Norsk del, Gullvekta
Nokre anenamn tyda
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Anenamn tyda

Somme namn har variantar som tyder nett det same – som Brithe, Brite, Britha og Brita – og i slike tilfelle gir eg tydinga til berre ein av variantane i oversynet som følger. Når namn tyder det same men det ikkje synast like klart, kan tydinga godt stå bak kvar av formene – til dømes bak både Anna, Anne og Hanna, som dei to første kjem frå.

Mange av tydingane som kjem, er frå Kunnskapsforlaget sitt Navneleksikon og Den store norske navneboka av Jørgen Ouren. For somme namn er opphav og tyding uavklara. Alle kjeldene står nedst på sida.

Eg har tatt med eit utval anar her. Dei er anar for andre også, om ikkje i same ætteledd. Det blir gitt vanlege tydingar til dei første fornamna. Ved å søke på ættessida vår kan ein få greie på kva for opplysningar som bygdebøker og dokumentsøk har gitt om den enkelte. Dessutan gir Statistisk sentralbyrå (ssb.no) oversikt over utbreiinga til namn.

Nokre kvinnenamn i anerekkjene

Agatha Monsdotter, ane, 9 ledd – Frå gresk agathos: god.

Agatha Torbjørnsdotter, ane, 7 ledd.

Anna Monsdotter, ane, 7 ledd – Det hebraiske opphavet er namnet 'Hanna' = nåde, Gud er nådig.

Anna Nilsdotter, ane, 9 ledd.

Anna Helland (født Rasmusdotter), ane, 5 ledd.

Anna Sæbø (født Rasmusdotter), ane, 8 ledd.

Anna Steffensdotter, ane, 7 ledd.

Anna Cathrine Pedersdotter, ane, 9 ledd.

Anne Sviggum i Hafslo, Luster (født Clausdotter), ane, 9 ledd – Frå hebraisk: nåde, Gud er nådig. Anne er det mest brukte fornamnet i landet.

Anne Iversdotter, tippoldemor.

Anne Knutsdotter Torset, tippoldemor.

Anne Marie Torset (født Paulsdotter), ane, 5 ledd.

Bertha Hansdotter, ane, 11 ledd) – Frå norrøne Birgitte, 'den opphøga'. Jf. det keltiske 'Brigit', 'den opphøga'. Kan også vere tyske kortform av namn på Bert- med tydinga 'lysande, skinande'.

Bertha Optun (født Iversdotter), ane, 10 ledd.

Brita Larsdotter, ane, 8 ledd – Kortform at nordiske Birgitte.

Brite Olsdotter, ane, 8 ledd.

Britha frå Rønnei (født Andersdotter), ane, 10 ledd.

Britha Hermundsdotter, ane, 9 ledd.

Britha (Brithe, Brit) Rønnei (født Larsdatter), ane, 6 ledd.

Britha(?) Sølfestdotter, ane, 11 ledd.

Elen Jamne (født Hansdtr.), tippoldemor – Engelsk. Form av greske Helene som tyder 'lysande, strålande'.

Elisabeth Nilsdotter, ane, 8 ledd – Gresk, 'Gud er fullkommen'. Blant variantane er Elsebeth.

Gjertrud Andersdotter, ane, 6 ledd) – Tysk. Samansett av 'spyd' og "kraft'.

Gjertrud, ane, 12 ledd.

Guri Aamundsdotter, ane, 10 ledd – Persisk, tyder 'rose'.

Guri Knutsdotter Vågen, ane, 6 ledd.

Hanna Ingeborg Bakken (født Karlsen), mor – Hebraisk. Tyder 'nåde'. Kan også vere kortform av Johanne, som tyder 'Gud er nådig'.

Hanna Kirstina Pedersen (født Pedersdatter Brevig), tippoldemor.

Henna Rasmusdatter Spilkevikmyr (Myren), oldemor – Uvisst opphav og uviss tyding. Kan vere form av tyske Henning, som tyder 'Gud er nådig' eller samansett av 'heim' og 'herskar'.

