Norsk del, Gullvekta
Indiske fablar etter P. Raju  ❀ 6
Seksjon › 51 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Kjøpmannen og den ærlege ekspeditøren

Ein kjøpmann med få kundar, hadde ein ekspeditør som var uvanleg gild å seie sant. Ein dag kom ein mann til butikken, og då han såg kor fin orden det var i hyllene, sa han: "Kor godt de har ordna tinga!"

"Det er fordi vi ikkje har mykje omsetting. Det kjem sjeldan kundar," sa ekspeditøren.

Det var treffande sagt, meinte mannen, og spurde dernest om kva for kvalitet dei ulike varene i butikken hadde. Han fekk alle varene rett skildra av den sannferdige ekspeditøren. Mannen kjøpte så eit par ting han ville ha, og forlét butikken.

Butikkeigaren kalla no til seg ekspeditøren og sa: "Du veit ikkje korleis ein kjem seg fram i verda. Du gir deg til å fortelje kunden at vi sjeldan sel noko. Eg kan ikkje håpe at forretninga blomstrar med deg her. Dra herifrå straks."

Ekspeditøren forlét butikken og blei tilsett alt same dagen av butikkeigaren på andre sida av vegen, for der trong dei ein ekspeditør. Dagen etter kom mannen tilbake til den første butikken og sa til kjøpmannen: "Gode mann, eg har ei ovande stor bestilling, og i morgon har mange vennar av meg tenkt å handle her også. Kor er den ærlege ekspeditøren din? Vi vil handle her berre dersom han plukkar fram varer for oss, for han er vi nøgde med å kjøpe av."

Kjøpmannen sørgde over at han hadde sendt frå seg ekspeditøren, mens mannen fort fann ut at han var i butikken på andre sida av vegen, og drog dit for å gjere innkjøpa sine.

"Akk!" sa kjøpmannen og var ikkje til å trøyste. "Her var det noko eg ikkje forstod."

Kaiene, kråkene og reven

Kaiene [1] og svartkråkene [2] avtalte seg imellom at dei skulle dele likt alt dei fekk tak i der i skogen. Ein dag fann dei ein rev som hadde blitt såra av jegerar og låg hjelpelaus under eit tre, og samla seg rundt han.

Svartkråkene sa: "Vi tar den øvste halvdelen av reven."

"Då tar vi den nedste halvdelen", sa kaiene.

Reven lo av det, og sa: "Eg har alltid trutt kaiene var dei klokaste kråkene, og då må dei få den øvste halvdelen av skrotten min - for der er hovudet med hjernen og andre godsaker."

"Å, ja, det er rett", sa kaiene, "vi vil ha den øvste delen av reven."

"Nei, slett ikkje", sa svartkråkene, "vi må ha det som er avtalt."

Då begynte kaiene og svartkråkene å slåst. Svært mange fall på begge sider. Resten kom seg vekk berre med vanskar.

Reven heldt seg der i nokre dagar, og åt i ro og mak av dei daude kaiene og kråkene til han blei frisk att. Så gjekk han derifrå og sa: "Den svake kan no og då ha gagn av strid mellom mektige".

Ord

  1. kaie: nokså liten kråkefugl.
  2. svartkråke er nær i slekt med vanleg grå og svart kråke, og dei får levedyktig avkom seg imellom også.
  3. Elles: Kråkefuglar er kjende for å vere oppvakte, nyfikne, leikne, og for dei håse skrika sine. Vi kan kanskje også seie kråkene er neppe så fæle varsel som folketrua framstiller det . . . [Jf. Wikipedia, s.v. "Kråker"]

Den nokså vise og dyra

Det var ein mektig mann som kunne lære dyr dei ulike lydane til andre dyr på jorda. Ein dag kom ei mengde dyr til han, og kvar fekk lære dei lydane han ønskte.

Like etter stilte reven seg opp utanfor hønsegarden og tok til å gale som ein hane. Hanen der inn trudde det var ein annan hane som kom for å yppe seg, og sprang ut for å slåst med den andre. Imens tok reven ein annan veg inn i hønsegarden og bar av stad med så mange høner og kyllingar som han klarte å ta.

Ulven gjekk til saueflokken midt på natta og brekte som ein sau. Ved det lokka han ei rekke lam vekk frå flokken, og åt dei.

