Norsk del, Gullvekta
Norrøne gude- og heltesegner - P. A. Munch
Seksjon › 2 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

P. A. Munch
Peter Andreas Munch (1810–63), norsk granskar

P. A. Munch sitt verk har vore kjær lesnad i fem generasjonar. Slik som den tredje utgåva frå 1922 inneheld ymse endringar frå 1880-utgåva og endra rettskriving, inneheld denne omsettinga av tredjeutgåva endra rettskriving og mindre språklege endringar elles også, til dømes at mange semikolon blir bytte ut med punktum.

Dette er ei lærebok. Den gir att historier norrøne gudar og heltar. Hovudtilfanget er henta frå kvad, soger, og Saxo Grammaticus. Mykje anna, opplysande tilleggslitteratur ligg også attom verket. Professor Magnus Olsen, som var ansvarleg for tredje-utgåva, gjer greie for detaljar i føreordet som dette er korta ned ifrå, og i merknadar gjennom heile verket.

Frå innleiinga

Den norrøne gudelæra som vi kjenner den, er stort sett frå dei siste hundreåra før kristendommen blei innført. Kjerner ifrå gudelæra har vore felleseige for nordmenn, svear og danar, og dessutan gotar, frankarar, saksarar, schwabarar, frisarar og angelsaksarar - alle germanske. Men etter kvart som germanske stammar utvikla seg meir eller mindre vekk ifrå kvarandre, med skilnadar i språk, skikkar og livsvilkår, utfalda dei ulikskaper i gudsdyrkinga si også. Det er såleis langt frå slik at at den gamle norrøne religionen der same som gudelæra og gudsdyrkinga hos dei andre nordiske eller germanske folka.

Vi kjenner ganske lite til den svenske og danske heidne religionen ut frå direkte overleveringar, men dei må ha avvike mykje frå dei som rådde i Noreg og på Island rundt år 1000 eKr. Kristendom fortrengde heidne skikkar og trustankar, først i Frankrike, så i England, dernest Tyskland, der saksarane blei kristna av Karl den Store rundt år 800, og sidan nordetter. Sverige heldt seg heidensk lengst i Norden, over hundre år lenger enn Noreg. I sørlege land gjekk mykje av den heidne religionen tapt. Men i Norden blei fedreminne tatt vare på.

Forfedrene våre sette overlag stor pris på skaldekunst og kvad. Skaldane kvad i morsmålet, og henta dei fleste bileta og likningane sine frå den gamle gudelæra. Det var dermed tiltrengt å studere den, både for den som ville dikte og for den ville skjøne kva andre kvad. Slik heldt kjennskapen til den gamle gudelæra seg i Noreg og på Island, og i lang tid trong folk berre dra til Sverige for å komme til eit fullt ut heidensk land. Interessa for skaldedikting var så sterk at kunstformen heldt seg inn i mellomalderen, der Snorre og Sæmund skreiv Eddaverk - handbøker for skaldar - og syner fram overleveringar som dei enno hadde om gamle gudar og heltar. Framstillinga i Edda-verka støtta seg på gamle forteljingar og kvad "frå oldemors tider". Dikta i Eddaverka hadde levde lenge på folkemunne før dei blei forfatta, reknar ein med.

Det finst dessutan opplysningar om den gamle gudelæra i mange andre gamle kvad, og her og der i sogene. Det er i hovudsak gjennom norsk-islandske kjelder vi kan lære den gamle gudelæra å kjenne.

Innhald


Norrøne gude- og heltesegner, Peter Andreas Munch, Litteratur  

Norrøne gude- og heltesegner, Peter Andreas Munch, opp Seksjon Sett Neste

Norrøne gude- og heltesegner, Peter Andreas Munch BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]