Gullvekta
Christen Jensøn og Den Norske Dictionarium
Seksjon › 1 Sett Søk Førre Neste

Forkortingar
Latin

Reservasjonar    

Sjeldant norsk verk

Den første norske ordboka blei gitt ut om lag to hundre år før Ivar Aasen si.

Forfattaren og slekta omkring han:

Jens Mauritsen var far til Christen Jenssøn (ca 1610-53), ordboksforfattaren. Far og son blei sokneprestar på Askvoll i Sunnfjord. Jens var frå Viborg i Danmark og gifta seg første gongen med enka Kristine Hansdotter. Sonen Christen var rimelegvis født på Askvoll, der far Jens hadde kall i dei tidene. Jens gifta seg andre gongen med Anne Christensdotter, og eine sonen, Peder (ca. 1613 - ca. 1685), overtok alt faren eigde i Amla, Sogndal.

I Askvoll bygdebok av Abraham Loftheim står det at den danskfødte soknepresten Jens Mauritsen i Askvoll også eigde sagbruk og jord i Amla. Jens dreiv to sagbruk på Amla i Sogn i lag med Morten Lauritsson Amble. Sonen Peder (1612-84) overtok farseiga der og gifta seg med Øllegård Mortensdotter, dottera til kompanjongen til faren. Han var også sorenskrivar i Sogn. Peder kalla seg Peder Jenssøn Amble, men etterkommarane kalla seg Klingenberg. Klingenberg-slekta rådde over det meste av jordvegen i Amla fram til Heiberg-slekta kom dit. [NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon.] [Meir om slekta]

Christen skreiv den første norske ordboka

Her kjem stoff om og av Christian/Christen, og det blir vist til annan litteratur nedst på sida:

Christen Jensøn, laga den første norske ordboka som blei gitt ut - det var i København i 1646. "Han fekk i 1646 trykt og utgitt Den Norske Dictionarium eller Glosebog i København. Dette var den første norske ordboka, og i over hundre år den einaste", skriv Gaute Losnegård.

Ni hundre ord med synonym og forklaringar er med, og dessutan teikning av ein primstav for vintertida og ein til for sommartida. Ordtilfanget i boka femnar over både kultur og natur. Her er tilnamn, ulike ordtak, skildringar av ulike vêrtypar, og opplysningar om mange slags fiskar, fuglar, dyr og planter. Innimellom har han tatt med nokre korte historier med humoristiske poeng. Ord og vendingar som ein har hatt i Askvoll og omkring, kjem med utdjupingar og forklaringar om kvarandre.

Torleiv Hannaas og Ragnar Bull undersøkte seinare bruk av det same ordtilfanget og fann at mange av orda i ordboka framleis blei nytta på 1900-talet.

Christen var eit par hundre år før ute med norsk ordbok enn betre-seint-enn-aldri-Ivar Aasen. Ein får sjå det i perspektiv: Ordboka kom før rimeleg norsk sjølvhevding vakla fram. Og dessutan:

Så sent som 1723 beklager litteraturhistorikeren A. L. Thura at det ikke fantes danske ordbøker. Men allerede to mannsaldre tidligere hadde altså en landsens norsk prest klart å gjennomføre et ordbokprosjekt! [Store norske leksikon, s.v. "Christen Jensøn (utdjupingsartikkel)"]

Christen er dansk namneform for han som blei innskriven "på universitetet i Kjøpenhamn 1627 frå Bergens skule under namnet Christian. Ian. Askevold., det vil segja Christianus Iani Askevoldensis, på dansk Christen Jensøn fra Askevold", står det i føreordet. Det er den danske varianten som har sett seg fast, og ikkje Kristian.

Kanskje eg skulle legge til at sokneprest Christen møtte for domkapitlet i Bergen ["prestestyret" der] i 1643, klaga for fyll og slagsmål og ugreie med gudstenesta. Det siste blir vel å forstå som "tenesteforsøming". Ein bonde i soknet hans hadde meldt han. Det enda med at bonden blei dømt til fengsel på vatn og brød i åtte dagar, og det var vel ikkje for gale. Det står mykje meir om dette på eldre språk nedanfor.

Endringar og anna

Frå bokprent til nettside: Tilfanget i 1915-utgåva av Den Norske Dictionarium eller Glosebog er her tilpassa eit nyare medium, og nyare funn omkring Christen Jensøn er kort nemnde. Teksten i boka er den same, føresett at utegløymingar og dilikt ikkje har vore på ferde. Det kan eg ikkje garantere.

Teknisk: Eit og anna typografisk er jenka til nyare språkforhold. "Omvendte" hermeteikn (etter dansk skikk) i 1915-boka er gjort om til rette hermeteikn. Notar i føreordet av Torleiv Hannaas er flytta noko så dei kjem like under tekstavsnitta dei syner til. Sperra skrift og kursivskrift har her fått endra valør og står dermed fram betre. Sidetal i Hannaas-boka frå 1915 - dei fleste der står øvst på sidene - er synte slik: [s. 17}. - Hannaas tar elles med sidemarkeringane frå 1646, men eg har ikkje sett nokon grunn til å ha dei med her, for Hannaas fortel at innhaldet i utgåva hans er akkurat som i den første.

Design: Bakgrunnsfarge (overstrykingsfarge) i teksten er det eg som har lagt til ut frå den tanken at ein skal sleppe å lide for å finne hovudpoeng.

Enkle innskott av meg er tydeleg merkte som det: Notar markerte med små bokstavar, og innrykka kommentarar og rettingar i teksten. Dei er med for å rette opp feil eller skakt om det er råd. Innskott i skarpe klammer [] er også av meg. "TK" er sett bakom tilfang i slike høve., så ein ser ein har å gjere med tilskott. Meininga med ekstratilfanget under eitt er å fjerne ugreie, utfylle, og ikkje endre det opphavlege innhaldet.

Ekstra bonus: Fotnotane i sjølve ordboka blir markerte med eit farga bakgrunnsfelt for å skilje dei ut.

◦Nynorsk kultursentrum har lagt ut starten av 1915-utgåva av Den Norske Dictionarium eller Glosebog på Internett, dei òg. Det er kjekt at ein stor språkhistorisk godbit som denne kjem fram i lyset vidt og breitt.

Fyreord

(av Torleiv Hannaas i 1915)

Det norske maalet hev havt den vanlagnad at det i lange tider lite og inkje vert dyrka i skrift. Dansk kom i staden, og nordmennerne fann seg i umbytet.

Men norsken livde paa folketunga, og det er inkje so radt lenge fyrr me ser teikn til at ein og annan tenkte paa aa draga folkemaalet fram att or gløymsla. Fraa 1600 og frametter fær me ei heil rekkje med utgreidingar um bygdemaali vaare, – lenge fyrr det finst noko dilikt i dei andre norderlandi. Og det var i tider daa nordmennerne elles stod langt attom baade svenskar og danskar og islendingar i mest all slags bokavling. Berre i denne eine ting gjekk dei fremst: i gransking av folkemaalet.

Dette maa hava sin grunn. Og grunnen maa vera den, at nordmennerne tok til aa sakna sitt eige maal. Det hev daa svive fyre deim at det maatte vera i dei livande bygdemaali dei skulde søkja kjeldorne til eit nytt norskt bokmaal.

Visseleg er det lenge fyrr slike tankar kjem klaart fram; men eg trur det maa ha lege under, daa visst hjaa sume av deim som arbeidde med folkemaalet. Elles er det inkje godt aa skyna kvifor dei skulde driva paa med sovore, her meir enn andre stader.

Mange av desse gamle bygdemaals-skrifterne vaare er inkje til lenger. Og dei som er berga, hev for det meste lege væl gøymde og gløymde i handskriftsamlingarne i Kjøpenhamn. Men no vil dei vonom koma fram etter kvart i den samlingi av "Ældre norske sprogminder" som Den norske historiske kildeskriftkommission hev teke til med. Tvo arbeid fraa 1600-talet er alt utgjevne: "Maal-lære og ordtøke fraa Vest-Agder" (Kristiania 1911) og "Ordsamling fraa Robyggjelaget" (Kristiania 1911).

