Norsk del, Gullvekta
Bygdebøker - Ordforklaringar og forkortingar
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

B
C
D
E
F
G
H
I
J
K
L
M
N
O
P
R
S
T
U
V

Opp

Reservasjonar Innhald  

Forklarte ord

assessor — eldre nemning for dommar

bismar — stongvekt med krok ( eller vektskål) og skyvelodd

bispegods — jordeigedommar eigd av ein bispestol, så som bispestolen i Bergen. Biskopen hadde rett til landskylda og eventuelle andre jordleigeavgifter frå denne jorda.

Bjørgvin KalvskinnBjöggynjar Kalfskinn, Bergens kalvskinn - er ei jordebok over geistlege gods i Bergen bispedømme rundt 1350. Handskriftet ligg i Riksarkivet i Oslo. Digital utgåve:
da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesbok&bokid=bgkalveskinn

bondegods — jord som bønder eigde. Oftast brukt om jord som ikkje var i sjølveige, men som var eigd av andre bønder.

bonitere — verdsette eller fastsette boniteten av (kvaliteten på) jordbotn eller skog, som ved utskifting.

bonitet — (frå lat. bonitas 'godleik') (1) kvalitetsnivå, særleg av jord som vekseplass for nytteplanter; (2) jord eller skog med ein viss kvalitet

brev — (i eldre tid:) dokument. Å syne brev for var å godtgjere eigedomsretten til (noko), og å ha brev på var å ha særrett til (noko)

bruk — den eininga som kvar einskild bonde var bruker av. Ein matrikkelgard eller namnegard var oftast delt i fleire bruk.

bygdeting — tinginstitusjonen har gamle røter. Ved kongeleg forordning i 1590 blei bygdetinget oppretta som førsteinstans. Her blei brotsverk påklaga og dømde, men også private tvistemål blei løyste og viktige dokument og avtalar tinglesne.

bygsel — (1) det å leige (bort) jord; (2) sum som ein betaler for å leige jord; jordleige; (3) rett til å bygsle bort

bygselavgift — leigeinntekter av jord i tillegg til landskylda. Slike avgifter blei vanlege ut etter 1500-talet og om fatta førsteårsbygsel og tredjeårstake.

bygselbrev — kontrakt mellom jordeigar og leiglending.

bygselmann — leiglending. Ein som leigde (bygsla) jord av ein jordeigar.

bygselrett — Det var ofte fleire eigar av ein gard. Den som eigde den største parten var som regel bygselrådig, det vil seie at han kunne avgjere kven som skulle leige jorda. Dersom to eigarar eigde like mykje, blei det avgjort etter kven av dei som hadde høgast rang.

bygsle — (a) leige jord; (b) leige bort jord.

domssokn — distrikt for ein by- eller heradsrett.

einbølt — gard med berre eitt bruk.

ekteskapsløyve — personar i nær slekt med kvarandre – det gjaldt søskenbarn og tremenningar - måtte søke om kongeleg løyve til å gifte seg.

festesetet — skriftleg avtale om rett til å bruke jord. Mest brukt i samband med avtalar mellom bonde og husmann.

fledføring — kårtakar (pensjonist); mann eller kvinne som svekt av sjukdom eller alderdom eller tyngd av armod, blei tatt opp i, fledført, i husstanden til nokon annan. Det som fledføringen eigde, gjekk til husstanden som han eller ho blei umyndig medlem av Ordet er frå middelalderen.

foll — avlingsmengde, særleg i forhold til kor mykje som er sådd eller sett; avkasting. Foll viser såleis kor mange gonger ein får att det ein sår. Ei avling på fire foll betyr at ein kan hauste fire tønner for kvar tønne ein sår.

fut — fogd, kongeleg tenestemann som på vegner av kongen skulle krevje inn skattar og avgifter i lokalsamfunn.

føderåd — avtalte, faste (livslange) ytingar (naturalia, husvære) til tidlegare eigar av gard frå ny eigar. Også: kår, livaure.

førsteårsbygsel — Også kalla førstetaka. Den avgifta leiglendingen betalte då han overtok jorda.

