje er i slekt med kvarandre. Til dømes gifta Det gamle testamentes Abraham seg med halvsøster si, og ingen såg noko gale og vondt i akkurat det på den tida. Moselova mot slikt inngifte hadde ikkje blitt forma enda. Slike giftemål var vanlege for lenge sidan. Og å gifte seg med syskenbarn er stadig lovleg og utbreidd, også i Noreg. Det finst og fanst dessutan tremenningar, firmenningar, femmenningar og bortetter det kan ha vore lagleg å gifte seg med, eller få barn med. Og i slike høve "går nokre teoretisk anar saman" det vil seie, dei er same personen. Giftemål der eit ektepar er i slekt eit stykke ute, er mykje vanlege, enten paret finn ut av det eller ikkje. Dei kan vere i slekt på mange måtar.

Den matematiske modellen falmar gjerne eit stykke bakover i tida - Å gifte seg opp att når ektefeller døyr, eller fleirkoneri (og "fleirmanni" (polyandri) i andre kulturar, er framleis i hevd. Krysskoplingar og slektskap i mange ledd er med å forklare dei faktiske forholda. Den teoretiske modellen klarer ikkje utan vidare å rekne inn oppattgifte, fleirgifte, blodskam og fjernare slektskap i rekkene bakover, generasjon etter generasjon.

Tala blir heller store når ein kjem tilbake til år 900 og Gange-Rolv, men dei blir feil. Ein reknar med at det var langt færre menneske på jorda på den tida. Kva har så Gange-Rolv med utrekninga å gjere? Ho kan brukast til å syne lausleg noko om avstamming, både kor mange han stamma frå, og kor mange som teoretisk kan ha han som ein av mange andre stamfedrar. Ganske mange fortel dei har han som stamfar, og nemner ikke andre vekkjaga som ikkje er like godt kjende for valdeleg røvarferd i det heile - Han kom seg ut av landet, vekk heimanfrå, og litt etter kvart røva og kriga han seg til heider og stas, som krigarar før han.

Valdelege Gange-Rolv fór sin veg. Norrøne kjelder seier han kom til Normandie

Gange-Rolv segla sin veg og kom ikkje att. Når du hyllar nokon som ikkje har gjort godt for deg, kan du ha blitt dupert. Tenk gjennom songen "Herr President" av Boris Vian og omsett til norsk av André Bjerke (1918-85), gir glimt av det same, glimt ifrå den "dansen".

Herr President, jeg skrev et brev jeg nu vil sende,
og får De tid, kan hende De leser dette brev.
For jeg har mottatt selv et brev fra militæret
som sier jeg skal være ved fronten onsdag kveld.
Men jeg ble ikke sendt til jorden for å drepe,
så meg skal ingen slepe i krig, herr President!
Beklager hvis det gjør Dem sint å lese dette.
Nu har De altså sett det: Jeg vil bli desertør.

I krigen har jeg selv sett far og brødre falle,
og selv forlot jeg alle de små som som gråt farvel.
Min mor fant hvilested hvor ingen sprenggranater
og syngende soldater forstyrrer hennes fred.
De årene jeg satt som fange, tok de fra meg
den kvinnen livet gav meg, mitt hjerte har de tatt!
I morgen tidlig går jeg ut av huset førenn
det gryr, og stenger døren mot livets døde år.

Som tigger vil jeg gå på veiene i riket,
og der vil jeg predike for store og for små:
Si nei til dette hat som krigens lov vil fordre!
Nekt blankt å lystre ordre! Bli aldri mer soldat!
Herr President, om blod De nu har talt for meget;
De bør gi meg Deres eget for slikt apostel-tro!
Men tar De meg, så meld til hæren at jeg bare
kan skytes - uten fare. Jeg skyter ikke selv.