Her kjem daa det tridje i rekkja: Christen Jensøns "Den Norske Dictionarium eller Glosebog". Dette arbeidet er merkelegt framom hine med di det hev vore prenta fyrr. Alt i 1646 vart det utgjeve i Kjøpenhamn. Det er soleis fyrste boka av sitt slag som kom paa prent, ja inkje berre den fyrste, men i over hundrad aar den einaste i norderlendsk bokheim. [s. vi}

Christen Jensøn hev inkje skrive anna enn dette arbeidet,(a) og han er elles so faagjeten at det er lite me veit um honom. Det hev endaa vore ymse meiningar um han var nordmann eller danske.

a) Retting: "På oppfordring av Munthe oversatte Jenssøn året etter [dvs. 1644] den tyske teologen Nicolaus Hunnius' Epitome credendorum (Kortfattet troslære) fra tysk til dansk". - Store norske leksikon. "Christen Jensøn (utdjupingsartikkel)" - TK

I kallsboki i Askvoll er han kalla "Christen Jensen fra Dannemark". Dette er skrive av G. S. Heiberg som var prest der 1816-1825, so det er inkje, nokor gamall fraasegn. Men P. K. Thorsen skyt til desse orda og meiner at "altsaa har han efter al Sandsynlighed været dansk af Fødsel."1) D. Thrap talar òg um "den dansk fødte Sognepræst Christen Jensen til Askevold."2)

1) Brickas Dansk biografisk Lexikon VIII, 400.

2) Theologisk Tidsskrift, Ny Række VII (Christiania 1880), 121.

Men Erich Pontoppidan den yngre, som hadde lese Den Norske Dictionarium, han skyna at bokmeisteren maatte vera norsk.3)

3) Sjaa her nedanfor.

Dei som vil gjera Christen Jensøn til danske, hev venteleg berre halde seg til kallsboki, og so til det danske namnet. Hadde dei lese ordsamlinga hans, so vilde dei likso væl som Pontoppidan ha sett at han maa ha vore nordmann. Han kjenner bygdemaalet for godt til aa vera framand, og dansken hans yr av norske ord og ordlag.

Vilde ein ganga den danske maalføringi hans etter i saumarne, skulde det vera uvandt aa prova reint filologisk at han maa ha vore nordmann. Men noko slikt prov trengst inkje. Det er visst nog likevel.

Det maalet Christen Jensøn skriv um, kallar han sjølv "voris gode oc gamle Norske Sprog" [mi utheving], og paa tvo stader i fortalen kallar han nordmennerne "mine kiere Landmænd" (d. e. landsmenn). Soleis vilde inkje ein danske ha ordleidt seg. Og all tvil um heimlandet hans maa falla burt etter at me hev fenge greide paa at han vart innskriven paa universitetet i Kjøpenhamn 1627 fraa Bergens skule under namnet Christian. Ian. Askevold., det vil segja Christianus Iani Askevoldensis, paa dansk Christen Jensøn fra Askevold4). Her fær me vita for visst, inkje berre at han var nordmann, men òg at han høyrde heime i Askvoll i Sunnfjord.

4. Birket Smith: Kjøbenhavns Universitets Matrikel I (Kbh. 1890), 84.

No heitte presten i Askvoll paa den tid Jens Mauritson, og hjaa honom vart Christen Jensøn personel kapellan daa han kom heim ifraa universitetet. Det maa daa vera noko so nær visst, som Lampe meiner5), at desse tvo hev vore far og son. Men dei danske namna tyder paa at Jens Mauritsøn hev vore danske, eller av dansk ætt.(b) At sonen og skulde vera fødd i Danmark er lite trulegt. For dei danske prestarne som kom her upp og fekk smaae(c) landskall, var for det meste unge og ugifte, so um Jens Mauritsøn skulde vore danske, so hev han visst fenge gifta si i Noreg.

5) J. F. Lampe: Bergens Stifts Biskoper og Præster II (Kra. 1896), 106. [s. vii}

b) Jens var dansk. Det kjem fram av eit dansk kyrkjedokument der han blir omtalt som hr. Jens Mauritsen, "Johannes Mauritij Wiburgensis", paa Askvoll" (Danske Kanselli, Skapsaker - RA/EA-4061/G/L0002/0017/0011). - TK

c) "Små landskall" var neppe alle veldig små: Forutan to geistleg-gardar i Askvoll dreiv Jens to sagbruk på Amble (Amla) i lag med Morten Lauritsson Amble. (Askvoll bygdebok, band II A, og Store norske leksikon, s.v. "Christen Jenssøn (Utdjupingsartikkel)") — Peder, ein yngre bror av "ordbokpresten" tok over garden Amla og blei sorenskrivar i Sogn [Diplom frå 1615, Sogn Tingrett]. Etterkommarar til Peder og kona tok etternamnet Klingenberg. [NRK Fylkesleksikon] - TK

I 1636 var Christen Jensøn vorten sokneprest i Askvoll etter faren, og i det embættet sat han til sin døyande dag. Men han var inkje noko langt liv laga. Jonsokdag 1653 drukna han saman med alle rorsfolki sine paa heimvegen fraa ei av annekskyrkjorne.

I Askvoll er Christen Jensøn reint burtgløymd no [1915], og hev visst vore det lenge (d). Det einaste dei veit aa fortelje, er at der ei gong var ein prest som kom burt paa heimvegen fria Villnes-kyrkja. Dei viser staden der ulukka hende, men kva tid det bar til, eller kva presten heitte, det veit ingen.

Og er det lite folkeminnet hev gøymt um mannen, so er det inkje stort meir aa finna um honom i skriftlege kjeldor heller. Namnet hans er so vidt nemnt nokre gonger i embætts-skriv fraa den tid. Men berre ei hending i hans liv fær me høyra noko um.

d) Retting: Ein minnestein med initialane hans står i Askvoll. "Kring 1950 kom det for dagen ein stor hellestein med gamal innskrift på kyrkjegarden ved Askvoll kyrkje. Dei innhogde bokstavane CIS passa med Christen Jenssøn, prest i Askvoll 1636-1653, og forfattar av den fyrste ordboka med ord frå norsk talemål. No står steinen ved kyrkja som minnestein over Christen Jenssøn og ordboka hans", skriv Kulturhistorisk leksikon. Foto av steinen: www.askvoll.kommune.no - TK

I 1643 møtte han for domkapitlet i Bergen, klaga for fyll og slagsmaal og ugreide med gudstenesta. Dette stend nemnt sume stader, t. d. hjaa Lampe, paa ein slik maate at ein maa tru han inkje kom so radt flekklaus ifraa det. Christen Jensøns ettermæle er best tent med at heile saka vert kjend, og sidan denne fraasegni er det einaste aktstykke som finst um honom fraa hans eigi tid, og det aldri hev vore prenta fyrr, so tek eg det med her in extenso [fullstendig] etter Protocolla Capituli Bergensis i Bergens stiftsarkiv. Det lyder so:

[1643] Den 10. April. In præsentia Magfci Præcitis R. Henrici Tott te Boltingaardt, Rdi Dni Episcopi M. Lutovici Munthenij, Et Rdorum Dnorum Capitularium. Da erskinede for Retten Hr. Christen Jensøn Sogneprest thill Askevolds Gield I Sundfiordt, Angiffven af Sin Landbond Hans Johansøn Olsetter, for hand Nogen thjdt forleeden Sin betroede Meenighedt, med Guds Ords Prædicken Och Sacramenterne Paa femb Vgers thidt, skall haffve forsømt, Sampt Sielff Liust tieniste och dem Siden med drich forsømpt, Disligest forglemt Adt Tage Vin och Brød med sig thill dennem Som Ville bruge Herrens Nadver, Saa Adt Bønderne først maatte Roe fra Kircken thill Fogdegaarden effter Vin, och Samme Dag paa Ny igien fra Kirchen thill Prestegaarden Effter Brødt, Saa och for Druckenskab och Slagsmaall.