husmann — (også kalla plassing og plassmann, og plassfolk om begge kjønn i fleirtal): Nokon som leiger umatrikulert jord, som regel i utmark. To hovudtypar husmenn: (a) Dei med jord og (b) dei utan. Dei som ikkje leigde jord, men berre hadde festesetel på ei tomt blir også ofte kalla for strandsittarar. - I eldre kjelder kan omgrepet husmann også vere brukt om ein med dårleg skatteevne eller ein som var rydningsmann.

innerst — (1) person som leigde seg inn i huset hos andre, men som hadde eige hushald. (2) huslydar hos folk som brukte matrikulert jord; "losjerande" hos folk som brukte matrikulert jord.

jorddrott — jordeigar.

jordebok — liste over fast eigedom med opplysing om inntektene.

kakstryking — ein straffemåte der den dømde blei bunden til ein påle (kaken) og piska av bøddelen.

klyngetun — tun der husa på ein fleirbølt gard ligg tett saman kring eitt tun. Var vanleg før utskiftinga då kvart bruk fekk sitt eige tun.

kongeskøyte — skøyte utferda i kongen sitt namn ved sal av krongods, kyrkjegods og anna offentleg gods.

koppskatt — skatt på kvar person. Ordet kjem frå tysk kopf, hovud.

kremmerleie — Handelsstad med privilegium på all handel innan eit visst område.

Krona — Kongemakta.

krongods — jordeigedommar som blei eigd av krona, det vil seie kongen eller staten.

kvegskatt — skatt som bøndene måtte betale og som blei utrekna etter dyrehaldet.

kyrlag — eit kyrlag er lik normalverdien for ei god ku. Eit kyrlag = 1 ku = 6 sauer/geiter = 2 grisar = 1/2 hest. I eldre tid nytta som uttrykk for kor stor buskapen var i oversikter over husdyrhaldet på gardane.

kår — avtale om livsopphald som vanlegvis blei inngått ved brukarskifte og vanlegvis tinglese. På den måten sikra dei gamle seg underhald og stell. Kår blir også omtala som føderåd.

lagrett — er brukt om dei 6 eller 12 eidsvorne mennene som var vitne eller domsmenn på bygdetinga.

landskatt — hovudskatten på leiglendingar i første del av 1600-talet.

landskyld — den årlege leiga som ein leiglending betalte til jordeigaren. Landskylda fungerte også som verdimål på ein jordeigedom ved sal, kjøp eller arveskifte. Landskylda kunne vere oppgitt i naturalia så som fisk, eller i pengar, som blei vanleg seinare.

landslott — avgift til grunneigar for leige av landfeste til fiskenot.

legd — ein krins av gardar som har felles plikt til å syte for fattiglemmar. Opphavleg eit omgrep som omfatta ein krins av gardar som plikta å betale skatt eller ruste ut soldatar.

legdslem — ein fattig som blei forsytt gjennom kost og losji på legdgardar

leidang — (om norrøne forhold:) (1) sjøvernskipnad der kystdistrikta plikta å skaffe skip, mannskap og proviant; (2) naturalyting til leidang; (3) hærferd; krigsflåte; (4) (lausrive frå sjøvernskipnaden:) ein slags (eigedoms)skatt

leidangsskatt — ein skatt som blei innført i mellomalderen i staden for det militære leidangsutbodet. Skatten var årviss fram til om lag 1600.

leiemål — samleie. Omgrepet blir brukt om ulovleg og straffbart samleie, t.d mellom to som seinare blei gifte (ekte leiemål), eller mellom to som ikkje blei gifte (laust leiemål). Dersom leiemål skjedde mellom to som var gifte på kvar sin kant blei det nemnd for hor. Straffa var ulik for dei tre formene, ekte eller laust leiarmål eller hor.

leiglending — Også kalla bygselmann. Ein person som leigde (bygsla) jord av ein jordeigar.

lensmann — bondelensmannen var frå 1500-talet og fram til midten av 1800-talet det lågaste trinnet i forvaltninga. Frå først av var han futen sin private tenar og representant i bygdelaga, men frå 1700-talet av i større grad ein statstenestemann. Lensmannen blei valt mellom dei fremste bøndene og som kompensasjon for vervet fekk ein skattefridom og andre fritak for plikter og ytingar.

lyse — utlyse

makeskifte — byte av fast eigedom mot ein annan, t.d. når ein jordeigar ønskte å samle jorda innanfor eit visst område.