Ein kan bli pasifist av å ha gått i krig og komme til å hate krig som president Dwight Eisenhower kom til å gjere. Han leidde dei allierte styrkane i siste verdskrigen. "I hate war as only a soldier who has lived it can, only as one who has seen its brutality, its futility, its stupidity.". "Eg hatar krig som berre ein soldat som har gjennomlevd han kan, ein som har sett krigens brutalitet, fånytte, dumskap." Sei det til Telemarkbataljonen i god tid før dei kjem heim etter godt betalte oppdrag og får traumebehandling om dei høyrer til dei mange soldatane som etterstresset tar for hardt på.

Eit vennleg tips: ◦Transcendental Meditasjon hjelper mange med etterstress-syndrom, post-stress-syndrome. Det er forska på det.

Kommentarstil og vas for nye effektar

Når ein nyttar historiefaglege metodar på vikinghelten, går det vel fram at kva som er norrøn mytologi og kva som er skrøner og vas ikkje alltid er enkelt å skilje frå kvarandre. Pålitelige slektslinjer sluttar der mytar og skrøner tar over.

Dersom ein blandar til sin eigen stil hender det ein har hell. Berre sjå den langliva ogofte underhaldande Soga om Gange-Rolf. Denne gamle soga er neppe til å lite på, ho fortel at den norrøne helten var frå Ringerike og fekk eit rike der Russland ligg i dag. Det kan godt vere kimar av fakta i utbroderte skrøner, men kor er desse kimane, og korleis er sogene rett å forstå? I Soga om Gange-Rolv kan ein til dømes lese om gyger og trolldom og drap med overnaturlige preg rett som det er - neppe noko for bitte små barn. Og så er det dei demagigisk snurrepiperia og barbar-haldingane i tilfanget. Ein ser kva og kven som blir gjævast: den fremste i brutal framferd og vinning.

〰ೞ⬯ೞ〰

Frå Soga om Gange-Rolv

Der det høyrest fælt ut om ein bed om skikkeleg prov, har ein ikkje med sanningsglade å gjere. Når ein veit skil mellom fakta og dikting, har ein fått vite noko nyttig, og når ein sjølv har lært å finne ut av nett slikt, har ein vel komme enda lenger, berre ein ikkje endar opp som vitskapsfolk på stake eller noko liknande der dei som styrer er innbilske og fanatiske.

Når ein grip inn i ei fantasifull forteljing og bed om prov, får ein kanskje berre uffing over seg etter kvart fordi ein bryt opp den interessante forteljinga så ho blir mindre spennande. Sjå berre:

Om Grim den skremmande og kumpanane hans

Det var ei kvinne som kunne gjere trolldom og spå om framtida, og heitte Groa. Ho fann eit barn i flodmålet på Hlesøystranda. Ho fostra opp barnet og lærte han alle trolldomskunstane [- som var . . . ?], slik at ingen i Norden kunne måle seg med han [jo da, det står seinare i forteljinga, det]. Han hadde ein natur som var heilt ulik naturen til andre menneske [finst det dekning for å seie det? Men er ikkje alle litt ulike? Fingeravtrykk, individualitet og slikt noko?]

Somme hevdar [typisk knep] at mor til Grim var ei sjøgyger [det vil seie sjøtrollkjerring - men tja, finst slike vesen, og hadde ho finnar?] fordi han kunne fare både i vann og hav om han ville [Ein spør etter godt prov på det og gir seg ikkje før ein verkar udanna med det]. Derfor blei han kalla den skremmande. Han åt raskt og drakk blod både av menneske og dyr [det var no leitt å lese]. Ofte skifta han til dyreham så raskt at dette knapt var mogeleg å sjå [i grunnen er det på sin plass med tvil her også, og kunnig tviling må faktisk krevje dokumentasjon imot makaber innbilling og meir slikt]. Pusten hans var så heit at folk syntest dei blei brende jamvel om dei var i kampklede [merkeleg, dei åt ikkje kvitløk, dei karane]. Han spydde gift og eld på folk og drap såleis både menn og hestar [det høyrest fælt ut, det er sant -] og ingen kunne stå mot ham [ei tid. Aldring krev jamt sitt.].