Ingeborg Amundsdotter, ane, 6 ledd – Nordisk, form av norrøne Ingebjørg som er sett saman av Ing (Frøy) og 'berging/vern'.

Ingeborg Johannesdotter, ane, 9 ledd.

Ingrid, ane, 10 ledd – Norrønt. Sett saman av gudenamnet Ing (Frøy) og 'vakker'.

Jensine Tomasine Marie Joakimsdotter (Digernes) Torstensen Remvik først, dernest Karlsen (født Olsvik-Breivik). Mormor – Nordisk. Form av danske Jens, som tyder 'Gud er nådig'.

Karen Jacobsdatter, ane, 5 ledd – Dansk. Form av greske Katrine, som tyder 'rein/kysk'.

Kari Arnesdotter Hella Tippoldemor – Dansk. Form av greske Katrine, som tyder 'rein/kysk'.

Kari Østensdotter, ane, 7 ledd.

Kari, ane, 12 ledd.

Kirsten Jensdatter, ane, 6 ledd – Nordisk. Form av latinske Kristine som tyder 'kristen'.

Kirsti Christensdotter, ane, 10 ledd – Norsk. Form av latinske Kristine som tyder 'kristen'.

Kirsti Christophersdotter, ane, 8 ledd.

Kirstina Klingenberg (født Eriksdotter), ane, 9 ledd – Variant av latinske Kristine, som tyder 'kristen'.

Lisbeth (Elisabeth) Spilchevig (født Tomasdotter), ane, 5 ledd – Kortform at greske Elisabeth som tyder 'Gud er fullkomen'.

Magdeli Kristensdotter, ane, 9 ledd – Tysk opphav. Namnet tyder 'høgt tårn,' eller 'lovprist'.

Magdeli Nilsdotter, ane, 8 ledd.

Maren Trudesdotter, ane, 12 ledd – Dansk. Form av latinske Marina, som kan tyde 'frå havet'.

Margrete Pedersdotter Kopperstad Herøy, ane, 7 ledd – Nordisk. Form av greske Margareta som tyder 'perle'.

Mari Gunnarsdotter Nøttveit, ane, 7 ledd – Norsk. Form av latinske Maria, som har ukjent tyding, eller latinske Marina, som truleg tyder 'frå havet'.

Mari Kristiansdotter, ane, 9 ledd.

Marta Hole (født Jensdotter), ane, 6 ledd – Hebraisk. Tyder 'husfrue'.

Marta Perhusbakken (født Olsdotter), oldemor.

Marta Børkjeland (født Olsdotter), ane, 5 ledd. [Børkj er dialekt for bjørk (Radøy).] Martha Eriksdotter, ane, 7 ledd.

Martha Brevik (født Jakobsdotter), oldemor.

Martha Thorstensdotter, ane, 11 ledd.

Oline Olsdotter, ane, 5 ledd – Avleidd av mannsnamnet Ola/Ole – som er sett saman av 'forfader' og 'etterkommar/arving'. Oline kan også vere kortform av namn som endar på – oline, som Karoline.

PernIlle Helene Johnsen (født Pedersdatter), oldemor – Nordisk form av Petronella, som er eit minskingsord (diminutiv) av det romerske slektsnamnet Petronius.

Ragna Anna Tomesine Perhusbakken (så:) Bakken (født Danielsdatter Spilkevik), farmor – Nordisk. Kortform av namn på Ragn- med tydinga 'råd/avgjerd'. Kanskje ei kortform av norske kvinnenamn som tar til med Ragn- eit ord som også heng saman med 'gudar, høgare makter' i norrønt.

Ragnilla, ane, 10 ledd – Norrønt Ragn, 'gudar/styrande makter', er starten på namnet. Variant: Ragnille [som også har vore nytta som mannsnamn].

Rakel Rasmusdotter Hamnes, ane, 5 ledd – Hebraisk. Tyder 'søye med lam'.

Randi Rasmusdotter, ane, 7 ledd – Nordisk. Form av norrøne Ragnfrid som er sett saman av 'råd/avgjerd' og 'vakker'.

