GULLVEKTA

Grimm-eventyr • Innleiing

  13 › 1 › 31 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Grimm-eventyra
– SAMLINGA

Innleiing

Utsnitt frå bokomslag

Etter at dei to brørne Jacob og Wilhelm Grimm gav ut Kinder- und Hausmärchen (Barne- og hushaldseventyr), har eventyra deira blitt dei mest vidkjende eventyra på jorda. Grimm-brørne tok til å samle inn segner og eventyr i 1806, og frå 1807 også frå munnlege kjelder.

Førsteutgåva av eventyra kom i to band. I første boka (1812) var det 86 forteljingar. Andre boka kom to år etter og femna over 70 forteljingar til. No inneheldt verket 156 forteljingar - Soger blei lagt til og soger fjerna frå eine utgåva til den neste, til 211 stod att i sjuande utgåva frå 1857.

Grimm-brørne inspirerte Asbjørnsen og Moe og mange andre til å arbeide med eventyr. Eventyra dei forma, er omsett til over hundre språk. Alle eventyra frå den sjuande utgåva frå 1857 står på engelsk her: [Lenke] Brørne gav også ut Deutsche Sagen i to band (1816 og 1818), eit verk med 585 tyske segner og legender.

Folklorearbeidet til brørne inspirerte også granskarar i mange land til å samle inn og gi ut eventyr og segner og studiar av eventyr og segner.

Bøkene vende seg eigentleg til vaksne, og representerer nok ikkje breidda i den rike folkediktinga som var: Ny forsking tyder på at Kinder- und Hausmärchen i hovudsak blei samla inn mellom velutdanna borgarar i Kassel, familie og nære vennar som for det meste var unge. Ein av desse familiane stamma frå franske hugenottar og var inspirert av eventyra etter franskmannen Charles Perrault. Ei hovudkjelde, Dorothea Viehmann hadde fransk som morsmål og eigde eit vertshus. Eventyra er altså frå ein snever krins, Det er såleis nokså uavklara i kva grad Grimm-eventyra er representative for tysk eventyrtradisjon, som blant anna femner over langt fleire skjemteeventyr.

Eventyra til brørne fekk eit meir stilisert og høgtideleg preg i dei seinare revisjonane til brørne, dei blei gjort mindre barske og meir veltilpassa. Til dømes blei det som opphavleg var ein vond morsfigur omgjort til ei vond stemor. Det gjeld for Snøkvit og Hans og Grete.

Dei to brørne trudde iallfall i starten at eventyr stammer frå mytar eller naturmytar. De såg at folkeeventyr var felles for mange ulike folk, og tolka likskapane som restar av myter og gudesegner som kunne ha vore felles for alle indoeuropeiske folk. Desse teoriane deira er forelda no.

ATU-typesystemet er til stor hjelp i studiet av folkeeventyr. Forgjengaren til AT-nummer kallast AT-nummer; ATU-nummera er altså oppdaterte AT-nummer. Ein finn AT-nummera for Grimm-eventyra her, ved å sjå merknadane for kvart eventyr: [Lenke]. I samsvar med klassifiseringssystemet er det utarbeidd oversikter over folkeeventyr i mange land. Ørnulf Hodne (1984) har ordna norske eventyr i samsvar med AT-systemet. [Meir] [Tyno]

Tormod Kinnes

Grimm-eventyra– 
SAMLINGA
Grimm-eventyra- SLUTTBOLK

Grimm-eventyra- LITTERATUR  

Den Store Danske, s.v. "Grimms eventyr"

Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Universitetsforlaget. Bergen, 1984.

Store Norske, s.v. "folkeeventyr" av Brynjulf Alver

Wikipedia, s.v. "Grimm's Fairy Tales"

Grimm-eventyra- OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Grimm-eventyr BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 2011–2012, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]