Norsk del, Gullvekta
Kosttilskott og riskar for å døy før si tid
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Kosttilskott og riskar

Det er riskar med å leve, med å bruke kosttilskott og med å bruke gjennomsnittsstatistikk. Det finst overhengande riskar og riskar som viser tenner i langdraget. I alle tilfelle gjeld det ellevte bodet: "Du skal ikkje la deg lure." Det kan vere lettare sagt enn gjort, men noko å gå inn for i alle fall, sidan å bli narra slett ikkje alltid er lysteleg.

EIN kan drive forsking på så mangt - Det er litt fritt val. Nyss var det ei som døydde av å drikke ti liter vatn. For nokre år sidan var det ein som gjorde det same med like mykje gulrotjuice. For nokså mange millliardar menneske opp gjennom tidene har dessutan mangel på tilskott til kosten i det heile vore noko å døy av.

For å klargjere risken for å døy av forskjellig, har folk laga statistikkar over kor stor dauderisk det er med ditt og datt. Funna som blir kommentert her, har berre med akutte daudeårsaker å gjere, ikkje kroniske. Der det var mogeleg, blei data henta inn frå britiske styremakter og offisielle EU-kjelder før dei blei stilt saman og presenterte av Ron Law, ein konsulent innan risk management. Han seier faktisk:

  1. Røyking er det mest risikofylte ein borgar i Storbritannia tar seg til. Ein har 797 940 gongar større sjanse for å døy av å røyke enn av å bruke kosttilskott.

    Desse talfestingane verkar latterleg over-spesifikke på eit felt der noko til dømes kjem an på kor mykje ein røyker, kor lenge, og kor sterke sigarettar/sigarar/pipe, kva for tjøreinnhald ein får i seg. På den andre sida er "kosttilskott" ugreitt, av di det er ullent, kan dekke så mangt, i eit livsfelt der kosttilskott og mat glir over i kvarandre, til dømes. "Det er ikkje alt som er grønt som er sunt", skal ein vedgå. Det er mange slags kosttilskott i handelen, mot mykje ulikt, i ulike kvalitetar, styrker, og reinleiksgrader. Talfestinga, "797 940 gongar større risk" haltar ganske visst.

  2. Ein som bur i Storbritannia skal ha 293 006 gongar større sjanse for å døy av førebyggande medisin enn av eit kosttilskott.

    Gjennomsnitt gjeld ikkje den enkelte. Kvar enkelt kan gjere noko for å li mindre, passe på kva ein har i seg og lese bruksanvisinga, til dømes. Kan ein skjere alle slags farmasøytiske middel og kosttilskott under same kam slik? Det er for omtrentleg og dermed misvisande.

  3. Eit opphald på eit britisk sjukehus er like farleg som aktiv, britisk militærteneste i Irak eller Afghanistan.

    "I'm listening". Eg lyttar . . .

  4. Risikoen for å døy av farmasøytiske legemiddel i Storbritannia er 62.000 gongar større enn av kosttilskott.

    Det kjem an på kva som er tatt med under sekkeomgrepet 'kosttilskott'. Det er ikkje klart i kantane, ikkje i sentrum ein gong. Omgrep skal ein definere støtt og godt for å få gode talfestingar. I motsett fall er talfestingane nær bløff, eller "løgn ved statistikk", som det gjerne kallast. (Jf. Darell Huff, Hvordan man lyver med statistikk, 1972)

  5. Lækjemiddel er dobbelt så døyelege som motorsykkelulykker på britiske vegar, heiter det.

    Noko kjem vel an på korleis ein tar legemiddel. Overdosering kan godt bli eit problem for eldre, til dømes. Dessutan reagerer folk individuelt - med allergiar, ulik storleik på indre organ og ulike mengder "safter" frå same organ frå ulike personar (Allport 1961, 5-8). Gordon Allport syner at under overflata er knapt nokon gjennomsnittleg på alle vis. (s. x, 9).

    hypofysen: vekta varierer frå 350 til 1,100 mg.

    skjoldbruskkjertelen: vekta varierer frå 50 til 300 mg; talet på kjertellappar (lobes) varierer frå 2 til 12.

    testiklane: vekta varierer frå 10 til 45 mg.

    binyrene: vekta varierer frå 7 til 20 gram, det er også ein tifaldig variasjon i kor tjukk binyrebarken er.

    (Allport 1961, 8)

    Det er skil på folk. Forsvarleg medisinering tar omsyn til slikt, for ikkje å forgifte -

  6. Urtemedisin og kosttilskott kan reknast som "supersafe", supertrygge, utan nokon stor (signifikant) dødsrisk. Risikoen for å døy av kosttilskott er mindre enn 1 : 10 000 000, heiter det. Det kan bli om lag like sannsynleg som å bli treft av lynet. Sjansen er der - han auker i torever, under eit tre, på ein haug og med ei høg jernstang i handa. Dersom ein veit slikt, kan ein betre sjansane sine ved å halde seg vekk frå stadar der lynet kan slå ned og skaffe lynavleiar. Dermed betrar ein oddsa sine i langdrag.

    Elles kan ein godt klare å forgifte seg med urter og kosttilskott også. Dei er ikkje alle like trygge. Skapelege doseringar kan bli avgjerande her også. Så ein gjer vel om om ein ikkje lager gal statistikk ut frå heller tvilsame gjennomsnittsvurderingar.

    Det lyt individuell tilpassing til, god kunnskap og urter og kosttilskott, kunnskap om kva som er laglege daglege doser, og kjennskap til om dei får innverknad på vanleg medisin ein tar. Dersom det skjer, kan kosttilskott bli ein syndar som ein må justere i samråd med lege eller annan fagkunnig iallfall. Helst føre var og ta legen med på råd på førehand.