matrikkel — offentleg register over grunneigedom.

matrikkelgard — hovudeining i matrikkelen. Kvar matrikkelgard har eit matrikkelgardsnummer. I regelen er matrikkelgarden delt i fleire bruk. Desse har bruksnummer som er lagt til matrikkelgardsnummeret.

mællag (mellag) — verdimål, brukt til å taksere (skatte) jord og eigedom. 1 mellag = 4 skilling (1/4 mark). 4 mellag = 1 våg. Norsk Ordbok fortel at mællag er (1) ei vekteining brukt i skylddeling; jordskyld som svarar til om lag 18 merker, 1/4 våg fisk eller eit bismarpund; (2) at tre, fem mællags jord nemning for storleik på gardar, (3) at mællag er ei vekteining for smør som svarar til ni merker el 1/8 laup; (4) ei måleining for korn; mæle; (5) (også:) mengde varer som har same verdi som ein mæle korn. (Mællag er er er ei samansetting med hankjønnsordet "mæle", (frå mål). Det er eit gammalt (korn)mål, ofte om lag lik ei skjeppe, fortel Språkrådet.)

månadsmatbol — landskyld i form av ei viss mengde matvarer for eit avgrensa tidsrom. så mykje mat at det kunne fø ein mann i ein månad. Uttrykket kjem truleg av kva ein mann på leidangsferd måtte ha av proviant for ein månad. Ein månadsmatbol tilsvara i høgmellomalderen 1 laup smør (15,4 kg).

NNnomen nescio (eg kjenner ikkje namnet)

odel — eigedom som det er odelsrett til

odelsrett — rett til å eige eller til å løyse inn (etter takst) ein jordbrukseigedom fordi ein sjølv eller foreldra har eigd den ei bestemt tid og såleis har hevd på eigedommen. I mellomalderen var hevdstida på 60 år, men seinare blei den sett ned til 30, 20 og 10 år. Etter lov av 1857 blei hevdstida sett til 20 år, og med 3 års utløysningsfrist for andre odelshavarar. - No er hevdstida 20 samanhengande år, dersom han i ikkje meir enn to år har vore ute or familien.

odelsskatt — skatt på jord som eigaren ikkje brukte sjølv. Skatten blei betalt med ein viss del av landskyldinntektene. Gjaldt også kjøpe- og pantegods.

oppsittar — eigar eller brukar av eit bruk.

patronymikon — namn som er avleidd av førenamnet til faren med endinga -son eller -dotter.

plassing — husmann

prestebol — tyder opphavleg prestegard. Prestebolsgods er ofte brukt om jordegods som låg til eit presteembete og som presten enten brukte sjølv eller hadde leigeinntekter frå. Er også kalla prestebordsgods.

sjølveigar — ein bonde som eig jorda han brukar.

skifte — deling av arv etter dødsfall.

skipreide — administrasjonsområde (tinglag). Eit skipreide omfatta opphavleg eit område der folket hadde ansvar for å ruste ut eit leidangsskip.

skylda — Opphavleg den leige som brukarane svara av avlinga.

skyss-skaffar — person som hadde til oppgåve å organisere skysstellet i eit område. På 1600-talet blei bøndene pålagde å skysse kongen sine utsendingar og adelege.

skøyte — offentleg dokument som stadfestar overføring av eigedom frå ein eigar til ein annan.

stift, stig, stikt — etter reformasjonen nemninga på eit bispedømme.

strandsittar — husmann eller plassing som har ei tomt eller eit jordstykke ved sjøen. Sjå også husmann.

teigblanding — når bruka på garden er oppdelte i mange jordstykke som ligg om einannan og ikkje er samla i eit stykke.

tiend — om eldre forhold: avgift til kyrkja som vart betalt med ein tidel av årsinntekta eller av av årsavlinga, husdyr og fisk. I mellomalderen blei tienda delt mellom biskop, kyrkje, prest og dei fattige. Etter reformasjonen fekk ikkje dei fattige noko av ho.

tilleggshuslydar — leigarhuslydar

tinglag — mindre rettskrins innanfor eit domssokn.

øydegard — brukt om gard som blei lagt øyde, men var også ein skatteklasse. Ein øydegard hadde i så fall lågaste skatteklassa, etter halvgard og fullgard.

