Gullvekta
Irske eventyr og segner  ❀ 5
Seksjon › 35   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Lure svar

Det var ein gong ein fattig mann, og Jakob Murphy heitte han. Ein gong han skulle betale leiga for garden han dreiv, hadde han ikkje pengar til det. Han gjekk til mannen han leigde garden frå og bad om meir tid.

"Når kjem betalinga då?" spurde den andre.

"Det kan eg ikkje seie", sa Jakob.

"Så. Vel, kan du gi meg svar på tre spørsmål, skal du sleppe å betale leige så lenge du lever. Men klarer du ikkje å svare, skal du betale leiga straks eller dra ifrå garden. Dei tre spørsmåla er:

Kor mykje veg månen? Kor mange stjerner er det på himmelen? Kva tenker eg?"

Gardeigaren gav Jakob frist med svara til neste dag.

Jakob gjekk motlaus derifrå. På vegen møtte ha ein av vennane sine, Tim Daly. Han spurde kva som plaga Jakob. Og Jakob fortalde korleis han måtte svare på tre spørsmål dagen etter, eller gå ifrå garden han leigde.

"Det tener ikkje til noko å gå til han i morgon", sa Jakob, "for eg er viss på at eg ikkje klarer å svare rett."

"La meg gå for deg", sa Tim Daly. "Gardeigaren ser vanskeleg forskjell på oss, og eg er god til å svare på spørsmål. Det kjem nok til å gå bra."

Jakob sa ja. Dagen etter gjekk Tim Daly til gardeigaren og sa: "Eg er kommen for å svare på dei tre spørsmåla."

Gardeigaren spurde då: "Kor mykje veg månen?"

Tim Daly sa: "Han veg fire firedelar."

Gardeigaren: "Kor mange stjerner er synlege på himmelen?"

"Minst dobbelt så mange som du gjerne vil tru", sa Tim, "for det er mange stjerner på andre sida av jorda også."

"Korleis veit du det?" sa gardeigaren.

"Vel", sa Tim, "trur du det ikkje, får du dra ut og telje."

Så stilte gardeigaren det tredje spørsmålet: "Kva tenker eg?"

"Du tenker det er Jakob Murphy du snakkar med. Det er det ikkje, men Tim Daly."

Gardeigaren lo godt og heldt ord: Jakob fekk bu gratis på garden sin resten av livet.

(Lady Gregory 1902: "A Farmer-Like Man > Galway".)

  Innhald  


Bøker      

Irske eventyr, segner, soger, vidd og visdom frå Irland.    Seksjon     Sett    Neste

Irske eventyr, segner, soger, vidd og visdom frå Irland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2014–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]