Rolv med kappa

På denne tida budde Rolv på Ringerike. Han var større enn dei fleste, og så tung at ingen hest kunne bere han gjennom ein heil dag, så derfor måtte han stadig gå. Han såg godt ut, men var tung, og dessutan snillare og meir gagnlaus enn andre.

Ein dag sa faren hans til han at han verka dum og sta. Då gjekk Rolv til mor si og fekk to breie og lange kapper med ermer, hetter og masker framfor fjeset. Jern beit ikkje på dei, og heller ikkje gift kunne skade dei. Så drog Rolv sin veg. Han hadde ikkje anna våpen enn ei eikeklubbe. Ingen brydde seg.

Seint ein kveld kom han til ei hytte i skogen, sette frå seg klubba utfor døra, og gjekk inn og sette seg. Noko etter kom ein stor, mørk mann med stort skjegg inn døra og ville drepe Rolv fordi far hans hadde gjort mannen fredlaus. Mens spydet beit ikkje på kappa til Rolf. Då sprang den mørke karen etter klubba til Rolf for å slå han i hel med henne, men det gjekk ikkje.

Etter å ha avliva og brent mannen som ville drepe han, tok Rolv kappa, sverdet og spydet hans og gjekk vidare. Klubba let han bli att. Etter nokre dagar møtte han elleve fullvæpna menn som ville drepe han. Hrolf drap til sist alle saman, men då var han blitt svært trøytt og hadde mange småsår.

Han gjekk vidare og kom til Gautaland ved Gøtaelv. Der låg eit stort langskip som ein trolldomskunnig berserk hadde tatt over i lag med åtti uglade menn. Jern beit ikkje på berserken. Rolv fekk bli med skipet. Men Rolv var både lat og trøytt av seg, kunne ikkje gjere noko nyttig på skipet, og var aldri i kamp eller strid der dei herja.

Ein natt skulle Rolv halde vakt ved skipet. Fram mot morgonen sovna han med kappa si over seg. Berserken kom over han slik, blei fælt sint og hogg Rolv over midja med sverdet i begge hender. Men kappa verja Rolv. No barka dei saman i kamp, fall i sjøen og gav seg ikkje for det. Rolv greip berserken i skuldrene og drukna han. Etterpå var Rolv svært trøytt.

Han overtok leiinga på skipet, og så gjekk det slag i slag.

Folk finn glede i både skrønesoger og bygdebøker

Samandragsoga om Rolv ovanfor var smakebit frå ei fornaldersoge som det kallast. Fornaldersagaene er norrøne sagaer med stoff frå tida før 800 og med mange segn- og eventyrdrag. Slike forteljingar blandar fjern historie med mytar eller legender. Den norrøne befolkninga, også dei på øyene i havet vestover, var stolte av fortida og heltane sine derifrå. Føremålet med å lyge på heltane gilde trekk og storbragder frå fantasiverda, kan ha vore livat underhaldning, som også avspeglar vikingverdiar, oss imellom. Soga om Gange-Rolv er tydelig dikting, men går ein til Snorres kongesoger og Orknøyingsoga, kjem vel diktinga inn bakvegar. I 2. kapittel av Orknøysoga finn vi til dømes Hedmarkskonge Rolv på Haugen. Han var son av jutulen Svadi frå nord for Dovrefjell. Det står så - Heile Gange-Rolv-soga er elles omsett til nynorsk (jf. boklista nedst på sida).

〰ೞ⬯ೞ〰

Fortidas verstingar

Lyst til å drepe andre?

I vikingtida var røvarhovdingar heltar. Heltestatus av den typen var tufta på barbariske verdiar, som Snorres kongesoger gir innsyn i.