Effter Steffningens Videre medfør dat: den 1. Februar Anni 1643 her oplest och Paategnedt.

Forne Hans Olsetter Vaar och Nerværende thill Veddermaals Talle. Sin Angiffvende Adt bevjse och forsvare.

Och Er fremlagdt Profferne Anlangende Forne Hr. Christens och Hans Olsetters Slagsmaall, dat: Askevolds Tingstuffve, den 19. Januar Nest forleeden.

Dernest: bleff forne Hans Olsetters Klagemaall offver Hr. Christen, Vdj hans Supplicatz thill Velb:ne Voris Slodtzherre forfattedt, dat: den 26 Januar Anni hujus 1643.

Hvor Emoedt Hr. Christen sig Erkelerede, Och Først: Adt hand Vaar Saa lenge fra Gieldet, dett skeede medt Almuens consens, Hvilche hand loed Vide Adt hand Vilde Reyse thill Sin Broders Hr. Hansis Bryllup, hvor hand bleff forhindret. [s. viii}

Dernest: Adt thienisten Aff sigh blev Liust og forsømpt dertill Svaredt hand, Sigh formedelst Herrens Vejr och Vind Adt være forhindret, Mens dog Adt vere kommen Seent thill Kirchen, hvorthen hand haffde femb Fierdings Veys. Herforuden Adt hand skall haffve forglemt Vin och Brødt thill Sacramentis Brugh, der thill Svarede Hr. Christen: Adt hans Tienere forgietter En Bomme effter Sigh, Hvor I hand dett haffde forvaret. Mens strax hand kom paa Veyen, Saugnede hand den, Hvoerfoer hand oc Strax hand kom thill Vildnes Kircke Sende Folch thilbage efter hende. Hvilche och Kom Saa Snart thilbage Adt Altingest Baade med Sacramentis Uddeelelse Saa och Anden Kircke Tieniste I Rette thidt bleff forrettedt.

Peder Michelsøn bleff och I Rette Eskett sin Sandhed herom Adt thilstaa. Och Bekiende: Adt der Hr. Christen ved Middags thider kom thill Vilnes Kircke, da haffr hand Udsendt Sigh med flere, Adt Roe Effter En Bomme, Och Bekiente Adt der de komme Igien medt Samme Bomme, da vaer Hr. Christen Enda Paa Prædickestollen, Saa Adt Inted bleff forsømt I Nogen Maade Mens Alt I Rette Sedvanlige Thidt forrettedt.

Fremdeles Bleffue de Proff opleste, hvilche den 27. Mart. paa Ask I Sunnfiordt I Sagen er førde och Aff den Sorenskriffr ibm. Sampt sex Laugrettismend Under deris Forseigling Udstedde.

Dernest fremviste Hr. Christen Sit Gode Skudtzmaall, sig den 12. Febr. Alf Meenige Almuffve giffvett Och Aff 18 Mend Vnder deres Forseiglingh och Boemercke Vdstedde.

Endelig Indlagde forne Hr. Christen Sitt Skudtzmaall, Sigh Aff Almuen I Askevolds Kircke I Provstens Nerværelse meddeellett den 24. Mart. Och Aff Provsten beskreffvet den 24. ejusdem Nest forleden.

Da Effterdj Aff Tiltalle och Giensvar, Sampt Indlagde Supplicatzer och Documenter Erfaris Adt forne Hans Olsetter, haffr Bete Hr. Christen Jensøn paa Askevoldt for Adskilligt Vtilbørligt beskyldet och Angiffvett, Hvilcket hand Altsammen hannem dog Icke haffr kundet offnebevjse; Mens ofttebete Hr. Christen der thvert i moed Baade thill Tinge saa och I Kircken, haffne I Provstens Nerværelse hoes Meenigheden bekommett Sit Gode Skudtzmaall, Adt de Hannem hverchen I lærdom eller Leffnet haffde noget adr beskylde. Er derføre offtebete Hans Olsetter, for Saadanne Sine |: imod Sin Sielle-Sørger och Eyer :| Vbevjste Angiffvelser, thildømt Paa Otte Dagis thidt paa Vand och Brødt fengsling Adt Anholdis.

Och herhoes er offtebete Hr. Christen Advaret, her Effter Adt Tage Sigh Vare for hastighedt, druckenskab, Slagsmaall, Vnødig Klamerje Sitt Ampts Forsømmelse Och Andet som en Prestmand ey Sømmer eller Vell Anstaaer, Saa fremt, hand Iche derføre |: efter Ordinantzen och K. M. Forordninger :| skall Straffis Paa det høyeste. [s. ix}

Som ein ser gjekk Christen Jensøn rein ut av denne saki. Den aatvaringi han fær, hev inkje noko aa segja. Det var vanleg skikk at domkapitlet nytta høvet til aa vara dei aat dei som var innstemnde, um dei var aldri so skuldlause.

Dette er som sagt det einaste aktstykke um Christen Jensøn fraa hans eigi tid. Men so hev me eit anna aktstykke av honom sjølv, som segjer oss mykje meir um mannen og hans yrke.

Det er ordboki hans.

Christen Jensøns Dictionarium er inkje nettupp det eldste arbeid um folkemaalet her i landet. Me veit i alle fall um ein prest paa Vest-Agder som hev sett upp ei bygdemaalsbok nokre aar fyrr.6) Men desse tvo prestarne hev venteleg inkje visst um einannan. Og noko anna fyrebilæte kan Christen Jensøn heller inkje ha havt, det me veit av. So det er likt til at han hev komme paa tanken av seg sjølv, og gjort opplegget reint paa eigi hand.

6) Sjaa fyreordet til Maallære og ordtøke fraa Vest-Agder.

Ein skal inkje langt lesa fyrr ein ser at det inkje er nokor raritets-samling Christen Jensøn hev vilja fenge i stand. Og inkje hev han tenkt aa rika upp dansken med desse norske ordi heller. Nei, det ligg klaart i dagen at han hev eit høgare fyremaal med arbeidet sitt. Han vil syna landsmennerne sine at dei hev eit eige maal, og han vil hjelpa deim til aa halda det oppe. Det segjer han sjølv med reine ord i fortalen: "Oc paa det voris gode oc gamle Norske Sprog — — diss klarligere kunde komme for Dagen, oc fra de andre adskillis — — da haffuer jeg for den Aarsag skyld vildet dette mit Arbeyde alle forbemelte gode Nordbagger til tieniste paa Trycken lade udgaa." Det er sitt eige folk han tenkjer paa og arbeider for. Difor vigslar han heller inkje verket sitt til ein eller annan høgsett herremann, som skikken var, men til "alle gode Nordbagger, som ere mine kiere Landmænd". Og han vonar at dei skal tykkja mun i det og verja det mot rangvise domarar.

Kva meining Christen. Jensøn elles kand ha havt um framtidi for det norske maalet, det er inkje godt aa vita. Han gjet so lite um. Ein ting kann me likevel vera visse paa: naar han tok paa seg dette mødefulle nybrotsarbeidet, so maa han ha livt i den voni at det skulde føra til noko. Men uviss og ottefull maa han sagta òg ha vore. Dette var fyrste gong paa fleire hundrad aar at det norske maalet viste seg i bokheimen att. Kven veit um det inkje er maalet han hev havt i tankar daa han paa fyrste blad i boki si skreiv dei vene ordi: "Da maa no te GVd stande, hua mi Æve verte."

