Norsk del, Gullvekta
Ættenamn
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Ættenamn

Fornamn

SSB. Statistisk sentralbyrå (ssb.no) fører oversikter over kor utbreidde ulike namn er. Somme namn som var vanlige somme stadar før, er det ikkje i dag. Det svingar. Utbreiinga av mange namn går fram og tilbake også.

Gudar og farlege dyr. I tråd med gammal, nordisk tradisjon blir gudar og farlege rovdyr og fuglar som bjørn, ulv hauk og ørn mykje oftare namn på folk enn husdyr som rein, hest, okse, sau og geit - eller ganske fredelege fuglar som tjeld og trast – som normalt ikkje var forferdeleg farlege å treffe før børser fanst. Sameleis: få har Ekorn, Fjellrev, Grevling, Lemen, Bever, Piggsvin, Knøttspissmus, Skjeggflaggermus og Røyskatt til etternamn, men somme har Hjort. Namn frå vikingtida skulle helst vere eitkvart røvarane kunne sjå opp til, slikt kalla dei opp barn etter, og så gjekk det tradisjon i det. Det er eit poeng der.

Endringar og tilvekstar. Dei eldste nordiske fornamna endra seg med hundreåra. Påverknad frå utlandet seig også inn, til dømes namn av hebraisk opphav.

Sjeldne namn. Vanlige fornamn blir ikkje eksklusive. Det vil mange kjendisar gjere eitkvart imot og gi barna sine sjeldne namn, som absolutt ikkje treng å vere bibelske. Apple, Kal-El, Pilot Inspektor, Poppy Honey, Daisy Boo, Heavenly Hirani Tigerlily, Peaches Honeyblossom, Moon Unit, Sage Moonblood, Fifi Trixibelle og Banjo er eit utval kjendispåfunn. Svært kjente foreldre står bak dei, slike som ikkje lèt til å ville bli assosierte med det vanlige eller vere del av noko namnebølgje. Dei blir neppe mindre omtykte av den grunn. Men det er ikkje for alle likt; dersom ein vanlig familiemann skulle kalle barnet sitt noko sjeldant, risikerer han i verste fall å blir halden for ein slags tulling. [◦Meir]

Likevel finst det tusenvis med sjeldne namn i landet, fortel Jørgen Ouren i Statistisk Sentrabyrå og forfattar av "Den store norske navneboka". Jan Banan er eitt av dei.

Når ein vil lage nytt namn. Vil du lage eit nytt namn, kan du bruke gamle opplegg – sette saman to delar frå namn som alt finst, og komme i hamn med det. Du får mange namn som kan settast saman ved slikt arbeid, syner professor Gulbrand Alhaug. Kva med Ragnbjørg og Olvin? [◦Meir]

I tida rett før 1900 boltra folk seg i namnevegen på slikt vis. Blant over 100 nye namn då kom også Oddvar, frå Oddbjørn og Ivar – eller kanskje det skulle vere Odd + -var (frå Ivar) som går saman? Odd tyder "pilespiss, spydspiss".

Namn kan vere toledda – som til dømes Pålmons – og einledda, som Orm, Ulv, og Bjørn. Det finst også avslipte variantar og kortformer av eldre og lengre ord. Dessutan var det som nemnd bra vanleg før i tida å mikse i hop ord og ledd frå ulike ord og sette saman til nye, gjæve ord som kunne brukast ved oppkalling. Ved slik namnelaging forma kunne far Pålmons godt finne på namn som Pålgunn, Pålpelle, Påltom og Pålvarg for fire av sine. Det er gamle måtar og skikkar som er skildra med dette, ikkje reelle namn. [◦Meir]

Frå namneimporten. Dei kristne namna som kom seg inn noko etter år 1000, blei tatt i bruk attåt norrøne namn. Mange av namna i eksempelet ovanfor, tar i bruk utvikla nordisk former av bibelske – Pål frå Paul, Pelle frå Petrus (Peter), Tom frå Tomas – "gode og kristne namn" og nokre blandingar etter vanleg skikk for tusen år sidan og i tidene etterpå.

I mellomalderen kom mange tyske handelsfolk til Noreg, slo seg ned og bringa med seg tyske namn som Hinrich (fornorska til Henrik), som er lagd av "heim" og "herskar", og Magdeli, som tyder "høgt tårn" eller "lovprist". Dei finst i slekta, som Adolf, frå tider då det vel var stas å ha tysk namn i Noreg. Adolf Martinus Larssen Spjelkaviknes, født i 1857, leid vel ikkje vondt for fornamnet sitt, kanskje tvert om i dei dagar. Og dessutan var somme tyske namn former av kristne namn som alt var i bruk.

Bruk av fleire fornamn kom til. Skikken med å bruke fleire fornamn på same personen kom gjennom Danmark og Tyskland frå 1700-talet – først utbreidd i øvre sosiale sjikt og så vidare utetter, presis som poteta.

Nasjonalromantisk fremma norrøne namn att. Norrøne namn var framleis i bruk ved sida av dei kristne og dei nye tyske namna, ofte i avslipte dialektformer: Sigfrid var blitt til Siri, Torgeir var blitt til Terje og Tarjei. Men nasjonalromantikken voks fram på 1800-talet, og då tok folk til å interessere seg for dei gamle sogene om norske kongar og så bortetter, og gav barna sine namn frå slike kjelder. Dermed auka bruken av dei norrøne namna igjen frå midten av 1800-talet, men denne gongen i skriftnære former i staden for i dei dialektfarga formene.

Mannsnamn pluss endingar i kvinnenamn. Frå 1700-åra, og særleg mot slutten av 1800- talet, blei det også vanleg å lage kvinnenamn av mannsnamn ved å sette til endingar som -in, -a, -ette, og ein fekk namn som Thomesine, Jensine, Hansine.

Engelske namn. Frå mellomkrigstida av kom ein del engelske namn i bruk, og utover på 1900- og 2000-talet har folk henta namn frå bøker, tv-seriar, filmar og poplåtar. Eller dei har kalla opp att olde- og tippoldeforeldre. Slik har vi fått fornamn som blandar seg frå mange land og tidsepokar.

Palidrom er ord og setningar som blir like eins lest framlengs og baklengs. Otto, Anna, Hannah, 'regninger' og 'Agnes i senga" er døme.

Unisex-namn. Tvekjønnsnamn finst det mange dusin av i verda. Eli er kvinnenamn i Noreg, men mannsnamn på hebraisk. Inge, som er mannsnamn på norsk, er både manns- og kvinnenamn på dansk. Kristen er både kvinne- og mannsnamn. [◦Meir]

Skrivemåtar. Tidlegare var skrivemåten av personnamn (førenamn) svært vaklande. Ein person kunne bli ført opp med fleire former av eigentleg det same namnet. I mange bygdebøker er derfor personnamn frå før ca. 1880 normaliserte, og det er valt ei namneform som ligg nærast opp til bygdemålsvarianten av namnet. Og etter 1880 er nytta namneformer slik familiane har opplyst. [Kjelde: Naustdal bygdebok]

Etternamn

Patronym. I Noreg finn vi i dag fleire forskjellige typar etternamn. Eine typen er patronym, 'farsnamn', av typen Karlsen. Heilt frå norrøn tid har denne namnetypen vore brukt som tilnamn for å identifisere ein person meir nøyaktig enn med berre fornamnet. Ein fekk då eit tilnamn som bestod av eit namn + endinga –son/-sen eller -dotter/-datter. Eriks son Hans blei kalla Hans Erikson og dottera Marta blei etter tilsvarande skikk kalla Marta Eriksdotter. Og dersom Hans fekk søner, ville truleg ein av dei heite Erik Hansson, og så gjekk gamle namn vidare i slektledd etter slektledd. Sjeldnare kalla far opp son etter seg sjølv, men det kunne gå skikk i dette også. Såleis gjekk ei av slektslinjene mine frå garden Lunde til garden Vevring i Sunnfjord inn for Erik i gamle dagar - som far som son og som farfar så son. "Gamle-Erik" blei ventelig ikkje nytta mykje; her kan ein fortelje slektstilhøve fint ved hjelp av Erik d.e. (den eldre) og Erik d.y (den yngre). Men det var altså mykje vanlegare at ein son blei oppkalla etter farfaren. Så når Elling fekk Ole, blei heile namnet til sonen Ole Ellingson/Ellingsen. Willak Aadson sin son fekk heite Aad Willakson. Og når ein med namnet Aad kalla dottera si Gunilde, var ho Gunilde Aadsdotter.

Namn i veksling over generasjonar. Fornamn og tilleggsnamn som vekslar og går meir eller mindre i arv frå generasjon til generasjon, er ikkje som etternamna som blir nytta no for tida. No ligg etternamna fast, om ein ikkje søker om andre etternamn. Den nye namnelova gjer det nokså lett.

Faste etternamn. Skikken med å bruke faste etternamn som går i arv frå foreldre til barn, er ganske ny i Noreg. Skikken kom frå større land i Europa og gjorde seg først gjeldande i byane, særleg blant overklassa. Eit godt stykke inn på 1900-talet var det framleis mange her i landet som ikkje hadde eit fast etternamn. Sagt på annan måte: Før ca. 1900 skifta folk vanlegvis etternamn når dei flytta til ein ny gard; då brukte folk gardsnamnet mest som ei adresse. Derfor er ikkje familienamn i vanleg meining brukte i ættesoger før kring 1900. Det var for alvor etter 1920 at familienamna fastna slik det er blitt i dag.

Adelsnamn som Måneskjold. Adelege fekk seg titlar som synte rang, og våpenskjold som hang saman med ættenamn som låg fast, også for adelege som flytta.

Noreg hadde kongar og vasallari norrøn tid. Lendmann er ein vasalltittel frå då og frå mellomalderen for personar som kongen har gitt eit område å administrere. Lendmann var ein stormannstittel til ein som hadde den høgaste rangen i hirda, berre under jarl. Under Magnus Lagabøte fekk dei norske lendmennene tittelen baron. Lendmenn blei med andre ord til det vi kallar adel. Adelsfolk fekk titlar og rang. Dei fleste norske adelsslektene var utdøydde omkring 1500, eller dei hadde sige ned i bondestanden. Lange tiders borgarkrig fekk bukt med dei fleste, og så kom Svartedauden og danskeveldet attpå. Det finst nokre handfullar adelsslekter i Noreg likevel, enda om adelstitlane blei avskaffa ved lov frå 1821 og frametter.

No er det ikkje noko arveleg adelskap i Noreg meir, ikkje meir "jarl, hertug, greve, baron, riddar" og slikt. Men adelsætter ein stammar frå kan ein finne fram enno. Nokre av dei har fredelege dyr i våpenskjold og som ættenamn. Vi har adelege ættenamn som teist (Cepphus grylle), som er ein fugl i alkefamilien og due med meir - fredelege villfuglar og ikkje akkurat røvarmarkeringar som arv frå vikingane. Systemfesta underkuving og forarming kan ha fredeleige markeringar! Vi har også nokså namn som Staur og Vinter, for å nemne nokre fleire i adelsgata. [Meir]

Gardsnamn. Ei stor etternamnsgruppa attåt patronyma (ovanfor) er gardsnamna. Eksempel er Torset og Kvalen (frå gardane Torset og Kvalen på Gurskøy, Sunnmøre). Å identifisere folk med gardsnamn som tilnamn attåt fornamnet og "avkomnamnet" (namnet på faren eller mora med høvelege endingar som -son eller -dotter etter), har vore brukt i mange hundre år. Men mens ein i dag ber eit slikt gardsetternamn heile livet, blei dei i eldre tider brukte meir som ei slags adresse til bruk for kyrkjebøker, folketeljingar og andre dokument. Når til dømes Thor Pedersen budde på garden Skår i Luster, var han Thor Pedersen Skar. Når han flytta til garden Rønnei i Luster, var han Thor Pedersen Rønnei, og når han flytta til garden Spjelkavik, blei namnet Thor Pedersen Spjelkavik. Men gardsnamnregelen er ikkje alltid gjennomført fullgodt. Til dømes kallast Thor Pedersen for Tore Pedersen Rønnei i Borgund og Giske bygdebok, band to. I Luster-bygdebokverket heiter han både Spjelkavik og Spjelkevik to ulike stadar.

I offentlege dokument finn ein Spilcheviig og anna forvanska og fordanska for siste garden til Thor. Namnet var ikkje einfelt i gammalt norsk ein gong.

Mange gardsnamn blei skriftfesta på 1600-, 1700- og 1800-talet av danske embetsmenn som gjerne brukte ein skrivemåte som låg langt unna uttalen av gardsnamnet. Slike skrivemåtar har blitt vidareførte som slektsnamn, og derfor har vi i dag etternamn som Wiigh, Wiik og Vigh av gardsnamnet Vik, opplyser Norsk Språkråd.

Opphavleg norsk, og anna. Etternamn som ender på –son/-sen eller eit gardnamn, har norsk opphav. Det finst også namnetypar med utanlandsk opphav både frå innføringa av kristendommen, og som følge av anna påverknad. Dei siste tiåra har også innvandringa til Noreg auka drusteleg, og dermed kjem nye etternamn og etternamnsskikkar til. Blant dei 106 mest brukte etternamna i 2010 finn vi Nguyen (nr. 59), som om lag 40 prosent av vietnamesarar har. Dei ti vanlegaste er Hansen, Johansen, Olsen, Larsen, Andersen, Pedersen, Nilsen, Kristiansen, Jensen og Karlsen. Bakken er nr. 37, Gran nr. 230 og Khan 231, om det kan interessere. [◦Meir]

Namnemotar

Motane skiftar. Opp gjennom tidene har somme namn og namnetypar vore meir populære enn andre. På 1700-talet voks skikken med fleire fornamn fram, særleg for jenter, og på midten av 1800-talet og i fleire tiår framover var det dei gamle norrøne namna som var på moten.

Snøggare namnemote-endringar. Dei siste hundre åra har namnemotane endra seg fortare enn i tidlegare hundreår. Mens namnet Anna låg på førsteplass blant jentenamna frå 1880 og heilt til 1917, har det dei siste tjue åra vore ti ulike namn på førsteplassen. For gutane skifta Ole og Johan om å ha førsteplassen mellom 1880–1905, mens det dei siste tjue åra har vore sju ulike gutenamn innom førsteplassen.

Celebritetsnamn eller namn ein får høyre titt og ofte med gode kjensler til – slike kan få haleheng. Namnet Harald auka då kong Harald blei fødd i 1937. Emil og Emma er dei mest brukte fornamna i 2011 – etter at "Emil på Lønneberget" har glidt inn ved bøker og filmar og TV-serie i fleire år, og i tillegg finn det pussig nok stad etteraping av svenske namneskikkar no for tida. Namnetypar blir populære – gamle nordiske namn frå midt på 1800-talet.

Andre typar namn har blitt vanlege gjennom innvandring, som av tyskarar i mellomalderen. Nasjonalromantikken på 1800-talet endra skikkane.

I mellomkrigstida og i tida etter andre verdskrig har bruken av engelske mannsnamn auka kraftig. Den amerikanske populærkulturen slo inn over Noreg gjennom musikk, filmar osv.

Frå korte og "lette" til lange. Frå 1900- og fram til 1970-åra blei korte, "lette" namn meir og meir omtykte, både blant kvinne- og mannsnamna. Blant dei ti mest populære namna i 60-åra finn vi til dømes Anne, Bente, Kari, Inger, Nina, Jan, Per, Bjørn, Geir og Tor. Men så snudde moten att, og frå 1980- av har lange og bokstavrike namn som Kristian, Kristoffer, Alexander, Marianne, Kristine og Elisabeth vore på topp.

Andre. Dei siste ti–femten åra har også andre namnetypar blitt svært omtykte: Blant gutenamna har bibelske namn (særleg namn på -as) fått eit kraftig oppsving, til dømes Jonas, Lukas, Mathias, Elias og Tobias. Blant jentenamna er det dei tostava namna som sluttar på -a, som har foke til topps: Emma, Sara, Nora, Ida og Thea. Bruken av lange namn som kom til synes i 80-åra har halde seg betre blant gutenamna enn blant jentenamna.

Stoda. Blant nyfødde i Noreg i 2006, har ein på dei ti første plassane Jonas, Mathias, Alexander, Andreas, Elias, Kristian, Sebastian, Markus, Sander, Tobias. Fire av dei ti mest brukte namna frå 2006 er av gresk opphav, og resten bibelsk. I 2010 var dei ti vanlegaste gutenamna Lucas /Lukas, Emil, Mathias /Matias, William, Magnus, Markus /Marcus, Jonas, Kristian /Christian, Oliver, Alexander /Aleksande; bibelnamn florerte i same grad då også.

Innhald


Ættenamn, litteratur  

Alhaug, Gulbrand. 10 001 navn: Norsk navneleksikon. Olso: Cappelen Damm, 2011.

Barn i magen. "Navneguiden – Navnekarusellen". [navn.klikk.no]

Kunnskapsforlaget. Navneleksikon. 3. utg. Oslo: Gyldendal, 2007.

Ouren, Jørgen. Den store navneboka. Ny utg. Oslo: Kagge forlag, 2009.

Ættenamn, opp Seksjon Sett Neste

Ættenamn BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]