Sogene til Snorre blei takknemlig lesnad i den tida Noreg braut seg laus frå Sverige, nordmenn hadde rusta opp, og krig var eit mogeleg utfall. Bøker som hylla krigande, herjande, var god lesning då nasjonalskjensla trong ein styrkedrikk, ein monnaleg kveik.

Seinare, under betre forhold, har gamle vikingar falle tilbake, til bakgrunnen. I grunnen ikkje heilt ulikt folk i det militære. I fredstid veit ein knapt kva ein skal gjere med slike, bortsett frå å underbemanne, relokalisere og modernisere. Men i lite fredelege tider, kjem spisskompetansen klarare i dagen.

La oss overforenkle og halvkarikere det slik: "Gut, kjempar du mot lyst til å kveste og drepe andre? Det finst ein veg for deg vekke frå slaktarbenken: Utdann deg i det militære og få heider og løn for strevet ditt om alt går bra."

Klokleg kjeldebruk tilrådd framfor romantiseringar av låke

I motsetnad til legendariske skrønesoger, kjem historieverk, medrekna likande bygdebøker, og syner fakta og sannsynlige saker og ting ut frå klokleg val av kjelder og det ein finn fram til ved å jamføre ulike kjelder. Det er sikker dokumentasjonen som bygdebøker og slektsrekker treng, og slike nedteikningar finst det heller lite av før 1500-1600-tala. Og før Gange-Rolv si tid (før 900) er mørket tettare, nesten fullstendig. Jamvel heltar før vikingtida glir vekk for oss. Blant dei som er att, kan mangt vere ganske karikert, som vitnemål om haldningar og verdiar hos diktarane i den tida.

Dømet Gange-Rolv

"Det blandar seg", og det prøver historikaren å gjere noko monnaleg med. Han eller ho går til kjelder og prøver å finne meiningar med dei og sjå bakom ordteppa. Han har fått tame i å skilje mellom kjelder på ulike vis for ikkje å blamere seg altfor mykje med tydelig feile, skeiv og tilkortkommande framstilling med meir.

Gange-Rolv er nemnt i fleire andre norrøne kjelder enn Noregs kongesoger og Orknøyingsoga. Han figurerer også i Fagerskinna og Flatøyboka. Og Landnåmaboka frå 1100-talet, ei bok som handlar om korleis Island blei bygt, fortel også om slekta til Rolv og opplyser kort at han vann Normandie og at han er stamfar til kongane i England (då boka blei skriven).

Dessutan er Gange-Rolv nemnd i ei rekke islandske annalar: det er skrifter frå eldre tider med oppskrifter av samtidige hendingar frå år til år. Det er altså register over historiske hendingar, eller "år-for-årbøker". I Flatøy-annalen står det under året 888: "Settuz nordmenn vm Paris. Gongurolfr vann Nordmandi." (Nordmenn busette seg rundt Paris. Gangerolv vann Normandie).

I Oddverja annal står det under år 885 at Rolv vann Paris, og under 897 at Gange-Rolv tok den rette trua på kong Karls ord (dvs. Karl 3. "den einfaldige", d. 929). Vidare at han gifte bort dottera si, Gisla, til kongen, at han blei den første hertugen i Normandie og kalla Robertus.

Heimskringla (Snorres kongesoger) har den mest detaljerte skildringa av livet til Rolv, og har med den kjende stubben om korleis han hamna i Normandie. Mest står i soga om Harald Hårfagre. [Meir]

Gange-Rolv er også med i ei norsk krønike på latin, Historia Norwegie, frå midten av 1100-talet. Det er ei kortfatta noregshistorie. Her blir det fortalt eit og anna om Gange-Rolv, som ikkje ikkje i Snorre. Også her blir Rolv knytt til Ragnvald si slekt. Rolv var ein av fleire vikinghøvdingar som på Harald Hårfagres tid la under seg landområde i vest og sør. Historia Norwegie seier ikkje noko om at Rolv blei landsforvist av Harald. Vi får ei detaljert skildring av korleis Rolv med ein liten hær greidde å ta Rouen i Normandie. Han kom oppetter elva med femten skip og provoserte fram ein trefning med dei som forsvara byen sin, lokka byhæren i bakhald, der dei tapre forsvaranane blei slakta.

