![]() |
OCEAN, Dei fem store | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
OCEAN, "Dei fem store"InnføringOCEAN, også kalla "dei fem store", er ein personlegdomstest som mange psykologar held for å måle dei grunnleggande dimensjonane i personlegdommen, enda om OCEAN er ikkje ferdig utvikla. Testen har vakse til frå pionerarbeid av Gordon Allport og fleire, og er grundig statistisk gjennomkjørt. Psykologar flest i dag er samde om at det finst fem staute personlegdomsfaktorar - somme seier fem, andre sju, og så bortetter. Noggrann og nett har ikkje fått plass som faktorar i Dei fem store, ser ein, til dømes. Saka er at personlegdomsteoriane har ingen god fasit generelt. MBTI (sjå førre sida) opererer med berre fire faktorar, og det er minst éin for lite. OCEAN-faktoren som ikkje er med i MBTI, er kjenslestøleik (emotional stability), emosjonell stabilitet, som også har å gjere med kjenslekontroll, og affekt. Ting kjem an på kor roleg, avspent, trygg og hardfør ein kan vere. Dei som lagar huskestue, skårar neppe høgt der. Og dei som flippar ut når dei kjem på skothald like eins. OCEAN er eit akronym. Det står for:
Kvar faktor består av fleire, utpensla trekk. Til dømes hører sosiabilitet, fest-og-moro-søking og positive kjensler inn under "Utoverrettaheit" (extraversion). Dei fem hovudfaktorane er ikkje typar, men dimensjonar (Svebak 86).
Ytterpolane i OCEAN enkelt skissertKvar av faktorane i OCEAN blir sett som ein glideskala, der ytterpolane er:
Closed-Minded Open to New Experiences
Testen tek ikkje med kor nøyaktig og nett ein kan vere, men desse to faktorena tel med på ferda, og kan bli avgjerande for somme. Jamføring mellom MBTI og OCEANDenne jamføringa mellom MBTI og OCEAN stammar frå G. Scott Acton:
Det går fram at emosjonell stabilitet ikkje gir skårar i MBTI. Det er ein veikskap ved testen, og like stor som todelinga av svara. Døme
Illustrasjonen syner korleis eit menneske framtonar - i dette tilfelle kjem fire "oransje kuler" bra langt ut til høgre. Tydinga ligg i faktorane som har akronymet OCEAN, og i den positive enden av kvar av dei fem glideskalaene finn ein sånn omtrent:
Ein har her høve til å vurdere faktorane ut frå både "meir eller mindre", altså "grader av" (det er gjort nedafor i teksten) - og kanskje også mønstera som stig fram. Det siste er enno ikkje gjort, så vidt eg veit, men sjansen for at einkvan finn ut noko i den gata, er god, etter mi meining. Vi har å gjere med skårane til nokon som skårar som ekstra hardfør og påliteleg granskar [nyfiken i høgare skala], roleg og uavhengig, og som er nokså lite pratsam, til dømes. Ein "velorganisert nyfiken og forviten ein" kan godt bli forskar - Slikt kan ein finne ut "berre" ved å trykke på nokre tastar - men det er skjer i sjøen. Reservasjonar: Ein kan ikkje ta alt for god fisk utan vidare, men er nøydd til å vurdere situasjonane som kvar enkelt finn seg i. Ein vanskeleg situasjon kan gjere sjølv den jublande glade mutt og trist på kort tid. I fiendtlege omgivnader lyt sjølv den utetterorienterte (ekstraverte) sjå å tilpasse seg og bli meir omhyggeleg, forskansa enn naturleg er. Dette tyder at situasjonspåverknader spelar inn, og at sjølv ekstroverte treng tid for seg sjølve til tider frå tid til annan. Og den som ikkje har vore utalands og veit kor mange ting han og ho har unngått å bli klar over, kan naturlegvis ikkje ta desse momenta inn i tenkinga si heller. Dei seier at reise hjelper mot trongsyn. Kanskje. Bedrag, ei feilkjelde: For det første krevst oppriktig og vel avvege utfylling for å få så pålitelege skårar som råd. For det andre er ikkje alle villige til det, eller i stand til såkalla objektive hovudvurderingar av seg sjølv eller ekskona. Så er det somme som lyg for seg sjølve, narrar seg sjølve og andre, og liksom får det til ved slikt bedrag. Det er mange grader av slikt, ifrå å vere tilgjort, hykling, bedrag, usselskap. Rollegang kjem truleg inn imellom desse. Ein får