Norsk del, Gullvekta
Norske eventyr. Første band  ❀ 1
Seksjon › 1   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Å spørje bergbassen

Det var ei lita kone som gjekk til bergveggen og ropte: "Skal eg leve lenge, eller skal eg snart døy?"

"Snart døy", kom det frå bergveggen.

Då skunda kona seg heim. Der fann ho fram all maten sin og sette seg til å ete han opp, for ho ville ikkje at nokon annan skulle få han. Ho la i seg til det ikkje var att noko.

Men så fann ho på at ho skulle spørje berget ein gong til. "Skal eg snart døy, eller leve lenge?" ropte ho mot bergveggen.

"Leve lenge", kom det frå berget.

Då sette kona seg på ein stein og gret fordi ho hadde ete opp maten sin.

(Attgiving)

Notar

Bukken styrde skuta

Det var ein gong hanen og grisen og bukken skulle ut og segle. Hanen stod framme på bakken [1] og heldt utkik, grisen hadde noko å gjere midtskips og bukken stod til rors.

Då det hadde gått eit bel, skreik hanen: "Ein seglar i le-e-e!"

"Loff [2], loff, loff!" sa grisen.

Men då bukken ville dreie på roret, fekk han horna inn mellom knaggane så han blei hengande fast.

Då breka han: "Eg meiner eg dre-ep me-e-e-g!"

Ord

  1. bakk kan vere stutt dekk framme på skip eller eit halvdekk framme på open båt.
  2. loffe: svinge, styre (ein seglbåt) nærare opp mot vinden.

Notar

Tre pluss tre

Ein mann hadde tre søner. Den første heitte Skratt, den andre heitte Skratt-skratteratt, og den tredje heitte Skratt-skratteratt-skratt-skriumskratt.

Grannen hans hadde tre døtrer. Den første heitte Sipp, den andre Sipp-sippenipp og den tredje Sipp-sippenipp-sipp-siumsipp.

Så gifta dei seg. Skratt fekk Sipp, Skratt-skratteratt fekk Sipp-sippenipp, og Skratt-skratteratt-skratt-skriumskratt fekk Sipp-sippenipp-sipp-siumsipp.

Notar

Jentefriing

Ei jente på Ratset i Volda ville ha seg ein gut som var noko einfaldig. Ein kveld etter det blei mørkt, kleiv jenta opp i eit tre i tunet. Vegen gjekk framom der, og ho visste at guten kom forbi. Då han kom, tok ho til med tilgjort mæle:

"Gift deg! Gift deg!"

"Kven skal eg få då?" spurde guten, han trudde det var ein engel [1] som snakka.

"Åse Ratset, Åse Ratset!" svarte det.

Det varte ikkje lenge før det var bryllaup der i garden.

Ord

  1. engel: sendebod frå åndeverda. Mykje tru er knytt til englar, og i fleire religionar.

Notar

Trolla i Råskogen

I den rett gamle tida budde det tre troll i Råskogen. "Eg tykte eg høyrde ei ku raute", sa det eine trollet.

Ti år etter sa det andre trollet: "Det kunne like godt vere ein okse."

Etter nye ti år sa det tredje trollet: "Skal det bli slik ein sjau her i skogen, vil eg ikkje vere her lenger."

Og så reiste trolla frå Råskogen. Kor dei fór hen er det visst ingen som veit.

Notar

  Innhald  


Boktilfang

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner.    Seksjon     Sett    Neste

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]