![]() |
Norske eventyr og segner | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Nybryggja øl til jul![]() STRAKS før jul var det nybryggja øl på ein av gardane som ligg høgt i Geiranger [A]. Det var berrfrost og glatt, og ein av gjestene hadde fått med seg ei lita flaske på baklomma då han sette kursen heim gjennom kvelden, for han var ungkar og einsam i jula. Men då han skulle ned dei bratte bakkane etter laget, glei føtene unna han. Han stogga ikkje før han var nesten nede i fjøresteinane. Mørbanka reiste han seg, kjende varsamt nedetter bukselåret bak og merka væte. Då kom det: "Eg vil no inderleg håpe det er blod." Ord
Å ha OrdetMELLOM eldre menneske frå ytre strok i Sunnmøre kan ein framleis finne "halvemål", der ein kuttar vekk h-en fremst i ord, og stundom setter til h framfor vokalar fremst i ord. Vigrakona kom frå kyrkja og sukka til nabokona: "For enj god prest øss kunnja 'aft a'kje 'anj vore so fæle mæ dissa frammande horå! (For ein god prest vi kunne hatt, hadde ikkje han vore så fæl med desse fremmende orda!"
Ein annan gong var det skarp diskusjon i forsamlinga i same stroket om kvinner kunne sleppast til og tale i forsamling der, heilt til ei kone reiste seg opp og sa mektig: "E ej Hore', eller 'e kj' ej Hore'? (He' eg Ordet, eller he' kje eg Ordet?)"
Over utrygg isDet var i den tida mannen både las og skreiv eigenhendig. Sørdals-Ola sende kona Kari til kjøpmann Drage for å kjøpe skrå. Det var i dagane før jul, og Kari hadde med lapp. Der kunne Drage lese: "Gi meg ein dalar i skrå. Eg sender ikkje med Kari pengar, på grunn av utrygg is på vatnet.
Vennlegast vørdsamt, Ole Sørdal."
Grannehjelp![]() EIT PAR på Geitanger fekk ein fremmend mann i stua til seg på nattetid. "Eg må be deg om å la kona du få kome med meg, for eg har mi liggjande i seng og ho skal ha små, men kan ikkje få dei ut før ei varm kvinnehand blir lagt på livet hennar," sa den fremmende. "Ho får gjere som ho vil," sa ektemannen, "eg skal ikkje halde henne frå det, vil ho." Kona kledde seg med det same av di ho ikkje hadde hjerte til å avslå. Det bar utover mot Gøll, merkte ho. Og no gjekk det strake vegen til ho tenkte dei måtte vere halvveges. Då syntest ho landskapet tok til å bli så vrangsnudd at ho ikkje kunne kjenne seg att. Mannen ved sia av henne sa då: "Eg skal leie deg." Kona lét han få handa si, og med eitt var dei i hus. Ho såg ikkje kor. Kona gjorde det ho kom for; ho la handa over livet til ho som låg. Ho fødde, og kona som hadde kome og hjelpt, vaska og stelte barnet slik det skal gjerast. Då alt var ferdig og ho hadde fått ein matbit, sa ho: "Det er vel ikkje meir for meg å gjere her no." "Nei, no er du ferdig," sa mannen, og følgde med ho heim til dei var utafor trappa til huset hennar i Geitanger. "Her har du ei korg med eple som takk for hjelpa," sa mannen, og rekte henne. "Dei kan du trygt ete."
Kona takka og tok korga med inn, der ho og mannen hennar såg nærare
på den i lampelyset. Det var ei overlag fin korg. Den kom seinare til Gardsdal, og der
skal den finnast enno.
To frå TrøndelagHan Eirik i heradsstyretHAN ERIK hadde sete i heradsstyret i 20 år og aldri sagt noko som helst. Ein dag tenkte ordføraren han skulle: "Det her er ei vanskeleg sak," sa han. "Du Erik, som har vore med lengst av oss alle, må seie meininga di, så vi andre har noko å rette oss etter." Han Erik vrei seg:
"Ja, det er meininga mi også at det her er ei vanskeleg sak. Det kan seiast
mykje både for og imot. Ja, etter mi meining er saka så vrien at det er best ikkje
å ha noka meining." Fiskebollar i kvit saus i onnaDÅ DET tok til å bli hermetikk å få kjøpt i Trøndelag, var fiskebollar rekna for svært, svært fin mat.På ein gard nede i bygda hadde kona tenkt å overraske onnefolket med ein liten smak av denne supermaten. Ho auste nokre fiskebollar i kvit saus på tallerkenane. Ein gammal husmann såg hjelpelaust på tallerkenen:
"Har du ikkje skei? Det er så vanskeleg å ete suppe med gaffel."
Kvalen som speidaDanekongen Harald Gormsson ville segle med hæren til Island for å hemne at islendingane hadde spotta han. Kong Harald baud ein trollmann skifte ham og fare til Island og finne ut av ting. Trollmannen fór som kval. Då han kom til Island, tok han vest og langsetter nordsida av øya. Han såg at alle fjella og haugane var fulle av landvette, somme store og somme små. Då han kom til Våpnafjord, fór han inn i fjorden og tenkte å gå i land. Då fór det ein stor drake ned frå dalen, og med den følgde mange ormar, padder og øgler og bles eiter mot han. Då fór trollmannen vekk og vestetter øya heilt til Eyjafjord; men i den fjorden fór det imot han ein fugl så stor at vengene nådde bort i fjella på begge sider, og med den ei mengd andre fuglar, både store og små. Bort fór han derifrå og vestetter landet, og så sør til Breidafjord og stemna der inn fjorden. Der sprang det imot han ein stor graokse, den vassa ut i sjøen og gav sig til å bure så det var fælt. Ei mengd landvette følgde den. Bort fór han derifrå og sør om Reykjanes og ville gå opp på Vikarskeid. Der kom det imot han eit bergrise som hadde ein jernstav i handa og bar hovudet høgare enn fjella, og mange andre jutlar var i følgje med han.
Derifrå sette han austetter heile vegen langs med landet, og sa til danskekongen straks dei to møttest etterpå at det også låg eit så stort hav mellom landa at det ikkje var farande for langskip. Då snudde den skremte danekongen med hæren sin og fór sia til Danmark.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 20012009, Tormod Kinnes. [E-POST] | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||