åbotsplikt — plikta som leiglendingen hadde til å halde hus og jord i god stand

åseterett — førsteretten til å overta eit bruk etter foreldra.

åstadsak — sak der retten reiser ut i marka for å komme til avgjerd om tvistar

Forkortingar for mynt, mål og vekt

Mynt

Ein nytta 2 slags dalarar i Noreg, spesidalar og riksdalar. Og verdien av skillingen varierte mykje.

dalar, spesidalar — eldre norsk sølvmynt, avløyst av krona i 1875. Daler var hovudmynten i dei skandinaviske landa frå første halvdel av 1500-talet til 1872–74. Det same som spesidalar (sjå det)

krone — Hovudmynt frå 1876, då ein spesidalar blei sett til fire kroner.

mark — gammal norsk mynteining som på 1800-talet var lik 1/5 spesidalar eller 24 skilling (stundom 16 skilling). I gammalnorsk tid lik 8 øre (24 ertogar, 240 penningar), på 1800-talet lik 1/5 spesidalar = 24 skilling.

ort — gammal mynt-, masse- og volumeining med skiftande verdi. Som mynteining lik 24 skilling, frå 1625 lik ein kvart riksdalar (daler kurant). I Noreg frå 1816 lik 1/5 spesidalar, det same som mark.

riksbankdalar — Hovudmynt frå 1813 til 1816. Risbankdalaren vart inndelt i 6 mark a 16 riksbankskilling. Riksbankdalaren fekk i 1813 ein verdi lik 6 riksdalar courant eller 1/2 riksdalar species. Riksbankdalaren fall fort og kraftig i verdi - til ein femdel eller meir på tre år. I 1816 blei han i Noreg avløyst av spesidalaren.

riksdalar — (rigsdaler i Danmark-Noreg). Føre 1813: 1 riksdalar = 6 mark eller 4 ort = 96 skilling. Etter 1814 var Noreg i union med Sverige, og då stod "dalar" for riksdalar. Noregs Bank blei oppretta i 1816; frå det året gjaldt det myntsystemet der 1 specidaler = 5 ort = 120 skilling. Då Sverige-Noreg fekk kronemynt i 1875, blei 1 spesidalar sett til 4 kroner. - Riksdalar (Courant), 4/3 spesidalar (kr. 3,20) blei nytta i på 1700-talet og i førstninga av 1800-talet.

skilling — i eldre tid: nordisk mynteining (brukt i Noreg til 1875). 1 dalar = 120 skilling. Verdien til skillingen varierte mykje. I tida 1625-1813: 1 riksdalar = 6 mark = 4 ort = 96 skilling

spesidalar, dalar — riksdalar species (= dalar): Dansk-norsk hovudmynt frå 1544 til 1813, ein sølvmynt med finvekt på 25-26 gram. Frå 1816 til 1875 var spesidalaren hovudmynt i Noreg (då i union med Sverige), og oftast rekna for å vere verdt 120 skilling, det vil seie 5 ort (mark (4 kroner). Riksdalaren hadde eit ganske fast sølvinnhald, mens skillemynten var av varierande kvalitet. 1537-1602: 1 riksdalar = 3 mark = 48 skilling. Frå 1537 svarte dessutan 1 dalar til 2 lodd sølv. 1514-1537: 1 dalar = 1 1/2 mark // 1602-1625: 1 riksdalar = 4 mark.. - 1 riksdalar = 6 mark = 96 skilling (før 1816) (Spesidalar: eigenleg dalar in specie, 'dalar i eitt myntstykke' til skilnad frå dalar courant 'dalar i småmynt')

Vekt og rommål

bismarpund (pd.) — 1 bismarpund = 24 merker = ca. 5 kilo

kvintin — 1 kvintin: 1/4 lodd.

laup (smørvekt/-mål) — 1 laup = (som oftast:) 3 (bismar)pund = 4 spann = 72 merker = 15,43 kg.

lodd — 1 lodd: 14,624 gr. (gull og sølv).

mark — 250 gram. (Eigenleg 'merkestrek på ein bismar'.) Det gjekk 24 mrk i eit pund, og 72 mrk i ei våg.

skippund — 1 skippund = 8 våger (gammal vestnorsk rekning). I 1876 blei 1 skippund sett til 160 kg.

spann — før: vekteining for korn. Eit spann svarer til ei halv våg: om lag ni kilo

tønne (kornmål) — 1 tønne = 8 skjepper = 139 liter.

våg — 1 våg = 3 pund = 4 mællag = 72 mark (1 pund = 21 mark) = 18,52 kg.