I den fantasifulle fornaldersoga vi har vore innom lenger framme, er Gange-Rolv son av Styrkår den strevsame. Også her er Gange-Rolv ei diger slåsskjempe. Han får til slutt sitt eige kongerike - i Russland, ikkje i Normandie.

No finst ei Normannarhistorie som er skriven på latin av Dudo frå Saint-Quentin på 1100-talet. Ho er ikkje så mykje historie som dikt når det kjem til Gange-Rolv. Sjå berre.

Den islandske historikaren Tormod Torfæus skreiv Noregs historie, Historia rerum Norvegicarum på slutten av 1600-talet. Verket blei gitt ut gitt ut i København i 1711. Han går grundig gjennom alle kjente kilder til Gange-Rolv og vil ha det til at Dudos villfaringar - der han avvik grovt frå norrøne kjelder . . . - kom av at Dudo ikkje hadde mykje kunnskap om Skandinavia, og kan ha trudd at Danmark var ein del av Noreg då, som under kong Magnus, sonen til Heilag-Olav.

Torfæus gir også att ein interessant tradisjon. Han fortel at ein på hans tid, som var slutten av 1600-talet, hadde funne hamna til Rolv på Sunnmøre, hamna han la ut frå på ferda si mot Frankarriket. Torfæus referer til den respekterte magisteren Christopher Hiermann, "en ærverdig gammel mann, dette distriktets prost og soknekirkens hyrde". Hiermann skal ha fortalt Torfæus med stort truverd at forteljinga om Rolvs ferd frå denne hamna har gått frå mann til mann utan opphald fram til då. Torfæus:

La meg på dette punktet legge til at det i våre dager er påvist ruiner etter Rolvs havn på Sunnmøre. Man har funnet stedet han dro ut fra, da han aktet seg på et felttog mot Frankrike. Beretningen om dette har gått uten opphold fra den tiden, gjennom så mange mellomliggende århundrer, helt til nåtiden. Dette har den aktede magister Christopher Hiermann, en ærverdig gammel mann, dette distriktets foresatte og sogneprest, fortalt meg med stor troverdighet. Våre forfattere har skrevet om den folkerike slekten som stammer fra Rolv, og som er spredt vidt og bredt over Island og Norge, på denne måten: Hans datter Kadlina var gift med en skotsk konge, Biolanus (osv.) [Titlestad 2001:75]

Vel, vel. Kor var så hamna som det blir snakka om? På Roald på Vigra finst det ein levande tradisjon med segner om Gange-Rolv. Desse blei samla i eit lite hefte utgitt av Vigra sogelag i samband med Kulturminnedagen 11. september 2011. I heftet står det om:

Gange-Rolv si båtstø

Båtstøa skal ha lege i Brautane omtrent rett ned for gamlehuset på Einapegarden. Både Strøm, Nicolaisen og Neumann har skrive om båtstøa. [Konservator] Per Fett skriv at det er vanskelig å ha noka meining om ho. "Etter Strøm si skildring får ein nærast inntrykk av at ho er skapt av sandfok[k]", skriv han. "Men det er funne skipssaum både av tre og jern. Knapt førhistorisk", held han fram. [Kulturminnedagen 2011, Vigra sogelag, 2011. Upaginert, ca. s 8. - Teksten er retta til av meg.]

Er det så mykje å skrive om reiret når fuglen er flogen? Det spørs kva interesser ein har.

