NORSK DEL, GULLVEKTA  

Ord om Noreg og nordmenn

 13 › 3 › 12

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Liten sitatrunde

Lærdommar
"Norge er eit paradis . . ."

Sitat frå ulike kjelder er omsette til nynorsk av Tormod Kinnes. Nokre få fanst på nynorsk frå før.

Twig

Eit land mindre forferdeleg enn eg hadde førestelt meg. - Claude Monet

Eventyra - som sjølve er oppstått av ein vekselverknad mellom fremmend påverknad og heimleg kraft - er på godt og vondt det mest tvers igjennom norske vi eig og har. - Sigurd Hoel

Själv tycker jag mycket om norrmännen, trots deras inbilskhet och ohyfsade manér. - Gustav Fröding

Den norske draumen om kos, velferd, sjølvforsaking, fred i verda, demokrati og rettferd er på mange måtar ein realitet. - Nina Witoszek, professor

Nordmenn er sjeldan spontane før dei får tenkt seg om. - Odd Eidem *

Det mest slitsame ved å tilpasse seg norsk kultur og det norske samfunnet, er nordmenns manglande danning i det offentlege rommet. - Odd Lovoll, amerikansk professor

Den ytre forma for danning, høflegheita, er stort sett borte i Noreg. - Janne Haaland Matlary, dr.phil.

I Noreg bør ein talar som vil bli trudd, helst stotre og famle etter orda - då skjønar vi at dei kjem frå hjertet. - Lars Roar Langslet. [s. 8]

Den hermetiske mannen skyr boksopnaren. - Arnold Eidslott

Det er typisk norsk å vere beskjeden, men ein blir fornærma dersom andre ikkje oppdagar kor god ein er. - Odd Lovoll

Nordmenn synest det er artig å stå opp for så å kunne oppleve allslags vêr. - Jan E. Straumsodd *

Noreg var ikkje eit land, men ein roman, med fire millionar lesarar og like mange diktarar. - Georg Johannesen [s. 16]

Det (var) som å kome ut av fengsel då eg flytta til Canada - Geoffrey I. Barrow (etter 26 år i Noreg)

I resten av verda er det ikkje trygt å gå utafor huset. - Jan E. Straumsodd *

Noreg er mykje meir sekularisert enn USA. - Odd Lovoll

Eg likar ikkje nordmenn i det heile. Sola går aldri ned, baren opnar aldri, og heile landet luktar røykjesild. - Evelyn Waugh i eit brev [Dh 75]

Det beste som kan seiast til fordel for norsk fjernsyn, er at det gir deg kjensla av koma utan bryet og ulempene. - Bill. Bryson, i 1991 [Dh 48]

Noreg er eit paradis for kunnskapslause professorar, livsfjerne nyheitsformidlarar og umodne forfattarar. - Georg Johannesen [s. 9]

Det fell ein nordmann fjernt å drive litt ap med seg sjølv og kulturen sin. - Odd Lovoll

I motsetning til amerikanarar, som er besette av pengar og supermann, har nordmenn drøymt om det vanlege menneskets tryggleik, fred og lykke. - Nina Witoszek

Den dyre maten, det dårlege produktutvalet, dei dårlege vegane, trafikk-korkane i byane, og det faktum at det er umogeleg å få noka som helst form for service . . . i sommarmånadene . . . - Geoffrey I. Barrow

Omkring 1970 oppdaga eg dessutan at eg begynte å bli kunnskapslaus fordi eg budde i Noreg. Her er verdas mest demokratiske intellektuelle nivå. Eit paradis for dumme intellektuelle. - Georg Johannesen. [s 13]

Berre eit stadig mindre Noreg er ein fredsfaktor. - Georg Johannnesen [s. 14]

Noreg er eit herleg land å reise til utlandet frå. - Jens Bjørneboe [s. 11]

Det er ei uimotståeleg erfaring at den norske vinteren bør levast ved Middelhavet. - Jens Bjørneboe. [s. 13]

Under mottoet "Det er typisk norsk å vere god", har Gro [Bruntland] erstatta menneskeverd med produksjonsverd. - Per Fugelli [s. 12]

Det er godt norsk å vere typisk. - Ivar Kinn

Dette med å ta alt alvorleg, berre det står på trykk, er ein norsk nasjonalsjukdom. - Erling Lægreid [s. 17]

Med magiske trådar blir eg dregen til dette folket. - Keisar Wilhelm II

Look to Norway! - Franklin D. Roosevelt (oppmuntring)