Ser ein so paa arbeidet hans og dømer det etter tid og tilhøve, so maa ein segja at det er rett godt gjort. Nokon høglærd mann hev Christen Jensøn inkje vore; men det hev komme honom til hjelp at han var so væl heime i det maalføret han skulde skriva um. I Askvoll var han oppvaksen, og i Askvoll fekk han sitt livs-yrke, hev me høyrt. Der hev han òg skrive boki si, og meste mengdi av tilfanget hev han funne i sitt eige bygdemaal. Elles [s x} nemner han aldri kvar han hev ordi ifraa, og ein kann sjaa at han òg hev teke med eit og anna som helst maa ha høyrt heime i andre bygder. Men sunnfjordsmaal er det alt i hop, paa eitkvart hende ordet nær, so det er tvillaust at han maa ha sanka saman det alra meste "udaff daglig Forfarenhed", som han sjølv segjer.

Men Christen Jensøn nemner ei kjelde til. Han hev òg teke "udaf atskillige gamle Norske Bøger", segjer han. Korleis dette heng saman er inkje godt aa skyna. No var det inkje noko sjeldsyn i dei tider aa finna gamle norrøne handskrivne bøker her i landet; serleg maa det ha vore mange avskrifter av dei gamle loverne. So for den skuld kunde han gjerne ha nytta slike skrifter. Men det ser inkje ut til det heller. Christen Jensøn hev visst inkje kunna gamalnorsk, og det finst godt som ingen ting i samlinga hans som ein kunde tenkje han hadde teke fraa det gamle maalet. Det skulde einast vera Sem-Rof (s. 120), og kann henda nokre faae til, som Fuldfiaa (37), Maalløs (76) og Skaadbog (102). Men ogso desse ordi kann likso væl vera fraa bygdemaalet. Og elles er det nynorskt alt saman. Det kann difor inkje vera gamalnorske skrifter han tenkjer paa naar han talar um "gamle, Norske Bøger".

Og bøker paa nynorsk fraa den tid veit me mest inkje av, i alle fall inkje noko som Christen Jensøn kunde ha nytta, og alra minst bøker som han kunde kalla "gamle". Men umogelegt er det fulla inkje at det kan ha funnest eitkvart. Ein maatte daa helst tenkje paa vise-oppskrifter, eller smaae ordsamlingar, eller listor med norske dyre- og voksternamn. Det ser soleis ut til at han hev funne blome-namnet Tiretunge "udi Vrtebogen" (124). Men kva kann det vera for ei urtebok? Tiretunge er eit norskt ord, og det finst inkje i dei danske urte- og lækjebøkerne av Henrik Harpestreng fraa 1200-talet, eller Henrik Smid fraa 1500-talet, eller Nils Mikkelsen Aalborg fraa 1600-talet.

No veit me at Peder Claussøn Friis ikring 1599 hadde skrive "Om Urter og Blomster"; men det arbeidet er burtkome 7), so me kann inkje sjaa um Christen Jensøn kann henda kunde ha kjent det. Mykje trulegt er det no inkje. Men det finst eit og anna elles òg som nog kunde tyda paa at han hadde lese Peder Claussøn. Som no det sermerkte ørne-namnet Mund-Gaads Fugl (80) 8). Like eins stykket um Rossmulen (95) 9). Og Peder Claussen [sic] kunde vel gjerne vera ein av dei "Physici" han skyt til naar han talar um ostra (112) 10). Men dette er lite aa bygja paa, og naar alt kjem til alt, held eg det liklegast at han inkje hev kjent noko til skrifterne av Peder Claussøn. Hadde han fyrst kjent deim, so trur eg me vilde ha funne fleire laan i ordsamlinga hans.

7) Gustav Storm i Samlede Skrifter af Peder Claussøn Friis (Kra. 1881), LXI.

8) Peder Claussøns Samlede Skrifter 122.

9) S. s. 86 og og 87.

10) S. s. 110.

I det heile ser ein so lite merke etter desse "atskillige gamle Norske Bøger", at ein helst maa tru det inkje kann ha vore noko [s xi} større. Eller òg maa det ha vore skrifter som me no slett inkje veit um.

Ein kann trygt ganga ut ifraa at Den Norske Dietioniarum er ei framsyning av sunnfjordsmaalet slik som det var paa den tid. Arkaismer ser ein lite til. Bokmeisteren hev teke ordi og formerne or den livande daglegtalen, og han hev visst tenkt aa skriva deim som dei lydde paa folketunga. I det store og heile hev han greidt det so nokorlunde òg. Men ein maa hugsa paa at det fanst inkje noko skriftmynster for norskt maal. So snart ein tok pennen i hand, so vilde dei danske stavemaaterne koma liksom av sjølve-seg. Ein ser daa òg at Christen Jensøn rett som det er heng fast i dansk rettskriving. Men for det meste hev han likevel skrive ordi soleis, at ein kann skyna baade kva former dei hev havt, og korleis dei hev vorte uttala. Dei stader der ein kann vera i tvil, der er det ofte misprentingar som hev skuldi. Og det kann ein inkje leggja bokmeisteren til last, for han hev sjølvsagt inkje havt noko med prente-rettingi aa gjera. Venteleg hev den danske prentaren heller inkje vore rædd for aa fordanske formerne. Me veit det var vanlegt i dei dagar at bokprentarane stelte med staving og rettskriving etter sitt eige tykkje i alt det dei prenta.

Eg hev samanlikna uppskrifterne hjaa Christen Jensøn med bygdemaalet i vaare dagar paa eit par snare sumarferder i Sunnfjord. Dei alra fleste ordi er i fullt bruk enno; men eit og anna kann vera avlagt eller umbytt med andre. Dei som inkje finst innførde i dei store nynorske ordbøkerne, hev eg sett upp i ei rekkje for seg sjølve (s. 96-99). Det er inkje so radt faae. Men sume av deim hev eg funne att livs livande i bygdemaalet, og fleire vilde eg visst ha funne um eg hadde gjeve meg betre stunder til aa leita, og um eg hadde komme vidare ikring. Dessutan er det aa merka at mange av desse ordi er sjølvsagde samansetjingar, og difor inkje upptekne i ordbøkerne. Andre er mode-ord som visst inkje hev halde seg lenge, og nokre er framandord som heller inkje hev slege rot i maalet. Av gode norske ord er det berre faae som hev komme i gløyme.

Og det som hev mest aa segla: i ljodverk og bøygjingsformer hev maalføret halda seg godt som ubrigda. Det maalet dei tala i Askvoll for yver halvtridje hundrad aar sidan, det talar dei den dag i dag, og dei talar det i eitt og alt mest like eins. Me hev her eit godt døme paa det me kann skyna elles òg, at dei norske bygdemaali alt for tri fire hundrad aar sidan hadde fenge den form som dei enno hev.

Christen Jensøn gjer ingi sers utgreiding um ljodverk og ordbøygjing; men i stavemaaterne og hermingarne hans kann ein finna mykje av det som sermerkjer sunnfjordsmaalet. Eg skal her berre nemna eit og anna.

Ein kann sjaa at ll og nn hev havt den same j-fengne uttalen daa som no. Han skriv t. d. Koille 64, steille 115, 116, ja ogso Queil (kveld) 90, æil (eld) 18, og Eildton 125. Like eins skriv han Snø-Foin 36, Ejckoin (ikorn) 27, Foiner (forner) 36, Kraakekoin [xii} 60, Queinna Kald 90, 113, Toinne (torna) 122. Desse stavemaatarne hadde inkje Christen Jensøn funne paa dersom det inkje hadde vore noko sers i uttalen han vilde fenge fram. Ei onnor sak er det at han inkje magtar eller inkje hugsar paa aa vera fylgjerett. Ein finn ofte slike former utan i, som Bolle 12, Landkolle 72, Dunne 25, Kinne 62, Quanne 91.