Encyclopedia Britannica fór med vas om Gange-Rolv-borga

Den omfattande Encyclopedia Britannica (EB) har også eit ord med i laget. I tida før ca. 2006 skreiv EB at Gange-Rolvs borg, castle, låg i Ålesund. No har dei slutta med det. Det finst ikkje spor etter luftslott heller.

At skandinavar busette seg i Normandie i vikingtida, er det ikkje tvil om. Kva for distrikt og land i Skandinavia dei kom frå, er ikkje avklara.

De gamle sagaene inneholder mye mer informasjon enn det vi tror. At man ikke kan hente sannhet i gamle sagn, er en myte, og noe som burde vært gjort mye oftere, hevder professor Torgrim Titlestad ved Universitetet i Stavanger. [1]

Det er ikkje alle som er heilt samde. Noko kjem an på kva for saga ein gir seg i kast med. Fornaldersagaen om Gange-Rolv er eitt døme. Og kvalen som symde til Island og inspisere fjordane der for danskekongen, men blei hindra av arge jutular der, er frå soga om Olav Tryggvasson. [Meir]. Det spørs ofte kva slags sanningar ein kjem fram til. Sigmund Freud fann "psykologiske sanningar" - det vil seie påstandar og tilmed teoriar - i mytar, draumar og eventyr. Med det ligg på andre plan.


Gange-Rolv, litteratur  

Berg-Hansen, Roar. Sagaøya Leka. Båtmagasinet nr. 3, 2003. På nett.

Fidjestøl, Bjarne. Sagalitteraturen - eit utval: Soga om volsungane; Soga om Gange-Rolv. Oslo: Det Norske Samlaget, 1984.

Jørgensen, Jon Gunnar. Gange-Rolv i nordiske kilder: Kortforedrag holdt på Kunsthøgskolen i Oslo, 29.9.11. Oslo: Universitetet i Oslo, 2011.

Linge, Per-Einar. Gangerolvs mektige Møre: Veien til Sigtuna og Birka. Ålesund: Sunnmørsposten forlag, 1992.

Munch, Peter Andreas. Det norske folks historie.. Chr. Tønsbergs Forlag, 1853. -- Om Gange-Rolv: (1-1, s. 632-683). ⍽▢⍽ Nettversjon:
no.wikisource.org/wiki/Det_norske_Folks_Historie/1/82

Nilssen, Kjell Tore, og Árni Ólafsson, oms. Gange-Hrolfs saga. Karup og Fjerritslev, DK: Heimskringla, 2006. ⍽▢⍽ Nettadresse:
www.heimskringla.no/wiki/Gange-Hrolfs_saga

Palsson, Hermann, and Paul Edwards, trs. Gongu-Hrolf's Saga: A Viking Romance. Edinburgh: Canongate, 1980.

Simonnæs, Per: Normannerne kommer. Oslo: Grøndahl Dreyer, 1994.

Snorre Sturluson: Noregs kongesoger. Stabekk: Bokklubben, 1982.

Titlestad, Torgrim, red. Tormod Tofæus - ei innføring. Hafrsfjord: Erling Skjalgsonselskapet, 2001. ⍽▢⍽ På nett i PDF-format.

Universitetsforlaget: Kort og godt. Utvalde ordtak til husbruk. Bergen og Oslo: Universitetsforlaget, 1978.

Vigra sogelag. Kulturminnedagen 2011. Upaginert hefte, 2011.

Notar
  1. Maria Finnøy Fagervoll. "– I siste fase av DNA-prosjektet". Sunnmørsposten, Ålesund, 26.9. 2011. ⍽▢⍽ Det blei forseinkingar, men den første veka i mars 2016 var beinprøver av Richard I og Richard II tatt i Normandie, og resultat av DNA-testing av dei skulle ligge føre "sommaren 2016". Den 28. november ventar somme framleis i spenning på resultata.
    www.smp.no/nyheter/article381533.ece


Gange-Rolv, opp    Seksjon     Sett    Neste

Gange-Rolv. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]