![]() |
MBTI - Huff | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
MBTI - InnleiingMBTI er forkorta frå Meyers-Briggs Type Indicator. Katharine Cook Briggs og dottera hennar, Isabel Briggs Myers, utvikla testen under andre verdskrig, og kriteria følgjer Carl G. Jungs teoriar frå arbeidet Psychological Types. Det vesentligste ein bør seie om testen, er at den nok ikkje er påliteleg (Pittenger 1993). Sia den er overraskande mykje brukt, skal eg likevel gjennomgå fleire sider ved den svært samantrengt. Det som med rette saknast for MBTI-testen, er dokumentasjonar på at den er påliteleg og gyldig, fortel Pittinger vidare. Testen bør ikkje brukast til karriereplanlegging, konkluderer The Army Research Institute i USA, som fann den unyttig (Pittinger 1993). Det er heller ikkje slik at folk lèt seg innordne i 16 grupper. Personlegdommar er meir komplekse enn som så. Unike eigenskapar hos kvar enkelt får ingen skårar med den testen heller. Faktoranalyse av MBTI har ikkje gitt overtydande dokumentasjon på at det er godt samsvar mellom spørsmåla i testen og dei fire "dimensjonane" attom. Ein har ikkje funne belegg for at MBTI syner varige personlegdomstrekk. Det er heller ikkje funne samsvar mellom MBTI-type og suksess i noko yrke. Det finst faktisk ikkje dokumentasjon på at MBTI måler noko som helst av verdi, fortel Pittinger dessutan. Likevel er MBTI mykje brukt. Enkelt sagtMBTI er ein "personlegdomsmåleinstrument", altså ein personlegdomstest, ein lynnetest som er sett saman ut frå fire enkle skalaer ("band, striper"), der kvar stripe har to polar.
I og E er dei to bokstavane i kvar sin ende av øvste glideskala. Dei står for "Innetterretta" i forhold til "Ekstravert", og så bortetter.
Tabell som syner dei fire dimensjonane i MBTI og ytterpolane til dei På den øvste "strengen" (dimensjonen) finn ein altså "innetterretta" i eine enden og "utetterretta" i andre enden. Strengen blir delt i to like lange delar, og kvar halvdel blir utnemnt til ei gruppe. Slik får vi ei todeling av feltet (strengen), ein dikotomi. Ein gjer sameleis på dei tre neste "strengane", eller "dimensjonane", som dei blir kalla.
Ei grov inndeling kan gi grove feil med omsyn til resultat, og ein er ikkje anten I(ntrovert), innovervendt, eller E(xtravert), utettervendt: det er ikkje så enkelt i røynda. Det finst forsking som syner at det ikkje verkar rett å todele eigenskapsfelt slik MBTI gjer, fortel David Pittinger (1993): Det er tale om ein glideskala mellom ytterpolane, eit kontinuum, og dei fleste skårar i midtpartiet, altså i feltet mellom ytterpolane. Eit slikt felt burde vere innebygd i sjølve designen for å betre MBTI-en frå grunnen, men enda betre er det å gå fram som ein no gjer i OCEAN-testen (neste side). Som resultat av alt det unøyaktige ved MBTI, kan ein person skåre så han blir kalla ein av E-gruppa, jamvel om testresultata hans eller hennar er svært like resultata til ein annan, som skårar til I-gruppa" (Pittenger 1993).
Ein ser også, ved jamføring til mykje annan forsking i psykometri, at ein heil dimensjon (kall det faktor) ikkje er med i MBTI. (Acton 1997-2006). Faktoren som ikkje er med i MBTI, er graden av kjenslestøleik. Kanskje hjelper MBTI likevel?Når ein test er funnen unøyaktig, ikkje av verdi for hæren, ikkje godt nok dokumentert, ikkje brukande, ikkje dokumentert påliteleg og ikkje godt nok dokumentert med omsyn til å vere gyldig, vil det seie at ei handfull raude flagg har blitt lyfta i vêret.
Det er godt å vere skeptisk, så blir ein gjerne ikkje lurt trill rundt så ofte.
Acton, G. Scott. "Five-factor Model", i Great Ideas in Personality. 1997-2006. On-line.[www.personalityresearch.org/bigfive.html] Carroll, Robert Todd. "Myers-Briggs Type Indicator" i The Skeptic's Dictionary. 2007. On-line. [skepdic.com/myersb.html] Kinnes, Tormod. "OCEAN Considerations and Narcissism". The Gold Scales, 2002-2007. On-line. [oaks.nvg.org/eg6ra15.html] Pittenger, David J. "Measuring the MBTI and Coming Up Short." Journal of Career Planning & Placement. Hausten 1993. On-line. [www.indiana.edu/~jobtalk/HRMWebsite/hrm/articles/develop/mbti.pdf], også i Robert Todd Carroll. "Myers-Briggs Type Indicator". The Skeptic's Dictionary. 2007. [skepdic.com/myersb.html]
Quenk, Naomi L. Essentials of Myers-Briggs Type Indicator Assessment (Essentials of Psychological Assessment). New York: Wiley and Sons, 2000.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | |||||||||||||||||||||||||||||||||||