elan

Méda


Heim Metodar Tilbod Kontakt

Méda

Fiskarar har brukt méd frå gammalt, og før ekkolodd og satelitt-posisjoneringar kom til. Mange bruker det enno for å sikte seg inn på plasser der det ofte er god fangst. Har ein fleire gode méd, kan ein etter kvart få større fangst enn utan. Det er gammal fiskarkunne.

I overført tyding snakkar ein om å "ha noko til méd og merke". Framifrå haldepunkt i livet er som gode méd, og kan vere med å gi betre utbytte av den fisketuren som livet er for mange. Det spørs kor gode méda er, kva som finst i havet, og kor dugelege sjøfolk vi blir, kva vi meistrar av krysspeilingar og anna som skal til.

Det er i mangt som når ein styrer og ror ein båt på sjøen: Ein gjer mangt så enkelt ein får til - enkelt, men ikkje for enkelt er høveleg, som Albert Einstein skreiv. Han ruga i mange år for å kunne forenkle eitkvart til E=mc2. Det er ei samanfatning i likningsformat. Skjønar ein kva som ligg gøymd i ho og er grunnlag for ho, skjønar ein også Einstein godt i høvet.

ULIKE DESIGN-SPØRSMÅL. Det er mange vegar til Rom; det er mange måtar å formgi nettstadar på. Gjer det oversiktleg, ryddig, og ha eit tilbod som tel. Oppdateringar høyrer med. Det er ofte greitt å stille opp bilde med litt tekst til (ingress). Dei som sel mangt, gjer det, til dømes Amazon, Haugenbok, osv. Designrådgivaren Jacob Nielsen har også funne at å skrolle (rulle) nedover sider kan gå for brukarane - meir enn før i tida. Noko som normalt ikkje lønner seg er noko som ikkje er velgjort. 'Velgjort', kva er det? Det funkar!

Det går også å ha ei vassrett rad med bilde, og gjerne slik designa at det eine bildet legg seg under det andre etter kvart som skjermen blir smalare. Det finst alternative måtar.

Det kan lønne seg stor å ta i bruk "søk og erstatt" [trykk CTRL+h samtidig] og skriv inn ord eller ordbitar i boksa eller spalta som kjem fram. "Søk og erstatt"-funksjonen kan brukast til å leite fram ordbrokkar, ord og frasar frå ei side. Det er lettvint slik.

Skulle ein få lågare (lavere) plassering i søkemotorane med ny design av gamle sider, kan ein prøve å bytte tilbake til den gamle etter to-tre månader og sjå om noko skjer.

Å ta meir ansvar for eiga utvikling og resultat er ein risiko. Somme investerer klokt nok i seg sjølv - men utvikling kan ta heile livet, og mange gode resultat syner seg sjeldan med det aller første.

Heim

Resymé Tilvisingar


Rådgiving, a la Krumpelhorn © 2014-–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]