RøvarbrudgommenDet var ein gong ein møllar som hadde ei vakker dotter. Då ho blei vaksen, ville han at ho skulle bli gift med nokon som kunne forsørge henne godt, og tenkte: "Kjem det ein høveleg friar og bed om henne, gir eg henne til han." Ikkje lenge etter kom ein friar. Han verka svært rik, og møllaren fann ingen feil ved han, og lovde han dermed dottera si. Men jenta likte han ikkje så godt som ei kommande kone treng, og stolte ikkje på han. Kvar gong ho såg han og tenkte på han, kjende ho frysningar. Ein gong sa han. "Du er trulova med meg, og likevel har du ikkje gjesta meg ein einaste gong." Jomfrua svarte: "Eg veit ikkje kor huset ditt er." Då sa han: "Eg bur ute i den mørke skogen." Ho prøvde å orsake seg og sa ho ikkje kunne finne vegen dit. Brudgommen sa: "Neste søndag må du komme dit til meg. Eg har allereie invitert gjestane, og skal strø oske på vegen gjennom skogen, så du kan finne vegen." Då søndagen kom, og jenta la ut på veg, blei ho ille til mote utan at ho visste heilt korfor. For å merke vegen attendeenda betre, fylte ho lommene sine med erter og linser. Oske var spreidd frå skogbrynet og innetter i skogen, men for kvart steg kasta ho eit par erter på bakken. Ho gjekk nesten heile dagen før ho var midt i skogen. Der stod eit hus for seg sjølv. Ho likte ikkje huset, for det var så mørkt og uhyggeleg. Ho gjekk inn, men det var ingen der. Det var heilt stilt. Med eitt høyrde ho ei stemme som ropte: "Snu, snu, unge jomfru. Jenta såg opp. Stemma kom frå ein fugl som hang i eit bur på veggen. Fuglen ropte om att: "Snu, snu, unge jomfru. Då gjekk ungjenta gjennom heile huset frå rom til rom, men huset var heilt tomt. Der var ikkje nokon. Til sist kom ho til kjellaren. Der sat ei eldgammal kvinne med hovud som skaka og rista. "Kan du seie meg", sa jenta, "om det er brudgommen min som bur her?" "Å, stakkars barn, "svarte kvinna", kor er det du har hamna! Du er i huset til ein mordar. Du trur vel du snart skal bli godt gift, men ekteskapet vil ende med at du snart døyr. Sjå her, eg har blitt sett til å sette ei stor gryte med vatn på elden. Når dei har deg i si makt, vil dei kappe deg opp i småbitar utan nåde, koke deg i gryta og ete deg, for dei er kannibalar. Om eg ikkje forbarmar meg over deg og reddar deg, er du fortapt. Sjå her, eg har blitt driven til å sette ei stor gryte med vatn på elden. Når dei har deg i si makt, vil dei kappe deg opp i småbitar utan nåde, koke deg og ete deg, for dei er kannibalar. Om eg ikkje forbarmar meg over deg og reddar deg, er du fortapt." Deretter tok den gamle kvinna henne med bak eit stort tønneforma kar, der ingen kunne sjå henne. "Ver still som ei mus", sa kvinna, "ikkje lag ein einaste lyd og ikkje rør deg, for i så fall kan det vere ute med deg. Vi skal røme i natt, når røvarane søv. Eg har vente lenge på dette høvet." Så kom dei gudlause folka heim. Dei kom dragande med ei anna ung kvinne, og var fulle. Dei brydde seg ikkje om at ho skreik og jamra, men helte i henne tre glas vin. Eit glas kvitvin, eit glas raudvin, og eit glas gul vin som knuste hjartet hennar. Så reiv dei av henne dei pene kleda hennar, la henne på bordet og skar den vakre kroppen hennar i bitar og strødde salt på dei. Ungjenta bak karet skalv og rista då ho såg kva som var i vente for henne hos røvarane. Ein av dei la merke til ein gullring på veslefingeren til offeret, og då han ikkje klarte å dra den av med ein gong, tok han ei øks og hogde fingeren av. Men fingeren spratt langt vekk og landa i fanget til ungjenta bak fatet. Røvaren tok eit lys for å leite etter fingeren med ringen, men kunne ikkje finne den. Då sa ein annan av dei: "Har du sett etter bak det store karet?" Nett då ropte kjerringa: "Kom og et kvelds. De kan vente med å leite til i morgon. Fingeren spring ikkje sin veg." Då sa røvarane: "Den gamle kvinna har rett", og slutta å leite og sette seg ned og åt. Den gamle kjerringa helte ein sovedrikk i vinen deira, så dei la seg snart ned i kjellaren og sov og snorka. Då ungjenta høyrde det, kom ho fram frå gøymestaden bak fatet, og måtte skritte over dei som sov, for dei låg i rekker på bakken. Ho var redd ho skulle vekke nokon, men ho kom trygt over dei. Den gamle kvinna gjekk opp av kjellaren saman med henne, opna dørene, og så sprang dei så fort dei kunne bort frå røvarhuset. Oska hadde vinden blåse vekk, men ertene og linsene hadde spirt, og viste veg i måneskinet.
Dei gjekk heile natta. Då det blei morgon, kom dei til mølla. Der fortalde jenta faren alt som hadde hendt henne. På dagen for bryllaupet dukka brudgommen opp. Møllaren hadde innbydd alle slektningane sine og vennar. Mens dei sat ved bordet, blei kvar bedt om å fortelje eitkvart. Brura sat stille og sa ikkje noko. Då sa brudgommen til brura, "No, kjære, har du ingenting å fortelje oss?" Ho svarte: "Eg skal fortelje om ein slags draum. Eg gjekk aleine gjennom ein skog, og til slutt kom eg til eit hus. Der var det ingen, men på veggen var det ein fugl i bur. Den skreik: "Snu, snu, unge jomfru. Det skreik han om att. Så gjekk eg gjennom alle romma der i huset, og alle var tomme, og det var noko fælt ved dei. Til sist gjekk eg ned i kjellaren. Der sat ei eldgammal kvinne og rista og skok på hovudet. Eg spurde henne: "Bur kjærasten min her i huset?" Ho svarte: "Å, stakkars barn, du har hamna i eit hus der mordarar held til. Brudgommen din bur her, men han vil hakke deg i småstykke og drepe deg, og så koke deg og ete deg." Men kjerringa gøymde meg bak eit stort fat, og ikkje før hadde ho gjort det så kom røvarane heim og drog ei jomfru med seg. Dei helte i henne vin, kvit, raud, og gul, og knuste hjartet hennar. Så tok dei av henne dei fine kleda, skar opp kroppen hennar i mange stykke på eit bord, og strødde salt over dei. Ein av røvarane såg at det framleis var ein ring på veslefingeren hennar. Fordi det var vanskeleg å få av ringen, tok han ei øks og hogde av fingeren, men den spratt langt vekk og landa i fanget mitt der eg stod gøymt bak eit stort vinfat. Og her er fingeren med ringen." Med desse orda trekte ho fram fingeren og ringen og synte dei til alle som var der. Røvaren hadde blitt kvit som eit laken mens jenta fortalde. Han sprang opp frå bordet og prøvde å flykte, men gjestane heldt han fast og overgav han til domstolane. Då blei han og den fæle banden hans avretta for ugjerningane sine. |