Norsk del, Gullvekta
Haim Ginott og framtida
Seksjon › 6 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Litt futuristisk gjennomgang

Futurismen var ei framtidsretta kunstretning som beundra unge, fart og teknologi. Sidan barn og unge er framtida og dei som med stunder skal få samfunnet til å gå bra og ta seg av eldre og uføre, høver det godt å stelle godt med dei og la dei få utvikle seg til gagns menneske i heim og samfunn, som det heiter. Det gjeld å la dei som veks fram etter deg, bli høyrt og lytta til, godtatt og rekna som gyldige nok. Ein skal unngå å hamne i blindgater.

Haim Ginott gjekk inn for å betre kommuniseringa mellom vaksne og yngre. Han fann mange gullkorn. Her kjem utdrag eller samandrag frå ting han byr på - mest mynta på vaksne i forhold til unge. Ein får surfe over råda og sjå om ein finn nokre som passar.

Ginott-gullkorn

Ein fiks detalj er å skilje mellom å godta og godkjenne.

Krenk ikkje privatlivet til barn og unge.

Preik ikkje ved klisjear.

Unngå å sette merkelappar på barn.

Send ikkje motstridande bodskap.

Ikkje "futuriser", for futurisering kan ale frykt og stress. Med andre ord, la vere å seie korleis framtida til den og den blir i fall . . . (noko). Å la moden tvil komme "tiltalte" til gode mest støtt, kan gå bra. Kanskje vaksne som bryr seg, gagnar yngre best når dei avventar eit grann.

Når problem skal løysast, kan det gagne å la den unge sjølv handtere situasjonen. Ein får avgjere føreåt kva dei evnar. Ein får sanne vansken og vente og sjå om det kjem framlegg som kan løyse den heilt eller delvis, og la den unge få nytte og styrke autonomien sin.

Er de usamde om noko særleg, er det ei prøve på visdom at ein kan summere den andre sitt syn før ein tar til med sitt eige. Det er no foreldra sitt ansvar å syne fruktbare må å kommunisere og samtale på.

Når orda fangar inn unges kjensler, vinn vi kanskje litt respekt.

Logikk aleine er ikkje nok til å mette kjenslebehov.

Å erkjenne og vedgå røynslene til unge og spegle kjenslene deira, kan vere til hjelp når ein syner omsyn. For det er ikkje teknikkane aleine som hjelper, men dei som bruker teknikkane. Det går ikkje godt nok når det er skodespel. Det gjeld å lytte først, med medkjensle.

Når andre fortel, kjem ein fort på eigne røynsler og vil fortelje om dei. Prøv å vente med det eller la det vere, fordi det kan gjere den unge sine røynsler mindre verdt enn dei fortener i samspelet i noet.

Vanlege feil når barn og unge fortel noko

  • Refsing à la "Kva venta du deg då?"
  • Klisjear det kjem ingenting ut av, som "Smil og verda vil smile til deg."
  • "Ta meg, til dømes - då eg var på din alder så . . ."
  • Syrleg å svekke (minske vekta eller verdien av) situasjonen feil. "Det er då ingen grunn til å bli deprimert!"
  • Å jamre "Feilen med deg er . . . (og så kjem det)."
  • Å synest synd på seg sjølv og gi høgt uttrykk for det, når det er den andre det gjeld.
  • Pollyanna-svada. Å trøyste med "Det finst ei høgare meining med det som skjer" og liknande billege lettvektartankar (Pollyanna-tilnærmingar kan vere naivt optimistiske med hang til å tru blindt at finst noko godt i det som ikkje er det, tilmed.)
Vis respekt for kjenslene. I dei og bak dei ligg verdet. Unngå å vere overflatisk konformiserande når du snakkar med barnet. Så når barnet er rasande, skal ein berre ikkje ty til, "Du har ingenting å vere sint for." Når barnet er redd for noko, avfeiar ein det ikkje med "Det er ingenting å vere redd for." Når barnet har det vondt, seier ein ikkje, "Smil og lat som du er glad når du ikkje er det." Ein seier ikkje til den som blir brydd eller er sjenert at ho ikkje skal vere det.

Kunsten er å lytte til problemet, omformulere det, klargjere det, gi barnet høveleg godkjenning for å formulere det, og så spørje, "Kva val og vegar er opne for deg slik stoda er?" Ofte kjem barnet sjølv til ei løysing. Når dette skjer i ein forsvarleg prosess, lærer det å stole meir på si eiga dømmekraft. Men når du som føresett byr fram ei løysing som snarast, utan å dukke ned i saka, går du og barnet glipp av å finne ei utfordring å vekse på, og vekse saman på.