Det er likt til at tviljodarne jo og ju hev vore bruka noko meir daa enn no: Grion 42 (no grøn), Riot 95 (no ryt'e), paa Siono 94 (no paa sjø'naa). Men at tviljoden alt daa hadde teke til aa veikna, ser ein av former som Siø don 111, "Siomaal sive Siomaal" 111 (no sjømaal), Bryst (paa hus) 18 (like eins no; men i manns minne hev dei sagt brjost), Fiøs 35, "Gytte sive Gjota" 42, (enno baade jote og jytt, f.). Merkelegt er det at Christen Jensøn hev Jype 59, endaa det no er jupe, f.; og Skiøer 183, no sjor.

Etter gamalnorsk ending paa -r stod det att ein e (halvljoden ə) daa som no. Soleis i notid av sterke gjerningsord: verte 2, breste 16, 57, stende 46, gjenge 113. Men stundom skriv han formerne utan -e: giel 9, vert 75. – I eigenskapsord: Vircke (vyrk) 134; og yverføtd til former der han opphavleg inkje høyrde heime: ei[n] Makelouse skalcke 77, Væsalde gut 119. – I namnord: Glire 41, skakke 77, Mige-Moure 79, Moldkoke 80, ei[n] nisse 83, Skrumte 107, Strijke 116. Elles er slike ord væl so ofte skrivne utan -e, som Helm 49, Hielm 50, Klep 63, Kleg 63 og m. fl.

Den gamalnorske indingi - inn i namnord og eigenskapsord hev halde sig i sunnfjordsmaal etter vokal, og etter samansett konsonant, og ofte etter konsonanterne m, b, p, v, j, hj, g, k. Etter d, t, n, l, r, s hev det mest vorte -en eller berre -'n. Denne skiljingi er elles inkje heilt fylgjerett gjenomførd, og inkje skil dei like eins alle stader i Sunnfjord heller. Men det ser ut til aa ha vore like eins paa Christen Jensøn si tid som no. Han skriv sumtid -in og sumtid -en, um lag like mykje av kvart. Men det var inkje aa venta at han skulde ha lagt merke til at dette skiftet gjekk etter nokolunde faste reglar.

Namnordi hev havt same bøygjingsformer daa som no. Mangtal stend oftast med endingi -er; men det er berre dansk stavemaate. Alle stader i Sunnfjord hev r'en longo komme burt, og at han alt var burte daa Christen Jensøn skreiv, det kann ein sjaa av former som Horra 52 og Tremenninga 56.

Linne kvendkynsord er som oftast skrivne med endingi -e. Men ei gong imillom finn ein og -a: Giota 42, Halda, 46, Ryssa, Villande Ryssa 99. Det ser soleis ut til at han ogso hev høyrt -a i desse formerne. No endar dei paa -e i Sunnfjord; men berre ein kjem til Sogn, so er det -a.

I bundi form endar dei paa -a baade sterke og linne kvendkynsord, som Kyra 15, Føste færa 31, Hura 54, Brokia 113, Truna 128, 129, Sandheita 11; Kringtola 67, Konna 113. Dette er like eins enno.

Dativ hev vore bruka daa som no: "Hand hengie brunen i Himla" 17, 120; "ret op i Vejra " 40; "Ilt vdi Liva" 56; "Baaten [s xiii} rey um paa Siono" 94; "Eg fann Bondin siølff i tuna" 128; "Da kan vetlum bæra te" 132. Christen Jensøn hev inkje noko døme paa dat. pl.; men det er former som er i fullt bruk enno. Dei endar paa -aa: "vere paa fotaa", "je beistaa"; "maange taa bøkaa hass" (Askvoll).

Vara-ordi hev i det heile havt same former daa som no. Soleis eg, meg; du, deg. Side 25 er det sagt at "Decke kaldis Dig"; men det maa visst vera ei mistyding, for i alle hermingarne er det deg, t. d. 16, 25, 28, 32, 55, 57. — Han finst av og til (121); men for det meste er det skrive hand. I dativ er det honnaa; (haannaa, hunnaa), og det er merkande at denne forma vert bruka berre i dativ: mæ honnaa 30, 46, 113; jaa honnaa 74; aadt honaa 114. Akkusativ finst nog berre ein einaste stad, men der er det hand: "Lat hand komma te Bortz" 62. Det ser soleis ut til at Christen Jensøn hev skilt millom dativ og akkusativ liksom i gamalnorsk. No hev hannoo ogso vorte akkusativ, baade i Sunnfjord og mange andre bygdelag. — Av andre former finn ein ho 40, men inkje [hinne]; me 5, 55, men inkje [oss]; inkje [de], men docke 25, 31; dan 127; da (vanlegt, ei gong 92). Like eins adverbet dar 11, 122.

Dei einaste pronominale former som inkje liver no, er deir og dær. Sjaa merknad til s. 24.

Gjerningsordi hev vanleg enda paa -e i infinitiv daa som no. Visst finn ein -a fem seks gonger, men det er som oftast i ordtøke og formel-faste hermingar. Soleis Ficta 53 i ei herming fraa Nordhordland, som hev a-maal. Like eins i ordtøka "Leinge kena Vert ey Matedrye" 75, "Dæ er vaint at veta, kuort raanginn rengiast" 92, og "Det kan vetlum bæra te" 132. "Lat hand komma te burtz, han kena" er gjerne òg ei herming fra a-maal. Bregta og Remmia 16, 94 er inkje infinitiv, men notid; og det kann vera uvisst um Skværa 108 inkje er notid det òg. Det viser seg soleis at sunnfjordsmaalet alt i fyrste helvta av 1600-talet hadde fenge -e i infinitiv, men at -a stod att i gamle ordtøke og formlar. Ei skiljing millom -a og -e etter same reglar som i austnorsk maa ein visst inkje tenkja paa, endaa dei dømi me hev paa a-ending kunde synest liksom aa peika i den leid.

I notid hadde linne gjerningsord av a bøygjingi mist r'en: "Soufuen bregta" 16; "Du snacka" 32; "Hand tala" 48; "hand kena" 62; "Sielda pissa ein" 101. Gjerningsord av e-bøygjingi enda paa -e: "Hand dæse" 10; "Eg sege" 11. Sameleis enno. "Du læra meg" 53 og "Meg vaatte" 131 er vel mistak eller misprentingar; og "Maten koelner" 64 er dansk stavemaate.

I mangtal hev gjerningsorda havt sers former baade i notid og fortid, ser det helst ut til: "Me ere Jamfaren Tremenninga" 55; "Sielda pissa ein ere tvo te" 101; "Dar laage me" 55. Desse formerne er av-eldte no.

Refleksiv hev enda paa -st som no: Aabøriast 2, trifflast 20, rengiast 92; Faast 30.

Av andre former kann ein merka hefflue (ogso heve 85), som [s. xiv} no hev vorte avstytt til he, og i dei ytre bygder (t. d. Værlandet og Bulandet) er umbytt med ha(r).

So er det nokre gjerningsord som hev vore bruka onnorleis i ordfellingi enn no, t. d. "Meg breste Ilaat" 16, 57; "Meg brigdast inche stuert om deg" 16; "Meg vaatte ret incke om deg" 131; "kort Lijst deg darpaa" 73; "deg Vante nocke ennu" 133. Alle desse maa no hava personlegt subjekt.

Um likskap og ulikskap millom Den Norske Dictionarium og maalet no til dags vil ein elles finna meir i merknaderne til dei einskilde ord og ordlag.

*

Christen Jensøn sende ut arbeidet sitt med gode voner, "visselig forhaabendis at det en huer som det forekommendis vorder, skal være kiert oc angenem." Men vonerne vart vel svikne, maa ein ræddast. Det ser helst ut til at boki vart lite kjend, og endaa mindre vyrd. Paa eit hundrad aar finn me henne berre so vidt nemnd eit par stader, i bibliografiske arbeid av Albert Bartholin (1666) og Albert Thura (1723). Og det er snaudt um nokon av Deim hev havt boki i hand, sidan dei baae kann segja at ho er in quarto 11).