Kor sprø dei britiske tala ovanfor kan verke, kan ein like fullt få noko ut av dei. Jenkar ein ned overdrivingar og feillaga gjennomsnitt, kan ein kanskje skimte trendar, tendensar. For enda om tala er omtrentlege, finst det jo likevel ganske klare skilnadar også om ein jenkar dei kraftig.

Det vil seie at bra kosttilskott har blitt funne til hjelp mot forskjellig. Verknadane heng saman med kva ein vel, kor mykje, kor lenge - og ein får la vere å eksperimentere med livet som innsats. Gå heller til velprøvde gamle tradisjonar som Ayurveda, kanskje folkemedisin og sonderingar frå forskningshald. "Gagnlege sortar i høvelege mengder, i høveleg omfang, i passe doseringar", slikt kan vere verdt å hugse og halde seg til. For å vite kva som vel kan gagne, kjem sikkert kunnskapar inn i biletet.

Kosttilskott

Kosttilskott er produkt som i flytande eller fast form kan tilføre kroppen, til dømes vitamin og mineral. Mineral får ein utanfrå, enten frå mat eller tilskott. Eit variert kosthald hjelper somme, og kosttilskot kan komme til.

Norske helsestyresmakter tilrår tran, folat (for gravide), og dessutan vitamin D og kalsium. Vitamin- og somme mineraltilskott blir klassifiserte som lækjemiddel i Noreg. Dei kan likevel omsettast som næringsmiddel.

Det finst også andre formar for kosttilskot. Mellom dei er planteekstrakt, bakteriar (probiotika), sopp, feittsyrer og mykje anna. "Naturmiddel" er eit omgrep for slikt.

Villeiande marknadsføring og farleg innhald i kosttilskudd er blitt eit problem for den som ikkje kan områ seg og sondere skikkeleg i feltet.

Legemiddel

Legemiddel, lækjemiddel, medisin eller medikament er farmasøytiske produkt som blir haldne for å vere lekemiddel. Dei skal gjerne førebygge, lege eller lindre sjukdom, skader eller ulike symptom hos menneske eller dyr. Legemiddel i gamle dagar kom frå naturen. Ein laga naturpreparat som botemiddel i mange tusen år. Men i dag er det til vanleg standardiserte spesialpreparat som blir syntetisk framstilte på faramsøytiske fabrikkar og selde på apotek som blir kalla legemiddel.

Og så glir også naturprodukt og legemiddel saman: "De fleste moderne legemidler har sitt utspring i et naturprodukt", fortel Berit Smestad Paulsen, professor i farmakognosi ved Universitetet i Oslo [1]. Og: "Faktum er at hele 80 - 90 prosent av moderne legemidler har sitt utgangspunkt i et naturprodukt." [2]. Lågare tal finst også, som "over 25 prosent" (Dr Cecilie Sogn Nergård). [3]

Dei fleste legemiddel må ein ha resept for å få - apoteka har monopol på omsettinga.

Innhald


Kosttilskott, kosttilskudd m.m., Litteratur  

Alliance for Natural Health, ANH. "ANH Exclusive! Natural health products ultra-safe and drugs as dangerous as war." Alliance for Natural Health, Dorking, Surrey, 2012. [◦Link]

Allport, Gordon. Pattern and Growth in Personality. New York: Holt, 1961. ⍽▢⍽ Dr. Allport viser mellom anna kor stor skilnad det er på indre organ frå den eine vaksne til den andre. Folk er forskjellige, og i sær innvendig, seier Allport.

Balch, Phyllis A. Prescription for Nutritional Healing: A Practical A-to-Z Reference to Drug-Free Remedies Using Vitamins, Minerals, Herbs & Food Supplements. 5. rev. utg. New York: Avery/Penguin, 2011. ⍽▢⍽ Omfattande.

Balch, Phyllis A. Prescription for Nutritional Healing: The A to Z Guide to Supplements. New York: Avery, 2006. ⍽▢⍽ Ein del av boka ovanfor er skild ut og gitt ut som eiga bok.

Ballantine Publishing Group, the. The PDR Family Guide to Nutritional Supplements. New York: Ballantine Books, 2001. ⍽▢⍽ PDR er kort for Physician's Desk Reference. Forståeleg og grei.

Coates, Paul, ofl. redr. Encyclopedia of Dietary Supplements. 2. utg. Colchester, Essex: Informa UK, 2010. ⍽▢⍽ Nyttig.

Huff, Darrell. Hvordan man lyver med statistikk. Oslo: Cappelen, 1972.

Murray, Frank. 100 Super Supplements for a Longer Life. New York: McGraw-Hill, 2000.

Murray, Michael, and Joseph Pizzorno. Encyclopedia of Natural Medicine. 3. utg. Paperback. New York: Atria, 2012.

Notar
  1. Trine Nickelsen. "Planter gir helse til Mali". Forskningsmagasinet Apollon, UIO, 2008.
    www.apollon.uio.no/artikler/2008/medisinmenn.html
  2. Ingeborg Wiese. "En pilletriller hos afrikanske medisinmenn." Apollon, UIO, 2001.
    archive.is/4ZZ7
  3. Toril Grande. "Plantedoktoren". Dagbladet. Oslo, 2005.
    www.dagbladet.no/magasinet/2005/11/14/449297.html


Kosttilskott, kosttilskudd, opp Seksjon Sett Neste

Kosttilskott, kosttilskudd BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]