Vekt for fisk

stamp — (sild/fisk): 1 stamp er vanlegvis lik ei tredjedels tønne (som blir ca. 46,3 kg)

tønne — 1 tønne (salta fisk/sild): på 1600-talet truleg lik 120 potter (115,8 liter) 1 tønne = 4 våger = ca. 139 liter

våg — (vekt for tørrfisk) = 1 våg = 3 (bismar)pund = 72 merker = 18,52 kilo

Vekt for korn

mark — 250 gram

mæle — 1/6 av av eit soldsådd (i Sogndal ca. 25 kvm)

soldsådd — det ein kunne så med eit sold (så det rakk til ca. 1,5 mål)

tønne, tunne — 1 tønne korn = 4 mæler. 1 tønne korn var før 1600 rekna lik 162 liter, etter 1600 lik 194,4 liter. Frå 1683 var 1 tønne korn lik 139 liter. Det var vanleg å rekne at ei tønne korn gav utsæd til 2,5 mål, men dette kunne variere, blant anna etter kornslag og veksttilhøve

tønnesæd — det ein kunne så med ei tønne (så rekker til ca. 2,65 mål)

Lengdemål

Fram til Noreg i 1876 slutta seg til den internasjonale meterkonvensjonen rekna ein i tommar, fot, alner og famnar.

alen — 1 alen = 2 fot = 24 tommar = 0,63 cm

famn — 1 famn = 3 alner - lengda mellom spissane på to utstrekte armar; vanleg: 6 fot, 1,88 m

fjerding — 1 fjerding = 200 famner

mil — 1 mil = 4 fjerdingar (= 10 km)

Forkortingar

Klargjeringar

For å spare plass og pengar står det gjerne forkortingar i bygdebøker og ættebøker. Same ordet blir forkorta både likt og ulikt i ulike verk. Med andre ord skil det seg korleis ord blir forkorta, enda om ganske mykje er bra felles frå bok til bok. Det stå tidvis forklaringar til forkortingane i dei, om ikkje i alle bøkene.

Det finst eit omfattande oversyn over bygdebøker ein annan stad. ৺Kanskje 2000 bøker er med der; flest frå Møre og Romsdal. Hordaland og Hedmark kjem på dei neste plassane i 2015.

Bøker eg har sanka opplysningar frå, står opplista her: [Kjelder].

Oversynet nedanfor kjem inn på ganske vanlege forkortingar og gamle ord og einingar i bygdebøker og slektsbøker - og somt er dessutan ৺vanlege forkortingar. Det kan vere til hjelp med eit godt oversyn over forkortingar, spesielle ord, og eldre tiders mynt, mål og vekt.

I opplistande publikasjonar som gardshistorier kan ein bruke forkortingar utan punktum for å spare plass. Ein gjer vel i å forklare forkortingane sine av omsyn til lesaren. Sjeldnare forkortingar kan ein sette opp i ei eiga liste. Det blir gjort i likande gardshistorier.

Til vanleg - utanfor opplistande verk - skal forkortingar av ord ha punktum. Men det skal ikkje vere punktum i forkortingar for mynt, mål og vekt (t.d. kr, cm, kg) og initialord (f.eks. NRK, NHO, EU).

I samansettingar får forkortingar bindestrek (f.eks. tv-program).

Under er eit sampel på forkortingar frå fleire gardshistorier. Somme er vanlege, og andre ikkje. Ikkje alle forkortingane ville bli godtatt av Språkrådet, men dei er altså å finne i ymse gardshistorier. [৺Språkrådets forkortingar]

Forkortingar ein kan støyte på

e. enke em. enkemann G (g) Gift m. med n. nemnt omkr. omkring p. pike pr.gld. prestegjeld spd. spedbarn T. Trulova u. ungkar

1, I, II, III osv.