11) Sjaa orda hans Pontoppidan her nedanfor.

Det er underlegt at ein mann som Ole Worm inkje hev gaatt dette arbeidet. Han kunde daa havt bruk for eit og anna til Historia animalis, qvod in Norvagia qvandoqve e nubibus decidit, som han gav ut i 1653. Men boki hev vore ukjend for naturgranskarane like fraa Ole Worm og Hans Strøm til H. Tho. L. Schaanning, som kunde ha funne ymist her til sit Norsk fugle-register (Bergen 1913). Ein av dei faae som hev nytta Christen Jensøn i naturhistoriske skrifter, er bispen Gunnerus, t. d. i Det Trondhiemske Selskabs Skrifter III (1765), 109.

Den fyrste som skreiv noko større um Christen Jensøns Dictionarium, var Erich Pontoppidan. Daa han vart bisp i Bergen i 1748, høyrde han snart at det var mykje i folkemaalet som han inkje skyna, og han var rædd at bønderne og fiskarane maatte skyna like lite av hans maal. "Da jeg imidlertid ønskede at forstaae og forstaaes af enhver", segjer han, "saa foretog jeg mig paa min første Visitations-Reyse, begyndte in Julio 1748 at antegne alle mig forekommende fremmede Ord og Talemaader."12) — — "Efterat jeg saaledes paa egen Haand havde bragt maaskee 3 à 400 Ord tilsammen, fandt jeg paa min Visitations-Reyse i Mangers Præstegaard, en liden trykt Bog, hvilken satte mig i Forundring, da jeg aldrig før havde seet den, kand ey heller til visse sige Auctors Navn, efterdi Titul-Bladet saa velsom det Bageste var borte, dog mener jeg, det maa være det af Alb. Barthol. de Script. Danor. p. 24. og Alb. Thura, in Idea Histor. Literar. dan. p. 310 anførte 1646 til Kiøbenhavn trykte Dictionarium Norvagicum Auctore Christierno Jani, Pastore Aschevoldense, (hvilken 1653 druknede paa Reysen til sin Annex-Kirke) skiønt samme siges at være trykt in Qvarto, da min umtalte Piese er in 8vo af faa Blade. Derudi fandt [s. xv} jeg en god Deel saadanne Ord, som hidindtil ikke vare mig forekomne, dog ogsaa mange af det Slags, der ey burde have Sted, blant rare Norske Ord, efterdi de ere brugelige blant os Danske selv, hvilket Auctor, som en indfødt Norsk, ikke saa nøye har kundet adskille, ligesom han af samme Aarsag har udeladt heel mange rare Ord, hvilke han ey har vidst at være rare for os Danske. For Resten seer Læseren ved Sammenligning, paa hvert Blad Adskilligheden af hiin og denne Samling. " 13)

12) Glossarium Norvagictim (Bergen 1749), 12.

13) S. s. 20-21.

Ja "Adskilligheden" millom Christen Jensøn og Pontoppidan er snar aa sjaa. Men det er inkje so som bispen tykkjest meina, at hans samling er so mykje betre enn den gamle. Nei tvertum. Endaa han livde hundrad aar etter Christen Jensøn, so naar han honom inkje paa langt nær. Saka er den, at Christen Jensøn skreiv um noko som han var inne i, Pontoppidan inkje. Difor hev askvollspresten kunna gjeve oss ei retteleg norsk ordbok, medan den lærde bergensbispen berre hev raska i hop ei raritets-samling.

Pontoppidan nemner òg Christen Jensøn og arbeidet hans i Annales ecelesiæe) Danicæ IV (Kopenhagen 1752), 413.

e) Det skal vere ecclesiæ. - TK

N. M. Petersen kallar boki "en mærkværdig Norsk Ordsamling" i Bidrag til den danske Literaturs Historie 2 III, 361, og s. 378-379 i same bandf) prentar han av nokre prøvor.

f) På nett: Niels Mathias Pedersen. Bidrag til den danske Literaturs historie. Bind 1-III. 2. utg. Kjøbenhavn. Woldikes forlag, 1867.
archive.org/details/bidragtildendan02sechgoog

Det er sjølvsagt at denne fyrste norske ordsamlinga hev vore nytta av dei som seinare hev granska folkemaalet vaart. Soleis vert ho ofte nemnd av Laurents Hallager, W. F. K. Christie, Ivar Aasen, Hans Ross og Marius Hægstad.

Den primstaven som Christen Jensøn hev teke med i boki si, hev eg inkje stort aa segja um. Ole Worm hadde i Fasti Danici (Hafniæ 1626 og 1643) gjort ei lærd utgreiding um kalender og runestavar. Der hadde han òg teikning av nokre runestavar, soleis i andre utgaava av ein norsk ein.14). Dette verket hadde gjerne Christen Jensøn lese, og det kann vel vere det som hev sett honom paa tanken um aa gjeva ut denne primstaven fraa Sunnfjord.

Christen Jensøn hev her gjeve vigtige opplysningar um primstaven og merkedagarne, og dei som seinare hev skrive um desse ting, hev havt mykje gagn av utgreidingi hans, t. d. P. A. Munch i Norsk Folke-Kalender for 1848, 17-40, og 1859, III—XXXXVII; og Kristofer Visted i Bidrag til tydning af primstaven (Bergens Museums Aarbog 1903, No. 5). 15)

14) Sml. Sophus Bugge: Norges Indskrifter med de ældre Runer 11 (Christiania 1904), 478-501.

15) Den beste oppteljing av primstav-litteratur er aa finna i Oluf Kolsrud: Norske Folkeminne utgjevne av Den Norske Historiske Kildeskrift-kommission I (1914), 9, note 12. — Eg kann leggja til: Luigi Frata, Di un Calendario runico della Pontificia University di Bologna. (Bologna 1841). I det verket er òg nytta nokre avhandlingar som Kolsrud inkje hev nemnt.

*

Christen Jensøns Dictionarium hev vel inkje vorte prenta i noko stort upplag. Og me høyrer av Pontoppidan at boki alt vare sers sjeldsynt ikring 1750. Christie kallar henne Liber rarissi-[s. xvi}mus [sjeldan bok], i eit eksemplar som hev høyrt honom til. Og no er dei lett teljande dei eksemplar som er att; dei fleste finst i offentlege bok-samlingar. Bergens museum hev eit heilt og eit uheilt eksemplar, vitskaps-sellskapet i Trondheim eit heilt (fraa Thorv. Boecks samling), og universitetsbiblioteket i Kristiania tvo uheile. I Kjøpenhamn finst det tvo gode eksemplar paa det kongelege bibliotek, og eit mindre godt paa universitetsbiblioteket. Det store kongelege bibliotek i Stockholm hev eit heilt eksemplar, og Carolina i Uppsala eit heilt og eit uheilt. Stadsbiblioteket i Göteborg kjøpte eit eksemplar paa professor Wimmers bokauktion i Kjøpenhamn 1912 (for kr. 65,25). Av eksemplar i privat eige veit eg berre um tri: eit hjaa professor J. A. Lundell i Uppsala, eit hjaa konservator Th. Petersen i Trondheim, og eit godt eksemplar eig eg sjølv. Ivar Aasen skal òg ha aatt boka; men ho finst inkje no i boksamlinga hans i Aasen-stova i Ørstinne g).

g) "Her tek Hannaas i miss – boka finst i boksamlinga til Ivar Aasen, med samlingsnummer 231." [Redaktørmerknad frå Nynorsk kultursentrum]

*

Denne utgaava her skulde vera ei bokstavrett avprenting av den gamle. Ingen ting er brigda eller retta. Dei mest vill-leidande misprentingar i dei norske ordi hev eg gjort merknad um. Men dei fleste hev eg inkje nemnt, og misprentingar i dansken hev eg sjeldan ansa, endaa det kryr av deim. Dei byrjar alt paa tittelbladet, med "Seyerserck" for "Seyerverck".

