![]() |
Purpurdragen: Ord av Konfutse (Confucius) | ||||||||||||||||||||
|
PurpurdragenKvar tid har sin Konfutse (Ordtak)."Purpurdragen" er eit utval enkle, tilmåta ord og ordtak fra Kongfutse sine Samtalar. Det finst ei nynorsk bok å jamføre med (under), og James Legges engelske omsetjing av heile verket finn er her: [LENKJE]. Jamføringar til kapittel og vers er sett til bak kvart ord nedafor. Er det ord du ikkje forstår, kjem du til ei ordbok ved å klikke på 'Søk' oppe til venstre på sida. - Tormod Kinnes
Konfutse vandra vidt omkring og søkte jobb hos ulike fyrstar, ville opne utdanningsdørene for alle, og trudde på å utvikle seg sjølv. Gjetorda om han spreidde seg, og det voks opp ei retning etter han. Den legg vekt på å oppføre seg. No over til kapitla og ytringar ifrå dei: 1Den verkelig gode steller godt med rota; når rota står fast, vil Tao [Vegen, utvegen, måten o.a. slikt] vekse [1.2].Ein får vere plikttru og ordhalden [1.8]. Gi akt på slutten [1.9]. God son syner nok vørdnad for far sin [jf. 1.11]. Den verkelig gode er varsam med orda sine [1.14]. Den fattige kan likevel finne glede [jf. 1.15].
Når ein er rik får ein vere glad i sed og skikk [jf.
1.15]. 2Dei tre hundre gamle dikta vil seie: "Utan avvik" [jf. 2.2].Tiang ming er det djupe himmelen vil ha fram [jf. 2.4]. Ver aldri ulydig [2.5]. Ver ein god son [2.6]. Far og mor uroar seg kanskje for om god son er sjuk, ikkje for om han har gjort noe gale [jf. 2.6]. Følgjesvein Hui er ikkje dum! (Kongzi sette han høgast) [2,9]. Kveik det gamle for å lære å kjenne det nye [2.22]. Den som ikkje lærer av far, er i fare [jf. 2.15]. Tal varsamt og sjå mye. Då vil få klandre deg [jf. 2.18]. God son dyrkar vennskap med brør [2.21].
Å sjå kva som er rett, men ikkje gjere det, er ikkje vakkert.* [jf. 2.24]. 3Den som ikkje er medmenneskelig, kva skal vel han med rituala sine? [3.3].Den som ikkje er medmenneskelig, kva skal vel han med musikk? [3.3]. Dei edle tar ikkje del i tevlingar. Unntaket er bogeskyting! [3.7]. Sed og skikk kan ein nok tale om, men vitneprov, det er godt å ha [3.9].
Ein får vere glad, men ikkje styrlaus [3.20]. 4Det er helst det medmenneskelige som gjør eit grannelag vakkert [4.1].Den som ikkje er medmenneskelig, kan ikkje lenge tole medgang [4.2]. Medmenneske finn ro i det medmenneskelige [4.2]. Den vise finn nytte i det medmenneskelige [4.2]. Kan ein ikkje gjøre det ved hjelp av Tao, Vegen,, er det beste å slutte med det [4.5]. Det er ikkje bra å vike frå det medmenneskelige [4.5]. Hør Tao om morgonen [4.8]. Den verkelig gode tar side for det som er rett for å halde fram å vere medmenneske [4.10]. Ein bør kjenne alderen til foreldra sine, jamvel om det gir både glede og uro [4.21].
Rette dygda blir ikkje lenge grannelaus [jf. 4.25]. 5Ein vegg av møkk kan ikkje pussast [5.9].Det er klokast å høre orda hans og dernest sjå etter om han gjør som han seier [jf. 5.9]. Den verkelig gode (edle) er vørdsam i framferda si, tener med omhug, rett gåvmild, rettvis i det han legg på hine [jf. 5.15]. Det kan halde å tenkje seg om to gonger før ein handlar [jf. 5.19]. Ein får tenkje seg om så mange gonger som skal til, før ein gjør noe ut av det.* [jf. 5.19]. Eit ønskemål: Ha godhug for ungdommen! (Den kan vel trenge det) [jf. 5.25].
