![]() |
Ord av Stephen Hawking | ||||||||||||||||||||||
|
Tankar om livet og verda
"Eg har lagt merke til at sjølv folk som hevdar at alt er førebestemt og at vi ikkje kan gjere noko for å endre det, ser seg om før dei går over vegen." "Å avgrense det vi er opptekne av til jordiske ting, ville vere å avgrense menneskeanden." "Vi kan vere visse på fortida og føreseie framtida."
"Det gamle paradokset: Kan Gud lage ein stein som er så tung at han ikkje kan lyfte den?" Stephen William Hawking
Stephen William Hawking blei født den 8. januar 1942 i Oxford, England. Som matematikar og toppfysikar har han arbeidd med dei grunnleggjande lovene i universet. Professor Hawking har tolv æresgrader. Han kombinerer familieliv (han har tre barn og eitt barnebarn) og forsking i teoretisk fysikk med reiser og foredrag, trass i eit handicap - amyotrofisk lateralsklerose (ALS). Det er ein motorisk sjukdom. Matematikaren er kjent for både vidd og evne til å samanfatte komplekse forhold. Orda under er omsett og ordna tematisk av meg. - Tormod Kinnes
Historier"Universet har mange historier, og kvar av dei blir bestemt av ei knøttlita nøtt." - Stephen Hawking [Un 67)]Tanken om at universet har mange historier . . . er no godtatt som eit vitskapelig faktum. - Stephen Hawking [Un 80]
Det er så mange litt uregelmessige historier at universets mest sannsynlige historier
ikkje vil vere heilt glatte, men ha små avvik frå glattheita. - Stephen Hawking
[Un 94] TidromVår modell for forståing av av tid er framleis basert på det Einstein la fram - Stepen Hawking [Un 34]Einsteins relativitetsteori, som samstemmer med mange eksperiment, viser at tid og rom er uløyselig forbunde med kvarandre. . . . Tid har form og ser ut til å ha ei einsretta retning - Stephen Hawking [Un 33] Fordelinga av stoff og energi i universet (verda) krummar og forvrenger tidrommet slik at det ikkje er flatt - Stephen Hawking [Un 35] Tida har altså ei form. Ved å krumme rom og tid endrar den generelle relativitetsteorien dei frå å vere ein passiv bakgrunn som hendingane finn stad mot, til å bli aktive, dynamiske deltakarar i det som skjer - Stephen Hawking [Un 35]. Tid og rom blir definert av målingar - Stephen Hawking [jf. Un 35] Sia gravitasjon er tiltrekkjande, krummer materie alltid tidrommet slik at lysstrålar blir bøygd mot kvarandre - Stephen Hawking [Un 39] Ein går gjennom ei viss menge stoff når ein følgjer lyskjegla bakover. Den fortidige lyskjegla er forma som ei pære (Tida er pæreforma). Tverrsnittet av lyskjegla vil skrumpe inn til null i ei endelig tid - Stephen Hawking [jf. Un 36, 39-41] Tida er forma som ei pære - Stephen Hawking [jf. Un 36, 39-41] Om ein tar Einsteins generelle relativitetsteori alvorlig, må ein tillate muligheita for at tidrommet knyt seg saman til ein knute. - Stephen Hawking [Un 129]
Grunnlaget for alle moderne diskusjonar om tidsreiser er Einsteins generelle
relativitetsteori. . . . Einsteins likningar (gjør) rom og tid dynamiske ved å
skildre korleis dei var krumma og forvrengt av stoffet og energien i universet. - Stephen
Hawking [Un 135] Universet - rommetUniversets romlige struktur kan ha både utstrakte og samankveila dimensjonar - Stepen Hawking [Un 55]Først og fremst treng universet ingen start eller slutt i imaginær tid. - Stephen Hawking [Un 83] Når det gjeld universet, er inflasjon yttarst gunstig. - Stephen Hawking [Un 91] Tidlig i historia gjekk (universet) gjennom ein oppblåsingsperiode der det utvida seg med stadig større fart. Utvidinga i denne perioden har vore så rask at noen himmellekamar er så langt frå oss at lyset frå dei ikkje når oss. Universet har utvida seg for mye og for fort mens dette lyset bevega seg mot oss. Derfor vil det vere ein horisont i universet i likskap med horisonten for eit svart hol, og som skiljer området der lyset kan nå oss frå området der det ikkje kan det. - Stephen Hawking [Un 120-21] Det mest openberre ved rommet er at det held fram og held fram. Dette er blitt stadfesta av moderne instrument - Stephen Hawking [Un 69)] Så vidt vi veit, held universet fram i rommet i all æve [og dessutan] endrar det seg definitivt over tid - Stephen Hawking [Un 71)]
Visse observasjonar tyder på "at universets utvidingsfart aukar". - Med Stephen
Hawking [jf. Un 77] UvisseSannsynet for at Kip [Thorne] kunne dra tilbake [i tid] og drepe bestefar sin er . . . mindre enn 1 på 10 med ein billion billion billion billion nullar etter. - Stephen Hawking [Un 153]I 1931 prova matematikaren Kurt Gödel det berømte ufullstendigheits-teoremet sitt om matematikkens natur. Teoremet slår fast at i eitkvart formelt aksiomsystem, som til dømes vår tids matematikk, vil det alltid vere spørsmål som verken kan provast eller motprovast på grunnlag av aksioma som definerer systemet. Med andre ord viste Gödel at det finst problem som ikkje kan løysast ved hjelp av noe sett av reglar eller prosedyrer. - Stepen Hawking [Un 139] Dess meir nøyaktig ein bestemte ein partikkels posisjon, dess mindre presist kunne ein bestemme farten, og omvendt - Stephen Hawking [Un 24]
Supergravitasjon-teorien føreset at eitkvart fermion og eitkvart boson har ein
"superpartnar" med eit spinn som er anten 1/2 større enn sitt eige eller 1/2 mindre -
Stepen Hawking [Un 50] YmseVakuum-energi fungerer faktisk som den kosmologiske konstant - Stephen Hawking [Un 96]Grunntilstanden til ein pendel har . . . ikkje null energi slik ein kunne vente. I staden må ein pendel . . . ha ei viss minstemengde av det som kallast nullpunkt-fluktuasjonar [Un 45]. At grunntilstand-svingningar finst, er blitt stadfesta eksperimentelt av Casimir-effekten. - Stephen Hawking [[Un 47]. Alle prov tyder på at Gud er litt av ein gamblar. - Stephen Hawking [Un 79]. Eg oppdaga at svarte hull ikkje er heilt svarte. - Stephen Hawking [Un 118] Eit svart hol dannar seg (berre) å sjå til, men opnar seg sia og frigir informasjon om kva som har falle inn i det. Så vi kan vere visse på fortida og føreseie framtida. - Stephen Hawking [Aftenposten 17 juli 2004] Gløym tidsreiser inntil vidare. - Stephen Hawking [Un 150] Same kor gode datamaskinene våre er, vil vi få ut elendige føreseiingar dersom vi puttar elendige data inn. - Stephen Hawking [Un 106] Garbage in, garbage out (søppel inn, søppel ut) er eit moderne ordtak om det same. Menneskerasen har ikkje noe særlig godt ry på seg for intelligent åtferd. - Stephen Hawking [Un 87] Forbruket av elektrisitet og talet på vitskapelige artiklar . . . syner eksponensiell vekst med ei fordoblingstid på mindre enn 40 år. Det er ingen teikn til at den vitskapelige og teknologiske utviklinga vil saktne farten og stogge i næraste framtid. . . . I 2600 ville i så fall befolkninga i verda [på planeten] stå skulder ved skulder, og forbruket av elektrisitet ville gjøre jorda raudglødande. - Stephen Hawking [Un 158-59] Om du [i 2600, trulig] la alle nye bøker ved sia av kvarandre, laut du bevege deg med ein fart på 150 kilometer i timen for berre å halde deg på høgda med enden av bokrekka. - Stephen Hawking [Un 159] Lever vi på ein bran, eller er vi berre hologram? - Stephen Hawking [Un 173]
Hjernen har ikkje ein enkel CPU - "central processing unit" - . . . i staden har den
millionar av bearbeidarar som samarbeider på same tid (gjennom) omfattande parallell
bearbeiding. - Med Stephen Hawking [Un 169]
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20032007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||