Norsk del, Gullvekta
Indiske fablar etter P. Raju  ❀ 7
Seksjon › 51 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Frosken og kongen

Kraftig tørke ramma i eit land ein gong. Det var berre så vidt det var vatn å drikke, men i hovudstaden var det ein stor, underjordisk vasstank. Frå tanken blei vatn målt ut kvar dag til folket i byen og i provinsane.

Ei natt kom ein vaktmann springande inn til kongen og sa: "Å, det er ein lekkasje i vasstanken. Vatnet er i ferd med å renne ut."

Kongen kom ut for å sjå etter lekkasjen i lag med heile hoffet sitt, men dei fann ikkje holet. Etter kort tid slutta også vatnet å strøyme. Men neste dag kom arbeidarar og undersøkte nøye staden der tanken hadde lekka. Dei fann holet, og ein frosk som sat der og tetta det.

Dei skulle til å slenge frosken på bakken med vald då kongen sa: "Å, nei, han er velgjeraren vår. Var det ikkje for han, hadde nok alt vatnet rent ut."

Frosken sa til kongen: "Eg makta å redde mange, mange liv i natt med stumpen min. Det er vel likare enn å herske litt over eit rike, er det ikkje?"

(Attgiving)

Fiskane og regnet

Vatnet i ein innsjø tørka opp fort, og alle fiskane blei skremde. Det blei snart halde eit møte mellom alle dyra i vatnet for å gå saman og be om regn. Krokodilla, den mektigaste blant dei, leidde møtet. Skjelpadda heldt ein lang tale, og sa til slutt: "Det er det same for meg. Eg kan leve både på land og i vatn."

Krabben heldt også ein lang tale, og sa til slutt: "I fall innsjøen vår tørkar inn, krabbar eg til engene omkring her og bur i hòlene der." Sniglane, iglene, vass-slangane, og forskjellige andre dyr fortalde at dei i grunnen ikkje trong til vatn, og ikkje ville be om regn.

Krokodilla samanfatta syna til dei andre og sa: "Eg for min del finn betre mat på land enn i vatn - de må alle vedgå at ein hare, eller kanin, eller nokre andre landdyr av den typen, er mykje betre føde for meg enn fisk eller froskar." Dette fekk ho høg applaus for, og møtet blei slutt før fiskane fekk komme med innvendingar mot dei galne oppfatningane til dei hine.

Dei stakkars fiskane kunne ikkje leve ute av vatn meir enn nokre minutt, og tenkte at dei plikta å be om regn så innsjøen kunne bli fylt att. Og det gjorde dei. Snart skya himmelen over og det regna i straumar til innsjøen var fulle. Alle dyra fryda seg over det. Fiskane sa, fornøgde og stolte: "Herren hjelper mange på grunn av dei kloke få!"

Giftormen i kongens hage

Ein konge hadde ein vakker hage ved slottet sitt, og stelte mykje med han. Ein dag kom ein giftorm inn i hagen, trass i murane omkring hagen. Ein tenar på slottet såg det, og gav beskjed til kongen.

Kongen blei uroa, sende bod etter sjefsgartnaren sin og sa: "Hagen er kloss innved slottet og den fløya med rom som eg, dronninga og småprinsane våre bur og søv i. No må de fange og drepe ormen før det blir kveld, same kva. For vi vil ikkje ha han inn til nokon av oss ved nattetid. Om ikkje de får tak i ormen, blir det kanskje ikkje blund på auga våre i kveld. Er det nødvendig, får de løyve til å rykke opp kvar rot og hogge ned kvart tre for å få has på ormen. Sjå etter om ormen har krope ned i hol eller holrom under dei. Og dette seier eg som har stelt med trea med faderleg omsorg i årevis - for som det heiter: "Først liv, dernest lyst og glede."

Gartnaren gjorde som kongen gav ordre til. Han og mennene hans leita etter ormen i hagen heile dagen, men fann han ikkje. Då tok dei til å rykke opp tre etter tre med rot, eitt for eitt, like til det ikkje stod att meir enn ein vakker hagtorn i eit hjørne, og det låg ein stor haug med øydelagde tre, busker og andre plantar midt i hagen.

Så kappa dei ned hagtornen, og inni eit hol under rotfestet til han fann dei giftormen i ein kveil. Straks drap gartnaren han og bringa han til kongen.

Kongen såg velnøgd på den døde slangen, men då han snudde seg og såg haugen med tre og andre vekstar som hadde gått med, sukka han tungt og utbraut: "Når ein kvitter seg med ei plage, får ein passe på at det ikkje kostar meir enn det gagnar."

Gartnaren kom med eit framlegg: "No er tida god for å velje og flytte nye tre og busker hit. Blomster kjem fort fram når vêret er høveleg. Det blir rom for forbetringar også."

Då fekk kongen att smilet. "Du har sanneleg rett," sa han.

(Attgiving)

Innhald


Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, litteratur  

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, opp Seksjon Sett Neste

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]