Nordmenn er eit fjell- og fjordfolk som ingenting har til felles med steppefolka nede i Europa. - Helge Marcus Ingstad

Eit stolt og herleg kjempefolk. - Adam Oehlenschläger

Det er i bygdene me finn det urnorske; byfolk i dette landet sviv kulturelt sett i eit tomrom, for dei fleste er berre 1. og 2. generasjons bymenneske og står kulturelt med begge føtene traust planta i lause lufta. - Ivar Eskeland [s. 28]

Mest truleg er me ikkje skikka til velstand i det heile. - Ivar Eskeland [s. 20]

Me er iallfall ikkje utan eigenskapar. Det er derimot svenskane. - Ivar Eskeland [s. 34]

Det er berre i Disneyland vi alle kjem heim - same kor i verda vi kjem frå. Der møtast vi i den globale felleskulturen. - Andreas Hompland [s. 21]

Nordmenn er ei av verdas mest kranglevorne folk, men paradoksalt nok også ei av verdas mest lettstyrte folk. Vi skrik og banner - og når vi har gjort oss ferdige, går alt som før. Stø kurs. - Ingvar Ambjørnsen [s. 24]

Kunstnarane har ikkje tid til å vere store, sympatiske menneske. Henrik Ibsen var ikkje noko unnatak. - Robert Ferguson [s. 36]

Noreg var eit fattig land. Folk var vane til å streve. - Thorolf Tobiasen, utvandra til USA *

Eg skulle ønskje eg var ti år yngre, sa eg til Jan P. Syse ein gong eg hadde han til bords. Veit du kva han svara? "Det er du jo." Var ikkje det søtt? Han er kvikk, du. - Wenche Foss [s. 49]

No begynner ein ny epoke i noregshistoria. - Thorolf Tobiassen då olje blei funnet *

At du må setje saman møblar sjølv - det er fælsleg norsk . . . Eg trudde at når nordmenn blei så rike som dei er no, ville dei iallfall slutte med alle gjer-det-sjølv-opplegga. - Indisk student.

Det finst krefter i Oslo som ikkje ønskjer hamn i det heile, berre Aker Brygge og kultur. Eg forstår ikkje kva folk tenkjer lenger, toler dei ikkje å sjå at folk jobbar? - Jan Johansen [s. 52]

Haugesundarar er sjølvgode, brautande og griske. Dei snakkar for mykje og ler for høgt. Byen ved Karmsundet har det mest bornerte borgarskapet og det hardaste narkotikamiljøet i landet. Ingenting anna. - Hans Marius Hansteen. [s. 56]

Som bergensar kan du, til ein viss grad, ikkje for sterkt, lene deg tilbake og kjenne Håkonshallen i ryggen. Om du seier du er frå Sunnmøre, og lener deg tilbake, dett du i havet! - Agnar Mykle [s. 57]

Når folk blir tvinga til å lære seg norsk, gjeld det ikkje dei engelsktalande immigrantane. - Odd Lovoll *

Det er OK at folk er feministar, men eg synest feministane står i ein altfor konstant kampsituasjon. . . . Eg misliker kvinnekulturens trong til å lage så mykje oppstyr om ting. - Solveig Aareskjold [s. 64]

Eg trudde ikkje eg skulle rekke å bli 30. Eit menneskeliv er kort. - Morten Faldaas [s. 65]

Eg går alltid rett forbi når eg ser turistar. Eg er så redd for å bli eksotisk. - Are Kalvø [s. 69]

Besserwissen er det verste ved oss svenskar, og nordmenn er likeins, kanskje enda meir. - Monna Sahlin *

For iranarar . . . frå . . . ei av verdas viktigaste sivilisasjonar - er det ikkje så lett å forstå at dei skal vere underlegne norsk kultur. - Odd Lovoll *

Ein gong i tida trudde eg eg skulle skrive ei bok. Eg meinte det ville vere nok å skrive ei bok, så hadde ein gjort det. Så var det berre å dra med seg alle vennene og slektningane inn i bokhandelen og seie: Der står ho! - Ragnar Hovland [s. 71]

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

Paginerte sitat er frå Ove R. Lesseth, redaksjonsleiar: Godt sagt om Norge og nordmenn. Exlex Forlag. Oslo, 1996.

Dh: Sherrin. Ned, ed: The Oxford Dictionary of Humorous Quotations. Paperback ed. Oxford University. Oxford, 1996.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]