Elles er det aa merka at dei ymse eksemplar av den gamle utgaava inkje alltid samstavast. Eg hev lagt merke til ulik prenting av desse ordi: S. 1 hev sume eksemplar est og sume æ; s. 4 - Alvaken og Alvakien; s. 12 Bierge-draap og Berge-draap; s. 13 Blomrycke og Blomryckie; s. 16 Traaden og s. 37 Framkusin og Framfusin.

Dei siste formerme er dei rettaste, og dei er nytta her.

Den gamle utgaava er prenta med frakturh). Uppslagsordi, og i det heile ord og vendingar paa norsk, er sette med feite typor, og latinske ord med antiquai). Men skiljingi er inkje greidt og fylgjerett gjenomførd.

h) Fraktur: skrifttype med med spisse, kanta former, ein variant av gotisk skrift.

i) Antiqua: Lausleg: "vanleg prent". I Noreg blei frakturstilen framleis mykje nytta rundt år 1900.

Meir i Wikipedia under oppslaget "Fraktur (skrift)" for begge. - TK

Denne nye utgaava er prenta med antiqua. Norsken er sett med feite typor, og latinen med skraa-skrift (kursiv). Og det er skilt millom skriftslagi som i den gamle utgaava, anten det var rett eller gale. Paa den maaten skulde ein som les den nye utgaava, so nokolunde kunna faa ein tanke um korleis den gamle ser ut. Det vil ein elles kunna sjaa betre av det gamle tittelbladet og primstaven som er tekne med in facsimile.

Til merknaderne hev eg nytta desse handskrivne kjeldor:

Knud Leems samlingar av vestlandske ord, ordlag og ordtøke (Det kgl. bibl. i Kjøpenhamn, Kallske samling nr. 597, 4to).

W. F. K. Christie: Prøver af et Norsk Dialect-Lexicon (Bergens museums handskriftsamling nr. 179); Samlinger til et Norsk Dialect-Lexicon (s. s. nr. 180); Etymologicon (s. s. nr. 68).

TO TOP

Fortalen

DEt er en allmindelig / oc lofflig Sedvane / at naar Nogen skriffuer noget / som skal komme til Liuset / enten det som de haffuer componeret, oc tilhobe samlet aff andre deris Skrifter / eller Tungemaal transfereret, at de da same deris Arbejde / oc Skrift ville dedicere oc tilskriffue nogle ypperlige Mænd / oc det for den Aarsags skyld / at samme deris Arbeyde / skal formedelst saadanne høye Personers Nafn / bliffue handthefvit / oc forsuarit / imod andre vrange Dommere / oc Wvenner: Fordi saa / her nu udi denne sidste Verdsens onde Tjd gaar det alt for megit til / som det gamle Ordsprog lyder: Nihilt tutum aa calumnioris morsu. Det er / Der er intet saa fullkomen giort / at det kand være sickert oc trygt / for Spotteres Munde.

Da paa det at dette mit føije Arbeyde / kunde oc haffue sit Forsuar / oc for saadane vrange Dommere handthæffuis. Da hafuer jeg oc i denne Meening mig denne Dristighed paa tagit / dette mit ringe Arbeyde / at ville dedicere oc tilskriffue / udi Allmindelighed alle gode Norbagger / som ere mine kiere Landmænd oc gunstige gode Venner / ædle oc w-ædle / geistlig oc verdslig høye oc laffue / være sig udi huad Stand de være kand / visselig forhaabendis at det en huer som det forekommendis vorder / skal være kiert oc angenem. Fordi saa som der skriffuis om Bierne / at de udi Skowene / Marcken / Hafverne / oc Enge / paa adskillige Steder / sammen sancke den allersødiste oc beste Hunning / saa i lige maade haffuer jeg udaff daglig Forfarenhed / saa vel som udaf atskillige gamle Norske Bøger / udragit samme lille Tractat: Oc paa det voris gode oc gamle Norske Sprog (som i Synderlighed med mange Tungemaal oc fremmet Sprog er bemenget / oc daglig Dags mere tiltager / formedelst den ædle Søefart aff Fremede det besøger. Oc aff de Norskis Vdvandring udi fremede steder /[s. xx} som sig der effter nedersette i deres Fæderneland) diß klarligere kunde komme for Dagen / oc fra de andre adskillis / the det ene er saa meget indvicklet i det andet / da haffuer jeg for den Aarsag skyld vildet dette mit Arbeyde alle forbemelte gode Norbagger til tieniste paa Trycken lade udgaa.

Huorfore jeg gandske ydmygelig er begierendis hos alle oc en huer / som dette mit Arbeyde forekommer / at det udi den beste Meening maatte bliffue optaget / oc det ocsaa aff eder imod alle Momi j) Stallbrødre loffligen maatte blifue handthæfftiit / ladendis der hos den godhiertige Læsere være frjt fore dette Verck at forbedre / som ude det Norske Sprog bedre Forfarenhed kand haffue / eller oc at tillegge som en huer der om forstandig kand vide at dømme. Oc til en Beslutning er meget venleg begierendis at alting udi den beste Meening maatte optagis / oc en huer som det fore kommer vel behage: Thi

Nihil jam dictum est, qvod non dictum sit prius
Det er /
Her ude findis icke noget rørt
At det jo tilforne tit er hørt

Omnia conando, docilis solertia vincit
Det er /
Alting i det mand stræber / gaar lystig fort
Thi Lysten oc Villien giør ringe af stort.

Oc her med ynsker jeg eder alle samtligen mine kiere Landmænd med Gud / Naade / Lycke oc Barmhiertighed ved vor HERr JEsum Christum / AMEN.

Christen Jensøn Guds Ords
Tiener til Askevold.
j) LAGT TIL: I gresk mytologi er Momus gud for spott, hån, kverulanse, ap, vondsinna klander, latterleggjering, urettvis kritikk, og for forfattarar og diktarar. - TK

TO TOP

En liden Bog

vdi huilcken kortelig er forfattet / adskellige Norske Gloser /
oc daglige Tale / Fiskes Fuglis oc Diurs vnderlige
Natur oc Naffne // sampt adskillige Ord-
sprog. Som Alphabeticé effterfølger.

Forklaringar
Christen Jensøn bruker latinske forkortingar og ord som ikkje er heilt vanlege lenger. Her er nokre av dei med tydingar, om det kan vere til hjelp:

alias - elles, i andre omstende (og anna)

sive - eller

hinc - frå dette, "herav"

i.e. - id est, det er (d.e.), [ei forklarings-innleiing] Eldre skrivemåte: i. e. (med mellomrom)

illud. - tyder mellom anna det eller dei (med trykk, altså peikande), som that og those på engelsk

item - på liknande vis, dessutan, også

TK

A

Tilfanget under ◦bokstaven A har Nynorsk kultursentrum publisert.]

B

Bamse kaldis Biørnen / oc Bingse kaldis Hunnen. Hinc Bamsebijt / naar Biørnen først vdgaar aff Hien / siges hand at bide i det neste træ / huor aff Biørne Manden kand see hans Hie icke at hafue verit langt borte. Saa gaar hand vijdere / oc den første Mad hand da finder er en Hestemyre Tue; Thi den første baris til Fields naar Sneen ved Regn affgaar; oc der af giør hand sit Maaltid. Biørnen kaldis ocsaa Bru-viske.