Eg har enno ikkje møtt noen som kunne sjå eigne feil og så gå i
seg sjølv og ta skulda! - Kongzi [5.26]. 6Yan Hui gjorde ikkje same mistak to gonger. (Gjør likeins) [6.2].Den verkelig gode hjelper dei naudtrengte [6.3]. Ver ein edel lærd! [6.11]. Er ein vakker, men ikkje veltalande, kan det vere vanskelig å greie seg no for tida. [6.14]. Å gle seg over noe ligg langt høgare enn berre å elske det [6.18]. Den vise finn hugnad i vatnet, den medmenneskelige i fjella [6.21]. Den medmenneskelige er stille, den vise er glad [6.21]. Eit edelt menneske vil ikkje i fella [6.24]. Må himmelen knuse kva gale eg har gjort! - Kongzi [6.26].
Berre få blant folket har følgt Middelvegen [6.27]. 7Det plagar meg å ikkje kunne endre det som ikkje er godt. - Kongzi [7.3].Finn kveik der den er å finne (t.d. i kunsten) [7.6 endra]. Lik gjerne langt fullendt musikk [jf. 7.13]. Kongzi tala ikkje om opprør [7.20]. Kongzi underviste mellom anna i å vere ordhalden, oppførsel, og kulturarv [jf. 7.24]. Kongzi skaut aldri fugl i reiret [7.26]. Gjør eg eit mistak, får andre visselig vite det! - Kongzi [7.30].
Mild og fredfull, men ikkje skremmande, var Kongzi [7.37]. 8Den verkelig gode er trufast mot sine næraste [8.2].Sorgfull er songen til ein døyande fugl, gode er orda til ein døyande mann [8.4]. Hald råskap og ovmot langt unna barn i sær [jf. 8.4]. Sømelig minespel er bra å ha, og like eins høviske ord og tonelag [8.4]. Den verkelig gode lar seg ikkje rokke [8.6]. Ein får stå støtt ved hjelp av det vel etablerte [8.9]. Noen fullfører naturen sin med musikk [jf. 8.9]. Det er ikkje lett å finne ein som kan lære i tre år utan tanke på løn [8.12].
Eg skjønar meg ikkje på dei som ikkje vil lære, sa Kongzi [8.16]. 9Kongzi var udogmatisk, og ikkje hardnakka [9.4].Den verkelig gode treng kan hende ikkje så mange praktiske evner [jf. 9.6]. Ein får no og då selje vakre smykke om prisen er god! [jf. 9.12]. Elva stoggar verken natt eller dag [9.16]. Det hjelper vel å vere like glad i dygder som i fagre kvinner [jf. 9.17]. Det finst blomar som ikkje ber frukt [9.21]. Ungdommen skal vørdast [9.22]. Ungdommen får vørdast, elles blir framhaldet verre [jf. 9.22]. Det er nok meir verdifullt å lære og rette seg av føredøme, enn å hylle dei. [jf. 9.23]. Ein skal vel no og då gle seg over smigrande ord, men det verdifulle er å saumfare dei (Det kan liggje eitkvart attom smigeren)! [9.23]. Du kan ikkje ta viljen frå ein bondetamp! - Confucius [9.25].
Når det blir kaldt, er furu og sypress dei siste som visnar (Neppe) [9.27]. 10Kongzi var jo sjølvtrygg og kledde seg stundom i lin [10.2, 7].Kongzi let eldre med stokk få gå først ut av forsamlingslokalet [jf. 10.10].
Å bøye seg djupt og slavisk sømmer seg heller dårlig mellom
venner [jf. 10.15]. 11Yan Hui, han var glad i å lære (Det kan du òg vere). - Kongzi [11.6].Kan den som ikkje kan tene menneska, tene ånder? [jf. 11.11]. Du skjønar enno ikkje livet, korleis skal du då kunne skjøne døden? - Kongzi [11.11]. Unge venner, slå på tromme . . . De får lov! - Kongzi [11.16]. Det nyttar når ein får eigedommen sin til å vekse [jf. 11.18]. La gjerne prognosane dine treffe blinken [11.18]. Zigong (Ci) hadde ofte rett i spådommane sine [11.18].
