NORSK DEL, GULLVEKTA  

Livstankar av Halldor Skard

 13 › 3 › 12

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST På KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Eit utval livstankar av Halldor Skard

"Ein hovudstups dukkert . . . får deg til å oppdage ditt eige land," skriv forfattaren (s. 72, utdr.). Skal tru i kva grad det stemmer.

Tilfanget under handlar om livskvalitet. Sitata er omsette til nynorsk av meg. Sidetilvisingane står i skarpe klammer, og data for boka det er attgitt frå, står nedst på sida. Til sist står litt om forfattaren. - Tormod Kinnes

Twig

LoDu kan sjå gravalvoret som ein opp ned retningsvisar

HAR DU lyst til å prøve? — Signaliser ei positiv haldning med kroppen også. [17, utd. 87]

Ta farvel med gravalvoret og få auga opp for gledas markblomster. [149 korta]

Ingen kan øydeleggje dei vare spora de skapte saman. [114]

Du kan sjå utan auge. [137]

Sjå for deg landskapet du vil vandre i, og ein dag vandrar du i det. [jf. 100]

Kva er eg redd for? For å bli utstøytt av gruppa. [47, utdr.] ¤

Lytt til deg sjølv som eit særeige og rikt røynslesenter — Intuisjonen, magekjensla og fornemmingane fungerer bra som retningsvisarar når vi ikkje er for stressa. [37, 55]

LoGjennom indre bilete kjem erotisk vekst til stades for mange

LIVSKVALITET omfattar å finne stilla og nyte fullmånen. Å leike meir og syne litt sunn galskap. Å leve slik at nokon i dag er glad for at du er til. [jf. 13, utdr.]

Gjennom indre bilete (tankebilete) kan du sjå deg sjølv på veg til noko. ]

Når livet ditt blir minska til strev for støtt å halda takten, er det grunn for gjennomgripande endring. [jf. 104] ¤

Erotisk vekst kan ikkje tvingast fram. [127]

LoGjennom sjokket og fortvilinga til den før urørte naturen kan ein faktisk opnast for andre i ein kunst det naturligvis tek tid å lære

DET EROTISKE hentar næring frå spontanitet og glede. [124]

Gir vi merksemd til det vi ikkje ønskjer, kan det ha ein tendens til gjenta seg. [93]

Gjennom sjokket og fortvilinga, og kanskje også svekka sjølvtillit kan du få kontakt med eigen veikskap. [jf. 133, mod.]

Det skapande finst i alle menneske som er opne for overraskingar og motstand. [93]

Den urørte naturen er til. [jf. 104 korta] MM

Ros deg sjølv og ver din eigen målestokk rett som det er. [jf. 142]

Førestell deg at du er i eit svært støttande og oppmuntrande miljø. God visualisering er ein kunst som det naturligvis tek tid å lære . . . [82]

Ved avleiingsmanøvrar eller tenketid kan du vinne tid til å samle tankane og planlegge alternative løysingar. [jf. 66]

Våg å feile for å finne ut kva som er rett for deg. [51]

Du kan erstatte det keisame og det kunstige med eit levande og spennande liv — Å meistre noko er ei kjelde til glede. [21, 42] (7)

I sum

I SUM

  1. Du kan sjå gravalvor som ein opp-ned retningsvisar.
  2. Gjennom indre bilete kjem erotisk vekst til stades for mange.
  3. Gjennom sjokket og fortvilinga til den før urørte naturen kan ein faktisk opnast for andre i ein kunst det naturleg nok tek tid å lære (Naturen er også innvendig, i form av alle lystene).

IN NUCE Innsjå at gravalvor syner tilkortkomming, liksom jatting vidt og breitt. Å opne seg for samkvem med andre tek det mest eit liv å lære, for vi går gjennom mange livsfasar, og somt er nytt i kvar fase.

Ein ser framtid for seg . . . og må nok justere deler også

ANECDOTE Ein flokk soldatar diskuterte mellom anna kva dei skulle gjere når dei kom seg ut att av det militære.

"Det første eg skal gjere når eg kjem ut av hæren," sa ein, "er å gi sersjanten ein på nasen."
      "Jaså, så det vil du," sa ein kompis nær ved, "Men du får stille deg opp på linje og vente på tur som alle oss andre."

Litt om Skard

I tilfelle du vil kjenne meir til Halldor Skard, som ikkje sit med hovudet djupt nedi papir og evigvarande prosjekt: Han er født i 1944 og har doktorgrad i pedagogikk. Han var førsteamanuens ved Noregs idrettshøgskole, der han forska og underviste ved seksjon for coaching og psykologi 1969-2006, hadde kontoret sitt oppi skogen, og der både tenkte og utfalda han seg kreativt. Han blei dansande pensjonist i 2006.

Skard har skrive om så som positiv sjølvutvikling, oppmuntringsfilosofi og glede. I alt har han seld over 150 000 bøker og kalendrar. Den første boka hans, "Den lille oppmuntringsboken" kom i 1985. Der står mellom anna "Eg smiler til speilet, og merkeleg nok: det smiler alltid tilbake" [s. 30]. Han trur i eit Dagblads-intervju at den noko klisjeprega boka oppmuntra nesten alle lesarane (!), men i dag ville han neppe skrive slike opplistingar.

I 2004 kom han med boka "Kunsten å oppmuntre". Det er meir filosofi enn psykologi som kjem fram i den.

Skard reagerer også mot billege teoriar som fortel lesaren at "gjer de dette og dette, blir de svært lykkelege," og han blir såra om nokon kallar bøkene hans lettvinte. Det ligg for han å ville ha andre til å røre seg, han sel berre på rykte, utan marknadsføring, og har opplevd ein heil del.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

Ko: Skard, Hallvor. Kunsten å oppmuntre. Oslo: Cappelen, 2004.

To kjelder om Skard:

Dagbladet, Magasinet, 12. 3. 2006. [www.dagbladet.no/magasinet/2006/03/12/460474.html].

Sturle Hauge Simonsen. "Siste foredrag: 'Poppin' Grandpa' takker for seg". NIT, 31.10. 2006.
[www.nih.no/templates/page____1643.aspx]

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRåSKRIVING: [LENKJE]
   © 2005–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]