Norsk del, Gullvekta
Enkel rådgiving: Innleiing
Seksjon › 2 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Armand-Jean du Plessis, Duc and Cardinal de Richelieu (1585 - 1642). He became a cardinal in 1622 and Chief Minister of France.
Å kopiere andre gir kanskje ikkje topp utbytte.

Krumpelhorn ser på ei skute og ein gammal gard som familieføretak, tilmed familieverksemder. Far og mor med nok kontroll styrer frametter, baketter, ligg still eller havarerer. Utan vågemot gjer dei kan hende for lite aktivt og velretta, men kan overleve i tralten om vêret, vinden, staumen og bølgene er gagnlege. Søskenflokken er medarbeidarar om bord så lenge det varer - nygifte og godt gifte er medarbeidarar også, på sine vis. Og kvar enkelt på båten (garden, føretaket) har godt av å klare fleire ting enn å putte maten i munnen. Det gjeld gilde studentar også.

Med andre ord: Alle er vi vel enkeltpersonar nok som vil lære å berge seg og komme lenger opp og fram. Det er somt å få med seg frå føretaksverda, leiarskapskunne (management), mellommenneskelege forhold, jobb som fører fram, og anna. Men når ein vil tilpasse visdomsorda, kunna og slagorda til seg og sitt, bør ein fatte at fattig kopiering kan gå heilt gale. For om ein berre kopierer - tilpassar seg og sitt - kan ein bli slavisk. Den som til dømes kopierer ting som fører med seg "mammutsjuke" - blir kan hende for dryg for tøyet sitt i gode dagar. Men det er godt å lære av ifrå USA også . . . Ein får heller finne framifrå, berande kjerner derifrå og frå andre kantar og tilpasse dei til forholda sine, og seg. Og berre å gå på med krum hals kan gå gale, det også. Det er mangt å ikkje gjere, mangt å ikkje ta seg til, fordi mangt kan gå ille og gale på ganske mange måtar, og ikkje berre illegale.

Om ein vil lære seg eitkvart, kan ein gå fram som ein gullsmed eller gartnar. Det siste kan ein endatil få fram mat frå så ein kan brødfø seg ganske uavhengig. Gullsmeden innfører og filer og sliper i stand steinar og formar metall - Til sist sel han slipte steinar og lever bra av det, kan hende. Gartnaren eller bonden importerer frø og plantar frå trakter som kan høve, og ser kva som veks fram på heimleg jord - eller førebudd, heimleg jord. Kan hende treng slike innførte vekster ekstra mykje pass og pleie, men med tida kan ein godt klare å få breiare næringsgrunnlag ifrå denne verksemda. Der jorda og lykka er god, treng ein vel ikkje innføre mykje uhøveleg til norske forhold, norsk jord.

Så det er to hovudmåtar å tilpasse framande tankefrø på her om, ein ikkje kopierer slavisk fram til eigen død: (1) som ein gullsmed; (2) som ein gartnar. Ein lyt først kunne hovudsaka, så tilpasse ut frå det. Det går gode hjelparar jamt god for.

Metodar

Ein ser vidt for å få overblikk. Då går det betre å sjå kor det ber hen og ta enkle forholdsreglar mang ein gong, som å legge om kursen litt. Sagt med ordbilde:

Først kjem ein seg opp på fjellet og ser utover og nedetter der det er revner mellom skyene. Ein får vidare overblikk. Så køyrer ein ned i dalen og til jobben att, og har med seg minnebilde frå utsikta ein hadde. Først overblikk, så praktisk utforming tillempa kvardagane som er i vente.

Vid-fanga innsikt kan ein godt få fram med enkle ord - fortetta uttrykk eller formlar. Fleire kan vere til hjelp.

Vidare oversyn kjem ein fram til ved blant anna statistikk, som kan hjelpe til ved å syne odds, sjansar for ditt og datt, så ein kan innrette eller førebu seg med betre sjansar til å komme vel ifrå så mangt.

Fenomen som hender ganske regelmessig under visse vilkår, kan ein gardere seg mot i mange høve. Slik overlever folk vinteren i polarkulda, til dømes.

Øving gjer meister under visse vilkår, innan visse rammer. Blir rammene endra, for eksempel ved global oppvarming, duger neppe alle gamle meistringsmåtar fullt så godt lenger. Ein gjer truleg klokt i å få eit overblikk over trulege endringar i framtida, og innrette seg i forkant; det kan det bli til vinning i ei tid, og overleving.

Ser ein såleis at forretningsverda er ganske som dansen rundt gullkalven, at eit vell produkt og tilbod og tenester er tull som blir avløyst av nye former for tull, blir ein sikrare og ikkje så lett å lure eller fange.

Bak somt som kallast folkevisdom og er nedfelt i ordtak, levevegar og på andre måtar, ligg farne tiders tilhøve, og råda er gjerne tilpassa menneske sitt indre og ytre tilhøve i blanding. Kjem det noko godt ut av kommersielle føretak, statens lover og reguleringar og meir, tener dei gode menneske, ikkje dei sleiske først og fremst.

Lærdommar frå andre kan ein tileigne seg i gode tider, før vanlege fall eller knefall for golde og låke. Lett er det neppe i alle høve, men for mange kan det vere gagn i vel "krystalliserte" lærdommar, i korte uttrykk som fangar opp fakta og farer om kvarandre.

Innhald


Rådgiving med meir, litteratur   

Kronman, Anthony T. Education's End: Why Our Colleges and Universities Have Given Up on the Meaning of Life. London: Yale University Press, 2007.

Maslow, Abraham. The Farther Reaches of Human Nature. Harmondsworth: Penguin, 1973.

Preston, David Lawrence. 365 Ways to Be Your Own Life Coach: A Programme for Personal and Professional Growth - In Just a Few Minutes a Day. 2nd ed. Oxford: How To Books, 2009.

Schiraldi, Glenn. 10 Simple Solutions for Building Self-Esteem: How to End Self-Doubt, Gain Confidence and Create a Positive Self-Image. Oakland, CA: New Harbinger Publications, 2007.

Samla litteraturliste

Enkel rådgiving, personleg rettleiing og anna, opp Seksjon Sett Neste

Enkel rådgiving om kompetanse, eigenomsorg, utvikling, ultra-planlegging, dagleg utfalding, managementutsyn, utvikling, personleg rettleiing, Sjølvinnsikt, stresshandtering, styrkar, ting som tel o.a. BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]