Det skal lønne seg å setje i verk det bra du hører [jf. 11.21]. 12Rør deg ikkje på usedelig, usmakelig vis [jf. 12.1].Å vere fåmælt er vanskelig! - Kongzi [12.3]. Å vere medmenneske er vanskelig [jf. 12.3]. Skulle Den verkelig gode bry seg om at han ikkje har brør? [12.5]. Ein skal ikkje la urett og sårande slarv gå inn på seg [12.6]. Vidsynte blir mang ein gong offer for drypande baktale [jf. 12.6]. Den som har lærdom i kulturarven, går vel ikkje over streken! [12.15].
Den ekte framgangsrike er ærlig og glad i rettvise, og vil vel ikkje blåse
seg opp - [jf. 12.20]. 13Kongzi sa til ein som ville lære hagebruk. "Så god som ein gammal gartnar er eg ikkje." [13.4].Ein skal gå inn for stegvis betring av levestandarden sin [jf. 13.8]. Gi dei rike opplæring [13.9]. Dersom ein ikkje rettar opp seg sjølv, korleis då rette opp andre? [13.13]. Er det ikkje bra om orda mine gode og ingen går imot dei? [13.15]. Godt styrte er lykkelige [jf. 13.16]. Herrane står alltid ved orda sine. - Kongzi [13.20]. Trege gjør ikkje kva som helst (Dei har slik ein fordel). - Kongzi [13.21]. Nydelige samspel kastar neppe Den verkelig gode villig vrak på [jf. 13.23]. Det beste er om dei gode i landsbyen likar ein mann og dei som ikkje er gode, mislikar han [13.24].
Å sende folk utan opplæring i krig, vil vel seie å kaste dei vekk [jf. 13.30]. 14Ikkje alle modige er medmenneskelige [jf. 14.5].Veltalande er ikkje alle dydige [jf. 14.5]. Ser han vinning, tenkjer den fullkomne først gjennom om den er rett [jf. 13.13]. Når den fromme er glad, ler han vel [jf. 14.14]. Når det er rett, tar den gode [jf. 14.14.]. Ein får la folk studere for sin eigen del, for å bli betre menneske [jf. 14.25]. Dei beste dreg seg unna menneskesamfunnet. Dei neste drag seg unna styre og stell; dei neste kvinner, dei neste samtale [14.39].
Å vere eldre utan noe vidare å formidle vidare, det er å vere ei plage!
[14.46]. 15Dei veltalande og usømelige kan vere farlige [jf. 15.10].Den verkelig gode forkastar ikkje sanningar på grunn av den som seier dei, så hardt som det kan vere [jf. 15.22]. Gjør ikkje mot andre det du ikkje ønskjer for deg sjølv [15.23]. Dersom alle mislikar han, lyt det granskast nærare. Dersom alle liker han, lyt det også granskast nærare [15.27]. Mennesket kan utvide mennesket [jf. 15.28]. Når orda når fram, er det fullt nok [jf. 15.40].
Ein får vel la evnelause halde seg i ro [jf. 15.1]. 16Når Vegen rår i verda, tar helst ikkje vanlige menneske del i ordskifte om kva som er galt med styre og stell [16.2].Å vere venn med gjølande og ettergivande, det blir til skade [16.4]. Å gle seg over venner, det er til gagn [16.5]. Den verkelig gode vaktar seg iallfall for havesjuke [16.7]. Den smålige vanvørder og likefram spottar dei store [16.8]. Dei som har strevd og ikkje lært noe, verkar let låge [jf. 16.9].
Der den verkelig gode kjem i tvil, spør han [16.10]. 17Dei mye dumme kan ikkje tvingast til å bli gode. - Kong Anguo [jf. 17.3].Ein får elske sannmæle og ærlig fastleik [jf. 17.8]. Dagens sjølvtrygge er gretne og dagens dumme svikefulle. - Kongzi [17.16].
Å spele dam må vel vere betre enn ikkje å gjøre noe [jf. 17.22]. 18Den verkelig gode kvittar seg ikkje med gamle vener utan god nok grunn [jf. 18.10].19Den verkelig gode har medynk med dei duglause [19.3].Den verkelig gode lærer for å gå Vegen (Tao) [jf. 19.7].
Sola og månen verkar det uråd å klive over [jf.
19.24]. 20Den verkelig gode er bydande, men mest ikkje skremmande [jf. 20.2].Litteratur Konfutse. Samtalar. Frå kinesisk med innleiing og kommentarer av Ole Bjørn Rongen. Oslo: Det Norske Samlaget, 1988. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20052007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||