I = (romartal 1) syner etter samanhengen t.d. "gift første gong" (gift I) eller "budde først på"; "første yrket" (osv.)

II = "andre gongen", t.d. gift II (gift andre gongen); "budde seinare på"; andre yrket; gift andre gong (etter samanhengen)

III = gift tredje gong (osv., som ovanfor)

1k = første kona

B

b. = barn

b. = busett

b. og bd. = budde

bbr. = bygslebrev

bd. = band

Bg.; Brg = Bergen

blk. = blandkorn, dvs. havre og bygg blanda

bm. = barn med

bnr. = bruksnummer (sub-divided property number)

br. = brukte, brukar, bruk

br.n. = brukar nedanfor

bst. = bustad

C

c. = "ikkje funnen innførd som døypt i kyrkjeboka, men dette årstalet er avleidd av alderens hans då han døydde" ... altså eit særtilfelle av ca. (circa)

ca. = cirka, kring, rundt, omtrent, om lag

D

d = dalar

d. = daud, døydde

d. s. = den same.

d. s. å. = død same året.

d.e. = den eldre

d.kr. = død kring

d.y. = den yngre

daa. = dekar (1000 kvm)

dan. kv. = danne-kurode.

de = den eldre

dg. = dag eller dagar.

dlr. . . . . . .dalar = i bruk til 1875, tilsvarte ca 1 US dollar.

dok = kjeldeskrifter

dolk-teikn (typografisk, engelsk: dagger = død

dp. = døypt (før 1808 oppgis berre dåpsdato, ikkje fødselsdato)

drb. og dr. = drengebarn, og dreng

dt. = dotter

dtr. = dotter

E

E = europaveg

e. = enke

e. = etter.

e.o. = ekteskap oppløyst

ekte. = ekteskap.

em. = enkemann

ev. = eventuelt (kanskje)

evt. = etter vår tidsrekning

F

f = fødd, femininum (hokjønn)

f = følgande

f. = fødd

f. f. = farfar.

f. f. f. = farfarsfar.

f. p. = fødd på.

f., fe. og fø. = far, foreldre, fødd.

f.arb. = fabrikkarbeidar

f.b. = fleire born.

f.dtr. = fosterdotter

f.eks. = for eksempel

f.kr. = fødd kring

fam. = familien

fbr. = festebrev

fe, fore. og fra. = foreldre.

ff = følgande og vidare

Fig. = Figur (kartskisse)

fl. = flytt eller flytte.

fl. b. = fleire born.

fm = formyndar

fn = førre nummer, førre firesifra nummer

for: = Foreldre

frie. skf. = friviljuge skifte.

fst. = festebrev.

ft = festetomt

fv. = forverande.

G

g. & b. = gift og busett (brukt om vi ikkje veit vigseldatoen)

g. = gift, gifte, gift med

g. 2 g. = gift 2 gongar.

g. b. = gutebarn.

g. fl. g. = gift fleire gonger.

g. kongeleg = gifte etter kongeleg løyve.

g. m. = gift med.

g.a. = gardsarbeidar.

g.m. = gift med. På 1700-talet er "årstalet for giftemål" alltid det året paret blei trulova, ikkje då dei blei vigde. Trulovinga innleidde nemleg det juridiske ekteskapet.

g1 = gift første gongen (med)

g2g = gift andre gongen (med)

gardbr. = gardbrukar/bonde = farmer

gbr. = gardbrukar

gII = gift andre gongen.

gj. = gjesta heimen, – heim frå Amerika.

gl.h. = Gamleheimen.

g.m. = gift med

gnr. = gardsnummer (property number)

gravl. = gravlagt

grf. = gravferd eller gravfeste jordfesting.

grl. = gravlagt (før 1808 oppgis bare begravelsesdato, ikke dødsdato)

H

h.d. eller h.dpt. = heimedøypt.

h.v. = heimkommen

hm = husmann

hm. u. j. = husmann utan jord.

hmj = husmann med jord

huj = husmann utan jord

husm = husmann

I

ibid. = ibidem = same stad.

ikr. = ikring.

ind. = inderst = ein som leiger hus.

innfl. = innflytt.

inrolt. = innrullert, dvs. soldat

J

j.b. = jordbok.

jf. = jamfør

jnr. = journalnummer

jr. = junior

K

K = Kongegods

k. = kone

kb. = kyrkjebok

kf. = konfirmert

kfr. = konferer, – sjå etter

kgl. = kongeleg, t.d. løyve

knekt = ung gut, (tenåring)

kr = krone (1875—)

kr = kroner

kr. = kring

kv. = kvinne

kvm = kvadratmeter

L

L. = lensgods

l.l. = legdslem (fattig)

lagr.m. = lagrettemann

leid. = leidang

lgv. = lagverje

lnr. = løpenummer

log. = losjerande

lønr. = løpenummer, brukt utan omsyn til gardsnummer ("running" numbers)

lp. = laup. løp

lvp. = lakseverpe

M

m = meter

m = mor

m. = med

m. j. = med jord

m. og mr. = merke

m.a. = mellom anna

m.b. = mellombels

mk = mark = 1/24 (bismar) pund el. 1/6 riksdalar

mk. = mark

moh. = meter over havet

mr. = (stundom) marinen

mrk = mark, merker (fleirtal av mark)

N

n = nemnt

n. n. =

n.br. = neste brukar

NB = Noregs Bank

nn = neste nummer, neste firesifra nummer

NN = veit ikkje namnet (namnet ukjent. Frå latin: nomen nescio, eg veit ikkje namnet)

nt., nmd. = nemnt eller nemnd

O

O. originaldokument

o.l. = og liknande

omkr. = omkring

oppf. = oppfostra

opph. = oppheldt seg (opphald)

ørt = 1/4 riksdalar el. 115 spesidalar

ovf. = ovanfor

P

P. = pantebok

p = pund, oftast bismarpund = 24 merker

p. = part (% part )

p. og pk. = pike (jente)

pb. = pikebarn

pd. = pund

pkt. = punkt

pl. = plass - husmannsplass

pl.s. = pleieson

pm = plassemann

pr.gj. = prestegjeld

pr.gld. = prestegjeld

R

rbd = riksbankdalar (1813-16)

rd. = riksdalar (mynt 1544--1816: 1 rd. = 6 mark = 96 skilling (sk.) (1 rd tilsvarte 4 kroner i tida før 1875)

rdl = riksdalar. Før 1813: 1 rdl = 4 ort = 96 skilling

rv. = riksveg

S

s = skilling = 1/24 ort

S. = segl

s. = side

s. d. = død same dag

s. st. = same stad

s.d. = sjå det; sjå der

sb. med = sambuar med

sb. og sbr. = sambuarbarn, dvs. born til foreldre som ikkje var gifte

sk. = skifte, arveskifte

sk. = skilling = 1/120 del av ein dalar.

Sk.= skifteprotokoll

skill. = skilling

skj. = skøyte

skmk = skyldmark a 100 øre

sm. sambuar med

sp. = spesidalar (i brukt til 1873, verdt ca 1 US dollar)

spd = spesidaler (1816-1875) (ei mynteining): 1 spd. = 5 ort = 24 skilling (frå 1875 kr., 1 spd. = 4 kr.)

spd. = spedbarn

spel. = spesidalar. Mynt. Frå 1816: 1 spel. = 5 ort = 24 skilling (frå 1875 kr., 1 spel. = 4 kr.)

sx = skifteekstrakt

T

t = tønne

T. = tingbok, justisprotokoll

t. = trolovet (forlova)

t.d. = til dømes, for eksempel.

t. h. = til høgre

t. v. = til venstre

t.o.m. = til og med

tm = trulova med

tn = tenar, tente

tv = tvilling

U

u. = ungkar

u. under

u.e. = utanfor ekteskap

ug. = ugift

u.n. = utan namn

unm. = unemnd, unamngjeven

utfl. = utflytt

utvan. = utvandring

V

v = våg = 3 (bismar) pund -- 72 merker (18,5 kg)

Her er eit anna oversyn: [Forkortingar]

Innhald


Forkortingar i bygdebøker og ordforklaringar, litteratur  

Leira, Vigleik, og Ståle Løland. Norsk forkortingsordbok. Oslo: Cappelen, 2001.

Forkortingar i bygdebøker og ordforklaringar, opp Seksjon Sett Neste

Forkortingar i bygdebøker og ordforklaringar BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]