Glenten kakka på utanfor eit sporvereir og peip lystig som ein sporv. Småsporvane ropte: "Å, mor kjem med noko hyggeleg til frukost!" og opna døra. Då greip glenten dei og åt alle saman.

Slik brukte mange dyr lydane til andre dyr og gjorde mykje skade. Så gjekk dei alle mannen som hadde lært dei lydane, og fortalde han kva dei hadde greidd. "Å", sa mannen, "tenkte eg det ikkje. Men de skal ikkje klare å gjere slikt frå no av. Eg lar dykk gløyme det som de har lært her."

Han rekte fram hendene hugtakande, og vips! fall dei i ein slags søvn. Meir hugsa dei ikkje av det. Så knipsa han i fingrane, og dei vakna - og sa: "Dei som vil misbruke kunnskap eller makt, burde ikkje få det."

Løva og elefanten

Ei løve gjorde stor skade på dyra under seg. Dei gjekk då til ein vismann der i skogen og sa: "Far, løva kjem snart til å tømme skogen for dyr om ho ikkje snart blir fjerna. Derfor ber vi deg om å gi elefanten kraft til å sette ein stoppar for løva."

"Ja vel", sa vismannen.

Elefanten blei eit svært kvikt og kraftig rovdyr, og snart dreiv han løva ut av skogen. Men fordi han var så diger, trong han mykje meir mat enn løva, og tok til å drepe mange fleire dyr for kvar dag enn løva hadde gjort.

Dei andre dyra gjekk til vismannen at og sa: "Far, la elefanten bli som før, så vi kan ha løva til konge att."

Vismannen sa, "Ja, det er klokt å velje det minste av to vonde, om ein først må velje mellom dei."

Solspira

I gode gamle dagar gjesta ein klovn ein slektning i ein by. Under middagen peika gjesten på eit tent stearinlys og spurde kva det var. Bymannen sa det var ei solspire, eit av sola sine barn.

Klovnen trudde at det var noko sjeldsynt, så då han fekk høve til det, gøymde han solspira i ein kommode i huset. Snart tok kommoden fyr, så gardinene ved sida av, deretter rommet og etter kvart heile huset.

Då huset var utbrent og glørne sløkt, gjekk verten og gjesten inn i ruinen for å sjå kva som var att. Klovnen bøygde seg over glørne frå kommoden. Verten spurde kva han leita etter.

Klovnen sa: "Her i kommoden gøymde eg den gilde solspira, og eg vil gjerne vite om ho har overlevd flammane."

"Å nei og nei,", sa bymannen, som med eitt skjøna kva som hadde starta brannen. "Det lønte seg ikkje å halde leven med ein klovn."

Løva og kleggen

Ei løve sov ein gong i hiet sitt ved foten av eit stort berg. Ein klegg som hadde soge bytteblod rundt løvekjeften, beit med eitt løva hardt for å suge meir blod. Løva vakna med eit brøl, fanga kleggen med dei store potane sine og sa, "Ha! Korleis skal eg straffe noko så klart frekt?"

"Nei, nei", sa kleggen, "Straff er kanskje ikkje godt nok. Men dersom du vil tilgi meg no, og la meg leve, då kan eg seinare få vise deg kor takksam eg blir for det."

"Har ein klegg nokon gong hjelpt ei løve?" undra løva. "Men eg setter pris på friskt mot, så eg lar deg leve." Så sleppte han kleggen.

Ei tid etter hadde løva gjort stor skade på buskapen i ein landsby nær ved, og låg og snorka i hiet sitt etter eit tungt måltid. Jegerane i landsbyen nærma seg hiet frå alle kantar for å få has på løva og stoppe herjingane hennar. Kleggen såg jegerane, skunda seg inn i løvehiet og beit løva. Løva kvakk med eit brøl som før, og ropte: "Denne gongen blir det ingen nåde!"

"Vent litt no", sa kleggen. "Jegerar frå landsbyen er på veg til hiet ditt. Du kan ikkje dryge ein augeblink her utan at dei omringar og drep deg."

"Du har berga livet mitt!" sa løva då ho sprang opp i berget. "Ikkje noko er heilt som å tilgi audmjukt."

Innhald


Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, litteratur  

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju, opp Seksjon Sett Neste

Indiske fablar, P. V. Ramaswami Raju BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]