stogge slik mislykka ferd i starten; det er nett det oppriktige klarer. Elles kan lureri gripe om seg til ein sit fanga av det som ein fugl i snara utan nokon god veg vidare. Luringane gir seg sjølv skin av verd: Ein kan halvt vente at enkelte som fyller ut enkle OCEAN-testar, ikkje er sanne overfor seg sjølve, neppe ser godt nok korleis dei er, at forsvarsmekanismar kjem imellom, og mykje anna rart. Ut frå utfyllingane av testen skulle ein tru dei fungerer brukbart, men i den grad forstillingar er med i tilpassingane, i same grad blir testskårane lite verdt, trur no eg. Det er ikkje all verda å verke naturleg om ein ikkje er sunn - lever på løgnar og vold og overgrep, til dømes. Dette er altså vink om feilkjelder. Resultata av testar krev godt forma testar og oppriktig og sunn utfyllar. Begge deler gir meir pålitelege data. Abraham Maslow har funne at sjølvaktualiserande (dei som er seg sjølve, primært), er meir pålitelege observatørar og gir meir nøytrale sjølvvurderingar og vurderingar av hendingar og andre enn gjennomsnittet. Av dette kan ein kanskje forstå visdommen bak det amerikanske ordet: Advice is something the wise don't need and the fools won't take.. Noko av det same gjeld for testar som krev først oppriktige utfyllingar, og også bra sjølvkunnskap. Mange lèt til å vante det. Så kanskje The test results of self-deception are rather worthless. Og sist: det er det ikkje djevelsk å framheve det vondarta som vondarta heller, og omvendt. Det er likevel grenser for kva som går an sosialt - EkskoneLat oss seie ei ekskone skårar slik som dette fordi ho er slik i eksmannens auge, ganske enkelt:
Open for erfaringar: 9 (på ein skala frå 0 til 100, der 100 er likande)
Når nokon nærmar seg ytterpunkta for kvar dimensjon, har vi nok å gjere med ein urimeleg person, kanskje for udanna, og så bortetter. Eller kanskje beskrivingane blir for upresise mot ytterpunkta. I dette tilfellet verkar kvinna trongsynt, uorganisert (slubbete), ikkje normalt utovervendt, som ei som svik, som ikkje delikat i det heile, og så godt som utan naturlege reaksjonar. Ho sit fast. Det skal meir til enn å vere eksa til nokon for også å vere slik i det heile . . . Faktorane går frå 0 til 100. Her under blir dei delt inn i tre grupper, og folk som skårar i midtgruppa vil syne ei blanding av eigenskapar ifrå høg- og låggruppa, men ikkje så ekstremt. "Rimeleg og moderat" og "passe blanda" kan høve i midtfeltet. Tredeling av kvar faktor i "Dei fem store":Eg lèt innhaldet for dei fem faktorane stå uomsett: Open for nye opplevingar
Samvitsfull
Utoverretta, ekstrovert
Omgjengeleg, hyggeleg
Naturleg i reaksjonane (kjenslestø o.a.)
Kjelde: Psychological Research Foundation. Les meir om OCEAN på engelsk: [LENKJE]
Ta testen: Enkel OCEAN-test
Acton, G. Scott. "Five-factor Model", i Great Ideas in Personality. 1997-2006. On-line.[www.personalityresearch.org/bigfive.html] Carroll, Robert Todd. "Myers-Briggs Type Indicator" i The Skeptic's Dictionary. 2007. On-line. [skepdic.com/myersb.html] Kinnes, Tormod. "OCEAN Considerations and Narcissism". The Gold Scales, 2002-2007. On-line. [oaks.nvg.org/eg6ra15.html] Potter, Jeff. "The Big Five Personality Test". On-line. [www.outofservice.com/bigfive/] Psychological Research Foundation. "The Ocean 40 Personality Test." On-line. [www.testsonthenet.com/Big-five-mini/ops-test-cic.htm] Pittenger, David J. "Measuring the MBTI and Coming Up Short." Journal of Career Planning & Placement. Hausten 1993. On-line. [www.indiana.edu/~jobtalk/HRMWebsite/hrm/articles/develop/mbti.pdf] Kuro5hin. "Describing and predicting behavior: The Big Five." 2000-2005. On-line. [www.kuro5hin.org/story/2005/3/25/183037/595] Quenk, Naomi L. Essentials of Myers-Briggs Type Indicator Assessment (Essentials of Psychological Assessment). New York: Wiley and Sons, 2000.
Svebak, Sven. Forlenger en god latter livet? Bergen: Fagbokforlaget, 2000.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||