Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 12
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Oppstarten

For lenge sidan fanst eit stort, skorpeaktig egg av stein. Ein dag var egget klekt, og ut av det kom digre Pan Gu. Han var høg som eit fjell og brei som eit hav - men det fanst ikkje fjell og hav då, og ikkje himmel og jord heller, for dei var samla, eitt.

Pan Gu pressa himmel og jord frå kvarandre med ein smell og heldt himmelen og jorda skilde ifrå kvarandre i lang tid, heilt til han fall i koll av å bruke opp kjempekreftene sine slik.

Sveitte og blod frå kjempa blei til elvar, håret etter kjempa blei skog. Den falne kroppen blei fjell og landskap, og pusten hans blei vind og skyer. Slik blei verda til.

Fea Nu Wo, kom til jorda for å sjå ho. Ho utbraut: "Kor keisamt!" Så tok ho noko våt leire frå elvebredda og laga små mannefigurar av leire. Ho pusta liv i dei ved hjelp av eit siv så dei kunne gå og snakke. Men dei var altfor einsame, så fea sa: "Menn treng andre enn menn å vere saman med. Eg vil forme kvinner."

Ho tok meir leire og laga kvinner. Etter ei stund kom ho til at å lage menn og kvinner for hand var for slitsamt. Då dusja ho gjørma omkring seg, og det blei til folk. Derfor finst både gløgge og enkle menneske, etter det folk seier.

I kinesisk filosofi tenker ein det blir far å følge (Tao) ut av naturleg harmoni mellom mannlege og kvinnelege ytringar.

Å springe etter sola

For lenge sidan fanst det ein sterk kar som heitte Kuafu. Han ville så gjerne køyre om kapp med sola. Kvar dag står ho opp i auste, reiser over himmelen og går deretter ned under synsranda i vest.

"Kor kjem ho frå, og kor gøymer ho seg om natta?" grunda Kuafu over, og bestemte seg for å få svar på eiga hand.

Han gav seg til å springe, og det gjorde han så fort at han halte innpå sola høgt der oppe. Men dess nærare han kom sola, dess tørstare blei han.

Han såg seg rundt, og blei glad for å sjå elvene Huanghe og Weihe med dei muntre bølgene sine. Han stupte ned i elvene og gulpa i seg så mykje vatn at dei blei tørrlagt. Jamvel så mykje vatn var likevel ikkje nok for han, så han sette kursen mot Storesjøen i nord for å få seg meir vatn å drikke. Men før han kom dit, døydde han av tørst. I det han fall over ende, kasta han frå seg vandrarstaven sin. Den blei ein lund med grøne ferskentre til beste for seinare slekter.

Hemnen mot Austhavet

For lenge sidan hadde keisar Yan ei dotter som heiter Nyuwa. Ho var vakker, viljesterk og glad i å svømme, og drog ofte til Austhavet. Der plaska og leika ho i dei blå bølgene og naut å vere nær naturen.

Men ein dag drukna ho mens ho svømte. Sjela hennar ville ikkje gi etter for det, men braut opp frå sjøen og blei til ein fugl med kvite og svarte flekkar på hovudet, kvitgrått nebb og raude klør. Fuglen ville hemne seg på havet, og tok til med det same. Kvar dag plukka han opp småstein og pinnar frå fjella vestpå og sleppte dei ned i Austhavet, for han ville fylle det så det ikkje lenger kunne drukne folk.

Enten det regna eller sola skein, heldt fuglen fram, sommar og vinter. Støtt heldt han på. Sjølv no har han det travelt slik.

(Frå oldtidsverket Shan Hai Jing)

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]