Sara Hestvig (født Eliasdatter), ane, 5 ledd – Hebraisk. Tyder 'fyrstinne/prinsesse'.

Siri Børkjeland (født Tomasdotter), ane, 6 ledd – Nordisk. Form av norrøne Sigrid, som er sett saman av 'siger' og 'vakker'.

Synneva Hansdotter, ane, 8 ledd – Norsk form av engelske Sunniva, som er sett saman av 'sol' og 'gåve'.

Synneva Larsdotter, ane, 10 ledd.

Thomesine (Thommesine) Spilchevig (født Pedersdatter), tippoldemor – Hebraiske Thomas, som tyder 'tvilling', har fått ei ending.

Nokre mannsnamn i anerekkjene

Anders Andersson Tonning, ane, 6 ledd) – Norsk, av gresk opphav: 'mann, mandig'.

Anders Sjurson Jensgard, ane, 6 ledd.

Anders Torkildsen Mørkrid, ane, 9 ledd.

Arne Nilsen Vågenes Hella, ane, 5 ledd – Opphavleg kortform til norrøne namn på Arn-; av 'ørn'. Variantane omfattar Ådn, Åne og Ådne, Oddne, Odne, Aadn, Ånje og Are. Namnebruken syner at ørna var ein høgakta fugl; namnet skulle truleg gi beraren dei fremste eigenskapane til fuglen, og bidra til at han fekk hjelp av han eller vern mot han, skriv Kunnskapsforlaget.

Arne Nilsen Vågenes, ane, 7 ledd.

Østen Nilsen Fjellsenda, ane, 8 ledd – Norrønt. Variant av Øystein, og sett saman av 'lykke' og 'stein'.

Bjørn Pedersen, tippoldefar – Norrønt. Tyder 'bjørn'. Kan også sjåast på som kortform til norske man som endar på –bjørn, som Torbjørn. Namn på –bjørn var svært populære i gammal tid. Bjørnen var 'kongen over dyra', og ved å bere namnet hans fekk ein del i klokskapen og styrken til han. Det var det folk trudde eller ville ha det til. Jf. Kunnskapsforlaget.

Christopher Larsson Skagen, ane, 9 ledd – Mannsnamn frå gresk, 'han som ber Kristus'.

Daniel Larsen Spilkevikmyr Spjelkavik Myren, oldefar – Frå hebraisk, 'Gud er min dommar', opphavleg eit vestsemittisk personnamn. Kortform: Dan.

Elias Rasmussen, ane, 6 ledd – Hebraisk, tyder 'min gud er Jahve'.

Elling Kviste, ane, 9 ledd – Frå norrønt. Tyder 'jarleson'. Sideform til Erling, norrønt Erlingr, som av same rot som urnordisk erilar, 'jarl', og avleiingsendinga –ing.

Erik Berge, ane, 11 ledd – Yngre form av Eirik, norrønt Eirikr, som truleg er sett saman av ei(n), 'ein, aleine, eineståande' og 'rik, mektig', fortel Kunnskapsforlaget. Sagt med Jørgen Ouren, 'Form av norrøne Eirik som er sett saman av 'eineståande' og 'herskar' med tydinga 'eineherskar'.

Erik Hansson Skagen, ane, 8 ledd.

Erik Hermundson Hauge, ane, 10 ledd.

Erik Jacobson Hauge, ane, 12 ledd.

Gunder Thorbjørson Mørkrid, ane, 11 ledd – Form av norrøne Gunnar, som er sett saman av guðr; 'kamp, strid', og etterleddet 'ar, frå urnordisk harjar, 'krigar'. 'krigar'. Andre variantar er Gunnerius, Gunner og Gunnar.

Gunnar Villumsen Nøttveit, ane, 8 ledd.

Halvor Rasmussen, oldefar – Yngre variant av Hallvard, av norrønt Hallvarðr, frå hallr, 'flat stein, helle', og vordr, 'vaktar, vernar', altså 'stein-vaktar'.

Hans Christopherson Leirmo, ane, 9 ledd – Tysk form av hebraiske Johannes, som tyder 'Gud er nådig'.

Hans Erikson Dalsøren, ane, 9 ledd.

Hans Leirmo, ane, 12 ledd.

Hans, ane, 5 ledd.

Hermund Andersson Mørkrid, ane, 8 ledd – Norrønt. Sett saman av 'hær' og 'vernar'.

Hermund Erikson Moen, ane, 11 ledd.

Hermund Gunderson Mørkrid, ane, 10 ledd.

Inge Ragnar Bakken, far – Norrønt. Kortform av namn på Ing- med tyding knytt til gudenamnet Frøy (Ing)

Ivar Trondsen Solend, ane, 5 ledd – Norrønt. Uviss tyding. Sett saman av 'barlind/boge av barlind' eller gudenamnet Ing (frøy) og 'krigar' eller 'spyd', skriv Jørgen Ouren. Kunnskapsforlaget: Norrønt Ivarr, truleg sideform til Ingvar. Første ledd, iv-, kan også tyde 'boge av barlind'.

Iver, ane, 5 ledd – Form av norrøne Ivarr.

Iver Halvorsen Bakken, farfar.

Jacob Olsen, tippoldefar – Hebraisk. Uviss tyding. Kan tyde 'den som held i hælen' eller 'han som overlistar'.

Jens Johannesen Hole, ane, 7 ledd – Kortform av hebraiske Johannes, som tyder 'Gud er nådig'.

Joakim Johannesen Jamne Brevik, oldefar – Frå hebraiske Jehojakhim, 'Jahve har reist opp'.

Johan Martin Joh(a)nsen Karlsen Morfar – Tysk og nordisk. Kortform av Johannes, som kjem frå hebraiske Johanan, 'Gud er nådig'.

Johannes Monsen Jamne, tippoldefar – Hebraisk. Tyder 'Gud er nådig'. Namnet er vidt omtykt, men blir mest nytta i ei av mange kortformer, som Ivan.

John Olson Næs, ane, 11 ledd – Ved nyare bruk: kanskje frå engelsk. Tyder akkurat det same som Jon, og er ei av mange kortformer av hebraiske Johannes, 'Gud er nådig'.

Jon Olsen, tippoldefar.

Karl Johan Johnsen,, oldefar – Norrønt for 'kar, mann', med tydinga 'fri mann', og mykje brukt i heile Europa med ulike skrivemåtar.

Knut Andersson Sandvik, ane, 5 ledd – Opphavleg eit tilnamn, same ordet som norrønt knutr, 'knute'. I Noreg kom namnet i brukt frå ca 1100.

Knut Olson Vågen, ane, 7 ledd.

Knut Olson Vågen, ane, 9 ledd.

Knut, ane, 11 ledd.

Lars Hermundson Mørkrid (Mørchri), ane, 7 ledd – Nordisk, frå latin, Laurentius. Tyder 'frå byen Laurentum' eller 'den laurbærkrona'. Kjent i Noreg frå 1100-talet som Lavrans, Lasse og Lars.

Lars Jonassen Spjelkaviknes, tippoldefar.

Lars Pederson Skildum, ane, 10 ledd.

Mons Simonson Leirmo, ane, 10 ledd – Norsk form av Magnus, frå latin 'stor'.

Mons, ane, 5 ledd.

Nils Arnesen, ane, 6 ledd – Nordisk form av gresk Nikolaos, frå nike, 'siger' og 'laos', folk.

Nils Berge, ane, 12 ledd.

Nils Olsen Boga, ane, 7 ledd.

Nils Paulson Næs, ane, 9 ledd.

Nils, ane, 8 ledd.

Ola Ivarsen Solend, tippoldefar – Yngre form av norrøne Olafr, dvs. Olav/Olaf, som er sett saman av 'forfader' og 'etterkommar/arving'. Kvinnenamnet Oline er ein av fleire variantar.

Ola Knutson Vågen, ane, 8 ledd.

Ola Nilsen Boga, ane, 6 ledd.

Ole Ellingsen Boga [Kviste], ane, 8 ledd – Yngre, eigentleg dansk form av Olav.

Ole, ane, 5 ledd.