Der siges en Historie / huorledis tvende Kremer Drenge engang aff deris Hosbond vare befalet at opdrage til Dallene oc kreffue skyld. Oc som de haffde i betalning bekommit en halff tønde Smør / huilcken de lagde paa en Skaavog / oc der tilbant en gal Oxe. Som icke vilde lade sig leede / oc loed saa it Øg drage same Skaavaag: Som de nu kommer paa Veyen / kommer der en Biørn effter dem Brølende huilcken der de bleffue vaer / spende de Øeget fra Vogen oc gaff sig begge at Rijde / i den meening Biørnen at vndrende. Men Biørnen griber til den igien staaende Oxe / oc hannem omkommer. Som de reede hastig frem / efftersom Aftenen kom paa / kommer Øget frem i it Hengedynd oc blef liggendis: De til it paar

Bamsebijt: Peder Claussøn kallar det Hiebid, og segjer at bjørnen bit det næst fyrr han legg seg i hide (Storms udg. s. 11).

S. 8. Bru-viske er vel gjerne eit ord fraa æventyr eller barnereglor. Det er ukjent no, so vidt eg veit. — Skaavaag, sjaa s. 102.

[s. 6}

been / oc løbte det beste oc haardiste de kunde / men Øget op oc efter i Mørcke. Oc jo nermer den kom / jo meere de løb / meenendis / det haffde væverit Biørnen. Oc tackede saa GVd de slap den gang. :c

Baer kaldis grene aff Fyrtræ / alias Furtæ / sive Furreløff / som gifuis Smaller til Føde om Vinteren / Synderlig Giedder / men faa de icke aff Laden oc Marcken der hos / da kaster de deris Foester. Alias: Siges.

Baer det som skaaldis aff Kalluun.

Baarefiert kaldis en liden graa Siø-Fugl / skabt som en Teiste / oc flyder paa Siø baaren; er graa Vinter oc Sommer.

Baae kaldis begge to.

Baaserij er skiamt / som giøris i lystig Samquem.

Bare sive Barde Korn kaldis; at Treske.

Baldstyren i.e. Vroelig sive Hardbalg.

Barcken gjel siger Bonden naar hand || ræber paa sit Arbeit / oc da venter hand synderlig Mad at vere bereed naar hand Hiemkommer; huoraff hand metter sig skiønt.

Bancke-Træ kaldis en Terskel at bancke Linkleder med.

Bar-Vær kaldis Regn oc Slud: Saasom: Hand dæse i Bar-væir i.e. Hand Vansmækter oc fryser i det onde Vær.

Baer: Baade i Sunnfjord (Bulandet) og Ytre Sogn brukar dei ordet bar, n. um garneskav, slim i innvolen paa dyr. Aa skrapa av baret naar dyret er slagta, kallar dei aa bare. Aasen hev desse ordi berre fraa Valdris.

Baarefiert: Folk veit um ein sjøfugl som heiter baarefjert'e, m. (Bulandet) eller fjert'e, m. (Holmedal). Men eg hev inkje fenge full greide paa kva fugl det er. Sume meinte det var den same som rupikka eller fjæresjiten (Sjaa s. 33). Men etter namnet aa døma maa det heller vera sjøkutten, mergulus alle Lin. 1766. Den vert i eldre skrifter kalla Bofiert (Ramus: Norriges Beskrivelse (1715) s. 245), Boefiær (Pontoppidan: Norges Naturlige Historie II (1753) s. 111), Fiært og Baare-Fiært (Strøm: Søndmør I (1762) s. 25(3), Borrefiær (Brünnich: Ornithologia borealis (1764) s. 26). Aasen hev inkje funne att namnet. Sjaa Norsk Ordbog s. 970 under sjokutt, og s. 973.

Baaserij: Ukjent.

Bare eller Barde er ei bygdemaalsform av verb. berja, slaa, med vokalen yverførd fraa imperf. barde. Sml. "bara flokar" (Hardanger). Gjerningsordet hev visst gjenge av bruk no i Sfj.; men dei hev namnordet ei berje, det kornlaget som dei breider ut paa laavegulvet til treskjing (Bulandet).

Bar-Vær: Like eins enno. "Da æ ratt eit barver", vind og nedburd (Bulandet). Aasen hev òg ordet fraa Sfj. Gln. barviðri, n.

[s. 7}

Barckeloup kaldis en Mißvext paa it Fyrtræ / Birchetræ / Lindtræ oc andre; naar Barcken paa Træit groer ind i en Sprunge sive hul paa it Træ indtil Kallen sive Margen.

kaldis en Sengedyne.

Bagste-Helle sive Brøjann / kaldis it rund flad Jern / mand bager Fladbrød paa.

Bagstedbord kaldis det Bord Fladbrødet vdtrilles paa.

Baaresteng kaldis en Bærebøer.

Bagste-Krack er en Trekantet Benck / Bagsteboret ligger paa.

Bie siges at vere til; Saasom: Dar bie incke te. i.e. Der er intet til at tage.

Beit kaldis vnge aff bugne Birche Træer / der bliffuer hiemkort om Vinteren / oc opset ved Huusene; oc giffues Anmarck til Noens.

Beit sive Agn.

Beyte kaldis med Meel oc Syre at tilbereede Skind. :c Alias.

Beyte sive Beyte paa / kaldis Lov-an i Vinden til Seigeis.

Bergytte vide Raate.

Belg-Pijpe kaldis en Secke Pijbe.

Berre i.e. Lutter klar / saasom: Eg seye barre Sandheita i.e. Jeg siger jdel Sandhed. Item berre gaat.

Beiteskie er det Træ / som en Dør henger vrii efter Jernen.

Beel kaldis den tijd sive ved det pas. Saasom Middags beel Noens beel :c. Item Soṁarsbeel. ||

Berge-draap er en raritet, som voxer udi Bierge / synderlig ved Hafuet haard som en Steen / lijg til en Huußigel; Oc kand skrabis eller skafuis som andet Krijde / skal vere god for Lifsiuge eller Bugløb.

Barckeloup: Aasen hev borkelaup, n. i same meining fraa Gbrd., og Ross fraa Øystredaleli og Dalarne; men i Sfj. hev eg inkje høyrt det.

: Det gln. beðr, m. vart ofte bruka um dyne, underdyne. Og den meining hev bed, m. enno sume stader (Hardanger). I Sfj. er ordet væl kjent i formende be, m. og bé'e, m.; men der som mange andre stader i landet vert det no helst bruka um eit fast underlag, t. d. eit jordgolv eller ein talle.

Brøjann: I Askvoll segjer dei no jarn.

Baaresteng: No baarestenge, f. pl. (Melvær). Eller er det baarestyng, m.? Ingi av desse ordi finst i ordbøkerne.

Bergytte misprenting for Bergylte [I dag: berggylte eller bergylte: Labrus berggylta].

Belg-Pijpe: Ukjent no.

Berge-draap: I sume eksemplar av Dictionarium stend det Bierge-draap.

[s. 8}

MEIR FØLGER KAN HENDE.


Christen Jensøn, Den Norske Dictionarium, Glosebog, Litteratur  

Loftheim, Abraham. Askvoll bygdebok: Folket II A: Ættarbok frå det 16. århundrad. Askvoll: Askvoll sogenemnd, 1971.

Losnegård, Gaute. "Christen Jenssøn". Allkunne. Nynorsk kulturhistorie, 2010.

Nynorsk kultursentrum. "Fyreord" av Torleif Hannaas (1915) til Christen Jensøn: Den Norske Dictionarium eller Glosebog. På nett under "målpolitiske tekstar" hos Ivar-Aasen-tunet.
www.aasentunet.no/default.asp?menu=1246&id=4052

Jensøn, Christen. Den Norske Dictionarium eller Glosebog. Ny utgåve ved Torleiv Hannaas. Kristiania (Oslo): Den norske historiske kildeskriftkommission/Grøndahl & Søn, 1915.

Schetne, Ivar. "Gamle ord og uttrykk i øygardsmålet." Havstrilen årbok, 2009. [havstrilen.no]

Store norske leksikon. "Christen Jensøn (utdjupingsartikkel)"

Meditasjon i media, opp Seksjon Sett Neste

Christen Jensøn, Den Norske Dictionarium, Glosebog BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]