![]() |
Buddhistiske fablar | |||||
| 13 1 52 | ||||||
|
Rapphøna og kråkaEi kråke som flaug over ein veg såg ei rapphøne som spankulerte langs bakken. "For eit vakkert ganglag som rapphøna har!" sa kråka. "Eg må prøve å sjå om eg kan gå som henne." Ho landa bak rapphøna og prøvde i lang tid å lære å spankulere som henne. Til sist snudde rapphøna seg og spurde kråka kva ho dreiv på med. "Ikkje ver sint på meg," svara kråka. "Eg har aldri før sett ein fugl som går så vakkert som du og eg prøver å lære å gå som deg." "Dumme kråke!" svara rapphøna. "Du er ei kråke, og bør gå som ei kråke. Du ville sjå dum ut om du spankulerte som ei rapphøne." Men kråka heldt fram med å prøve å spankulere, like til ho hadde gløymt sin eigen gangart. Ho lærte heller ikkje korleis rapphøner går. |
|
|
|
© 2011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |