Norsk del, Gullvekta
Kinesiske forteljingar  ❀ 11
Seksjon › 63 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Mest utruleg sparsemd

Den sparsamaste mannen i landet fekk høyre om ein annan mann som var den sparsamaste i verda. Han sa til sonen sin: "Vi lever på litt, men om vi var sparsamare, kunne vi leve på ingenting. Det skulle vere verdt umaken å lære økonomi frå den sparsamaste som finst, meiner eg."

Sonen samtykte, og så bestemte dei to seg for at sonen skulle dra og spørje om meisteren i økonomi tok imot elevar. For at ein førespurnad av dette slaget kunne føre vidare, var det tiltrengt å utveksle gåver. Faren bad derfor sonen ta den minste mynten som fanst, og kjøpe det billegaste arket han kunne få tak i.

Guten av stad og pruta til han fekk to papirark for eit øre. Faren la vekk eine arket og delte det andre i to. På eine halvdelen teikna han eit grisehovud. Teikninga la han i ei stor, tildekt korg.

Sonen tok korga, og etter å ha vandra langt nådde han fram til der den sparsamaste mannen i verda heldt til. Men fordi mannen ikkje var der då, tok sonen hans imot gjesten, fekk vite ærendet hans, og takka ja til tilbodet om å få elevar. Han tok imot korga med eit teikna grisehovud i, og sa høfleg:

"Dessverre har vi ikkje noko i huset som er verdig til ta plassen til grisehovudet i korga, så eg skal vise at vi har tatt vennleg imot det ved fire appelsinar å ta med heim."

Dernest lét den unge mannen som om han hadde fire appelsinar i hendene, og la dei i korga. Sonen som kom med teikninga av eit grisehovud, fekk korga og drog til far sin for å fortelje om sparsemd som overgjekk hans eiga.

Då den nøysamaste mannen i verda kom heim, fortalde sonen hans om gjesten som hadde vore der. Han hadde komme langvegs frå for å lære å vere økonomisk. Faren spurde sonen kva gjesten hadde gitt han i godtakingsgåve, og sonen viste han det vesle omrisset av eit grisehovud på tynt, brunt papir.

Faren såg på det og spurde så sonen kva han hadde gitt i gjengjeld. Sonen sa han hadde gjort eit par rørsler for å late som han gav fire appelsinar til den andre. Han viste korleis han hadde gripe dei innbilte appelsinane og lagt dei i korga til gjesten.

Då flaug faren opp i raseri og skreik: "Råflotte sløsar! Du spreidde fingrane så det verka som du gav vekk store appelsinar. Korfor heldt du ikkje fingrane tett saman så det verka som appelsinane var små?"

Innhald


Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, litteratur  

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina, opp Seksjon Sett Neste

Kinesiske soger, segner og eventyr frå Kina BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]