![]() |
Død og problem | |||||
| 15 2 5 | ||||||
|
|
![]() |
|
Mistenkjeleggjorte og ukunnige legar kan få skulda for så mangt - |
Ein får skilje mellom aktiv dødshjelp og legeverksemd som fører til dødsfall. Den 15. april 1998 rapporterte Jason Lazarou og Bruce H. Pomeranz (i "Incidence of Adverse Drug Reactions in Hospitalized Patients", JAMA (Journal of the American Medical Association, Vol. 279) at det var over to million rapporterte reaksjonar på medisinar årleg i USA, og at over 100 000 av verknadene er dødelege. Jon Barron (2008) vurderer det reelle talet til å vere høgare, fordi legar ikkje er flinke til å rapportere biverknader der borte i Statane:
I Annals of Internal Medicine innrapporterte berre førtifem prosent av 3504 indremedisinarar som svara på ei undersøking, dei kollegane som var gjort ringare og handla ukunnig. [Annals of Internal Medicine. "Professionalism in Medicine: Results of a National Survey of Physicians". The American College of Physicians. 2007. [Link]
Her i landet er det også slik at legane ikkje rapporterer inn alle biverknadene. I ein artikkel av Svein Reseland heiter det at "innleggende lege mistenkte medikamentbivirkninger i 24 % av tilfellene, men ingen ble innlagt under denne diagnosen. Legene ved medisinsk avdeling mistenkte bivirkninger i 73,3 % av tilfellene, kirurgene i 27,3 %. Ingen ble meldt Bivirkningsnemnda." Reseland fortel vidare:
En studie ved Sentralsykehuset i Akershus (nå Akershus universitetssykehus) viste at det var 9,5 dødsfall per 1 000 innlagte sykehuspasienter pga. legemidler, og omtrent halvparten skyldtes skader oppstått selv om legemidlene ble inntekne på korrekt måte. Med ca. 830 000 døgnopphold ved norske sykehus i 2003 tilsier dette flere tusen legemiddelrelaterte dødsfall årleg. Flere andre studiar bekrefter at forekomsten av alvorlege og dødelege legemiddelreaksjoner er svært høyt.[Svein Reseland. "Fatale bivirkninger av legemidler". Tidsskr Nor Lægeforen 2005; 125: 786. [Lenkje]
Barron har elles sett fram den tanken at å gå til legen kan vere leiande dødsårsak i den siviliserte verda, jamvel om legar og sjukehus ikkje er ansvarlege for meir enn ein knapp million estimerte dødsfall i USA årleg . . .
Barron dreg også fram at det er ikkje tilfeldig at når legar streikar i ein by eller eit land, er det færre som døyr der. I Israel døydde halvparten så mange som vanleg ein månad med legestreik i 1973, med sameleis resultat i 1983 og 2000. "Legar er menneskelege . . . dei bergar somme og drep andre," skriv Barron, som tykkjer "det uhaldbare er at dei kveler all konkurranse".
Kjelde: Jon Barron: "Doctors: See No Evil". Baseline of Health Foundation, 2008 [Lenkje]
Nøyaktige tal frå Skandinavia manglar. Men utrekningar på bakgrunn av internasjonale data tyder på at 60.000 nordmenn blir smitta kvart år på sjukehus, og at 3400 dør.
Før jul publiserte Folkehelseinstituttet resultat frå ei undersøking av 10 167 pasientar frå 51 sjukehus og 19 480 bebuarar frå 401 helseinstitusjonar for eldre. Folkehelseinstituttet registrerte at 6,3 prosent av sjukehuspasientane dreg på seg ein infeksjon, og at eldre og alvorleg sjuke som i utgangspunktet har nedsett immunforsvar, er særleg utsette for infeksjoner.
[Dagbladet 9 januar 2008 - ◦Lenkje]
Homøopatiakw middel blei forbodne her i landet under helseminister Karl Evang på 1950-talet med den offisielle grunngivinga at dei var skadelege og ikkje verka (!). Der hadde det nok klikka for Evang og Co.
Homøopatisk foreining gjekk til sak mot avgjerda, og helsedirektoratet tapte i Høgsterett. Grunnen var at dersom midla ikkje var fysiologisk verksame, var dei ikkje skadelege, og då ville ikkje Høgsterett at dei skulle vere forbodne.
Homøopatisk middel er å få kjøpt på apoteket. Har ikkje apoteket middel, er apoteket vel framleis pliktig å skaffe det fort til deg.
Toler ein mjølkesukker, toler ein homøopatiske pillar.
Det ein gjer er å suge søte piller no og då - dei er ikkje beiske ein gong, og utan fysiologisk verksame giftstoff. Toler ein mjølkesukker, toler ein homøopatiske pillar. Det avgjerande er i kva grad dei hjelper når ein held tru på dei og suggesjon ute av det. Men i store drag gjer ein slik som sjølvhjelp:
Høgare potensar enn D30 er mellom anna D200, M, 10 M og CM. Kanskje ein bør få hjelp av ein kunnig person. Det gjeld å fare varleg. Ein får sjå på det som komplementær behandling heller enn alternativ behandling. Naturmedisin skulle i alle fall ikkje fortrengje og erstatte medisinsk sjekking og behandling. Dei som treng medisinsk undersøking og oppfølging, treng å oppsøke kvalifiserte behandlarar.
Nokon kvar kan kanskje finne ei viss glede i at inntil 7 av 10 betringar frå vanlege legemiddel kan tilskrivas tru, suggesjon og tilfelle - det er placeboeffektar - seier professor Olof Lindahl i ei bok. Det runde talet - 70 prosent blir teke for god fisk generelt rundt om i den medisinske delen av verda. Ta det med slingringsmonn, så går det betre. [Lnp].
Mykje av verknaden til lykkepiller (70 %, tilmed) ser ut til å komme av trua på dei, altså placebo, syner det seg [Lenkje].
Elles: "When in doubt, win the trick (I tvil? Vinn "knepet")" er eit bridgesitat som kan brukast fritt rundt om. Ein kan iallfall prøve.
|
© 19992011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |