GULLVEKTA, NORSK DEL  

Far Jaguar og Haim Ginott - 3

 14 › 1 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
SPØRSMÅL, FRÅGOR, ØVST PÅ NETTSTADKARTET
SITE SEARCH

VENSTRE STOLPE
 
RESERVASJONAR   FØRRE   NESTE



Tilvisingane her er til boka På talefot med barna av Haim Ginott. Han har også skrive framhaldsboka På talefot med tenåringene. Som tommelfingerregel høver det truleg best å lese samandraget før essayet.
      Dr. Haim Ginott:
  1. Professor i barnepsykologi ved New York University;
  2. Rådgivar i barnepsykiatri for mellom anna FN.
  3. Vel kjent for enkle bøker å sjå til, attpå til.
I stykka her er brokkar frå Ginott-tekstar smetta inn i ein generell design: Dei tredelte essaya her på nettstaden representerer generalisert fasetenking - og framgang steg for steg. Det er eigentleg hjelp - Det skulle elles vere god politikk å ta vel vare på Far Jaguar: Heidre far, så han bugnar, får friskt mot, overskott og vil leike med barn og kone utan å stupe. For å styrke oddsa (vilkåra) for framhald for den nye familien, kjem det truleg vel med å ta betre vare på Far Jaguar.
      Den som gidd, finn generelle oppskrifter for framgang utbretta i detaljar på den engelske delen av nettstaden [LENKJE]. Ein får gå inn for velskapte, jamt sosiale, godt kontrollerte stegvis-framlegg. Det kallar eg skikkeleg.

Opp


Breie fagfolk-skjønn nett levert

Kjernefamilien treng å verjast og byggjast innefrå

Bjørnebær Mye dumt og nådelaust blir regulert og kontrollert ovafrå, og tener kanskje stat og kommune meir enn kjernefamilien og villa-eigande. Ein får tenke nøye gjennom det.

Vegen

EinararHald oppe og hald fram med det som er godt nok og sikkert. Det kan vere utan ugler i mosen

VER DJUP nok til ikkje å kome til kort. Det kan hjelpe Far Jaguar sitt grep, kan hende med ulik-arta stenk i seg: Kristen vil her seie i tråd med dominerande skikkar med breitt grep i folkehavet. Det vi held for å vere rett kristent har ikkje alltid noko sentralt felles med bod og krav i evangelia eller bibelen. Det er hyppig historia sine frukter nedfelt i god-og-gjæv-skikkane som tel. Eg trur dei fleste foreldre som les litt i Bibelen, vil kjenne til det. Nedkorta parafrase-døme: "For å følgje meg skal de selje alt de eig og gi det til dei fattige. Elles ..." Ja kva så, huseigarar? Kallar vi oss kristne utan å gjere som gamlesjefen fortel, held vi vel aldri så lite leven med fordømmingane hans av slike som oss. Gå for kristen utan å gjere som sjefen byd - Let det seg gjere? Sjå rundt i Europa og USA og jamfør. Det finst mange villa-eigarar ... Tener dei Jesus i drømme, eller godt nok utan å gjere som han seier?
       Det finst harde fyrop i evangelia mot å kalle Jesus herre, herre og ikkje gjere (til dømes selje) som han dikterer. Det er sikkert, sann. Meir skulle du vel ikkje trenge å vite for å lukte ugler i mosen, eller? ... Det finst elles mang ei bortforklaring å trive til. Mange finn teologiske snurrepiperi og fraserusk tenlege til nett det. (1)
       Det er (dei kristne) handlingane barnet skal lære å kontrollere, og her har barn behov for at foreldre og oppdragere er klare og konsekvente på gode, greie måtar. Barn og andre nykommarar til landet treng enkle, greie reglar utan fant. (2)


ToararI den breie straumen driv alle nådelaust slik det blir regulert ovafrå

Psykolog Bjørn Killingmo summerer nokså mye av dette i føreord til På talefot med barna: Dr. Ginott set ikkje fram noko ideal om uhemma utfalding. Han syner ofte korleis vi kunne ha handla - i fall vi hadde skjena litt av kvart betre. Det orkar vi normalt ikkje. Ikkje utan gudehjelp, og den kjem vel alltid innafrå. Det som kjem utafrå, hjelper nok fram i langdrag sånt som ytre styring, reglar og kontroll som får bra mann til å stupe lenger framme. Det nasevist gjennomregulerte samfunnet tener ingen høveleg fridom, og kan gå hand i hand med ufager utbytting. (3)
       Hovudgrunnen til at professor Ginott ikkje går inn for uhemma utfalding, er at han legger så stor vekt på å unngå kultursjokk og forvirring. Litt disiplin er bra å ha, så lenge ein ikkje brekk ryggen.
       Haim Ginott trekker dessutan fram at barn i dag kan ha lite artikulerte og ofte forvirra snusk-fantasier trass i vågal og seksuell opplysning. På talefot med barna handlar om korleis foreldre og barn snakkar saman og om korleis dei skal kome fram til betre gjensidig forståing.
       Vi kan sjå litt meir inn i kva ungane og Far Jaguar treng for å halde saman, sia det er sambandet dei imellom som oftast lir havari i omsorgs-tvistane. I innpå ni av ti tilfelle hamnar ungane hos jaguarmor, ikkje hos den Gud har innsett som herre over heimen i folketrua. Det er ein konflikt eg rippar opp i her, i lag med utdrag av ekteskapsløftet: halde saman i gode og vonde dagar til døden. Den som bryt heilagløfte som skal gjelde livet ut, er vel ikkje for mye verdt ved det. Det er ikkje alt som er populært som er bra, og ikkje alt frå bibelen er verdt å sake for å halde seg hipp i den vide straumen - eller den breie vegen til forfall. Det kan det også bli. Eg tek ikkje fram unntaka her. Eg minner på det.
       Saka er normalt at hjelp kjem for seint, og at førebygging og ven oppdemming tel mye meir og gjer ikkje galt verre ved så som ytrestyrt, offentleg regulert kontroll. Eg er ikkje mye for det. Det er iallfall mitt eksistensielle syn. Best å ha det. Ja, den førebyggande bibelallierte løysinga synes så innlysande når vi først er blitt sette på den. Den styrkar mannen, som så hjelper heimen, som så tener ungar som veks fram.
       Ginott hevdar sterkt kva verdi det har å vite av grenser. Stormakter driv krig om likande. I familiar krigar dei også, men om andre slags grenser - ofte tøye-grenser. Gjennom ei rekke døme - syner Ginott korleis mange foreldre kan slakke på harde krav etter kvart som unge blir modne for meir fridom og ansvar. Dei to - fridom og ansvar det ber med seg - får gå i spann, men ikkje som esel og sau. (4)
       Forfattaren er psykoterapeut, og må ikkje ramme barnets tanke- eller kjensleliv og gjere det frivole gustent (slapstick).
       Helst får kvar Far Jaguar vere bra og sikker talsmann for eit lytelaust og alt i alt balansert syn basert på psykologisk forkorta familiehald-kunnskap. Men det er ikkje så enkelt. For kvar fagmann som veks opp, eit nytt syn - Det heng saman med individ-utfalding - noko særmerkt kjem fram og vil tone fram.


TreararDet enkle å sjå til kan syne rett respekt og vere verdt mye

Ginott argumenterer for eit syn som i sin konsekvens langt på veg fell saman med det typisk tradisjonelle rollemønsteret i ... kultur. - Bjørn Killingmo, men nasevist nedkorta. (5)
       Skyldkjensle undergrev sjølvrespekten og minskar vilkåra for å utvikle positiv sjølvkjensle.
       Haim Ginott hevdar at om vi legg urimeleg og likeglad sensur på naive sine oppriktige kjensler og fantasiar, kan dette utvikle ei slags skyld som ikkje er festa til konkrete misfaringar, men til barnet sitt eige indre liv, det vil seie til sjølvsider i det.
       Haim Ginott skriv einfelt så det går å forstå det. Denne knappe klarleiken er følgje av lang tids verksemd som formidlar av god innsikt. Bjørn Killingmo kallar det enkle i Ginott-framleggingar for berre enkelt å sjå til.
       Killingmo er elles inne på dette: Etter mi meining har dei fleste [uheldige og stygge] roller som vårt samfunn tildeler menn og kvinner, ganske lite å gjere med den meir grunnleggjande kjønnsidentifiseringa. Dei er ... hinder - (7)
       Enorm sjølvrespekt kan vi famle etter utan å visne. Men det tener nok Ola Nordmann meir å få til livsgangar som er vel komponerte. Slik er naturleg nok stoda.
[s 5-9]
Denne breie, overordna, verdi-ordnande vurderinga er sett inn oppå tema frå to føreord av Cand psychol Bjørn Killingmo; han var universitetslektor då han skreiv dei.

Samandrag

I sum
  1. Hald oppe og hald fram med det som er godt nok og sikkert. Det kan vere utan ugler i mosen.
  2. I den breie straumen driv somme nådelaust slik det blir regulert ovafrå.
  3. Det enkle å sjå til kan syne rett respekt og vere verdt mykje meir enn dumme aner.
Enkelt sagt Hald oppe det gode og sikre på vel regulerte måtar. Det hører med i kulturen. Den breie straumen blir regulert ovafrå - inspiser. Hatten av for det enno enkle og kjekke å sjå til.


Fagfolkskjønn på eselvis

Korte forteljingar Foredragshaldaren frå fråhaldsrørsla hadde nettopp vist kva som var å vise og sagt ting utan fusk. Han hadde også sleppt ein makk i eit glas brennevin for å demonstrere kor den vrei seg i væska og leid. No sa han:
       "Dersom eg setter ei bøtte vatn og ei bøtte brennevin framfor eit esel, kva for ei bøtte vil dyret velje?"
       "Vassbøtta," ljoma det frå ei lystig stemme.
       "Rett, unge mann," sa foredragshaldaren. "Og korfor vassbøtta?"
       "Det er eit esel," kom det fort.


BØLGJE

Litteratur  
      Par: Ginott, Haim: På talefot med barna. Gyldendal. Oslo, 1970. [Between Parent And Child. Avon. New York, 1956]
       Ptt: Ginott, Haim: På talefot med tenåringene. Aschehoug. Oslo, 1971. [Between Parent and Teen. Avon, New York, 1969]

Lenkjer

Link:Race for the big cats: Meet the jaguar
Link:Houston Zoo: Jaguar
Link:Cats: Wild to Mild: Cats in native American cultures
Link:Jaguar's rainforest adventure: Jaguar

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1998–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]