Ole, ane, 5 ledd.

Ole, ane, 6 ledd.

Paul Johnson Næs, ane, 10 ledd – Forkorta form av Paulus, som er latin og tyder 'liten'. Variantar omfattar Pål, Paula og Pauline.

Paul Olson, ane, 6 ledd.

Peder Erichsen, ane, 5 ledd – Nordisk, opphavleg dansk form av latinske Petrus, som tyder 'stein/klippe/berg'.

Peder Jørgensen Skildum, ane, 11 ledd.

Peder Olsen, ane, 5 ledd.

Peder Olsen Sandseth, tippoldefar.

Peder Thorsen Skaar frå Sørum (=Sørheim), ane, 7 ledd.

Peder Thorsen Spilchevig, ane, 5 ledd.

Peder Thorson Høyum, ane, 9 ledd.

Rasmus Olsen Sæbø, ane, 9 ledd – Frå gresk erasmios, 'elskeleg', 'verdt å elske' – og i latinsk form: Erasmus.

Rasmus Andreas Sjurson Kvalen, tippoldefar.

Rasmus Hansen Floen, tippoldefar.

Simon Leirmo, ane, 11 ledd – Frå greske Simeon, som tyder 'med oppstopparnase', 'med stumpnase' – ogeller hebraiske Sjimon som tyder 'Gud er høyrd' og som blei tidleg blanda saman med det greske tilnamnet, skriv Kunnskapsforlaget.

Sjur Olson, ane, 7 ledd – Norsk form av Sigurd, som er sett saman av sigr, 'siger' og vorðr, 'vaktar'.

Sjur Andersson Jensgard, ane, 5 ledd.

Thor Erikson Fuglesteg, ane, 10 ledd – Norrønt. Tydinga er knytt til gudenamnet Þorr, Tor, som er av same rota som urnordisk þunrar, 'tore'. Toreguden Tor var svært omtykt i norrøn tid, slik funn frå vikingtida, overleverte soger og vers og vikingskodespel med Tor i hovudrolla syner.

Thor Pedersen, ane, 6 ledd.

Tomas Monsen Børkjeland, ane, 7 ledd – Hebraisk namn av toma, 'tvilling'. Thomas er ein annan skrivemåte.

Tord (Thor) Pedersen Sørum (=Sørheim), ane, 8 ledd – Namnet er brukt om Thor Erikson i eit skiftedokument som gjeld han, men Tor og Tord har ulike tydingar: Tord er sett saman av gudenamnet Tor og frøðr, 'fred'.

Tore Hallkjelsen, ane, 5 ledd – Norrønt. Uviss tyding, eller kortform av namn med Tor som førsteledd. Jørgen Ouren skriv 'gudenamnet Tor og 'kjempe''.

Tormod. Norrøn form var Þor + móðr = 'gudenamnet Tor + mot'. Det er også mogeleg at namnet er laga til det norrøne adjektivet þormóðr, 'modig'. [Kjelde: 10 001 navn]

Trond Åmundsen Halland, ane, 6 ledd – Norrønt. þróndr, þrándr, frå þroast, 'vekse, trivast'. Trønder' er eigentleg et tilnamn i fleirtalsform frå Þróndr 'vekse/trivast'. Blir også skrive Tron (og Thron i gamle skrifter)

Villum Arnesen, ane, 9 ledd – Dansk med tysk opphav. Namnet er saman av 'vilje/lyst/glede' og hjelm'. Variantar er Vilhelm og William.

Innhald


Fornamn, etternamn, litteratur  

Alhaug, Gulbrand. 10 001 navn: Norsk navneleksikon. Olso: Cappelen Damm, 2011.

Barn i magen. "Navneguiden – Navnekarusellen". [navn.klikk.no]

Kunnskapsforlaget. Navneleksikon. 3. utg. Oslo: Gyldendal, 2007.

Ouren, Jørgen. Den store navneboka. Ny utg. Oslo: Kagge forlag, 2009.

Fornamn, etternamn, opp Seksjon Sett Neste

Fornamn, etternamn BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]