Når ein også er rettvis og ikkje "kurerer" nokon med sarkasmar heller, kan barn blomstre.

Læring går føre seg i eit emosjonelt og trygt klima der høflegheit og innføling er bra. Sett at eit barn søler maling. Forelderen kan takle situasjonen utan å brennemerke barnet for noko. Det er jamt høveleg. Mor kan til dømes seie, "Eg ser det er sølt maling. La oss finne noko å tørke det vekk med." Det er betre enn å gå til åtak på personlegdommen til barnet for ein filleting: "Kva er i vegen med eg? Du er så klossete! Sa eg ikkje du skulle vere varsam? Du høyrer aldri etter", osv. Slike breisider skader kanskje barnet for lang tid.

Ginott seier at hovudregelen for gagnleg kommunisering er å snakke til situasjonen, ikkje karakteren eller personlegdommen. Og å snakke til kjenslene og ikkje berre situasjonen er eit ende betre mål å nå opp til. Ein treng ikkje snakke til kjenslene kvar gong, men kommunisere konsekvent og i kritiske augeblikk. då kan situasjonane bli ordna og problem løyste, og konfliktar kan kanskje trappast ned.

Og igjen: God kommunisering føreset at ein er ekte, og krev også at det ein seier, høver til situasjonen. Ein lèt ikkje som, og gøymer ikkje sine eigne kjensler når ein kan gi uttrykk for dei utan å skremme og skade og fornærme, utan vald. Hykling er ikkje bra.

Ein kallar ikkje barne stygge ting, angrip ikkje karakteren deira eller fornærmar personlegdommen deira. Ein seier ikkje kven dei liknar og kor dei vil hamne.

Beskriv kva du ser, kva du kjenner, og kanskje også kva du ventar deg.

Gå til åtak på problem, ikkje personar. Vit at den som er sint, hanskast med meir enn han eller ho kan klare og kontrollere i augeblinken.

Du-bodskap

Gagnlege du-bodskap:

  • Ringar inn korleis barnet har det og kjenner seg.
  • La vere å fornekte kva barnet oppfattar.
  • Snakk ikkje vekk kjenslene til barnet.
  • Ta ikkje vekk verdien av ønska til barna.
  • Hån ikkje smak
  • La vere å rakke ned på meiningar.
  • Kommuniser ikkje nedsettande om karakter.
  • Set ikkje forhasta merkelappar på nokon eller noko.
  • Som lærar kan ein med fordel unngå å diagnostisere og føreseie for eleven i det daglege. Som forelder bør ein kvalifisere seg for det først.

Unngå å stille spørsmål som får barn og unge til å kjenne seg toskete, utelatne, skuldige, rasande og hemngjerrige.

Unngå kommentarar som sannsynlegvis vekker harme og motstand.

Syn jamt medmenneske-respekt for kommentarar frå barna sjølv når dei verkar umogne, utanfor allfarveg, og ikkje verkar heilt relevante.

For barn og unge og eldre også, er læring aldri utan emosjonelle overtonar.

Når ein roser, held det å rose konkrete handlingar. Ein kan vanskeleg komme vel unna å evaluere karaktertrekk. Unngå ros som festar adjektiv til barnet sin karakter.

Barn treng ros som verdset, og ikkje ros som samanliknar og er nedlatande.

Hovudregelen ved rosing er å skildre utan å døme, å rapportere, ikkje bedøme. Overlat evalueringa av barnet til barnet sjølv, seier Ginott.

Ein kan lokke barn til læring, freiste barn til læring, men ikkje skjemme dei ut til det. Når barn blir tvinga til å lære, kan dei bli freista til å kare seg gjennom skolegangen utan å lære.

Går noko gale eller skjer seg, er det førstehjelp som trengst først, ikkje kritikk.

Ein kjenner seg gjerne vel i lag med folk ein kan snakke opent med, og vere seg sjølv saman med utan altfor mange liksom.

Fortel gjerne ei historie med gagn i. Det kveikar mange.

Innhald


Haim Ginott pedagogikk, klar oppseding, Litteratur  

Lenke til meir av og om Ginott: ◦Meir.

Ginott, Haim: På talefot med barna. Gyldendal. Oslo, 1970. [Between Parent And Child. Avon. New York, 1956]

Ginott, Haim: På talefot med tenåringene. Aschehoug. Oslo, 1971. [Between Parent and Teen. Avon, New York, 1969]

Ginott, Haim G. Teacher and Child: A Book for Parents and Teachers. New York: Avon Books, 1975.

Haim Ginott pedagogikk, klar oppseding, opp Seksjon Sett Neste

Haim Ginott pedagogikk, klar oppseding BRUKARGAID: [Lenke]
© 1998–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]