Norsk del, Gullvekta
Enkel rådgiving ❀ 6
Seksjon › 2 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Boat in the storm
Er du budd på storm før du siglar ut, kan det berge livet ditt. Det kan også rette åtgjerder sidan.

Det uventa har mange former, og førebuingar på somme av dei også

Det gjeld å bu seg på det verste som kan hende, så ulempene og skadene dermed kan bli mindre omfattande og mindre øydeleggande. Det gjeld også å bu seg så smått på gode ting som kan hende ein også, så ein ikkje skader seg mens ein bykser av glede. Det er til dømes godt å ha mange pengar, babysittar og gjerne trygt arbeid før ein gifter seg. Det gjeld å kultivere det ein halvt skjemtande kallar optipessimisme. Det er ikkje alle som gjer det.

Om ein får strøm i seg på grunn av eit øydelagt støpsel, er det vel uventa for den det gjeld, men heller ikkje så uventa for den som har god greie på øydelagte støpsel. Å vare seg har mange utlaup. Å få sjekka hus og heim og vegstubbar før uhell skjer, gjeld for godt og klokt nok. Å vente med slikt til etter skader har skjedd, er bakut. Så alt i alt er det mykje ein kan gjere for å hindre at mange uhell og ulykker hender, ved kunnige, gode tryggingar. Dei kostar langt mindre enn gravferder.

Den som trur på vekst og framgang mens ein utpiner jorda til siste bit, har forstått mindre. Ein får omstille seg noko, og tru på å få det til og ha det godt utan økonomisk store steg og utpining av folk og fe og jord i framtida.

I godvêr førebur ein seg best på hauststormane som kjem til tider, og vinteren kan bli lang. Ein kan få hausta i tide, og gjort løa solid nok til å tole vinteren. Vegane får ein gjere meir flomtrygge i tida som kjem, helst mens ein har god råd.

Det skjer ei og anna overrasking med maten på veg til munnen også. Derfor nyttar mange enno serviettar under haka si, til dømes.

Ser ein nøkternt over urbaniseringa som går føre seg, fører ho ikkje berre godt med seg. Det er det eine. Det andre er at ein førebur seg på at byen og tettstaden vil breie seg utetter etter kvart og bli kanskje ti, kanskje hundre gongar større. Om det skjer, blir det flaut å måtte rive opp gatestubbar, røyrleiingar, finne plasterlappløysingar og tru det vil seie framgang når det er tale om dyre følger av kortsyn før om åra.

Og ei verksemd som skal henge med, lyt kanskje omstille seg - best er det om det skjer i tide.

Det uventa har mange former. Førebuingar heng saman med likande framtanke og erfaringar i tralten. Ein har også prognosar, og kan ha godt av å kunne tyde dei. Gode leiarar følger dessutan med på kva som er under oppsegling ute i verda og innretter versemda si godt nok i framkant av endringar som kan velte verksemda til den som ikkje er snar nok.

Somt uventa kan ein forme ekstra godt rom for, så ein har areal å nytte når det før ukjente, uventa kjem. Til huset: nokre rom ekstra kan vere lurt i starten iallfall. I starten av noko har ein jamt godt av å ha det litt rommeleg.

Innhald


Rådgiving med meir, litteratur   

Samla litteraturliste

Rådgiving, personleg rettleiing og anna, opp Seksjon Sett Neste

Rådgiving om kompetanse, eigenomsorg, utvikling, ultra-planlegging, dagleg utfalding, managementutsyn, utvikling, personleg rettleiing, Sjølvinnsikt, stresshandtering, styrkar, ting som tel o.a. BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]